Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Olson Kalhagen (1869-1937) - utvandra i 1885, var i 1904 bartender i Fargo, ND, men kvar budde han elles mellom 1885 og 1920? - mogeleg å finna att?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ei ny utfordring frå Amerika.

 

Sjur Olson Kalhagen, fødd i Årdal, men oppvaksen på garden Kalhagen i Luster, utvandra knapt 16 år gamal til Amerika, men kvar i all verdi oppheldt han seg der borte?  Etter 1920 har eg kontroll på han, men før den tid...?

 

Her er manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Olson (Kalhagen), f. i Årdal 2.12.1869,

Severt O. Kalhagen utvandra til Amerika i 1885 og

 

##### (occupation and place of residence? – 1904 a bartender in Fargo, Cass Co., ND – 1920 a single laborer in a lumber camp in St. Louis Co., MN – at death said to have been railroad section worker!)

 

Han flytte i 1925 til Duluth, St. Louis Co., Minn. der han d. ugift 4.1.1937, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra avisen The Pioneer i Bemidji, Minnesota 28.07.1907. Kan det være din mann som er nevnt nederst?

sever.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

The 1900 United States Federal Census - http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=1900usfedcen&indiv=try&h=26197589
Name:    Sivert Calhagn
[Swert Calhagn] 
Age:    29
Birth Date:    Dec 1870
Birthplace:    Norway
Home in 1900:    Kragnes, Clay, Minnesota
House Number:    1
Sheet Number:    3B
Number of Dwelling in Order of Visitation:    41 40
Family Number:    41
Race:    White
Gender:    Male
Immigration Year:    1885
Relation to Head of House:    Servant
Marital Status:    Single
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway
Years in US:    15
Naturalization:    Pa
Occupation:    Laborer Farm
Months not employed:    0
Can Read:    Yes
Can Write:    Yes
Can Speak English:    Yes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Egil for spennande og nyttige innlegg.

 

So lenge Sjur Kalhagen var ugift og sat so «laust» i salen, kan ein ikkje rekna med å få so altfor nøyaktige oppgåver over bustadane hans, men her har me alt fleire gode tips!  Kan henda utvandra han til Fargo-området der det alt budde fleire sambygdingar på den tidi, men på eitt eller anna tidspunkt er han so flytt nordover, via Bemidji, MN til St. Louis Co., MN.

 

Hadde det kanskje vore mogeleg å finna Sjur i FT1910??

 

Egil spør etter foreldri og søskeni til Sjur.  Foreldri var Ole Findson (1827-1904) og kona Bertha Magnusdotter (1831-1922).  Båe var fødde og oppvaksne i Årdal, men flytte i 1872 til Kalhagen i Luster der dei sidan budde levetidi ut. Av dei åtte borni deira utvandra fire til Amerika, forutan Sjur var det:

 

** Ole Olson (1851-1907), utvandra kring 1888 (utvandringsåret hans er aldri finne!) og farma i Westport township, Dane Co., WI der han døydde ugift.

 

** Magnus Olson Kalhagen (1859-1895), utvandra i 1879 til Stoughton, Dane Co., WI der han var murar og snikkar.  Han gifte seg med ei jente frå Flå, og dei fekk fire born i lag.  Eg hadde kontakt med etterkomarar etter Magnus for mange år sidan, men ingen av dei hadde den gongen høyrt gjete «onkel Sjur»!

 

** Ingrid Marie, kjend som Maria Olsdotter Kalhagen (1876-1945), utvandra frå Bergen til Amerika i 1905, vart gift i Dane Co., WI med ein utvandrar frå Lom, Elif Agerjord, og farma i Westport township, Dane Co., WI.  Dei fekk ein son i lag.

 

Eg lyt forresten nemna at søsteri Kirsti Olsdotter Kalhagen (1862-1928), som var gift og budde i Luster, hadde ei dotter før ho vart gift som utvandra til Amerika og som «forsvinn»:

 

*** Olina «Lina» Monsdotter Kalhagen, fødd i Luster 13.9.1885, utvandra til Amerika i 1903 med reisemål Sioux City, Woodbury Co., IA., men eg har aldri sett noko meir til ho korkje der eller andre stadar!  Ein halvbror av ho, Ole Johan, kjend som John O. Kalhagen (1895-1923), utvandra i 1913 til Madison, WI, men flytte sidan til Minneapolis, MN der han budde levetidi ut.  Han let etter seg ei dotter, som eg hadde kontakt med for mange år sidan, men ho hadde aldri høyrt gjete «tante Lina»!!

 

Ei Olina A. Kalhagen kjem fram hjå ancestry.com, fødd i Noreg kring 1885 og utvandra i 1907, so gift i 1908 med Conrad Sellie i Wells Co., ND, men dødsattesten hennar frå 5.2.1953 syner fødselsdatoen 26.8.1884.  Sjølv om namnet var svært so likt, må det truleg vera ei anna jente...

