Gå til innhold
Arkivverket

Sigrid Olsdotter, fødd i Kviteseid i 1829 - til Amerika seinast 1854 - kven kan ho ha vore?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det var 24.7.1855 ei vigsle i Dane Co., WI mellom:

 

Osmund Haraldson, 23 år, fødd i Vinje 14.9.1832 og utvandra i 1845, samt

 

Sigrid Olsdotter, 26 år, fødd i Kviteseid

 

Eldsteguten Harald Olaus var fødd berre ei veke etter vigsli, og ved det høvet er mori kalla Sigrid Aadnesdotter - fadrane var Gulbrand Lie, Aslak Lie, Christi Monsdotter og Margit Lie.

 

Ved andre barnedåpar i 1860 og 1861 heiter mori på ny Sigrid Olsdotter.  Ho døydde hausten 1861.

 

Er det mogeleg å identifisera opphavet hennar i Kviteseid??  Eg ser berre eitt alternativ:

 

** Sigrid Olsdotter, fødd i Kviteseid 14.10.1829, døypt 8.11.1829 av foreldri Ole Bjørgulfson og Gro Oversdotter, husmannsfolk på Fosheim (gard eller plass?):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/7986/81

 

Kan det påvisast at ho utvandra til Amerika seinast i 1854?

 

I so fall, kven var foreldri hennar, plassnamn under kva gard og opphavi dedira?

 

Eg takkar so mykje å førehand for aløle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 52 på venstre side

 

Telemark fylke, Kviteseid, Brunkeberg, Vrådal i Kviteseid, Ministerialbok nr. I 6 (1836-1858), Inn- og utflyttede 1853-1854, Side 567
Permanent bilde-ID: kb20051007031378
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20051007031378
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051007031378.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 65 og 66: Sigrids mor og bror

 

Telemark fylke, Kviteseid, Brunkeberg, Vrådal i Kviteseid, Ministerialbok nr. I 6 (1836-1858), Inn- og utflyttede 1853, Side 568
Permanent bilde-ID: kb20051007031379
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20051007031379
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20051007031379.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 1 i 1835

 

Telemark fylke, Kviteseid i Kviteseid, Ministerialbok nr. I 5 (1815-1836), Døde og begravede 1835, Side 125
Permanent bilde-ID: kb20061213360128
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061213360128
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061213360128.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

I so fall, kven var foreldri hennar, plassnamn under kva gard og opphavi dedira?

 

MOR: Gro Auversdotter Lid - http://www.soge.kviteseid.no/individual.php?pid=I2233&ged=Kviteseid.GED&tab=0

1852 ‎(Age 56)‎ USA - Note: Reiste som enkje med minstesonen Auver

FAR: Olav Bjørgulvsson (Skafså?) - http://www.soge.kviteseid.no/individual.php?pid=I18522&ged=Kviteseid.GED&tab=0

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Egil for spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har studert opplysningane som er komne fram, og eg er vel ganske so overtydd om at dette var den Sigrid Olsdotter som i 1855 gifte seg med Osmund Haraldson i Wisconsin!

 

Ættesoga for Kviteseid synest vera ganske so godt «systematisert» og er lett å finna fram i, MEN eg ser det er tvil om opphavet til Ole Bjørgulfsen, fødd kring 1791.  Ser me på borni som Ole fekk med Gro Ouversdotter, heitte første dotteri Jorunn etter mormori, medan andre dotteri heitte Anna.

 

Ser me på FT1801 for heile Telemark, finst det berre EIN «kandidat» som høver i alder med «vår» Ole, og han er son av eit jordlaust husmannspar under garden Ryen i Heddal, Bjørgulf Guttormson og Anna Martiniusdotter:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058312000570

 

Her har me den rette namnekombinasjonen og alderen til Ole.  Kanskje finst det ei bygdebok for Heddal som kan fortelja oss noko meir om denne huslyden?

