Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils (1845) og Jens (1852) Thorsøner Hauge - brør som utvandra til Amerika i 1868, men kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Thor Thomasson (1815-1893) og kona Mari Nilsdotter (1817-1904), gardbrukarar på Hauge i Luster, hadde to søner som i 1868 utvandra til Amerika:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=10092&merk=10092#ovre

 

* Nils Thorson Hauge (i Québec-lista omskriven som Nils Thomasson Hauge på 23 år!), fødd i Luster 4.3.1845

 

* Jens Thorson Hauge (i Québec-lista omskriven som Jens Thoresen på 13 år), fødd i Luster 3.11.1852

 

Då mori døydde i Luster i 1904, kjem det fram at sonen Nils var avliden før 1904 utan å etterlata seg born.

 

Derimot vart det sagt om sonen Jens (kjelde: svogar Torbjørn Torkildson Heltne, då busett i Nelson township, Buffalo Co., WI) følgjande: «Jens Thompson budde i Vernon Co., WI og i La Crosse, WI før han «hamna» i Minneapolis, MN.  Der vart han gift og fekk familie, men han reiste derifrå kring 1892 til Moorhead, MN og sidan til Idaho, men han skal vera avliden under eit opphald i Spokane, WA kring 1895»

 

Skifteretten fann, so vidt eg forstår, aldri fram til ervingane hans!

 

Eg finn James Thompson att i FT1870 som farm laborer hjå fasteri Britha «Betsy» Johnson på ein farm i Blooming Grove townshiop, Dane Co., WI

 

Eg finn òg ein Jens Thompson i FT1880 som ugift carpenter i Chicago, IL, men om det er «vår» Jens, kan eg ikkje seia noko sikkert om...

 

I Minneapolis, Hennepin Co., MN finn eg to spennande vigsler nesten på same dag:

 

** James H. Thompson and Mary Carbine - married 15.11.1885

 

** James H. Thompson and Ella Smith - married 16.11.1885

 

Og eg finn denne fødsli i St. Paul Lutheran church i Minneapolis, MN:

 

** Kristian, f. 1.11.1886, døypt 6.2.1887 av foreldri Jens Thomassen og kona Marit: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314391-00019?pid=521710&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx819%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1889%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DHennepin%20County,%20Minnesota,%20USA%26msbpn%3D1345%26msbpn_PInfo%3D0-%7C%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DJens%26msfng_x%3D1%26msfns%3DTho*%26msfns_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26h%3D521710%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx819&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

På dette punktet står eg ganske so «bom fast», men kanskje det er nokon i dette fantastiske Brukarforum som ser noko som har oversett?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som so langt ikkje har fått noko svar.

 

Det vert sikkert ikkje so lett å spora opp huslyden til Jens Thomasson i Minneapolis, MN, men eg lever framleis i voni om at nokon har betre auge enn eg, og eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi frå mai.

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å by på, men eg vonar at dei opplysningane som er presenterte i innlegg #1, kan gjera at ein eller annan får tankar om denne problemstillingi som kan føra oss nærare ei løysing?

 

Alle gode tips er skikkeleg velkomne og gull verd!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XP6M-S52

 

Jens Thompson

mentioned in the record of Jennie Thompson
Name Jens Thompson
birth_place Norway
gender Male
Wife Maret T. Thompson
Daughter Jennie Thompson
Other information in the record of Jennie Thompson
from Minnesota Death Records
Name Jennie Thompson
Event Type DEATH
Event Date 26 Jan 1891
Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Gender Female
Age 0
Marital Status Single
Race White
Birthplace Minneapolis
Birth Year (Estimated) 1891
Cemetery Crystal Lake
Father's Name Jens Thompson
Father's Birthplace Norway
Mother's Name Maret T. Thompson
Mother's Birthplace Norway

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit svært spennande innlegg!

 

So vidt eg kan forstå, må denne Jennie vera fødd til Jens og Marit kort før januar 1891 og vera ei yngre søster av Kristian fødd 1.11.1886!  Denne Jens er so absolutt ein svært god «kandidat» til «vår» Jens, men korleis kan me prova dette?

 

Eg ser at ein Jens Thompson er nemnd i Minneapolis, MN city directory for 1887, busett som «employee» på 425 NE Jefferson, Minneapolis, MN:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/13503197?pid=817313777&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv73%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DJens%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1888%26msydy_x%3D1%26msydp%3D5%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D37%26h%3D817313777%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv73&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eg ser òg at Jens (Yens) Thompson frå Hennepin Co., MN er nemnd to gongar i naturalization index for Minnesota:

 

http://www.ironrangeresearchcenter.org/details/7/736093/

 

http://www.ironrangeresearchcenter.org/details/7/756533/

 

AHA, eg ser av Minneapolis, MN city directory 1894 følgjande innførsle:

 

Thompson, Martha J (wid. James), r 2806 1st Ave So, Minneapolis, MN!

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/13545921?pid=821219633&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv66%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DMar*%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1895%26msydy_x%3D1%26msydp%3D2%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D37%26h%3D821219633%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D11&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv66&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og i 1897 på same adresse, men då er mannen kalla James L.:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/15307303?pid=978370613&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv68%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DMar*%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1895%26msydy_x%3D1%26msydp%3D2%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D37%26h%3D978370613%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D27&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv68&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1901 er ho kalla «artist», men er då flytt til 3602 Bloomington Avenue i Minneapolis, MN:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/14966907?pid=947807544&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv70%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DMartha%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1899%26msydy_x%3D1%26msydp%3D2%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_PInfo%3D8-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C1345%7C46194%7C0%7C0%7C%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26pcat%3D37%26h%3D947807544%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D15&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv70&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

MEN, FT1900 for siste adresse syner at Martha J. Thompson var fødd i Michigan i 1835 og enkje med to iliveverande born, so ho er det nok IKKJE(?):

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q2W-CHN?i=13&cc=1325221

 

Kanskje Crystal Lake cemetery i Minneapolis, MN kan ha fleire opplysningar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å freista løysa denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Hvis Jens var i Spokane Washington omkring 1895, så er det en kandidat ved navn Jens Thoresen som søker naturalisering i Washington, men det framgår ikke info om når dette skjedde. Basert på referansen i skjemaet går det kanskje an å finne de bakenforliggende detaljene om denne Jens Thoresen.

  

Jens Thoresen petition.jpg

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegget!

 

Eg er samd med deg i at dette KAN vera «vår» Jens, og eg har alt sendt eit spørsmål til Amerika om hjelp til å sjekka denne naturaliseringi.  Så fær me sjå kva som skjer...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke ein kopi av dødsattesten til Jennie Thompson frå innlegg #4 ovanfor.  Som me ser var ho 3 månadar gamal då ho døydde 26.1.1891, og adressen var 712 21st Avenue North i Minneapolis, MN.

 

Eg tykkjer denne Jens Thompson ser svært so lovande ut, men let det seg gjera finna ut noko meir om denne huslyden?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand for å løysa denne kjempeutfordringi!

Thompson death.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×