Gå til innhold
Arkivverket

Eit utfordrande skifte i Årdal i Sogn i 1756 - Rannei Olsdotter med tre ekteskap og fem born - kvar kom dei ifrå og kven var dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det vart 24.7.1756 halde eit skifte på Bremborg i Årdal etter husmannskona Martha Sjursdotter, død i Årdal 10.7.1756, 28 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/215

 

Ervingane hennar var enkjemannen Aamund Hermandson Bremborg og:

 

Mor: Rannei Olsdotter

Fire søsken:

* Thomas Johnson, tvilling, halvbror, 22 år

* Ole Johnson, tvilling, halvbror, 22 år

* Gjertrud Sjursdotter, fullsøster, gift med {Ingebrigt Jacobson} Holen

* Anna Trondsdotter, halvsøster, 32 år, ugift

 

Skal me tolka dette, ser det ut til at Rannei Olsdotter var gift tre gongar,

* første gongen kring 1723 med ein Trond

* andre gongen kring 1727 med ein Sjur

* tredje gongen kring 1733 med ein John

 

Kanskje er det denne Rannei Olsdotter som døydde i Årdal 16.8.1761, 65 år gamal, men eg kan ikkje sjå at nokon av ekteskapi vart inngådde korkje i Årdal eller andre stadar i Sogn og Fjordane!  Eg ser heller ikkje noko til Thomas Johnson eller Anna Trondsdotter i Årdal!  Ole Johnson vert eit litt for «vanleg» namn å leita etter...

 

Berre Gjertrud Sjursdotter finn me att i Årdal som gift 14.11.1756 med enkjemannen ingebrigt Jacobson i Hola under Lægreid.  Dei fekk tre born i Årdal:

 

* NN Ingebrigtsdotter, f. 23.4.1757 (død ung?)

* Martha Ingebrigtsdotter, f. 22.12.1758

* Rønnaug Ingebrigtsdotter, f. 23.8.1762

 

og so flytte dei til Bergen.  Det var i samband med eit tema som mellom anna gjeld denne Ingebrigt, at Knut Bryn gjorde meg merksam på skiftet etter Martha Sjursdotter frå 1756: https://forum.arkivverket.no/topic/195662-jørgen-sanderson-urnes-tangen-1674-1760-i-årdal-og-huslyden-hans/

 

Men kvar kan denne Rannei Olsdotter vera kommi ifrå?  Eg har no «saumfare» FamilySearch for heile landet, og eg fann noko som eg tykte såg svært so spennande ut:

 

** Ranni Olsdotter Mæhle og Sjur Olson Ydsti gifte seg i Stjørdalen 15.6.1727: https://media.digitalarkivet.no/view/16368/163

 

** Randi Olsdotter Kleven og John Bardoson Echra gifte seg i Stjørdalen 11.7.1734: https://media.digitalarkivet.no/view/16369/168

 

men diverre var denne siste Randi «pige» ved vigsli, so då brast den voni...

 

MEN, det finst ingen andre vigsler i heile landet med Rannei Olsdotter som brur med brudgom Sjur eller John på rette tidspunkt!

 

No vonar eg at kanskje ein eller annan ser fakta som eg har oversett, og eg takikar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det må utvilsomt være denne Rannei som døde i Årdal i august 1761. Ved begravelsen skrev presten navnet hennes for "Ronnog" i kirkeboka. Året etter fikk, som Lars nevner, datteren hennes ei jente som ble oppkalt etter bestemoren. Presten skrev da også navnet for "Ronnog". Kan det være at denne familien muntlig brukte navneformen Rønnaug framfor det lokalt mer utbredte Rannei? Og kan det være et spor?

Endret av Knut Bryn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

???

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW82-T8K

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Gjertrud Sjursdotter, fullsøster, gift med {Ingebrigt Jacobson} Holen

 

Legger for ordens skyld inn vielsen:

 

Høyre side - 14.11.1756

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Viede 1755-1757, Side 217
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514620287.jpg
 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld inn skiftet med navn på formynderne:

 

Namn arvtakar: Marthe, Siursdtr 
Gard: (Tangen - Eldegaard), nr.:1
Husmannsplass: Brændborg
Yrke: Qvinde
Skipreide: Årdal
Protokoll/side: 7a-212b
Datering: 1751-1762
Dato: 24.7.1756
Eiga: 46 Dalar, 1 ort, 6 skilling
Gjeld: 24 Dalar, 4 ort, 14 skilling
Netto: 21 Dalar, 2 ort, 8 skilling
Merknad:  

Personar i skiftet :
(1) Aamund Hermandsen Enkemanden
(2) Rannei Olsdatter Mor
(3) Thommes Joensen 22 Aar Halvbror
(4) Ole Joensen 22 Aar Halvbror
(5) Anna Tronsdatter 32 Aar Søster
(6) Hoelen Gift med Giertrud
(7) Tosten Olssen Gielle Formy Thomas/Ole
(8) Giertrud Siursdatter Søster
(9) Boets gjeld Kreditor
(10) Andfind Wettie Formynder for Anna

 

Er dette Anna Tronsdatters formynder?

