Gå til innhold
Arkivverket

Kan nokon gje meg eit råd med omsyn til tekstmedium for dataregistrering på reise - MacBook Pro eller iPad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Etter sju års drift er no min gamle MacBook Pro 17" frå Apple moden for utskifting.  Siste 18 månadane har eg hatt ein stor iMac som eg er svært godt nøgd med, men denne eigner seg dårleg for bruk på reise.

 

No finst det ikkje lenger 17" MacBook Pro å få hjå Apple, berre 15", men kanskje er oppløysingi på skjermen vorti so mykje betre at ein ikkje lyt sitja komplett framoverluta for å lesa det som står på skjermen?  Eller kanskje finst det ei form for ei «skjermlupe»?

 

Elles finst det jo iPad 13" frå Apple til rundt halve prisen av ein MacBook Pro, men den skjermen er jo «mikroskopisk», og eg nyttar USB Sticks og eksterne harddiskar for kontinuerlege Backups av mine manuskript.  Eg kan ikkje sjå at ein iPad har uttak for slikt?  Det er jo so praktisk å lagra informasjon direkte på ein USB-Stick...

 

Eg tek gjerne imot gode tips om kva eg bør gjera...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det heile kokar eigentleg ned til "kva slags programvare brukar du på iMac'en din?" og oppfølgjingsspørsmålet "fins denne programvaren eventuelt for iPad/annan type nettbrett". Hvis du til dømes nyttar Microsoft Word kan du på ein iPad redigere i det samme dokumentet som du redigerer på Mac'en din såframt du lagrar dokumentet i enten Apple eller Microsoft si sky-teneste (og installerer Word på pad'en). Det same vil forsåvidt gjelde om du velger å nytte ein MacBook Air/Pro på reise. Lagre i skya så tar sky-leverandøren backup for deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thore for nytt innlegg!

 

Her kjem det nye ord som eg diverre er lite fortruleg med.  Eg nyttar microfoft Office med Word på min iMac og er godt fortruleg med dette, og eg tykkjer systemet med USB Sticks for Backups er førsteklasses produkt som eg kan lita på.  Eg har høyrt gjete noko som heiter Sky, men har ikkje sett meg inn i kva det er og korleis det virker.  Men slik du skriv om det, høyrest det ut som ein «ekstern» kjelde, og i utgongspunktet er eg svært skeptisk til å lagra ein Backup hjå «framande», utan at eg sjølv har full kontroll!  Og kva skjer den dagen du sit i ein Alpedal med dårleg internett og ønskjer å arbeida med eit Word-dokument?

 

Men kan henda er løysingi med ein MacBook Air tingen for meg, for der kan ein jo nytta USB-Sticks og Microsoft programvare på same vis som på iMac?  Eg ser at Apple reklamerer med 13" MacBok Air frå $999, men so er det dette med det vesle formatet på skjermen, då...?

 

Nei, det er vel ikkje so lett å gjera alle til lags...

 

Eg takkar på ny for verdifulle tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis du ikkje er godt kjend med sky-baserte lagringsløysingar er mitt råd at du går for laptop med tilhøyrande eksterne lagringsmedier som usb-stikker og harddiskar. Litt av utfordringa di her er at du til eikvar tid må halde orden på "kvar har eg lagra absolutt siste versjon?".

 

Så nokre tankar til dette med oppløysing på skjerm. Ei bærbar datamaskin vil aldri kunne gje deg samme opplevelse som ein iMac med 27" skjerm, men der fins variantar som er betre enn andre. Det handlar til siste slutt om økonomi. Mitt råd der er at du ikkje nødvendigvis velger den rimelegaste varianten. Hugs på at det ikkje er så enkelt å oppgradere ein MacBook Air sjølv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars, eg er i tilnærma same situasjon som deg: Må snart skifte ut den vidunderlege berbare Macen med 17 tommar skjerm. Maskinen går på sjette året, og har byrja å bli ustabil.

Eg har i fleire år bruka Time Machine til backup, og det fungerer strålande. No får ein jo også kjøpt herlege små harddiskar opptil 1 TB for under 1000 kroner til bruk for Time Machine-programvaren. Alt på maskinen blir kopiert éin gong i timen. Eg har ikkje teke i bruk sky-baserte løysingar (iCloud for Mac). Så langt eg har skjøna får ein plass til ei viss kvote data, og overstig ein kvota må ein på ei betalingsteneste som rett nok ikkje er dyr, men likefullt noko ekstra herk. Eg prøva å la iCloud hente opp innhaldet på maskinen min, men måtte avbryte da datamengda mi langt oversteig det iCloud var viljug til å ta i mot utan betaling. Men "laus" harddisk og Time Machine sikrar meg likevel. Eg har to harddiskar, ein kopla til maskinen og den andre på ein sikker stad (brann/innbrot). Desse to vekslar eg mellom. Minnepinne fungerer jo også, men har berre brøkdelen av lagringskapasiteten til ein harddisk. Så minnepinnen må vera for enkeltfiler som ein ynskjer å "frakte" frå ein plass til ein annan.

