Gå til innhold
Arkivverket

Edward Sidenbender - fødd i St. Paul, MN 1883 av norsk mor - levde i 1900, men foresvinn - lagnaden hans? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei kjempeutfordring som eg har slite med i mange år.  Kanskje ekspertisen i Brukarforum kan hjelpa meg på veg?

 

Guro Nilsdotter Beim, kjend som Julia Beim, fødd i Hafslo 9.2.1864, utvandra i 1879 til Fillmore Co., MN.  Ho gifte seg i Winona, MN 19.7.1882 med Charles Thomas, kjend som Thomas C. Sidenbender, fødd i Carroll Co., IN 17.8.1857.  Dei busette seg i St. Paul, Ramsey Co., MN og fekk tre søner i lag, men kring 1890 vart Julia sjuk, truleg av tuberkulose, og då mannen forlet ho på same tid, hadde ikkje Julia anna val enn å «levera» gutane sine på ein barneheim i St. Paul, MN.  Det går fram av ymse dokument at søskeni til Guro (Julia) ikkje visste at ho hadde born etter seg, og dei vart «gløymde» til dømes då søsteri Severina Beim døydde i Hafslo i 1935!

 

Dei yngste to gutane, Clarence (1885) og John (1887), vart i 1895 adopterte av eit ektepar som farma i Dodge Co., MN og fekk namnet Daggett, men av ei eller anna òrsak tok dei ikkje imot eldsteguten Edward!  Etterkomarar etter Clarence Daggett har i mange år vore på leiting etter Edward!

 

Edward Sidenbender, fødd i St. Paul, MN 20.4.1883, finn me i 1900 att som farmarbeidar hjå Alfred Frederick på farmen hans i Dunbar township, Faribault Co., MN.  Han sa seg då fødd i MN i desember 1882, og skreiv namnet sitt Senderbender...  Det er det siste me ser til guten!  Han var ikkje hjå Frederick-huslyden korkje i 1905 eller i 1910!

 

Eg bør då kanskje leggja til at faren Charles Thomas, kjend som Thomas C. Sidenbender, var sporlaust «forsvunnen» til han i 1930 dukka opp hjå eit søskenbarn i Vigo Co., IN.  Nokre år etter flytte han til Tampa, FL, og han døydde på ein soldatheim i Bay Pines, FL 18.6.1945.  Der fekk han plass fordi han sist på 1870-talet hadde slost mot indianarane ved Ft. Yates, ND.

 

Eg nemner dette, for det er jo ikkje umogeleg at far og son KAN ha hatt kontakt i perioden mellom 1900 og 1930, og at me finn dei i lag ein eller annan stad??

 

Kanskje er avisarkiv ein stad å leita etter fleire opplysningar om Edward (og Thomas) Sidenbender?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Edward Sydenbender

Minnesota State Census, 1895
Name Edward Sydenbender
Event Place St. Paul city, Ward 07, Ramsey, Minnesota
Age (Original) 13y
Birth Year (Estimated) 1882
Birthplace Minn
Race (Original) W
Gender Male
Page Number 30
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Mary E Howlett   F 56y New York
Margaret Thomson   F 22y Minn
Helen Saussay   F 32y N Y
Isabel Mclennan   F 30y Mich
Louisa R Arvidson   F 21y Sweden
Lena Markland   F 19y Sweden
Mary E Anderson   F 42y Sweden
Clara Mehnert   F 27y Kansas
Emma A Haas   F 20y Germany
Alfred Johnson   M 27y Sweden
Arthur P Ballard   M 10y Vermont
Carroll P Ballard   M 9y Vermont
Joseph Conway   M 4y Minn
Florence Frost   F 8y Minn
Nellie Frost   F 9y Minn
William Frost   M 4y Mont
Earnest J Fairhurst   M 2y England
Eugene Houghtating   M 10y N Y
Roland Houghtating   M 8y N Y
Ingwold Hermanson   M 5y Minn
Herman Hermanson   M 4y Minn
Clarence Jones   M 4y No Dak
Henry Luidberg   M 4y Denmark
Edward Luxor   M 4y Minn
Arthur Lindgren   M 4y Minn
Hudson Pittman   M 10y Ind
Godwin Pittman   M 8y Ind
Arlando Pelzer   M 4y Wis
Neil Rogers   M 5y Minn
William Rogers   M 6y Minn
Eugene Schickes   M 10y Ark
Edna Schickes   M 8y Ark
Winifield Scott   M 13y Minn
Mary Scott   F 11y Minn
Edward Sydenbender   M 13y Minn
Henry Thurmstrom   M 8y Minn

