Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arne Hansson Urnes - fødd i Hafslo 1839 - utvandra til Amerika i 1861 - skal ha butt i Black Earth, Dane Co., WI i slutten av 1860-åri, men kvar vart det av han? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har sete med i mange år, og som eg etter kvart nesten har gjeve opp å løysa, men eg vil gjerne at Brukarforum tek ein titt på saki og kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Arne Hansson Urnes, son av gardbrukar Hans Olson Urnes (1791-1878) og første kona Britha Johannesdotter (1799-1856), var fødd i Hafslo 7.8.1839 og utvandra til Amerika i 1861.

 

Arne hadde ein eldre bror, Johannes Hansson Urnes (1829-1910), som utvandra i 1857 og som dels under namnet John Hanson og dels som John Urness busette seg på ein farm i Vermont township, Dane Co., WI.  Johannes har etterkomarar som aktivt har drive ættegransking, og som har leitt etter Arne før!  Ein av dei er det som meiner å ha sett eit notat i ei kyrkjebok om at Arne skal ha butt i Black Earth, like ved Vermont township, Dane Co., WI, i slutten av 1860-åri.  Kanskje var han faddar for eitt eller anna barn?  Eg veit ikkje...; det var i alle fall ikkje for nokon av borni til Johannes og kona Martha...

 

So eg står ganske enkelt «bom fast» og ville setja svært stor pris på alle gode tips som kan hjelpa meg spora opp lagnaden til Arne Hansson i Amerika!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Arnes bror, Johannes Hansen Urness. Eller John Hansen Ornis, samme kilde som i innlegg 2.

 

ORNIS, JOHN HANSEN

WI 16th Inf Co G. Residence: Vermont township, Dane County, Wisconsin. Born 18 Feb 1829 in Hafslo, Norway. Civil War: Farmer. Age 37. Married. Gray eyes, brown hair, fair complexion, 5’4¾”. Drafted. Enrolled for one year on 19 Sep 1864 at Janesville, Wisconsin, and mustered there the same day. Private. Joined this company on 8 Nov 1864. Was on the march through Georgia, the Carolinas, Virginia and into Washington DC. Discharged from the service 5 Jun 1865. Post war: Died 9 Nov 1910 in Vermont township, buried in Vermont Lutheran Cemetery, Black Earth, Wisconsin. Sources: (WHS Series 1200 box 80-18; red book vol 21 p156) (Wisconsin Cemetery Records) (Great granddaughter Ann Urness Gesme, Cedar Rapids, Iowa) “Urnes, Johannes H.”

Endret av Randi Elisabeth Haugros

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars G. og Randi Elisabeth for fleire nye innlegg!

 

Eg ser vel ikkje heilt bort ifrå at Arne kan ha kalla seg Andrew i Amerika, men det er i so fall ei svært uvanleg namneendring...

 

Andrew J. Urness, som hamna i Douglas Co., MN, var ein av fleire søsken i ei stor ætt som har gjeve namnet til byen Urness i Minnesota, og Arne var nok diverre ikkje ein av dei...

 

Men eg vonar at ogso Arne vil dukka opp ein eller annan stad, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

?

The U.S., Civil War Draft Registrations Records, 1863-1865
Name:    Arna Hanson
Birth Year:    abt 1839
Place of Birth:    Norway
Age on 1 July 1863:    24
Race:    White
Marital Status:    Unmarried (Single)
Residence:    Vermont, Dane, Wisconsin
Congressional District:    2nd
Class:    1

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit svært interessant innlegg!

 

Eg er overtydd om at du her har finne «rett» mann, og ser me på databasen til Vesterheim over norske borgarkrigssoldatar, finn me han att der:

 

HANSON, Arne

WI 27th Inf Co H. Residence: Black Earth, Dane County, Wisconsin. Civil War: Age 23. Enlisted for three years on 5 Jan 1864 at Madison, Wisconsin. Bounty $300, $120 still due at muster out. Private. Recruit. Joined his regiment on 20 Feb 1864; assigned to Company H the next day. Left sick at Little Rock, Arkansas, since 20 Mar 1864. Mustered out with company on 29 Aug 1865 at Brownsville, Texas. Sources: (WHS Series 1200 boxes 129-10, 130-10; red book vol 32)

 

Arne var med andre ord i live då krigen var slutt i 1865, men kva skjedde so??

 

Eg takkar igjen for framifrå innsats for å spora opp denne unge emigranten frå Hafslo og lever i voni om nye oppdagingar...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.