Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Larsson Heltne (1821-1874) - til Amerika i 1861 - med mellom anna tre døtrer som gjekk «eigne» vegar - er det mogeleg å finna fleire detaljar om dei? - tre skikkelege utfordringar!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i føremiddag teke for meg å oppdatera denne huslyden frå Heltne i Luster, som eg første gongen arbeidde med kring 1980, men der eg på grunn av manglande kjeldetilgong ikkje kom nokon særleg veg,  No har eg finne svart på mange spørsmål, men det er jo ofte slik, ein finn eit svar og sit att med minst to nye spørsmål...

 

* Eldste dotteri Johanna gifte seg med svensken Adolph Erickson - opphavet hans manglar og likeins to born som døydde i ung alder...

 

* Neste dotteri Gjertrud gifte seg med ein skotte John C. Stuart og vart skild - opplysningar om mannen manglar - likeins eitt barn...

 

* Yngste dotteri Britha gifte seg med ein yankee John C. Spencer - gruvemasknist i Montana - truleg barnlaus.

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden, som eg presenterer i samla form, ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Larsson Heltne, frå Sanden under Dalsøyri, var f. 2.7.1821 og gifte seg 15.6.1848 med Anna Olsdotter frå Leirdalen, f. 9.6.1823.  Ole og Anna fekk straks dei vart gifte hand om ein liten plass under Heltne i Dale utan noki særleg jord til, og me trur det var plassen på Krossen dei då rydda.  Her budde dei som strandsitjarar fram til 1861.

Ole og Anna Lewis, sidan kjend som Ole og Anna Heltner, utvandra til Amerika i 1861, og Ole var farmarbeidar («farm laborer») i Bristol township, Dane Co., Wis. der han d. 2.3.1874.  Som enkje budde Anna i lag med sonen Lars på farmen hans i Windsor township, Dane Co., Wis. der ho d. 7.7.1907.

Ole og Anna Heltner fekk fem born, medan dei budde i Luster:

 1. Johanna Olsdotter, f. 15.12.1846,

Johanna Lewis utvandra med foreldri til Amerika i 1861 og budde ei tid i Dane Co., Wis., men flytte so til Chicago, Ill. der ho 17.3.1873 gifte seg med Adolph Erickson

 

##### (opphav Sverige? – f. nov. 1846! – em. 1869!?)

 

Adolph Erickson var bøkkar («cooper»),

 

##### (must have lived 1880 in Illinois – don’t find!)

 

og i 1883 flytte han og Johanna til San Francisco, Cal. og i 1888 vidare til Berkeley, Alameda Co., Cal.  Adolph d. i Berkeley, Cal. 20.6.1903, medan Johanna Erickson d. same staden 26.3.1923.  Dei fekk fire born i lag:

 

##### (1900: four born – two living – who were the other two??)

 

a. Oscar Charles, kjend som Charles O. Erickson, f. i Whiteside Co., Ill. 3.5.1877, d.

 

     ##### (Contra Costa Co., CA! – buried El Cerrito, Contra Costa Co.)

 

     21.10.1945.  Charles gifte seg i Fresno, Cal. 7.1.1907 med Bertha Louise Pyne, f. i Alameda Co., Cal. 19.12.1877.  Ho d.

 

     ##### (place of her death? – Contra Costa Co., CA!)

 

     10.9.1960. 

 

     ##### (occupation and place of residence? – 1920: cooper at the oil works in Berkeley, Alameda Co., CA  1917/1942 res. Fresno, Fresno Co., CA – 1930: cooper at oil refinery Rodea, Contra Costa Co., CA)

 

     Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (children listed 1910/1920/1930:

            * Edith Louise Fresno Co., CA Dec. 13, 1907 – married Alameda Co., CA July 18, 1931 Frank Elmer Smith

            * Charles E. Fresno Co., CA Oct. 4, 1913)

 

b. Adolph Erickson, Jr., f. i San Francisco, Cal. 2.9.1885, d.

 

     ##### (bur. Fairfield, Solano Co., CA)

 

     12.8.1967.  Han gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – 1915/1916?)

 

     med Annie Laura Miller, f.

 

     ##### (place of her birth? – VA!)

 

     6.5.1885.  Ho d.

 

     ##### (buried Fairfield, Solano Co., CA)

 

     21.11.1967.  Adolph var røyrleggjar («plumber»), og han og Annie budde i Fairfield, Solano Co., Cal.  Dei fekk to søner i lag.

 

     ##### (children listed 1930/1940:

            * Edward Raymond CA 1922/1923

            * William Robert CA 1924/1925)

 

 2. Lars Olson, f. 28.5.1849,

Louis O. Heltner utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861 og farma i Windsor township, Dane Co., Wis. der han d. ugift 4.5.1917.

 3. Gjertrud Olsdotter, f. 2.8.1851,

Gertrude Lewis utvandra til Amerika med foreldri i 1861 og gifte seg i Chicago, Ill. 18.7.1879 med John C.

 

##### (middle name?)

 

Stuart frå

 

##### (opphavet hans? – Skotland!)

 

Han var son av

 

##### (parents?)

 

og f.

