Gå til innhold
Arkivverket

Arne Hansson Urnes - fødd i Hafslo 1839 - utvandra til Amerika i 1861 - skal ha butt i Black Earth, Dane Co., WI i slutten av 1860-åri, men kvar vart det av han? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har sete med i mange år, og som eg etter kvart nesten har gjeve opp å løysa, men eg vil gjerne at Brukarforum tek ein titt på saki og kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Arne Hansson Urnes, son av gardbrukar Hans Olson Urnes (1791-1878) og første kona Britha Johannesdotter (1799-1856), var fødd i Hafslo 7.8.1839 og utvandra til Amerika i 1861.

 

Arne hadde ein eldre bror, Johannes Hansson Urnes (1829-1910), som utvandra i 1857 og som dels under namnet John Hanson og dels som John Urness busette seg på ein farm i Vermont township, Dane Co., WI.  Johannes har etterkomarar som aktivt har drive ættegransking, og som har leitt etter Arne før!  Ein av dei er det som meiner å ha sett eit notat i ei kyrkjebok om at Arne skal ha butt i Black Earth, like ved Vermont township, Dane Co., WI, i slutten av 1860-åri.  Kanskje var han faddar for eitt eller anna barn?  Eg veit ikkje...; det var i alle fall ikkje for nokon av borni til Johannes og kona Martha...

 

So eg står ganske enkelt «bom fast» og ville setja svært stor pris på alle gode tips som kan hjelpa meg spora opp lagnaden til Arne Hansson i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Arnes bror, Johannes Hansen Urness. Eller John Hansen Ornis, samme kilde som i innlegg 2.

 

ORNIS, JOHN HANSEN

WI 16th Inf Co G. Residence: Vermont township, Dane County, Wisconsin. Born 18 Feb 1829 in Hafslo, Norway. Civil War: Farmer. Age 37. Married. Gray eyes, brown hair, fair complexion, 5’4¾”. Drafted. Enrolled for one year on 19 Sep 1864 at Janesville, Wisconsin, and mustered there the same day. Private. Joined this company on 8 Nov 1864. Was on the march through Georgia, the Carolinas, Virginia and into Washington DC. Discharged from the service 5 Jun 1865. Post war: Died 9 Nov 1910 in Vermont township, buried in Vermont Lutheran Cemetery, Black Earth, Wisconsin. Sources: (WHS Series 1200 box 80-18; red book vol 21 p156) (Wisconsin Cemetery Records) (Great granddaughter Ann Urness Gesme, Cedar Rapids, Iowa) “Urnes, Johannes H.”

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars G. og Randi Elisabeth for fleire nye innlegg!

 

Eg ser vel ikkje heilt bort ifrå at Arne kan ha kalla seg Andrew i Amerika, men det er i so fall ei svært uvanleg namneendring...

 

Andrew J. Urness, som hamna i Douglas Co., MN, var ein av fleire søsken i ei stor ætt som har gjeve namnet til byen Urness i Minnesota, og Arne var nok diverre ikkje ein av dei...

 

Men eg vonar at ogso Arne vil dukka opp ein eller annan stad, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

The U.S., Civil War Draft Registrations Records, 1863-1865
Name:    Arna Hanson
Birth Year:    abt 1839
Place of Birth:    Norway
Age on 1 July 1863:    24
Race:    White
Marital Status:    Unmarried (Single)
Residence:    Vermont, Dane, Wisconsin
Congressional District:    2nd
Class:    1

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit svært interessant innlegg!

 

Eg er overtydd om at du her har finne «rett» mann, og ser me på databasen til Vesterheim over norske borgarkrigssoldatar, finn me han att der:

 

HANSON, Arne

WI 27th Inf Co H. Residence: Black Earth, Dane County, Wisconsin. Civil War: Age 23. Enlisted for three years on 5 Jan 1864 at Madison, Wisconsin. Bounty $300, $120 still due at muster out. Private. Recruit. Joined his regiment on 20 Feb 1864; assigned to Company H the next day. Left sick at Little Rock, Arkansas, since 20 Mar 1864. Mustered out with company on 29 Aug 1865 at Brownsville, Texas. Sources: (WHS Series 1200 boxes 129-10, 130-10; red book vol 32)

 

Arne var med andre ord i live då krigen var slutt i 1865, men kva skjedde so??

 

Eg takkar igjen for framifrå innsats for å spora opp denne unge emigranten frå Hafslo og lever i voni om nye oppdagingar...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet, som har lege «i dvale» i nesten tre år.

 

Eg står framleis like fast når det gjeld lagnaden til Arne Hanson (Urnes) og ville verta svært so glad om nokon kunne greia finna han att etter 1865!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan han ha vervet seg igjen? - 4. juni 1866 i Madison, WI. Alder avviker noe (25), f. sted oppgitt til Earnest, Norway om jeg tyder rett. Eller er dette en annen Arne Hanson?

Oppført i listen som nr. 1353  -  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QJD5-BF8R

 

Vanskelig å tyde hva som står under "Remarks"......

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit OJE SPENNANDE innlegg!

 

Eg har ein sterk mistanke om at dette må vera «vår» Arne.  Me har vore borti før at Urness er vorte «amerikanisert» til Earnest (etterkomarar frå Urnes i Minnesota nyttar framleis dette namnet!).  Og alderen er ikkje so «hakkande» gale!

 

Under remarks les eg «Disch(arged) June 4, (18)69 Exp(iration) of Service at Ft. Bridger, W(yoming)»!

 

Kanskje lyt me leita vidare etter mannen i Wyoming??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki!  No er eg skikkeleg spent på kva som kan dukka opp...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje en kandidat?

 

Arne Hanson

 in the Wisconsin, State Censuses, 1855-1905

Name:Arne Hanson

Residence Date:1885

Residence Place:Pleasant Springs, Dane, Wisconsin, USA

Relationship:Head

 

Screen-Shot-2020-04-30-at-6-54-39-PM.png

 

 

Kanskje denne samme familien i 1880-folketellingen. Fødselsår for far er ikke 1839 og navnet er ikke Arne.

 

Amun Hanson

 in the 1880 United States Federal Census

Name:Amun Hanson

Age:63

Birth Date:Abt 1817

Birthplace:Norway

Home in 1880:Pleasant Springs, Dane, Wisconsin, USA

Dwelling Number:83

Race:White

Gender:Male

Relation to Head of House:Self (Head)

Marital status:Married

Spouse's name:Maria Hanson

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

Occupation:Farmer

Sick:Consumption

Cannot Write:Yes

Neighbors:View others on page

Household Members:

NameAge

Amun Hanson63

Maria Hanson51

Anton Hanson18

Christian Hanson16

Lina Hanson12

Aletta Hanson8

 

Screen-Shot-2020-04-30-at-7-53-54-PM.png

 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN48-5HB

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anton for siste innlegget!

 

Eg tviler nok ganske sterkt på om det er same slekti som har butt i Pleasant Springs township, Dane Co., WI.  Aldrane høver dårleg...

 

Dessutan lyt eg nemna at ein etterkomar etter bror hans Arne, Johannes (John) Hanson Urness, som i mange år har forska på denne ætti, aldri har greidd å finna ut kva som skjedde med Arne.  Om ein ser på Ft. Bridger, Uinta Co., WY i FT1870, budde det ikkje so heilt få personar på denne staden, til og med 4 som var fødde i Noreg, men altso ingen Arne Hanson, so han er nok dregen derifrå...  Det er ikkje urimeleg at han kan ha slegen seg på gullgraving eller liknande i Rocky Mountains...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna att lagnaden til denne unge sogningen i Amerika!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.