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQ6H-XKP

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Edward Senderbender

United States Census, 1900

birth:
December 1882
Minnesota
residence:
1900
Dunbar Township, Faribault, Minnesota, United States
other:
Alfred Fredricks, Minnie Fredricks, Lena Fredricks, Salma Fredricks, Clara Fredricks, Lenoit Fredricks
Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for detaljerte innlegg som syner Edward i 1895 på barneheimen i St. Paul, MN og i 1900 som farmarbeidar i Dunbar township, Faribault Co., MN.

 

Pussig er det at barneheimen er kalla «Protestant Orphan Asylum», for noko «asyl» slik me vanlegvis nyttar ordet, var jo ikkje dette, so vidt eg veit...  Mellom dei andre borni som budde der, både i 1895 og i 1900, var to brør Engwald og Herman Hermanson, som båe busette seg i Mason City, IA., og i alle fall Herman var gift og hadde born!

 

Elles kan eg leggja til at namnet Sidenbender ser ut til å ha eitt felles opphav i Ohio eller ein av nabostatane, men opphavleg er nok dette eit tysk namn.

 

Eg takkar på ny for alle freistnadar på å løysa denne utfordringi og vonar framleis på eitt og anna «gullkorn»...  Ein eller annan stad må jo Edward ha vorte av...!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg har endeleg i dag etter lang tids venting motteke ein kopi av eit brev som vart skrive av the State Public School i Owatonna, MN, som var ansvarleg for oppveksten til Edward Sidenbender etter at han i 1895 forlet barneheimen i St. Paul, MN og fram til «attained majority» 28.12.1900.  Broren Clarence Sidenbender Daggett hadde våren 1907 teke kontakt med denne skulen etter at den tredje broren John då var avliden i januar 1907, og svarbrevet dagsett 13.8.1907 lyder slik:

 

~~~~~~~~~~

 

Mr. Clarence Daggett

Dodge Center, Minn.

 

Dear Sir:

 

I have looked up your brother Edward on our records, and find our last word from him is as follows:

 

Nov. 11, 1903 Edward called at the school for the money due to him from Alfred Frederick, of Wells, Minn., at whose home he was brought up.  He stated that after leaving Mr. Frederick's home he went to Seattle, where he shipped on a sailing vessel for Honolulu.  Later he went on a government transport to Japan, where he took a sailing vessel for Sydney.  He then went to Manila, then to St. Petersburg, Russia, and from there to Hong Kong, China.  From there he took a sailing vessel around the Cape of Good Hope to New York, and then came west to Minnesota.  He is now going to the northern part of the state to locate on a claim.

 

I expect to be at Wells very soon, and will then see if I can learn anything more from Mr. Frederick's folks about Edward.  If I do, I will write.

 

Yours truly,

 

H J J, Agent

 

~~~~~~~~~~

 

Det høyrest ut som om Edward verkeleg ville «slå seg laus» etter at han vart myndig, men det siste me soleis får vita er at han i november 1903 ville reisa til den nordlege delen av Minnesota for å busetja seg på ein «claim»...

 

Den rette fødselsdatoen hans var 20.4.1883, men på eitt eller anna vis vart han på barneheimen innskriven med fødselsdato 28.12.1882, so han vart myndig på denne datoen i 1900.

 

Det syner seg vera ganske so mange Edward'ar som har denne fødselsdatoen, men ingen med namnet Sidenbender.  Kan han ha endra namnet sitt?

