Gå til innhold
Arkivverket

Nils (1845) og Jens (1852) Thorsøner Hauge - brør som utvandra til Amerika i 1868, men kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Thor Thomasson (1815-1893) og kona Mari Nilsdotter (1817-1904), gardbrukarar på Hauge i Luster, hadde to søner som i 1868 utvandra til Amerika:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=10092&merk=10092#ovre

 

* Nils Thorson Hauge (i Québec-lista omskriven som Nils Thomasson Hauge på 23 år!), fødd i Luster 4.3.1845

 

* Jens Thorson Hauge (i Québec-lista omskriven som Jens Thoresen på 13 år), fødd i Luster 3.11.1852

 

Då mori døydde i Luster i 1904, kjem det fram at sonen Nils var avliden før 1904 utan å etterlata seg born.

 

Derimot vart det sagt om sonen Jens (kjelde: svogar Torbjørn Torkildson Heltne, då busett i Nelson township, Buffalo Co., WI) følgjande: «Jens Thompson budde i Vernon Co., WI og i La Crosse, WI før han «hamna» i Minneapolis, MN.  Der vart han gift og fekk familie, men han reiste derifrå kring 1892 til Moorhead, MN og sidan til Idaho, men han skal vera avliden under eit opphald i Spokane, WA kring 1895»

 

Skifteretten fann, so vidt eg forstår, aldri fram til ervingane hans!

 

Eg finn James Thompson att i FT1870 som farm laborer hjå fasteri Britha «Betsy» Johnson på ein farm i Blooming Grove townshiop, Dane Co., WI

 

Eg finn òg ein Jens Thompson i FT1880 som ugift carpenter i Chicago, IL, men om det er «vår» Jens, kan eg ikkje seia noko sikkert om...

 

I Minneapolis, Hennepin Co., MN finn eg to spennande vigsler nesten på same dag:

 

** James H. Thompson and Mary Carbine - married 15.11.1885

 

** James H. Thompson and Ella Smith - married 16.11.1885

 

Og eg finn denne fødsli i St. Paul Lutheran church i Minneapolis, MN:

 

** Kristian, f. 1.11.1886, døypt 6.2.1887 av foreldri Jens Thomassen og kona Marit: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314391-00019?pid=521710&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx819%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1889%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DHennepin%20County,%20Minnesota,%20USA%26msbpn%3D1345%26msbpn_PInfo%3D0-%7C%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DJens%26msfng_x%3D1%26msfns%3DTho*%26msfns_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3DBMD_BIRTH%26h%3D521710%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx819&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

På dette punktet står eg ganske so «bom fast», men kanskje det er nokon i dette fantastiske Brukarforum som ser noko som har oversett?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som so langt ikkje har fått noko svar.

 

Det vert sikkert ikkje so lett å spora opp huslyden til Jens Thomasson i Minneapolis, MN, men eg lever framleis i voni om at nokon har betre auge enn eg, og eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi frå mai.

 

Eg har diverre ikkje noko nytt å by på, men eg vonar at dei opplysningane som er presenterte i innlegg #1, kan gjera at ein eller annan får tankar om denne problemstillingi som kan føra oss nærare ei løysing?

 

Alle gode tips er skikkeleg velkomne og gull verd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XP6M-S52

 

Jens Thompson

mentioned in the record of Jennie Thompson
Name Jens Thompson
birth_place Norway
gender Male
Wife Maret T. Thompson
Daughter Jennie Thompson
Other information in the record of Jennie Thompson
from Minnesota Death Records
Name Jennie Thompson
Event Type DEATH
Event Date 26 Jan 1891
Event Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Gender Female
Age 0
Marital Status Single
Race White
Birthplace Minneapolis
Birth Year (Estimated) 1891
Cemetery Crystal Lake
Father's Name Jens Thompson
Father's Birthplace Norway
Mother's Name Maret T. Thompson
Mother's Birthplace Norway
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit svært spennande innlegg!

 

So vidt eg kan forstå, må denne Jennie vera fødd til Jens og Marit kort før januar 1891 og vera ei yngre søster av Kristian fødd 1.11.1886!  Denne Jens er so absolutt ein svært god «kandidat» til «vår» Jens, men korleis kan me prova dette?

 

Eg ser at ein Jens Thompson er nemnd i Minneapolis, MN city directory for 1887, busett som «employee» på 425 NE Jefferson, Minneapolis, MN:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/13503197?pid=817313777&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv73%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DJens%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1888%26msydy_x%3D1%26msydp%3D5%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D37%26h%3D817313777%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv73&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eg ser òg at Jens (Yens) Thompson frå Hennepin Co., MN er nemnd to gongar i naturalization index for Minnesota:

 

http://www.ironrangeresearchcenter.org/details/7/736093/

 

http://www.ironrangeresearchcenter.org/details/7/756533/

 

AHA, eg ser av Minneapolis, MN city directory 1894 følgjande innførsle:

 

Thompson, Martha J (wid. James), r 2806 1st Ave So, Minneapolis, MN!