Eg kjøper nok berbar Mac igjen sjølv om 15 tommar skjerm dessverre no er den "største" som er å få. 13 tommar er uaktuell. Prisen er også auka, nærmast astronomisk. Ein får mindre skjerm og mindre harddisk inne i maskinen, men må likevel betale 10-15 000 kroner meir enn eg gjorde for snart seks år sidan. Eg ser likevel ikkje nokon veg utanom å bite i det sure eplet. Ein stasjonær bordmaskin gjev vesentleg større skjerm og mykje større harddisk for ein langt mindre penge, men han er ikkje eigna til å putte i reiseveska!

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minute ago, Anfinn Bernaas said:

Eg har i fleire år bruka Time Machine til backup, og det fungerer strålande.

Det ein bør vere ekstra merksam på når ein brukar backup-programvare a la Time Machine er at den automatisk vil slette dei eldste kopiane når disken går full. Backup er strengt tatt meint brukt til å gjenopprette "nosituasjon". Dette betyr blant anna at om ein har filer som er med i første backup (når backup-disken er ny) og som ikkje blir endra - ja så ryker desse dersom Time Machine får holde på som den vil.

 

Dersom ein skal vere 100% sikker på å ha alt viktig bør ein i tillegg til backupen ha eit "arkiv" (gjerne på ein ekstern harddisk eller to slik at ein kan oppbevare ein av dei utanfor heimen) der ein lagrar alt som ein trur at ein kan finne på å få bruk for.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kva skal ein med ein åtte år gamal versjon av eit worddokument som er endra eit utal gonger? Det er den siste versjonen, som eg arbeidde med i går eller her om dagen, som er verdfull.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minute ago, Anfinn Bernaas said:

Kva skal ein med ein åtte år gamal versjon av eit worddokument som er endra eit utal gonger? Det er den siste versjonen, som eg arbeidde med i går eller her om dagen, som er verdfull.

...men med bilete og andre mediefiler stiller seg det litt annleis... ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har en laptop som heter Lenovo Yoga 500 som er en fullverdig PC med tastatur, touchpad, stor harddisk, etc. og som samtidig fungerer som en iPad med berøringsskjerm. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Thore Senneset skrev:

...men med bilete og andre mediefiler stiller seg det litt annleis... ;-)

 

Det er eg naturlegvis samd med deg i dersom du med utsegna meiner at uendra filer, så å seia originalfiler eller den einaste fila ein har frå ei "hending", som for den saks skuld har lege i "ro/urørt" dei siste 10-15 åra, kan bli sletta dersom disken går full. Er det det du seier?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thore, Anfinn og Kurt for fleire nye interessante innlegg!

 

Eg har i mellomtidi konsultert ein kjenning som er dataekspert i Los Angeles, CA.  Han kjem til Tyskland neste månad.  Han meiner det vil vera ei «smal sak» å reparera og oppgradera min MacBook Pro 17" slik at denne kan få «leva» endå nokre år.  Han er sogar viljug til å gjera jobben med dette utan at eg skal betala for noko anna enn dei nye delane.

 

Men, dette vil jo uansett ikkje vera noki «varig» løysing.  Kvaliteten på skjermen (les: oppløysingi) vert ikkje betre, og kan henda vil ein Retina skjerm på 13" vera so mykje betre at eg like gjerne kan skifta til ein MacBook Air no.  Tross alt er det berre til bruk på reiser, og ein ny MacBook Air vil rimelegvis halda i so mange år at eg ikkje treng å tenkja på noki ny utskifting i mi levetid...

 

Eg ser at Kurt nemner alternative merke, men som kjenningen min i Los Angeles, CA òg seier, kvalitetsmessig er det ingen LapTopar som kan måla seg med Apple, og det har eg sjølv gjort erfaring med.  Mellom 2000 og 2010 «brukte eg opp» tre Laptopar, to frå Dell og ein frå HP.  To av dei gjekk «ville» med omsyn til programvare, medan ein rett og slett datt ifrå kvarandre...

 

Når det gjeld backup, har eg i tillegg til 2 USB Sticks, kvar på 256 GB, òg på heimemaskinen ein stor ekstern harddisk på minst 1 TB, der backup automatisk skjer kvart tiande minutt, og hjå meg fungerer dette slik at berre filer som eg har endra, vert oppdaterte.  Dei andre vert liggjande urøyrte.  Ikkje noko vert sletta!

 

Men til lengre reiser tek eg heller med meg ein USB-Hub med sju portar og straum, og då kan eg lada minst to USB-Sticks samt diverse telefonar etc.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

34 minutes ago, Anfinn Bernaas said:

 

Det er eg naturlegvis samd med deg i dersom du med utsegna meiner at uendra filer, så å seia originalfiler eller den einaste fila ein har frå ei "hending", som for den saks skuld har lege i "ro/urørt" dei siste 10-15 åra, kan bli sletta dersom disken går full. Er det det du seier?

