Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Christopher Henrikson Sandvik eller Hotlen - fødd i Luster 1854 - spedalsk og pasient på Lungegaardshospitalet i Bergen 1872 - men kvar vart han av? - vart han frisk eller var han feildiagnostisert? - budde i Øksnes i 1875?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Christopher Henrikson Sandvik eller Hotlen, fødd i Gaupne sokn i Luster 25.12.1854, son av Henrik Nilsson og Gunnhild Nilsdotter, husmannsfolk på Sandvkøyri under Hotlen, Sandvik i Luster, var i 1872 rapportert vera spedalsk og pasient på Lungegaardshospitalet i Bergen, men eg finn han ikkje avliden der.

 

Derimot ser eg at ein Kristoffer Henriksen, fødd i Gaupne 1855, var tenestedreng på Finvåg ytre i Øksnes i 1875: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052440001399

 

Det finst ingen andre personar med dette namnet i Luster fødde på den tidi, so eg lkurer på:

 

** Vart Christopher frisk, eller var han kan henda feildiagnostisert?

 

** Finst det opplysningar om den seinare lagnaden hans?

 

Eg takkar so mykje oå førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje svar på spørsmålet, men her er Kristoffer i Lepraregisteret:

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lepraregister&sideid=418&storleik=

 

Innførsla hans held fram på sida etter. Det er litt vanskeleg å halde sidene saman, ein må telje linjene. Så vidt eg kan finne ut, står det i kolonnen "Afgang" lengst til høgre: "Lungegaard 67".

 

Helsing Torodd

Endret av Torodd Kinn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torodd og Carsten for kjempespennande og nyttige innlegg!

 

Eg ser han er nemnd i lepraregisteret i lag med broren Torbjørn Henrikson Hotlen.  Torbjørn kom inn på pleiestiftelsen i 1867 og døydde der i 1870.

 

Men Christopher er tydeleg komen ut att, og det kan ikkje vera nokon annan enn han som miste livet under fiske ved Øksnes i 1876!

 

Dette var skikkeleg more å få svar på, og eg ser etter dette på problemet som løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.