Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Brørne Christopher (1778) og Christen (1780) Hanssøner - haugianarar - fødde på garden Haugen i Luster, men flytte i 1809 til Myklebostad i Vistdal, Nesset i Romsdalen - Christopher vart buande der, men kvar vart det av broren Christen?

Recommended Posts

Grethe Flood

Litt på siden, men her er den yngste sønnen til Marta Jakobsdatter og Ole Andreassen Skomfosøren - nr. 188:

 

Sør-Trøndelag fylke, Dolm, Kvenvær, Fillan i Hitra, Ministerialbok nr. 634A07 (1861-1870), Fødte og døpte 1870, Side 234
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050608010795.jpg
 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for korrigeringi!

 

Eg fann ikkje Pineberg i 1865, men derimot Pinneberg og gjekk ut ifrå at det var den «rette» formi!  No er dette retta og oppdatert i innlegg #24!  Nok ein gong, hjarteleg takk!

 

Ogso hjarteleg takk til Grethe for interessant tillegg om huslyden på Skomforøren!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
19 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Jacob Christopherson, døypt i Nesset 26.12.1814, d. på Vågbø i Tingvoll 21.12.1896.  Jacob gifte seg i Nesset 2.11.1837 med Marit Olsdotter frå Sandnes i Nesset, ei søster av kona til broren Christopher. 

 

Her tror jeg det er en liten skrivefeil. Antar du mener broren Henrik?

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Ogso ein hjarteleg takk til Lars W. for siste rettingi!

 

Rett skal vera rett, og manuskriptet i innlegg #24 er retta opp!

 

Nok ein kjempetakk for skikkeleg flott dugnadsinnsats!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Og, Gjertrud på Midtsande, det står i 1875, i 1900 Midtsand. 

Adolf Øien, kjent mann i Trondheim, kjøpte Midtsand i 1891, brukte den som landsted.

Midtsand i Malvik vil være å foretrekke framfor Midtsande. 

 

Stedsnavn blir skrevet forskjellig til forskjellige tider, 

men i dag er det Pineberg og Midtsand som gjelder.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

    ##### (lagnaden hennar i Amerika? – dato og stad for dødsfallet hennar? – 1880 census shows Gertrude Bye, 54, born Norway, divorced servant, residing at Hernando, DeSoto Co., MS – son Chas Bye, 14, born Norway!)

 

Her er Gertrude Bye i Colorado i 1900. Hun bodde hos datteren Gurine: 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQMH-QXW

 

Og her er datteren Gurine i 1910:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MK4Q-MJV

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Det finnes et familietre på Ancestry.com over Gjertrud og Gunnerius datter, Gurina.

Der står det at Gjertruds mann, Bye, døde før juni 1900. Ingen stedsangivelse.

 

Om dette årstallet medfører riktighet, skulle Gunnerius finnes i ft 1875 et eller annet sted i Norge.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Lars W. for nye interessante innlegg!

 

Skrivemåten av Midtsand er retta opp i manuskriptet i innlegg #24, og der har eg òg lagt inn tilleggsopplysnngar om Gertrude Bye i Amerika.

 

Eg har sett litt på familie treet på ancestry.com, men trur ikkje me skal stola på at «Mr.» Bye døydde i juni 1900, slik det står  Det var vel heller slik at Gertrude står som enkje i 1900, men ho står òg som enkje i FT1885 for Chaffee Co., CO!  Det er vel mykje som tyder på at Gertrude døydde i Colorado mellom 1900 og 1910, men den dødsdatoen kan verta vanskeleg å finna...

 

Elles har eg søkt etter Gunerius Bye i heile Noreg, men ser ikkje noko meir til han!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats for å kartleggja denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne utfordrande haugianarhuslyden som har lege i «dvale» i over 3 år.

 

Eg har diverre ikkje greidd å fylla nokre av dei manglande detaljane i dette oppdaterte manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Hansson Myklebostad, opphavleg frå Haugen, vart døypt 5.4.1778 og hadde våren 1807 teke over heimebruket på Haugen etter ein eldre bror.  Men 22.10.1807 gjorde han makebyte med Torkild Nilsson og flytte til Bergheim.  Alt 10.3.1808 makeskifte han garden att til Torger Halvorson på Nes mot ein parsell av garden Midsund på Otterøya i Aukra.  Men Torger flytte ikkje til Bergheim, og kven som styrte garden resten av det året, er førebels uvisst.