 

Eg tek sjølvsagt imot alle gode tips når det gjeld denne Olina «Lina» Kalhagen, men takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja lagnaden til Sjur Olson Kalhagen i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

The Oshkosh Northwestern (Oshkosh, Wisconsin) 08 Mar 1890, Sat, Page 3

 

1890_SK.jpeg

 

New Ulm Review (New Ulm, Minnesota) 19 Mar 1890, Wed Page 3

 

1890_SK_II.jpeg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Egil for nye interessante innlegg!

 

So ser det altso ut til at Sjur Olson Kalhagen ogso var i Stoughton, WI kring 1890, so kanskje det var dit han utvandra, men han hadde tydeleg interesse av å komma seg vekk derifrå so kjapt som mogeleg...

 

Når det gjeld Sjur Kalhagen i Fillmore Co., MN, so er det ein heilt annan ubeslekta person, frå Kalhagen i Hafslo.  Her er biografien hans, for å vera sikker på at dei to ikkje vert «blanda»...:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Christenson, tvilling, f. 7.5.1854, gifte seg 7.6.1876 med Mari Olsdotter frå Motræ under Mo.  Ho var f. 8.11.1842.  Sjur og Mari budde først eit par år som innerstfolk i Kalhagen.

Men i 1881 utvandra Sam Kalhagen til Amerika, og i 1882 følgde kona Marie etter.  Parfolket budde først nær Harmony i Fillmore Co., Minn., men slo seg truleg kring 1887 ned som farmarar i Cato township, Ramsey Co., N.D.  Kring 1906 flytte huslyden inn til Devils Lake, Ramsey Co., N.D. der Sam livnærte seg som arbeidar (“laborer”).  Kring 1912 flytte Sam og Marie Kalhagen til Cresco, Howard Co., Ia. der Marie d. 27.4.1920.  Sam Kalhagen d. same staden 7.7.1940.  Dei fekk to døtrer i lag, men fostra òg opp ein gut som truleg var dotterson deira:

a. Synneva, kjend som Susie Kalhagen, f. i Hafslo 4.6.1878, utvandra til Amerika med mor si i 1882, men d. ugift ein gong på 1890-talet.

b. Anna Kalhagen, f. i Fillmore Co., Minn. 24.8.1886, d. i Cresco, Ia. 3.2.1966.  Ho gifte seg kring 1914, dato og stad ukjende, med Harry Evertt McVay, f. i Mahaska Co., Ia. 17.2.1891.  Dødsfallet hans er ukjent.  Harry var bilmekanikar (”auto mechanic”), og han og Anna budde i Cresco, Howard Co., Ia., men vart skilde i 1929, og ein høyrte aldri meir gjete Harry etter den tid.  Dei fekk ikkje born i lag, men Harold (sjå nedanfor) kan ha vore son hennar.

c. Sander Harold, kjend som Harold S. Kalhagen, fosterson av Sam og Marie, men truleg ein dotterson av dei, var f. i South Dakota 15.4.1905 og d. i Long Beach, Cal. 5.11.1966.  Harold flytte i 1923 til California og gifte seg første gongen i Oakland, Cal. 12.7.1927 Otillia Ann, kjend som Tillie A. Endrizzi.  Ho var f. i Dickinson Co., Mich. 19.9.1902, men flytte i 1904 til California og d. i Oakland, Cal. 15.1.1989.  Harold og Tillie vart skilde i 1946, og Harold gifte seg kring 1953 att, truleg i Reno, Nev., med Elberta Gayle, kjend som Gayle Hubler, f. i Sedgwick Co., Ks. 2.4.1898.  Ho d. i Long Beach, Cal. 16.12.1985.  Harold Kalhagen arbeidde som kokk og barvert (”cook and bartender”), medan andre kona Gayle var hotellvertinne (“hotel hostess”).  Harold budde i Oakland, Alameda Co., Cal., men flytte i 1963 med andre kona Gayle til Long Beach, Los Angeles Co., Cal.  Han fekk to døtrer, som båe var frå første ekteskapet med Tillie.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det går forresten hardnakka rykter om at Sjur Christenson var far og dotteri Anna mor til Sander Harold, og at Anna vart «bortsend» til South Dakota for å føda i 1905, men den saki trur eg me skal lata liggja...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit nytt interessant innlegg!

 

Jamen gjekk det hardt for seg i «miljøet» der borte.  Eg har freista forklara for alle og einkvar kvifor eg personleg aldri rører alkohol; eg har lese altfor mange slike soger og er vorten «impregnert»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden i Amerka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Hei! Magnus Olson Kalhagan from Ardal is my great grandfather. He married Thora Ellingsen whose parents emmigrated from Fla°.  This I learned from digital arkivverjet emmigrattion record for Magnus, farm books, and all the family from Norge on family search.org. Takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.