Gå til innhold
Arkivverket

Harald Bjørgulfson Tveiten i Vinje (1806-1836) - opphav og bustad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Harald Bjørgulfson vart døypt i Vinje i Telemark 23.11.1806.  Far er oppgjeven som Bjørgulf Woxli (Vågsli): https://media.digitalarkivet.no/view/7999/101

 

Harald Bjørgulfson Gunvaljord vart konfirmert i Vinje i 1824: https://media.digitalarkivet.no/view/1421/185

 

Harald Bjørgulfson Gunvaljord stod brudgom i Vinje 30.3.1829 då han gifte seg med Torbjørg Osmundsdotter Tveiten: https://media.digitalarkivet.no/view/1421/158

 

Parfolket får tre søner:

 

* Bjørgulf Haraldson, fødd som (ikkje oppgjeve) på Tveiten 5.5.1830: https://media.digitalarkivet.no/view/1421/47

 

* Osmund Haraldson, fødd som gardbrukarson på Gunvaljord 14.9.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/1421/58

 

* Harald Haraldson, fødd sm husmannsbarn på Tveiten 4.4.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/1421/70

 

So døydde husmann Harald Bjørgulfson på Tveiten i Vinje 10.11.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/1421/135

 

Kan nokon med lokal kunnskap, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, svara meg på følgjande:

 

** På kva gard/plass i Vinje voks Harald Bjørgulfson opp?

 

** Kva heitte plassen under Tveiten i Vinje der Harald Bjørgulfson budde siste del av livet sitt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Harald Bjørgulvsson vaks opp på garden Gunvaldjord. Far hans er kalla Gunvaldjord når han døde i 1823, og fleire sysken av Harald er kalla Gunvaldjord når dei er konfirmera .

 

Sjølv om han er kalla gardbrukarson og husmann, ser det for meg ut som han har vore inderst hos egen og konas familie. Han er død på garden Tveiten, der kona var frå.

 

Helsing Aslak

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aslak for eit spennande og interessant innlegg!

 

Eg hadde nok ein mistanke om at garden Gunvaldjord var barndomsheimen til Harald Bjørgulfson, men det var kjekt å få ei stadfesting av dette.

 

Når det gjeld bustaden til Harald og kona Torbjørg dei få åri dei fekk bu i lag, forstår eg at det er vanskeleg å peika på ein særskild plass, og truleg har det vel meir vore som ein heim i tunet på garden, so eg trur eg berre vil skriva at dei budde på «ein plass» under Tveiten...

 

Problemet er soleis løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand med desse utfordringane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.