Gå til innhold
Arkivverket

Martha Sjursdotter (1833-1881) - frå Luster til Bergen - gift med Torbjørn Hansen frå Tysnes - lagnaden til denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg ønskjer i dag å henta fram ein huslyd som eg første gongen arbeidde med sist på 1980-talet og der einskilde spørsmål stod utan svar.

 

Eg har i dag freista oppdatera dette manuskriptet, men har vanskar med å komma vidare.  Særleg synest det vera eit problem å identifisera det eller dei eldste borni i denne huslyden - Thurine Hansine/Hans - og likeins opphavet til kona til Severin Hansen frå Råde ved Moss?  Opphavet til andre kona til Torbjørn Hansen frå Hosanger er ogso vanskeleg å identifisera, særleg på bakgrunn av dei vanlege personnamni...  Det synest vera to samtidige par i Hosanger med namni Ole Olson og Britha Olsdotter!  Kanskje ei bygdebok for Hosanger kan «klara opp» i dette?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for allle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

 

 

 

Torbjørn Hansen livnærte seg ei tid som handelsmann, og han og Bertha vart buande i Bergen der Bertha d. 13.7.1906.  Torbjørn Hansen d. same staden 30.12.1912.  Han fekk i alt ti born; av dei var desse åtte frå første ekteskapet med Martha Sjursdotter:

 

a. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f.

 

 

 

     ##### (1858? – kvar? – d. i KK! – dei fekk ein son Hans fødd Tysnes 23.4.1860 – ei samanblanding?)

 

 

 

     d. i Bergen 15.8.1861.

 

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000692267   Far er oppgitt til å være Ole Andreas Poulsen

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH76-PVC

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 72; ser at det står Galteland på gårdsnavnet

 

Hordaland fylke, Hosanger, Seim, Mo i Hosanger, Ministerialbok nr. A 7 (1835-1848), Fødte og døpte 1847, Side 96
Permanent bilde-ID: kb20070509620292
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509620292
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509620292.jpg

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/285/pi00000000020522

 

Første vielsen til Britha Olsdatter

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001101205

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f.

 

     ##### (1858? – kvar? – d. i KK! – dei fekk ein son Hans fødd Tysnes 23.4.1860 – ei samanblanding?)

 

     d. i Bergen 15.8.1861.

 

Jeg antar at dette er dødsfallet til Hans. Farens navn er Thorbjørn Hansen Næss (nr. 56): https://media.digitalarkivet.no/view/8347/8

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Konfirmasjonen til Josefine, nummer 20

 

Østfold fylke, Svinndal i Våler, Ministerialbok nr. II 1 (1878-1896), Konfirmerte 1883, Side 88
Permanent bilde-ID: kb20060908050369
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060908050369
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060908050369.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Kan dette være Josefines far?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052688008931

 

Nummer 18

 

Østfold fylke, Onsøy i Onsøy, Ministerialbok nr. I 2 (1814-1840), Fødte og døpte 1830, Side 280-281
Permanent bilde-ID: kb20061023030108
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061023030108
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061023030108.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for kjempefine og nyttige inlegg om denne huslyden!

 

Eg har ingi forklaring på korleis denne Hansine Thurine er kommi inn i manuskriptet mitt, men no er i alle fall feilen retta!

 

Fleire andre detaljar er òg komne på plass, og eg er so langt kjempenøgd.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Sjursdotter (Præstegaard), f. i Luster 2.8.1833,

Martha Sjursdotter flytte i 1859 til Bergen, men gifte seg på Tysnes 7.5.1860 med Torbjørn Hansson frå Nese på Tysnes, i Bergen kjend som Torbjørn Hansen.  Han var son av husmann Hans Torbjørnson i Tre under Nese og første kona Agatha Olsdotter frå Skår og f. på Tysnes 24.1.1838.  Torbjørn var sjømann i unge år, men vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde ulike stader i Bergen der Martha d. 1.6.1881.  Torbjørn gifte seg 13.1.1884 att i Bergen med enkja Bertha Olsdotter, opphavleg frå Galteland i Hosanger.  Ho var dotter av husmann Ole Olson på Galtelandsnaustet under Galteland, opphavleg frå

 

##### (kva gard/plass?)

 

og kona Britha Olsdotter frå

 

##### (kva gard/plass?)

 

og f. i Hosanger 7.7.1847. 

 

##### (Bertha gift 1ste gongen i Hamre 4.12.1871 med Ellef Olson frå Raknes, f. på Sjurset 28.2.1845, oph. Raknes - yrke og bustad samt dødsfall for Ellef Olson?)