 

##### (exact date and place of his birth? – Scotland! – 1841 (re. 1880 census) or 1849 (re. marriage rec.)?)

 

John var

 

##### (occupation and place of their residence? – 1880: potter res. Joliet, Will Co., IL – 1883: Joliet, Ill. – but son Charles was christened in Madison, WI Oct. 24, 1883!)

 

men d.

 

##### (date and place of his death? – was apparently divorced from Gertrude in the 1880’s!?)

 

##### (Gertrude Stuart 1907: «near Windsor, Dane Co., Wis.» – 1910: widowed chamber maid in St. Maries, Kootenai Co., ID – 1920; no occ. resided with sister Johanna at Berkeley, Alameda Co., CA – 1930 with nephew Adolph Erickson at Fairfield, Solano Co., CA – Stewart – divorced!!)

 

##### (date and place of her death? – Solano Co., CA Nov. 24, 1938!)

 

Gertrude og John fekk to born i lag;

a.

 

     ##### (had died prior to 1910 – info? )

 

b. Charles Edward Stuart, f. i Will Co., Ill. 21.9.1881, d. i Tacoma, Wash, 24.1.1962.  Charles voks dels opp på farmen til morbroren Louis i Windsor township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1905 som snikkar («carpenter») til Seattle, King Co., Wash.  Han tok i 1912 «homestead» nær Coronation, Alta. der han 25.3.1919 gifte seg med Lillian Grace, kjend som Lilly G. Woodford, f. i Halifax, Nova Scotia 26.6.1898.  Ho d. i Snohomish, Wash. 11.9.1986.  Charles og Lilly var frå 1920 busette i Tacoma, Pierce Co., Wash., der Charles livnærte seg som maskinarbeidar og mekanikar («machinist and mechanic»).  Dei fekk to døtrer i lag.

 4. Anna Olsdotter, f. 31.3.1854,

Anna O. Heltner utvandra likeins til Amerika i 1861, men vart sjuk og d. ugift i Dane Co., Wis. 31.1.1918.

 5. Britha Olsdotter, f. 10.11.1857,

Bertha Lewis utvandra med foreldri til Amerika i 1861 og livnærte seg som kjolesyerske («dressmaker»), mellom anna i Montana village, Pony township, Madison Co., Mont., men gifte seg i Boulder, Mont. 15.1.1900 med John C.

 

##### (middle name?)

 

Spencer, f. i St. Clair Co., Ill.

 

##### (exact date of his birth?)

 

.4.1864. 

 

##### (occupation and place of residence? – 1900: newly wed engineer (station) Red Bluffs, Madis0n Co., MT – 1910: John mining machinist Township 7, Jefferson Co., MT)

 

Bertha Spencer d. i Butte, Mont.

 

##### (exact date of her death?)

 

.3.1907, medan John d. same staden 9.10.1921.  Dei var barnlause.

 

##### (verify?)

 

Dette var altso dei fem borni som Ole og Anna fekk i Luster.

So fekk Ole og Anna òg tre born etter dei var komne til Wisconsin:

f. Ole Heltner (1862‑1937), vart gift første gongen med husmannsdotteri, enkja Ingeborg Johannesdotter frå Øyane under Drevdal nordre (1846‑1907) og sidan attgift med Inga F. Engebretson (1881‑1922), for båe ekteskapi, sjå Øyane under Drevdal nordre.

g. Maria, kjend som Mary Heltner, f. i Dane Co., Wis. 4.10.1866, d. i Dane Co., Wis. 28.11.1940.  Ho gifte seg i Dane Co., Wis. 24.5.1894 med Andrew A. Gullickson, f. i Dane Co., Wis. 15.4.1863.  Han d. i Dane Co., Wis. 27.1.1933.  Mary og Andrew Gullickson farma i Bristol township, Dane Co., Wis., men var barnlause.

h. John Heltner, f. i Dane Co., Wis. 22.11.1868, d. ugift i Madison, Wis. 20.10.1941.  John Heltner fór tidleg vestover til Cusper, Wyo. der han var hotellstyrar («hotel keeper»).  Men sist på 1890-talet flytte han attende til Wisconsin og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») hjå broren Louis i Windsor township, Dane Co., Wis. og sidan barvert («saloon keeper») i Keyeser, Leeds township, Columbia Co., Wis.  Kring 1908 flytte John til Seattle, King Co., Wash. der han livnærte seg som målar («painter»).  Ei tid var han òg målar («painter») i Berkeley, Alameda Co., Cal., men sidan flytte han attende til Madison, Dane Co., Wis.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7DG-Y4G

 

Name:    John C. Stuart  
Age:    29
Birth Year (Estimated):    1850
Birth Date:    1850
Birthplace:    Of Chicago, Cook, Ill.
Spouse's Name:    Gertrud Lewis
Spouse's Titles and Terms:    
Spouse's Race (Original):    
Spouse's Race:    
Spouse's Age:    27
Spouse's Birth Year (Estimated):    1852
Spouse's Birth Date:    1852
Spouse's Birthplace:    Of Chicago, Cook, Ill.
License Type:    Marriage
Event Date:    18 Jul 1879
Event Place:    North Chicago, Cook, Illinois
  

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk for eit nytt innlegg av Grethe med utskrift av vigsli til Gjertrud og John Stuart.