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/13545921?pid=821219633&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv66%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DMar*%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1895%26msydy_x%3D1%26msydp%3D2%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D37%26h%3D821219633%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D11&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv66&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og i 1897 på same adresse, men då er mannen kalla James L.:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/15307303?pid=978370613&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv68%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DMar*%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1895%26msydy_x%3D1%26msydp%3D2%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D37%26h%3D978370613%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D27&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv68&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1901 er ho kalla «artist», men er då flytt til 3602 Bloomington Avenue i Minneapolis, MN:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/14966907?pid=947807544&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv70%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DMartha%26gsfn_x%3D1%26gsln%3DThompson%26gsln_x%3DNP_NN%26msydy%3D1899%26msydy_x%3D1%26msydp%3D2%26msypn__ftp%3DMinneapolis,%20Hennepin,%20Minnesota,%20USA%26msypn%3D46194%26msypn_PInfo%3D8-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C1345%7C46194%7C0%7C0%7C%26msypn_x%3D1%26msypn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26pcat%3D37%26h%3D947807544%26dbid%3D2469%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D15&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv70&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

MEN, FT1900 for siste adresse syner at Martha J. Thompson var fødd i Michigan i 1835 og enkje med to iliveverande born, so ho er det nok IKKJE(?):

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q2W-CHN?i=13&cc=1325221

 

Kanskje Crystal Lake cemetery i Minneapolis, MN kan ha fleire opplysningar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å freista løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis Jens var i Spokane Washington omkring 1895, så er det en kandidat ved navn Jens Thoresen som søker naturalisering i Washington, men det framgår ikke info om når dette skjedde. Basert på referansen i skjemaet går det kanskje an å finne de bakenforliggende detaljene om denne Jens Thoresen.

  

Jens Thoresen petition.jpg

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegget!

 

Eg er samd med deg i at dette KAN vera «vår» Jens, og eg har alt sendt eit spørsmål til Amerika om hjelp til å sjekka denne naturaliseringi.  Så fær me sjå kva som skjer...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke ein kopi av dødsattesten til Jennie Thompson frå innlegg #4 ovanfor.  Som me ser var ho 3 månadar gamal då ho døydde 26.1.1891, og adressen var 712 21st Avenue North i Minneapolis, MN.

 

Eg tykkjer denne Jens Thompson ser svært so lovande ut, men let det seg gjera finna ut noko meir om denne huslyden?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand for å løysa denne kjempeutfordringi!

Thompson death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Denne saki er diverre vorti liggjande altfor lenge, men i dag fekk eg endeleg teke den telefonen til Crystal Lake cemetery i Minneapolis, MN som eg lovde meg sjølv å ta for snart eit år sidan.

 

Diverre syner det seg at Jennie Thompson er gravlagd i ei «single grave», so der kjem me ikkje lenger.  Derimot ser det ut til at det er fødsli hennar som er registrert i Hennepin Co., MN 19.10.1890:

 

Name    Thomson
Gender    Female
Birth Date    19 Oct 1890
Birthplace    Minneapolis, Hennepin, Minnesota                        
Race    White
Father's Name    John Thomson
Father's Birthplace    Nor
Father's Age    36
Mother's Name    Mary Thomson
Mother's Birthplace    Nor
Mother's Age    36

 

Foreldri er som me ser oppgjevne som John og Mary Thomson, men me får aldrane deira, som i alle fall for hans vedkommande stemmer ganske so bra.

 

Eg freistar eit manuskript for Jens og huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Thorson {Hauge}, f. {i Luster} 3.11.1852,

Jens Thompson utvandra til Amerika i 1868 og var i 1870 farmarbeidar hjå fasteri Betsy Johnson i Blooming Grove township, Dane Co., Wis, men skal sidan ha butt både i Vernon Co., Wis. og i La Crosse, Wis. til han hamna i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Han gifte seg visstnok kring 188o

 

##### (to be verified? – were they perhaps married BEFORE 1880?)

 

med Marit

 

##### (opphav og foreldri? – fødd i Noreg kring 1853/1854 – known as Mary!?)

 

##### (lived in Minneapolis, Hennepin Co., MN in the 1880’s until about 1892 when Jens «excaped» to Moorhesd, MN, going from there to ID and WA – supposedly died at Spokane, WA mid/late 1890’s?)

