Gå til innhold
Arkivverket

Brørne Christopher (1778) og Christen (1780) Hanssøner - haugianarar - fødde på garden Haugen i Luster, men flytte i 1809 til Myklebostad i Vistdal, Nesset i Romsdalen - Christopher vart buande der, men kvar vart det av broren Christen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år slite med å finna ut av ættene til desse brørne av haugianarrørsli som i 1809 flytte til Myklebostad i Vistdal, Nesset i Romsdalen.  Den eldste Christopher har eg på sett og vis bra «kontroll» på, men eg manglar framleis mange detaljar.  Den yngste broren Christen ser eg over hovudet ikkje noko meir til!

 

Her er kva eg veit om Christen:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Hansson, døypt i Luster 13.8.1780, budde heime hjå foreldri i 1801, men ser ut til å vera flytt med foreldri (Hans Christenson, d. Myklebostad 1815, og Kari Christophersdotter, d. Myklebostad 1823) broren Christopher og søsteri Inga (d. ugift på Myklebostad i 1861) til Romsdalen i 1809,

 

##### (lagnaden hans??)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Og her følgjer eit manuskript for huslyden til Christopher:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden, og skulle nokon greia å finna lagnaden til Christen Hansson, ville eg verta svært so lukkeleg!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Sigrid Olsdotter frå Sandnes i Nesset.  Ho vart døypt i Nesset 6.10.1816 og d. som legdelem på Lien i Nesset 2.4.1910. 

 

 

     ##### (stemmer dette? – stadfesting av dødsdato og dødsstad?)

 

Møre og Romsdal fylke, Vistdal i Nesset, Klokkerbok nr. 554C02 (1867-1946), Døde og begravede 1908-1912, Side 260
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051102042230.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er Anders Dahl med kone og døtre i Kristiansund i 1865 - eldste datter var født (beregnet) 1857:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038278002201

 

Gard og ættesoge for Nesset 9: 

 

 

Anders Dahl.png

 

Møre og Romsdal fylke, Vistdal i Nesset, Ministerialbok nr. 554A01 (1846-1879), Fødte og døpte 1846, Side 1
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050708011058.jpg
 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for nye interessante og utfordrande innlegg!

 

Når det gjeld Anders Dahl, yngste sonen frå Myklebostad, tok eg eit kjapt søk med Berit Anna Eriksdotter som brur, og jamen fann eg vigsli deira, i Oslo Domkyrkje av alle stadar 2.3.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/662/270

 

Han må ha lært møbelsnikkaryrket sitt i Christiania...

 

Ellers kavar eg med Gunerius Bye.  Eg ser han er kalla Gunerius Andersson Bye ved dåpen av dotteri Gurine i 1865: https://media.digitalarkivet.no/view/2286/40

 

Og då sonen Christian vart døypt i Aure i 1861, er faren kalla garvarsvein Gunerius Bye frå Kristiansund: https://media.digitalarkivet.no/view/2286/19

 

Han skal vera fødd i Strinda kring 1825, og eg finn ein Gunerius Andersson Bye, 22 år gamal, som i 1847 flytte frå Strinda til Stjørdalen: https://media.digitalarkivet.no/view/16294/52

 

Men noko nærare kjem eg ikkje!

 

So var det Christen Hansson i Aure!  Denne ser skikkeleg spennande ut, og her har me vel vigsli til dette parfolket i Aure so tidleg som 13.11.1805:

gardbrukar Christen Hansson Lesund og Kirsti Olsdotter Svinvik: https://media.digitalarkivet.no/view/16108/214

 

Me ser ikkje noko til denne Christen på Lesund i 1801, men ein Christen Hansson Lesund vart døypt i Aure 24.9.1780, so det er vel eit spørsmål om ikkje det var han som gifte seg i 1805, og som døydde i 1841...?

 

Finst det kan henda ei bygdebok frå Aure som kan hjelpa oss stadfesta dette?  Kanskje har denne bygdeboki òg omtale av Gunerius Bye?