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut og Grethe for nye utfordrande innlegg!

 

Det er ikkje so godt å verta «klok på» formyndarane i dette skiftet, men Torsten Olson Gielle hadde vel røter frå Vang i Valdres, og namneformi Rønnaug er jo typisk for det austafjelske, inkl. Valdres.  Som Knut seier, so har presten skrive «Ronnag» ved gravferdi til mori i 1761: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/246

 

MEN, Rønnaug-namnet førekjem òg både i Luster og i Hafslo på den tidi, so 100% sikker kan ein ikkje vera...

 

Ikkje noki enkel sak dette, men eg vonar at kanskje Thomas og/eller Ole Johnson eller halvsøsteri Anna Trondsdotter kan komma «til rette» og bidra til oppklaring?

 

Når det gjeld halvsøsteri, finst det i heile landet ifølgje FamilySearch berre EI EINASTE Anna Trondsdottter gift mellom 1755 og 1775, og det er denne:
 

** Anna Trondsdotter, gift i Vang i Valdres 21.67.1767 med Knut Nilsson: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/239

 

Diverre står det ikkje noko gardsnamn på nokon av dei, og ikkje kan eg sjå at dei fekk born i Vang.  Men kanskje er dette Knut Nilsson i FT1801, almisselem og enkjemann på Øye i Vang: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058266001595

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å klara opp i denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

** Anna Trondsdotter, gift i Vang i Valdres 21.67.1767 med Knut Nilsson

 

Kan dette være dødsfallet til Anne Trondsdatter? - født (beregnet) 1721:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000291733

 

En Knut NIlsen er enkemann etter 1. ekteskap og bosatt som almisselem på Øye i 1801:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058266001595

 

Her dør Knut Nilsen i 1804:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000292148

 

Hvis dette er Annas ektemann, var hun 20 år eldre enn ham....!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har søkt litt meir på nettet og finn òg desse vigsene i Vang i Valdres:

 

** Thomas Johnson og Tore Guttormsdotter - vigde 5.10.1755: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/232

 

** Ole Johnson og Sigri Finkelsdotter - vigde 7.11.1773: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/241

 

Diverre ser me ikkje noko gardsnamn for nokon av desse, men dette er vel Sigrid Finkelsdotter som kårkone i andre ekteskapå på Helle nedre i Vang 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058266002004

 

Og kan dette vera Thomas Johnson i 1801, enkjemann etter første ekteskap og almisselem på Bø i Vang: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058266001463

 

Kanskje nokon med lokal kunnskap i Vang har høve til å sjekka desse personane, kanskje med utgangspunkt i Helle nedre og Sigrid Finkelsdotter?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå innsats for å løysa desse «flokene»!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste meldingi som kom, medan eg skreiv mitt siste!

 

Det ser jammen santen ut til at me kan ha «treft spikaren på hovudet» med Anna Trondsdotter!  Dette ser verkeleg spennande ut!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå innsats med denne so store utfordringi frå Årdal!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Eg har søkt litt meir på nettet og finn òg desse vigsene i Vang i Valdres:

 

** Thomas Johnson og Tore Guttormsdotter - vigde 5.10.1755: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/232

 

 

???? - Tore Guttormsdatters dødsfall? I så fall er hun også en del år eldre enn sin ektemann:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000530406

 

Finner dette på geni om Sigrid Finnkjellsdatter (Finkelsdatter):

https://www.geni.com/people/Sigrid-Helle/6000000018481460370

https://www.geni.com/people/Ola-Helle/6000000018481205694

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000530129

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gardar og slekter i Vang. A

Gnr. 10 - Strønd 

Strønd .jpg

 

Torø og Tomas hadde en sønn Guttorm i 1754, i så fall var Torø 45 år gammel da sønnen ble født. 

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW5W-RQ9

 

Venstre side:

Oppland fylke, Vang, Hurum, Øye i Vang, Ministerialbok nr. 1 (1730-1796), Fødte og døpte 1754, Side 136-137
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603990702.jpg
 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye kjempespennande innlegg!

 

Medan det ser ut til Ole Johnson på Helle må vera ein annan person, er eg ganske so overtydd om at me har treft rett når det gjeld både Anna Trondsdotter og Thomas Johnson.  Men diverre ser det ikkje ut som om bygdeboki for Vang har noko meir å by på når det gjeld opphavi deira...

 

Men det er nok i Vang me lyt leita vidare...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå innsats for å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har sett litt på mulighetene for å finne noen flere spor etter denne familien fra den tiden de bodde i Årdal. Da Marte Sjursdatter første gang dukker opp i kirkeboka i 1753, har hun trolig bodd i Årdal en tid. Presten skrev nemlig i kirkeboka da ble forlovet 20. mai 1753 "Aamun Hermunsen med Marthe Siursdaatter, begge af Aardals Sogn". Som  forlovere/kausjonister ble brukt Thomas Seim og Jørgen Øren. Dette var solide Årdals-bønder og gir ingen spor.