 

Dette med alderen hans er so ei sak.  Ved vigsli står det 29, medan ho var 27, men i FT1880 er han brått vorten 39 år gamal...

 

Det vert nok ikkje so heilt enkelt å løysa desse flokene, men om nokon kan greia det, so er det ekspertisen i Brukarforum...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
På 19.5.2017 den 15.06, Lars E. Øyane skrev:

 

 1. Johanna Olsdotter, f. 15.12.1846,

 

Johanna Lewis utvandra med foreldri til Amerika i 1861 og budde ei tid i Dane Co., Wis., men flytte so til Chicago, Ill. der ho 17.3.1873 gifte seg med Adolph Erickson

 

 

 

##### (opphav Sverige? – f. nov. 1846! – em. 1869!?)

 

 

 

Kan denne være aktuell?

adolf.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Finner denne i Sveriges Befolkning 1880

 

Post 1880-18-47-2830

Eriksson, Adolf

f. 1846 i Nora (Örebro län, Västmanland)

dennes broder
Ogift man, ensam i familjen

Qvarstående obefintliga
Viker (Örebro län, Västmanland)

i Dalkarlsberg

Registrerad födelseort: Nora Örebro län
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nye innlegg frå laurdag.

 

So vidt eg kan forstå, kan ikkje Adolf Eriksson frå Nora i Örebro län vera den Adolf som me leiter etter.  Han var jo framleis i Sverige i 1880.

 

Men eg har studert litt på FamilySearch og finn fleire «nære» kandidatar, mellom anna desse:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name Adolf Fredrik Eriksson
Gender Male
Christening Date 25 Nov 1847
Christening Place , GARPENBERG, KOPPARBERG, SWEDEN
Birth Date 23 Nov 1847
Father's Name Erik Larsson
Mother's Name Mar. Cathr. Andersdr

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name Per Adolf Eriksson
Gender Male
Christening Date 15 Nov 1847
Christening Place Stockholm, Stockholm, Sweden
Birth Date 08 Nov 1847
Father's Name Erik Eriksson
Mother's Name Maria Johansdr

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name Adolf Eriksson
Gender Male
Christening Date 21 Oct 1846
Christening Place ALGA, VARMLAND, SWEDEN
Birth Date 18 Oct 1846
Father's Name Erik Olsson
Mother's Name Lena Persdr

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name Erik Adolf Eriksson
Gender Male
Christening Date 23 Oct 1846
Christening Place , KARLSKOGA, OREBRO, SWEDEN
Birth Date 21 Oct 1846
Father's Name Erik Olsson
Mother's Name Anna Catharina Lindstrom

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Men ingen av dei er fødde i november 1846!

 

Kanskje let det seg gjera finna nokon som utvandra i eller kring 1869?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å freista løysa desse utfordringane!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Denne er vel den samme som nummer 3 ovenfor

 

 

18461018

Eriksson, Adolf

Stadsäg. 2041

Död 23/1 1935.

Kyrkobokförd i Linköping (Östergötlands län, Östergötland).

Född 18/10 1846 i Älgå (Värmlands län, Värmland).

Gift man (23/6 1879).
--------------
Motsvarande folkbokföringsförsamling(ar) 1/1 2014:
Linköpings domkyrkoförs, Linköpings kn (Östergötlands län, Östergötland)
Linköpings Skäggetorp, Linköpings kn (Östergötlands län, Östergötland)
Linköpings Ryd, Linköpings kn (Östergötlands län, Östergötland)

Födelseförsamling i källan:
Elgå (Värmlands län)

Källor:
DB, FS
 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 2 ovenfor?

Sveriges Befolkning 1880

 

Post 1880-1-10-4141

Eriksson, Per Adolf
Batteritrumpetare

f. 1847 i (Stockholms stad, Uppland)

Gift man, far i familjen

Krejaren N:o 10
Hedvig Eleonora rote 10 (Stockholms stad, Uppland)

Kyrkobokföringsort: Svea Artilleri

Registrerad födelseort: Stockholm

 

 

Nummer 1 og 4 finner jeg ikke i Sverige i 1880. Heller ikke som utvandret i emiweb.
 

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante innlegg!

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna att Adolph Erickson, korkje i Sverige eller den første tidi i Amerika!

 

Eg trur det må vera den «rette» Adolph som i 1880 budde i San Francisco, CA, men kvar var i so fall Johanna og son deira på den tidi?  Eg finn ikkje spor etter dei korkje i Illinois eller andre stadar...  Merkeleg!!

 

Dette er ein ganske so «frustrerande» huslyd.  Eg har oppdaga at ein eller annan har skrive eit «family tree» hjå ancestry.com som omfattar denne Erickson huslyden, men vedkommande er «anonym»...  Eg har likevel skrive og bede om hjelp...  Me får vona vedkommande svarar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa desse flokene!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.