 

Her følgjer eit revidert manuskript for huslyden til Christopher Hansson Myklebostad til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Fleire opplysningar er tilkomne, og dette manuskriptet er no erstatta av eit nytt i innlegg #10 nedanfor!

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden so langt og lever i voni om at fleire detaljar vil dukka opp etter kvart...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

men som enkje gifte Kari seg att i Aukra 20.1.1880 med Anders Nilsson, f. på

 

     ##### (fødestaden hans? – Haukebøen i Aukra?)

 

     i Aukra

 

     ##### (fødselsdatoen hans?)

 

     1815. 

 

Ved vielsen står det at han er født i Flå i Øksendal i 1816: https://media.digitalarkivet.no/view/3816/264

 

Ved vielsen står det at han ble konfirmert i 1834. Jeg finner ham imidlertid som konfirmert i 1832. Der tror jeg det står at han er født "1816, Midtaften søndag" (uten at jeg vet hva det betyr ...) (nr. 5): https://media.digitalarkivet.no/view/16065/167

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for spennande og nyttige innlegg!

 

Då er den ekstra dotteri til Anders medkommi, og opphavi til John Jørgenson Elgenæs og Anders Nilsson Haukebøen er «på plass»!  Kjempebra!

 

Det er vel tre «hovudutfordringar» som står att her, utanom å finna lagnaden til Christen Hansson...:

 

** Opphavet til Marit Jacobsdotter frå Grytten som eg har sete og jobba litt med i kveld, men utan å komma særleg langt.  Kanskje er Storgjeld plassnamnet me søker under Kleivi i Grytten?  Storgjeld er i alle fall ikkje noko gardsnamn i Grytten i 1801...  Kan denne huslyden vera nemnd i «Raumadalsfolket»?

 

** Lagnaden til Hans Christopherson på Hitra?

 

** Spørsmåli kring Gjertrud Christophersdotter og Gunerius Andersson Bye i Aure?  Kanskje ei bygdebok for Aure kan hjelpa oss der?  Gjertrud er jo òg ei utfordring i Amerika...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #6 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Mange nye kjempefine innlegg har ført til ein oppdatert versjon av dette manuskriptet i innlegg #24 nedanfor!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne haugianarætti i Romsdalen!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er utflyttingen til Gjertrud og to av barna, fra Aure til Trondheim:

https://media.digitalarkivet.no/view/2286/375

Manden  har forlatt hende og er i Nordland.

 

Det er ført utflytting for sønnen Kristian også, han flyttet for tre år siden til ??? Kan det stå Nesset prestegjeld?

 

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Lagnaden til Hans Christopherson på Hitra?

 

Finner denne Hans Christophersen på Hitra i folketellingen 1875 - født 1820 i Romsdalen - ugift:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052361005925

 

Men jeg vet jo ikke om dette er din Hans. Jeg er litt forvirret over det du skriver om Hans i manuskriptet ditt. For der skriver du noe om at han giftet seg med ei enke du ikke vet navn og fødselsdato på og heller ikke når de giftet seg. Og at Hans kan ha vært lærer på Hitra. Og at de var barnløse. 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dødsfallet til Hans Kristoffersen Myklebust - ugift arbeider, forhenværende skolelærer, født 1820, Nesset: 

 

Nr. 13:

Sør-Trøndelag fylke, Dolm i Hitra, Ministerialbok nr. 634A09 (1882-1901), Døde og begravede 1887, Side 146
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050608011325.jpg
 

Da falt opplysningen om at han var lærer på plass. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

f. Gjertrud Christophersdotter, f. i Nesset 20.3.1825, flytte i 1844 til garden Torvik i Tingvoll og flytte derifrå i 1847 til Edøy prestegjeld.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar?)

 

     med Gunerius Andersson Bye.  Han var f. på

 

     ##### (kva gard?)

 

     i Strinda

 

     ##### (fødselsdatoen hans?)

 

Gjertrud og Gunerius giftet seg i Kristiansund i 1858. Kirkeboken er delvis brent, så det går ikke an å lese navnene og vielsesdatoen, men foreldrenes navn er leselige. I forlovererklæringen er navnene leselige.