 

«Kandidaten» til Sven fødd i Vinje i 1791 ser eg ikkje noko meir til, korkje i FT1801 eller i konfirmantlistene frå Vinje.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi, og kanskje lukkast me med å identifisera Ole Bjørgulfson òg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit nytt spennande innlegg!

 

Her er nettopp denne huslyden frå Heddal omskriven som eg reknar som sannsynleg når det gjeld opphavet til Ole Bjørgulfson, og det syner seg at dei ogso hadde tilknytting til både Hjartdal og Kviteseid!  Yngste sonen Aslak vert sagt døypt i Kviteseid 23.2.1806, men eg finn ikkje denne barnedåpen i kyrkjeboki for Kviteseid, so eg ser ikkje kva gardsnamn som der er nytta:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Name Aslak Biorguv
Gender Male
Christening Date 23 Feb 1806
Christening Place , KVITESEID, TELEMARK, NORWAY
Father's Name Biorguv Guttormsen
Mother's Name Anne Martinusdr

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Då bør jo ogso denne huslyden vera omskriven i bygdesogi i Kviteseid?  Kanskje dei hadde butt på denne plassen Fossheim under Tveit søndre FØR Ole Bjørgulfson tok over der?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande og interessante innlegg!

 

Då ser det ut til at desse borni er fødde på plassen Gul(d)nes som visstnok ligg under garden Moen i Vrådal sokn av Kviteseid!  Då er det eit spørsmål om dei vart buande der og kanskje er nemnde i bygdebokregisteret?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg!

 

Dette er jamen santen ein høgst «merkeleg» huslyd!  Dei synest å sitja svært so «laust» i salen, men eg ser at Bjørgulv Guttormson har Moen-namnet med seg då han døydde.  So ser eg det står Haugsmoen på Anna Martinsdotter då ho døydde mange år etter!!

 

Eg er frista til å påstå at sonen Ole var frå Gul(d)nes under Moen, men eg kjenner meg på svært «tunn» is.  Finst det ikkje bygdebøker som kan hjelpa med fleire detaljar?

 

Eller kan konfirmasjonen til Ole Bjørgulfson finnast ein eller annan stad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å freista komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Finst det ikkje bygdebøker som kan hjelpa med fleire detaljar?

 

Har trålt gjennom det som finnes av BB, men som du selv sier; "Dei synest å sitja svært so «laust» i salen" - så det er vanskelig å finne noe spor etter dem.

 

Basen Heddalsslekthttp://www.heddalslekt.no/slekt/index.htm har følgende listet og merknader om Ole (og foreldre/søsken) - http://www.heddalslekt.no/slekt/aner/f2428.htm

M Barn 1: Ole Bjørguvsen  
                Født: 11.06.1790           på Moen u/ Ryen, Heddal  
                Døpt: 20.06.1790           i Heddal stavkirke  
                Konfirmert: 1805          i Heddal stavkirke  
Merknader: 15 år ved konfirmasjonen. Faddere ved dåpen: Niels Alexandersen Braun, Martinus Caspersen Moen under Ryen, Kari Johansdtr. Moen under Ryen, Sybille Olsdtr. Moen, Kirsti Martinusdtr. Moen under Ryen.

 

En ting å merke seg:

  1. Konfirmert 1805 - jeg finner ingen konfirmasjoner i KB Heddal i perioden 1784-1814. Foreldrene bodde vel på denne tiden i Vrådal, men han kunne selvsagt ha tjent i Heddal?
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan berre gje meg ende over for tapre freistnader av Egil for å løysa denne utfordringi i Telemark!

 

No ser eg at bustaden til denne huslyden under Ryen i Heddal tydeleg òg heitte Moen, so det synest vera Moen overalt...

 

Det einaste me vel etter kvart kan vera ganske so trygge på, er at det var denne Ole Bjørgulfson som vart far til Sigrid Olsdotter, men å «definera» eit opphav kan verta ei umogeleg oppgåve...

 

Ein ny kjempetakk til Egil for framifrå innsats!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.