Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Johnson frå Telemark, fødd 1855 - utvandra 1858 til Dane Co., WI - kven var han og foreldri hans? - kva med lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei ny utvandringsutfordring er dukka opp i Wisconsin:

 

Ole Johnson, fødd i Telemark, son av John og Gunhild Johnsen, stod brudgom i Madison, WI i 1881 - jmf. vigsli frå FamilySearch:

 

~~~~~~~~~~

 

Name Ole Johnson
Event Type Marriage
Event Date 22 Mar 1881
Event Place Madison, Dane, Wisconsin, United States
Gender Male
Marital Status Married
Race White
Birthplace Thelemarken, Norway
Father's Name John Johnson
Mother's Name Gunhild Johnson
Spouse's Name Susan Gantt
Spouse's Gender Female
Spouse's Marital Status Married
Spouse's Race White
Spouse's Father's Name Michael Holman
Spouse's Mother's Name Elisabeth Holman
Note Birth Place: Siljord Parish; Pr Name: Res: Dunn, Dane, Wis. Occ: farmer; Sp Name: Mrs.;

 

~~~~~~~~~~

 

I merknadsfeltet står det «Siljord», so då vil eg tru det må vera denne karen:

 

Olaf, fødd i Seljord 8.1.1854 - døypt 2.4.1854 - foreldri Johannes Thovson og Gunnhild Evensdotter Baugestul, gardfolk(?) i Aamodsdal: https://media.digitalarkivet.no/view/1402/89

 

sjølv om FT1900 for Cottage Grove, Dane Co., WI syner:

 

Ole Johnson, fødd desember 1855  Nor  Nor  Nor  utvandra 1858

enkjemann med tre søner, George, Carl og Alfred:

 

https://www.ancestry.com/interactive/7602/4120622_00656?pid=73600399&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3D1900usfedcen%26indiv%3Dtry%26h%3D73600399&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Her er utvandringi deira i 1857: https://media.digitalarkivet.no/view/1403/264

 

Her er so foreldri til Olaf, vigde i Seljord 27.12.1840:  Johannes Thovson frå Hjartdal og Gunnhild Evensdotter frå Moen i Åmotsdal: https://media.digitalarkivet.no/view/1401/263

 

Eg har følgjande spørsmål om denne huslyden, som eg vonar at nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg med:

 

** Frå kva gard/plass i Hjartdal hadde Johannes Thovson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass (Moen) i Åmotsdal, Seljord, hadde Gunnhild Evensdotter opphavet sitt?

 

** Og so er det spørsmål: Ser nokon kvar det vart av Ole Johnson i Amerika etter 1900?  Eg finn han ikkje att...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×