 

Marte må trolig ha kommet til Årdal noe før 1753. Hva med resten av familiens hennes, kom de samlet? Litt leting i kirkeboka ga straks resultater. Den 3. sep. 1753 fant jeg denne dåpen:

 

     Et Uægte Pigebarn af Aardals Sogn nominat Malene, nat. d. 3die Sept. Moderen Randi Siursdatter, Faderen udlagt at være Ole Jonsen.

 

Fadderne var:

 

   Maren Jansdaatter Teiste, Andreas Schmitt, Niels Hermunsen, Else Thorsdaatter, Marie Siursdaatter.

 

Her trengs litt forklaring: Maren Teiste var g.m. handelsmannen på stedet, Andreas Schmidt var overstiger (gruvesjef) ved Årdal kopperverk, Nils Hermundsen var pliktsfogd ved verket (opprinnelig fra Luster), Else Toresdatter var "vanlig" bondekone fra Øvre Årdal og Marie Sjursdatter var datter av en gruvearbeider og dessuten søster av barnets mor. Det er altså mange bergverksfolk her. Dette skyldes nok at barnets mor var fra dette miljøet, men kanskje barnefaren også var det? Dessverre var det relativt liten aktivitet ved verket mellom 1734 og 1757, og få kilder er bevart. Jeg har sett etter Ole Jonsen, Thomas Jonsen og en eller annen Jon som kunne være deres far, men det har ikke gitt så store resultater. Det eneste jeg har funnet, er en Ole Jonsen Vetti som hadde fast jobb ved verket fra januar 1760. I bygdeboka er det ikke nevnt noen Ole på Vetti på denne tiden. Hvis dette er "vår" Ole Jonsen, så må vi spørre om han kan ha hatt en tilknytning til folket på Vetti.

 

Jeg vil også nevne at jeg har en mistanke om at Ole Jonsen Vetti kan være identisk med den Ole Færestad som hadde full jobb som gruvearbeider fra 1756, men som er borte i 1760. Dessverre er han ikke nevnt med patronym. Det interessante her, er at det i bygdeboka ikke er nevnt noen Ole på Færestad rundt 1760. Bonden var Ivar Jacobsen, opprinnelig  fra Holen under Hofland i Årdal og bror av Ingebrigt Jacobsen!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe og Knut for dei siste innleggi i dette emnet frå mai!

 

Etter at tre av dei fire borni etter Rannei (Rønnaug) Olsdotter no er oppspora, hadde Knut ein interessant teori om det fjerde barnet, Ole Johnson, og eg trur du har rett, Knut!

 

Ole Johnson fekk den «uekte» dotteri Malena i 1753, men han gifte seg med barnemori i 1757, og dei fekk ein son Sjur i 1761 før dei ser ut til å «forsvinna» frå Årdal!  Dei er ikkje i Årdal i 1763 (ref. ekstraskatten)...  Kan dei vera farne til Kvinnherad?  Eller til Bergen?

 

Barnemori er ein del av huslyden som vert drøfta i dette emnet, og her er medtekne i innlegg #6 dei opplysningane som eg so langt har samla om Ole Johnson og kona Randi Sjursdotter:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/210111-nils-hermundson-hagen-i-årdal-1706-1777-gift-to-gonghar-og-minst-6-born-kven-var-andre-kona-malena-jensdotter-og-kvar-vart-det-av-borni-hans-ytre-sogn-eller-ytre-sunnfjord/

 

Ei anna stor utfordring her, attåt oppsporingi av Ole Johnson og Randi Sjursdotter, er denne:

 

** Kvar i Vang kan Rannei Olsdotter ha vore busett, d.v.s. kvar er dei fire borni hennar fødde?

 

Diverre ser eg at kyrkjebøkene for Vang, som startar opp i 1730, er svært mangelfulle utan barnefødsler i det heile mellom 1733 og 1735, nettopp på den tidi som tvillingane Thomas og Ole skulle vera fødde, so det vert truleg som å leita etter den berømte «nåli»...  Ogso konfirmantlistene for Vang synest mangelfulle.  Her er rett nok ein Ole Johnson konfirmert i 1754 og ein Thomas Johnson konfirmert i 1756:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9393/261

 

men Thomas kan vel ikkje ha gift seg FØR han vart konfirmert..., og i 1754 var vel Ole alt i Årdal!?  I Årdal er det ein Ole Jonson som vert konfirmert i 1755, og det kan vel vera «vår» Ole...?  Thomas er IKKJE konfirmert i Årdal!

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips kring opphavet til denne huslyden (og lagnaden til Ole Johnson) og lever i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.