Christopher Hansson var haugianar, og i 1809 flytte han i lag med fleire andre haugianarar til Romsdalen.  Han gifte seg i Grytten 24.6.1810 med Marit Jacobsdotter frå Kleivi i Grytten.  Ho var dotter av husmann Jacob Iverson på

 

##### (ein plass, men kva plass?)

 

under Kleivi, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – kalla Storgjeld ved vigsli i Grytten 11.1.1784 – dotteri Marit er fødd på Storgjelden!)

 

og kona Margretha Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – kalla Alfsdotter ved vigsli 1784)

 

og vart døypt i Grytten 17.2.1788.  Christopher selde Midsund i Aukra og kjøpte i staden i 1809 eit bruk på Myklebostad i Nesset i Romsdalen der han og Marit vart buande levetidi ut.  Marit d. som gardbru­karkone på Myklebostad 11.6.1840, medan Christopher d. som kårmann same staden 14.7.1863.  Dei fekk ni born i lag:

a. Henrik Christopherson, kjend som Henrik Dahl, døypt i Nesset 10.11.1811, sette livet til ved drukning i Eresfjorden 7.1.1852.  Han gifte seg i Nesset 2.11.1837 med Sigrid Olsdotter frå Sandnes i Nesset.  Ho vart døypt i Nesset 6.10.1816 og d. som legdelem på Lien i Nesset 2.4.1910.  Som enkje gifte Sigrid seg att i Nesset 25.1.1856 med John Jørgenson Elgenæs frå Molde, f. i Molde 23.12.1824.  Han d. som tidlegare vaktmeistar(!) på Myklebostad 20.6.1898.  Henrik Dahl tok over som gardbrukar på Myklebostad etter foreldri sine og var dessutan lensmann i Nesset.  John Elgenæs vart likeins gardbrukar på Myklebostad då han gifte seg med enkja, og han dreiv dessutan landhandel same staden.  Sigrid fekk i alt sju born; av dei var seks frå første ekteskapet med Henrik Dahl.

b. Jacob Christopherson, døypt i Nesset 26.12.1814, d. på Vågbø i Tingvoll 21.12.1896.  Jacob gifte seg i Nesset 2.11.1837 med Marit Olsdotter frå Sandnes i Nesset, ei søster av kona til broren Henrik.  Marit vart døypt i Nesset 19.4.1813 og d. på Vågbø i Tingvoll 10.5.1906.  Jacob og Marit var frå 1838 gardbrukarar på Stigen, Vågbø i Tingvoll på Nordmøre der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk ni born i lag.

c. Kari Christophersdotter, døypt i Nesset 27.4.1817, d. på Myklebostad 2.3.1892.  Kari gifte seg første gongen i Nesset 18.7.1839 med Erik Larsson som òg var frå Myklebostad i Nesset.  Han vart døypt i Nesset 20.1.1793 og d. på Myklebostad 17.8.1873.  Erik og Kari var gardbrukarar på Myklebostad nedre i Nesset, men som enkje gifte Kari seg att i Aukra 20.1.1880 med enkjemannen Anders Nilsson, opphavleg frå Haukebøen i Aukra, men f. på Flå i Øksendal og døypt i Sundal 24.3.1816.  Han d. som gardbrukar på Haukebøen i Aukra 2.12.1883.  Anders var gardbrukarar på Haukebøen i Aukra, og Kari budde der i lag med han, men som enkje flytte ho attende til Myklebostad i Nesset.  Ho fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

d. Hans Christopherson, f. i Nesset 24.1.1820, d. som arbeidar og tidlegare lærar på Hopstad på Hitra 24.5.1887.  Hans var lærar og flytte i ung alder til Hitra

 

     ##### (yrke og bustad? – 1865: Hans Christopherson, ugift jordarbeidar, busett Haavig, Hitra! – 1875 ugift gardbrukar, sjølveigar, bus. hjå ei enkje med mange born på Skumfosøren på Hitra)

 

     Han var ugift.