 

##### (Mary’s destiny?)

 

Dei fekk minst to born i lag:

 

##### (maybe they had more children? – info?)

 

a. Christian Thompson, f. i Hennepin Co., Minn. 1.11.1886,

 

     ##### (biography needed?)

 

b. Jennie Thompson, f. i Hennepin Co., Minn. 19.10.1890, d. i Minneapolis, Minn. 26.1.1891.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne kjempeutfordrande huslyden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, eg kom nettopp over ei svært so spennande vigsle i Red Wing, Goodhue Co., MN 11.6.1879 mellom:

 

John Thompson and Marit Jorgenson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939Z-BV9P-NZ

 

Name John Thompson
Event Type Marriage
Event Date 11 Jun 1879
Event Place Goodhue, Minnesota, United States
Gender Male
Spouse's Name Marit Jorgenson
Spouse's Titles and Terms Miss
Spouse's Gender Female
Page 403

 

Om me kunne greidd å finna att dette parfolket i 1880, hadde det kanskje vore ein «ekstra bonus»?

 

NB: Redigert:  Eg fann nettopp denne vigsli i ei kyrkjebok frå Red Wing, MN, som syner at desse John og Marit var fødde i Stjørdalen, og foreldri hans stemmer heller ikkje, so dette var eit «blindskòt!»

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314958-00404?pid=1204715&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord%3D1%26r%3Dan%26db%3DELCAbmd%26indiv%3Dtry%26h%3D1204715&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true#?imageId=41742_314958-00413

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og i FT1885 for Minneapolis, Hennepin Co., MN finn eg denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6MHS-GD3

 

THOMPSON, John  36  Norway

THOMPSON, Mary  29  Norway

THOMPSON, Alice  2  MN

 

Kan dette vera eit alternativ til «vår» Jens, tru?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag motteke ein kopi av fødselsattesten til jenta som eg trur må vera Jennie Thompson, fødd i Minneapolis, MN 19.10.1890.  Attesten syner (jmf. innlegg #9 over) at foreldri var 36 år gamle, at dei var av «Norvigans» rase, at faren John Thomson var «carpenter» samt at adressen var 712 21st Avenue North!

 

Ser me so på Minneapolis city directory for 1890, finn me http://box2.nmtvault.com/Hennepin2/jsp/RcWebImageViewer.jsp;jsessionid=D24E0743E071248C3958C4ECE0FBFFA0?doc_id=096c15a1-2813-4856-a7c9-6a72aa07236b/mnmhcl00/20111108/00000021

 

Thompson, John, finisher Glass Blk., r. 712 21st Ave N

 

Her er same mann på same adresse i 1891: http://box2.nmtvault.com/Hennepin2/jsp/RcWebImageViewer.jsp;jsessionid=D24E0743E071248C3958C4ECE0FBFFA0?doc_id=096c15a1-2813-4856-a7c9-6a72aa07236b/mnmhcl00/20111108/00000022

 

Men i 1892 synes han vera borte: http://box2.nmtvault.com/Hennepin2/jsp/RcWebImageViewer.jsp;jsessionid=D24E0743E071248C3958C4ECE0FBFFA0?doc_id=096c15a1-2813-4856-a7c9-6a72aa07236b/mnmhcl00/20130429/00000001

 

Likeins i 1893: http://box2.nmtvault.com/Hennepin2/jsp/RcWebImageViewer.jsp;jsessionid=D24E0743E071248C3958C4ECE0FBFFA0?doc_id=096c15a1-2813-4856-a7c9-6a72aa07236b/mnmhcl00/20130429/00000002

 

Derimot er det nok den same me finn i 1889, men på ei anna adresse: http://box2.nmtvault.com/Hennepin2/jsp/RcWebImageViewer.jsp;jsessionid=D24E0743E071248C3958C4ECE0FBFFA0?doc_id=096c15a1-2813-4856-a7c9-6a72aa07236b/mnmhcl00/20120423/00000005

 

Thompson, John, finisher Glass Blk., b. 822 13th Ave S

 

Ogso i 1888 har me ein finisher John Thompson, men han arbeider for ei anna verksemd og bur ein annan stad, 214 3rd Ave SE; http://box2.nmtvault.com/Hennepin2/jsp/RcWebImageViewer.jsp;jsessionid=D24E0743E071248C3958C4ECE0FBFFA0?doc_id=096c15a1-2813-4856-a7c9-6a72aa07236b/mnmhcl00/20120423/00000004

 

Dette med «carpenter» minner meg om (jmf. innlegg #1) den Jens Thomson som i 1880 var ugift «carpenter» på 28 år og leigebuar på 102 West Ohio Street i Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB7-9XJX

 

Kanskje er det same mann??

 

Det faktum at han er borte i 1892 og vidare utover er heilt klart ein «peikepinn» på at han «stakk av» frå Minneapolis, MN på den tidi, men so var det å finna han att, og ikkje minst kona og borni hans...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora denne huslyden!

Thomson birth.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.