 

Vielsen (nederste vielsen): https://media.digitalarkivet.no/view/6415/258

 

Forlovererklæringen (øverst til venstre): https://media.digitalarkivet.no/view/17137/41

 

Gunerius ble født 6.2.1825, døpt 13.3.1825 i Lade (Strinda, Moholt) sokn i Strinda (nr. 29): https://media.digitalarkivet.no/view/16286/77

 

Sønnen Andreas ble døpt i Kristiansund i 1859: https://media.digitalarkivet.no/view/6415/70

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Hans fekk ein son Ole, døypt i Nesset 1.4.1842 – mor: Gjertrud Steffensdotter!)

 

Konfirmasjonen til Ole Hansen?

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000893744

 

Konfirmasjonen til det som kan være en yngre halvbror:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000894020

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Grethe Flood skrev:

Men jeg vet jo ikke om dette er din Hans. Jeg er litt forvirret over det du skriver om Hans i manuskriptet ditt. For der skriver du noe om at han giftet seg med ei enke du ikke vet navn og fødselsdato på og heller ikke når de giftet seg. Og at Hans kan ha vært lærer på Hitra. Og at de var barnløse. 

 

Det er hentet fra "Gards- og ættesoge for Nesset" (Bind 9 side 98): http://www.nb.no/nbsok/nb/6bb20b3007b86524f3cf164a37269840.nbdigital?lang=no#101

 

592f16b510b39_HansDahl2.jpg.49774631d3a44628cb22ed2540048d16.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Henrik Christopherson, kjend som Henrik Dahl, døypt i Nesset 10.11.1811, sette livet til ved drukning

 

     ##### (kva stad drukna han?)

 

Hentet fra "Gards- og ættesoge for Nesset" (Bind 9 side 100): http://www.nb.no/nbsok/nb/6bb20b3007b86524f3cf164a37269840.nbdigital?lang=no#103

 

592f175161bd7_HenrikDahl1.jpg.70bc249dd07db9e9c0a83285661f7ab8.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutter siden, Lars Waaltorp skrev:

 

Det er hentet fra "Gards- og ættesoge for Nesset" (Bind 9 side 98): http://www.nb.no/nbsok/nb/6bb20b3007b86524f3cf164a37269840.nbdigital?lang=no#101

 

592f16b510b39_HansDahl2.jpg.49774631d3a44628cb22ed2540048d16.jpg

 

 

Takk for avklaringen, Lars! I dødsfallsregistreringen i 1887 står det at Hans var fhv skolelærer. Han står også som ugift. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth, Grethe og Lars W. for imponerande og kjempeflotte innlegg!  Dette er dugnadsforsking på sitt beste!

 

De har finne svar på so å seia alt som eg mangla i manuskriptet mitt, lagnaden til Hans som ifølgje bygdeboki skulle ha vore gift med ei enkje på Hitra (kanskje har det vore sagt «på folkemunne» at han gifte seg med den enkja som han losjerte hos i 1875!?), og likeins vigsli til Gjertrud og opphavet til mann hennar!  Fantastisk!

 

Framleis er det litt uklart for meg kva Hans gjorde på Hitra og kvar han eigentleg budde, men eg har kontakta «Hitterlekt» og vonar få ei avklaring derifrå...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #10 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Hansson Myklebostad, opphavleg frå Haugen, vart døypt 5.4.1778 og hadde våren 1807 teke over heimebruket på Haugen etter foreldri.  Men 22.10.1807 gjorde han makebyte med Torkild Nilsson og flytte til Bergheim.  Alt 10.3.1808 makeskifte han garden att til Torger Halvorson på Nes mot ein parsell av garden Midsund på Otterøya i Aukra.  Men Torger flytte ikkje til Bergheim, og kven som styrte garden resten av det året, er førebels uvisst.