 

Andre sentrale spørsmål her vil vera:

 

** Kan nokon av desse reisene hans mellom 1901 og 1903 dokumenterast i form av passasjerlister?

 

** Eller kan ein finna ein Edward på ein «claim» i det nordlege Minnesota til dømes i FT1905?

 

Dette er ei kjempeutfordring som det hadde vore so kjekt å kunna løysa, men er det mogeleg?  Eg har tru på Brukarforum og takkar på ny for framifrå bistand i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.5.2017 den 3.18, Lars E. Øyane skrev:

Nokre år etter flytte han til Tampa, FL, og han døydde på ein soldatheim i Bay Pines, FL 18.6.1945. 

 

The Tampa Times (Tampa, Florida) 19 Jun 1945, Tuesday, Page 2

The Tampa Times (Tampa, Florida) 19 Jun 1945, Tuesday, Page 2.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for ei svært so interessant melding.

 

Eg ser at Thomas Sidenbender var veteran frå «the Spanish-American War» frå sist på 1890-talet, og dette kan forklara at eg ikkje har vore i stand tul å finna han att etter at han i 1890-åri forsvann frå St. Paul, MN!  Kan han, på same viset som Thomas Larmo, ha vore på Filippinane??

 

Uansett so burde Thomas finnast i militære dokument, og her ser eg i alle fall eitt, som tyder på at han har butt i Chicago, IL(?):

https://www.ancestry.com/interactive/1200/MIUSA1866_113812-00756?pid=127822&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1200%26h%3D127822%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11229%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11229&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Elles ser eg eit par dokument som refererer til tidi hans som soldat i indianarkrigane på 1870-talet...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne so utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter nærare ettertanke trur eg der er heller tvilsamt at Thomas Sidenbender verkeleg var soldat i «the Spanish-American War».  Då burde han jo dukka opp i soldatlister derifrå...?

 

Men mykje viktigare er det for meg å finna ut av lagnaden til Edward Sidenbender som altso hausten 1903 reiste til det nordlege Minnesora for å busetja seg på ein «claim» der.  Dette er ei utfordring «av dimensjonar», men eg har tru på Brukarforum og sét mi lit til dykk!  Kanskje dukkar han opp i avisartiklar?  Eller i passasjerlister i samband med «jordomseilingi» si?

 

Me faren er vel stor for at Edward har skift namn...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne over 100 år gamle gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Etter nærare ettertanke trur eg der er heller tvilsamt at Thomas Sidenbender verkeleg var soldat i «the Spanish-American War».  Då burde han jo dukka opp i soldatlister derifrå...?

 

Jeg finner heller ingenting vedr. "the Spanish-American War"

 

På 27.6.2018 den 2.00, Lars E. Øyane skrev:

Elles ser eg eit par dokument som refererer til tidi hans som soldat i indianarkrigane på 1870-talet...

 

Full Name: Sidenbender, Thomas O
Conflict Period: Other Service
Military Branch: Army
Pension Type: Veteran Pension Application (SO)
State/Organization of Service: [Blank]
Served For: United States of America

Thomas Sidenbender_I.jpg

 

Thomas Sidenbender_II.jpg

 

Thomas Sidenbender_III.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Det er sjøvsagt mogeleg at desse pensjonsfilane til Thomas Sidenbender KAN innhalda opplysningar om borni hans, men eg stiller meg sterkt tvilande til det.  Etter at han «stakk av» frå St. Paul, MN på 1890-talet ser han ikkje ut til å ha hatt nokon som helst kontakt med andre enn søskenborni sine i Indiana og Illinois.  Obituarien frå 1945 (sjå innlegg #7) seier jo òg at «There are no survivors», sjølv om me no veit at sonen Clarence (Sidenbender) Daggett då framleis levde i Takoma Park, MD!!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne utfordrande huslyden.  Kanskje let seg likevel gjera finna ut noko om Edward Sidenbender ogso etter 1903?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.