 

Det er det eg seier, ja. Når disken er full vil Time Capsule rydde plass ved slette unna dei eldste backupane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I siste innlegget frå Øyane fortel han om backupløysinga si. Eg reknar med at det må vera Apples eigen Time Machine sjølv om eg stussar over at backup blir teken kvart 10. minutt. Éin gong i timen er den innebygde standarden. Men Øyane seier også "... hjå meg fungerer dette slik at berre filer som eg har endra, vert oppdaterte.  Dei andre vert liggjande urøyrte.  Ikkje noko vert sletta!" Tek han feil i dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Han har rett, heit til disken er full. Då vil Tine Capsule rydde. Og backup går så vidt eg hugsar ein gong i timen. Ein kan også etter det eg hugsar styre om backup skal gå når maskina går på batteri.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thore og Anfinn for nye innlegg!

 

Eg er, som eg før har sagt, ikkje nokon dataekspert, men so vidt eg kan forstå, vil det gå mange år før eg rekk å fylla denne eksterne harddisken min, i alle fall so lenge eg i all hovudsak nyttar maskinen til tekstskriving.

 

Men korleis kan eg finna ut kor stor del av harddisken som er nytta?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Først til dette med sletting - Time Machine seier faktisk frå om dette i innstillingane sine (Vedlegget som heiter TimeCapsule.png).

 

 TimeCapsule.png

 

Så til dette med å finne ut diskbruk: Klikk på disken i "Favorittseksjonen" til Finder-programmet (der du ser på filene dine). Trykk deretter CMD+i (hold nede CMD, trykk på bokstaven i). Sjå vedlegget med namn Diskbruk.png, der ser du at på min disk har eg brukt noko over 400 GB og har om lag 1.6 TB ledig.

 

Diskbruk.png

Endret av Thore Senneset
Rydding i bilete
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du høyre-klikker på enhetens ikon, og velger 'egenskaper'. Da vises brukt/ubrukt del av harddisken.

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thore og Kurt for informative innlegg!

 

No fann eg ut av dette;

 

Harddisken:

Capacity 2 TB

Available 1,74 TB

 

USB-Stick Corsair:

Capacity 256 GB

Available 255,15 GB

 

På USB-Sticken har eg BERRE dei verdifulle tekstfilene, medan Harddisken vel har både programfiler, bilete og alt mogeleg anna.  Uansett, ingen kapasitetsproblem hjå meg dei næraste åri...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når me først er inne på emnet, i «gamle dagar» med DOS kunne ein kopiera filer frå eijn disk til ein annan med til dømes:

 

copy C:*.* to D:*.*

 

Korleis kan eg kopiera filer, utan å henta opp kvar einskild fil (eg har minst 1000 tekstfiler i ulike «katalogar»!), frå til dømes ein USB-Stick til ein annan?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette kan du forsåvidt gjere på Mac'en din også. Start programmet "Terminal" skriv følgjande:

 

rsync -avzr /Volumes/USBStikkeNr1 /Volumes/USBStikkeNr2

"retninga" her er at ein kopierer frå venstre mot høgre.

 

(bytt sjølvsagt ut "USBStikkeNr1" og "USBStikkeNr2" med namnet som dine USB-stikker har. Det fine med rsync-kommandoen er at den berre tar med seg filer som ikkje er identiske på begge stikkene (første gongen tar den alt dersom stikke nr 2 er tom)

 

Alternativt kan du markere alle filer på stikke nr 1 ved å bruke cmd+a og deretter kopiere ved å trykke cmd+c. Så går du til stikke nr 2 og trykker cmd+v

Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Tore Senneset for deling av kunnskap. Ein lærer så lenge ein lever. 

 

Eg har elles sjekka innhaldet på backup-harddiskane mine og ser at eldste backup som ligg der er langt eldre enn alderen på maskinen, og dermed eldre enn alt innhaldet på maskinen eg brukar til dagleg. Vidare har eg "berre" bruka halvparten av tilgjengeleg plass på backupdisken. Så dei nifse konsekvensane av totalhavari på maskinen, eller tap av maskinen, skulle liggje eit stykke unna. Men eg skal vera merksam på dette tilhøvet i åra framover.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

At ein lærer så lenge ein lever skal vere sikkert og visst. Sjølv brukar eg nevnte Time Capsule til å ta backup (for å gjenopprette nosituasjonen) og har i tillegg to diskar med kopi av dei viktigaste filene mine som inkluderer 15 år med heftig bruk av digitalkamera. Som om ikkje det var nok synkroniserer eg også noko til Dropbox. Fruen meinar eg grensar til paranoid...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.