Christopher Hansson var haugianar, og i 1809 flytte han i lag med fleire andre haugianarar til Romsdalen.  Han gifte seg i Grytten 24.6.1810 med Marit Jacobsdotter frå Kleivi i Grytten.  Ho var dotter av husmann Jacob Iverson på

 

##### (ein plass, men kva plass?)

 

under Kleivi, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – kalla Storgjeld ved vigsli i Grytten 11.1.1784 – dotteri Marit er fødd på Storgjelden!)

 

og kona Margretha Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kalla Alfsdotter ved vigsli 1784)

 

og vart døypt i Grytten 17.2.1788.  Christopher selde Midsund i Aukra og kjøpte i staden i 1809 eit bruk på Myklebostad i Nesset i Romsdalen der han og Marit vart buande levetidi ut.  Marit d. som gardbru­karkone på Myklebostad 11.6.1840, medan Christopher d. som kårmann same staden 14.7.1843.  Dei fekk ni born i lag:

a. Henrik Christopherson, kjend som Henrik Dahl, døypt i Nesset 10.11.1811, sette livet til ved drukning i Eresfjorden 7.1.1852.  Han gifte seg i Nesset 2.11.1837 med Sigrid Olsdotter frå Sandnes i Nesset.  Ho vart døypt i Nesset 6.10.1816 og d. som legdelem på Lien i Nesset 2.4.1910.  Som enkje gifte Sigrid seg att i Nesset 25.1.1856 med John Jørgenson Elgenæs frå Molde, f. i Molde 23.12.1824.  Han d. som tidlegare vaktmeistar(!) på Myklebostad 20.6.1898.  Henrik Dahl tok over som gardbrukar på Myklebostad etter foreldri sine og var dessutan lensmann i Nesset.  John Elgenæs vart likeins gardbrukar på Myklebostad då han gifte seg med enkja, og han dreiv dessutan landhandel same staden.  Sigrid fekk i alt sju born; av dei var seks frå første ekteskapet med Henrik Dahl.

b. Jacob Christopherson, døypt i Nesset 26.12.1814, d. på Vågbø i Tingvoll 21.12.1896.  Jacob gifte seg i Nesset 2.11.1837 med Marit Olsdotter frå Sandnes i Nesset, ei søster av kona til broren Henrik.  Marit vart døypt i Nesset 19.4.1813 og d. på Vågbø i Tingvoll 10.5.1906.  Jacob og Marit var frå 1838 gardbrukarar på Stigen, Vågbø i Tingvoll på Nordmøre der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk ni born i lag.

c. Kari Christophersdotter, døypt i Nesset 27.4.1817, d. på Myklebostad 2.3.1892.  Kari gifte seg første gongen i Nesset 18.7.1839 med Erik Larsson som òg var frå Myklebostad i Nesset.  Han vart døypt i Nesset 20.1.1793 og d. på Myklebostad 17.8.1873.  Erik og Kari var gardbrukarar på Myklebostad nedre i Nesset, men som enkje gifte Kari seg att i Aukra 20.1.1880 med enkjemannen Anders Nilsson, opphavleg frå Haukebøen i Aukra, men f. på Flå i Øksendal og døypt i Sundal 24.3.1816.  Han d. som gardbrukar på Haukebøen i Aukra 2.12.1883.  Anders var gardbrukarar på Haukebøen i Aukra, og Kari budde der i lag med han, men som enkje flytte ho attende til Myklebostad i Nesset.  Ho fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

d. Hans Christopherson, f. i Nesset 24.1.1820, d. som arbeidar og tidlegare lærar på Hopstad på Hitra 24.5.1887.  Hans var lærar og flytte i ung alder til Hitra

 

     ##### (yrke og bustad? – 1865: Hans Christopherson, ugift jordarbeidar, busett Haavig, Hitra! – 1875 ugift gardbrukar, sjølveigar, bus. hjå ei enkje med mange born på Skumfosøren på Hitra)

 

     Han var ugift.