 

Torbjørn Hansen livnærte seg ei tid som handelsmann, og han og Bertha vart buande i Bergen der Bertha d. 13.7.1906.  Torbjørn Hansen d. same staden 30.12.1912.  Han fekk i alt ti born; av dei var desse åtte frå første ekteskapet med Martha Sjursdotter:

a. Hans Torbjørnson Hansen, f. på Tysnes 23.4.1860, d. i Bergen 20.5.1863.

b. Andrine Severine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 23.5.1862, d. i Bergen 27.5.1863.

c. Hans Turin Torbjørnson Hansen, f. i Bergen 27.1.1866, d. i Bergen 17.9.1872.

d. Andrine Severine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 12.10.1868, d. i Bergen 5.2.1957.  Andrine var syerske og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

e. Severin Martin Teodor Torbjørnson Hansen, f. i Bergen 25.4.1871, d. i Moss 14.9.1955.  Severin flytte i ung alder til Christiania (Oslo) og gifte seg i Johanneskyrkja i Christiania 22.5.1898 med Josefine Andreasdotter frå

 

     ##### (kva gard i Våler var ho oppvaksi på? – mor hennar var frå Slangsvold i Råde!)

 

     Ho var f. i Råde 4.6.1868 og d. i Moss 21.6.1944.  Severin var målarmeister, og han og Josefine budde nokre år i Christiania, men flytte kring 1901 til Moss der dei sidan budde levetidi ut. 

 

     ##### (sjekka? – 1910 i Rygge: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036359000878

 

     Dei fekk fem born i lag.

f. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 24.12.1873, d. i Bergen 6.4.1874.

g. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 23.8.1875, d. i Bergen 12.10.1950.  Thurine var syerske og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

h. Aagot Marie Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 28.8.1878, d. i Bergen 18.4.1882.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Josefine Andreasdotter, kan eg skriva at ho opphavleg var frå Slangsvold i Råde, men let det seg gjera finna ut kvar i Våler mori busette seg etter ho gifte seg dit?  Eg reknar med at Josefine flytte med til Våler, sidan ho vart konfirmert der...?

 

Når det gjeld gardsnamnet i Hosanger, ser det ut til at Gatland er ei «moderne» form av Galteland.  Kven av dei to pari Ole Olson og Britha Olsdotter i Hosanger som var foreldri, er ikkje godt å seia...

 

Her er det eine paret gift 7.9.1843 - han frå Løtveit og ho frå Haugstveit: https://media.digitalarkivet.no/view/11499/189

 

Her er det andre paret gift 21.4.1829 - han frå Bernæs indre og ho frå Bjørkeland: https://media.digitalarkivet.no/view/1914/183

 

Bygdeboki har sikkert svaret på dette??

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med denne huslyden so langt og vonar på fleire «gullkorn»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne huslyden som har lege «i dvale» i over eitt år.  Manuskriptet frå innlegg #10 samt kommentarane frå den gongen står uendra, og det ville gle meg jykje om nokon kunne supplera med ei og anna tilleggsopplysning, til dømes med eit oppslag i bygdeboki for Hosanger?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra "Ættebok for Hosanger fram til omlag 1960" b 1 s 436-437, under omtalen av Gatlandsnausti:

image.thumb.png.e1163d64b52a66a020a894291a667312.png

Samme bok s 568-569, under omtalen av Løtveit:

image.png.1f2415e9e5557dfb1ff0a1a0301f97ba.png

Samme bok s 34-35, under omtalen av Haugstveit gård:

image.png.140540449efd70c7936664822b984dac.png

Både Gatland/Galteland, Løtveit og Haugstveit/Haustveit ligger på Osterøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Hamreboken b 2 s 145, under omtalen av Raknes gård:

image.png.034258247480b09966c08350dc0d1398.png

(Men Eilef kan jo ikke være pakter i 1895 hvis han døde i 1878)

Samme bok, s 143-144, fremdeles om Raknes:

image.png.2abeb03caecbd989be5ad626cea5f813.png

image.png.d156b2ebfc976e67f9a040182b7705b7.png

Raknes ligger på Osterøy. Sjurseter/Sjauset ligger i dag i Lindås og dekkes av Bygdebok for Alenfit b 2B, som ikke ligger på nett.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 19.5.2017 den 0.20, Lars E. Øyane skrev:

e. Severin Martin Teodor Torbjørnson Hansen, f. i Bergen 25.4.1871, d. i Moss 14.9.1955.  Severin flytte i ung alder til Christiania (Oslo) og gifte seg i Johanneskyrkja i Christiania 22.5.1898 med Josefine Andreasdotter frå