 

     ##### (Hans fekk ein son Ole, døypt i Nesset 1.4.1842 – mor: Gjertrud Steffensdotter!)

 

e. Margretha Christophersdotter, f. i Nesset 23.3.1822, d. på Orset i Tingvoll 21.1.1914.  Margretha flytte i 1850 til Tingvoll der ho 12.4.1851 gifte seg med Peder Amundson, f. på Orset i Tingvoll 24.1.1818.  Han d. på Orset 4.2.1894.  Peder og Margretha var gardbrukarar på Orset i Øre, Tingvoll og fekk sju born i lag.

f. Gjertrud Christophersdotter, f. i Nesset 20.3.1825, flytte i 1844 til garden Torvik i Tingvoll og flytte derifrå i 1847 til Edøy prestegjeld.  Ho gifte seg i Kristiansund ?.8.1858 med Gunerius Andersson Bye frå Strinda, f. på Pineberg i Strinda 6.2.1825 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Gunerius var garvarsvein, og han og Gjertrud var gardbrukarar på Ledalsåsen i Aure, men Gunerius reiste ifrå kona og borni sine sist på 1860-talet og skal ha butt i Nordland i 1873 då Gjertrud flytte til Trondheim.  Ho var ei tid hushaldar på Midtsand i Malvik, Strinda, men utvandra til Amerika i 1879.  Reisemålet hennar var då Colorado Springs, Pueblo Co., Colo. der

 

     ##### (lagnaden hennar i Amerika? – dato og stad for dødsfallet hennar? – 1880 census shows Gertrude Bye, 54, born Norway, divorced servant, residing at Hernando, DeSoto Co., MS – son Chas Bye, 14, born Norway! - 1885 in Chaffee Co., CO with daughter Gurine – 1900 with daughter Gurine Banning in Carbondale, Garfield Co., CO )

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ”fleire” – 1865 nemner:

            * Andreas Guneriusson, f. Kristiansund 10.10.1858, flytte 1873 med mori til Trondheim – n. 1875 som bakarlærling i Trondheim – utv. 1879 med mori som bakarsvein til Colorado Springs, CO

            * Christian Guneriusson, f. Aure 24.3.1861, flytte 1870 til Nesset – utv. 1880 som skomakar til Cannon City, CO

            * Gurine Guneriusdotter, f. Aure 4.8.1864, flytte 1873 med mori til Trondheim – utv. 1880 som pige til Cannon City, CO - married Banning, died Los Angeles, CA Mar. 9, 1947)

 

g. Ole Christopherson, f. i Nesset 10.11.1827, d. i Nesset 21.11.1827.

h. Anders Christopherson, kjend som Anders Dahl, f. i Nesset 7.10.1828, d. i Kristiansund 2.6.1867.  Han gifte seg i Domkyrkja i Christiania 2.3.1855 med Beret Anna Lossius Eriksdotter Sylte, f. i Molde 7.8.1826.  Ho d. i Trondheim 4.12.1904.  Anders Dahl var møbelsnikkar, og han og Beret budde på Kirklandet i Kristiansund.  Som enkje flytte Beret sidan til eine dotteri si i Trondheim.  Anders og Beret fekk to døtrer i lag.

 

     ##### (Anders hadde òg ei dotter Marit f. i Nesset 25.5.1846 med Christi Aslaksdotter Myklebostad)

 

i. Marit Christophersdotter, f. i Nesset 22.7.1832, d. i Nesset 10.10.1832.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei største utfordringane som no står att, er (jmf. lista frå innlegg #10):

 

** Opphavet til Marit Jacobsdotter frå Grytten.  Kanskje er Storgjeld plassnamnet me søker under Kleivi i Grytten?  Storgjeld er i alle fall ikkje noko gardsnamn i Grytten i 1801...  Kan denne huslyden vera nemnd i «Raumadalsfolket»?

 

** Lagnaden til Gunerius Andersson Bye i Nordland?

 

** Lagnaden til Gjertrud Bye i Amerika?

 

Men dei to siste kan sjå ganske so vanskelege ut, eller...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats med denne huslyden!  Eg er som sagt skikkeleg imponert!

 

PS: Sjølvsagt er det framleis ei stor utfordring å finna ut kva som skjedde med Christen Hansson, fødd 1780, broren til Christopher, men lét det seg gjera??

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.