 

     ##### (kva gard i Våler var ho oppvaksi på? – mor hennar var frå Slangsvold i Råde!)

 

Moren til Josefine Andreasdatter giftet seg med Petter Olaves Larsen. Her er det som står i bygdeboken for Våler:

 

1872598916_Skjermbilde2018-06-11kl_20_46_21.png.d30f37e163983d2900d9813f844df335.png

754165510_Skjermbilde2018-06-11kl_20_46_38.png.a8d3ffdb4053342f0ab5ae115ee02991.png

1540366951_Skjermbilde2018-06-11kl_20_46_54.png.8bfa9794bdcd16511de3ba0f885cf86b.png

 

1607988244_Skjermbilde2018-06-11kl_20_47_11.png.3c9d8cae1426a19e2b1fa8517acf8187.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Lars W. for kjempefine innlegg og mange verdifulle opplysningar!

 

Med desse har eg kunna oppdatera manuskriptet mitt slik:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Martha Sjursdotter (Præstegaard), f. i Luster 2.8.1833,

Martha Sjursdotter flytte i 1859 til Bergen, men gifte seg på Tysnes 7.5.1860 med Torbjørn Hansson frå Nese på Tysnes, i Bergen kjend som Torbjørn Hansen.  Han var son av husmann Hans Torbjørnson i Tre under Nese og første kona Agatha Olsdotter frå Skår og f. på Tysnes 24.1.1838.  Torbjørn var sjømann i unge år, men vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde ulike stader i Bergen der Martha d. 1.6.1881.  Torbjørn gifte seg 13.1.1884 att i Bergen med enkja Bertha Olsdotter, opphavleg frå Galteland i Hosanger.  Ho var dotter av husmann Ole Olson på Galtelandsnaustet under Galteland, opphavleg frå Løtveit, og kona Britha Olsdotter frå Haugstveit og f. i Hosanger 7.7.1847.  Bertha gifte seg første gongen i Hamre 4.12.1871 med Ellef Olson frå Raknes i Hamre.  Han var son av husmann Ole Ellefson på Elsneset under Raknes, opphavleg frå Raknes, og kona Magdeli Monsdotter frå Sjurset og f. på Sjurset i Hamre 28.2.1845-  Ellef og Bertha var paktarar på Raknes der Ellef d.

 

##### (dødsdatoen hans? – 1878? – finn ikkje i Hamre!)

 

Dei fekk tre born i lag.  Torbjørn Hansen livnærte seg ei tid som handelsmann, og han og Bertha vart buande i Bergen der Bertha d. 13.7.1906.  Torbjørn Hansen d. same staden 30.12.1912.  Han fekk i alt ti born; av dei var desse åtte frå første ekteskapet med Martha Sjursdotter:

a. Hans Torbjørnson Hansen, f. på Tysnes 23.4.1860, d. i Bergen 20.5.1863.

b. Andrine Severine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 23.5.1862, d. i Bergen 27.5.1863.

c. Hans Turin Torbjørnson Hansen, f. i Bergen 27.1.1866, d. i Bergen 17.9.1872.

d. Andrine Severine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 12.10.1868, d. i Bergen 5.2.1957.  Andrine var syerske og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

e. Severin Martin Teodor Torbjørnson Hansen, f. i Bergen 25.4.1871, d. i Moss 14.9.1955.  Severin flytte i ung alder til Christiania (Oslo) og gifte seg i Johanneskyrkja i Christiania 22.5.1898 med Josefine Andreasdotter frå Moen under Onsaker vestre i Våler.  Ho var f. i Råde 4.6.1868 og d. i Moss 21.6.1944.  Severin var målarmeister, og han og Josefine budde nokre år i Christiania, men flytte kring 1901 til Moss der dei sidan budde levetidi ut. 

 

     ##### (sjekka? – 1910 i Rygge: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036359000878

 

     Dei fekk fem born i lag.

f. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 24.12.1873, d. i Bergen 6.4.1874.

g. Thurine Hansine Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 23.8.1875, d. i Bergen 12.10.1950.  Thurine var syerske og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

h. Aagot Marie Torbjørnsdotter Hansen, f. i Bergen 28.8.1878, d. i Bergen 18.4.1882.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Det er soleis berre eit par mindre detaljar som manglar, og eg takkar på ny for framifrå bistand til kompletterng av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Carsten for ein nyttig og spennande detalj.  To par auge ser tydeleg betre enn berre eitt, for eg fann ikkje dette dødsfallet...

 

So er i alle fall den eine av dei to attståande detaljane «på plass», og eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.