 

     ##### (Hans fekk ein son Ole, døypt i Nesset 1.4.1842 – mor: Gjertrud Steffensdotter!)

 

e. Margretha Christophersdotter, f. i Nesset 23.3.1822, d. på Orset i Tingvoll 21.1.1914.  Margretha flytte i 1850 til Tingvoll der ho 12.4.1851 gifte seg med Peder Amundson, f. på Orset i Tingvoll 24.1.1818.  Han d. på Orset 4.2.1894.  Peder og Margretha var gardbrukarar på Orset i Øre, Tingvoll og fekk sju born i lag.

f. Gjertrud Christophersdotter, f. i Nesset 20.3.1825, flytte i 1844 til garden Torvik i Tingvoll og flytte derifrå i 1847 til Edøy prestegjeld.  Ho gifte seg i Kristiansund ?.8.1858 med Gunerius Andersson Bye frå Strinda, f. på Pineberg i Strinda 6.2.1825 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Gunerius var garvarsvein, og han og Gjertrud var gardbrukarar på Ledalsåsen i Aure, men Gunerius reiste ifrå kona og borni sine sist på 1860-talet og skal ha butt i Nordland i 1873 då Gjertrud flytte til Trondheim.  Ho var ei tid hushaldar på Midtsand i Malvik, Strinda, men utvandra til Amerika i 1879.  Reisemålet hennar var då Colorado Springs, Pueblo Co., Colo. der

 

     ##### (lagnaden hennar i Amerika? – dato og stad for dødsfallet hennar? – 1880 census shows Gertrude Bye, 54, born Norway, divorced servant, residing at Hernando, DeSoto Co., MS – son Chas Bye, 14, born Norway! – 1885 in Chaffee Co., CO with daughter Gurine – 1900 with daughter Gurine Banning in Carbondale, Garfield Co., CO - 1910 Guroine without mother in Colorado Springs, CO)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ”fleire” – 1865 nemner:

            * Andreas Guneriusson, f. Kristiansund 10.10.1858, flytte 1873 med mori til Trondheim – n. 1875 som bakarlærling i Trondheim – utv. 1879 med mori som bakarsvein til Colorado Springs, CO

                               * Christian Guneriusson, f. Aure 24.3.1861, flytte 1870 til Nesset – utv. 1880 som skomakar til Cannon City, CO

            * Gurine Guneriusdotter, f. Aure 4.8.1864, flytte 1873 med mori til Trondheim – utv. 1880 som pige til Cannon City, CO – married Banning, died Los Angeles, CA Mar. 9, 1947)

 

 

g. Ole Christopherson, f. i Nesset 10.11.1827, d. i Nesset 21.11.1827.

h. Anders Christopherson, kjend som Anders Dahl, f. i Nesset 7.10.1828, d. i Kristiansund 2.6.1867.  Han gifte seg i Domkyrkja i Christiania 2.3.1855 med Beret Anna Lossius Eriksdotter Sylte, f. i Molde 7.8.1826.  Ho d. i Trondheim 4.12.1904.  Anders Dahl var møbelsnikkar, og han og Beret budde på Kirklandet i Kristiansund.  Som enkje flytte Beret sidan til eine dotteri si i Trondheim.  Anders og Beret fekk to døtrer i lag.

 

     ##### (Anders hadde òg ei dotter Marit f. i Nesset 25.5.1846 med Christi Aslaksdotter Myklebostad)

 

i. Marit Christophersdotter, f. i Nesset 22.7.1832, d. i Nesset 10.10.1832.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Hansson {Haugen}, døypt i Luster 13.8.1780, budde heime hjå foreldri i 1801, men ser ut til å vera flytt med foreldri (Hans Christenson, d. Myklebostad 1815, og Kari Christophersdotter, d. Myklebostad 1823) broren Christopher og søsteri Inga (d. ugift på Myklebostad i 1861) til Romsdalen i 1809,

 

##### (lagnaden hans??)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Utfordringane som framleis står att å løysa er soleis dei same som nemnde i innlegg #24 på føregåande side:

 

** Opphavet til Marit Jacobsdotter frå Grytten.  Kanskje er Storgjeld plassnamnet me søker under Kleivi i Grytten?  Storgjeld er i alle fall ikkje noko gardsnamn i Grytten i 1801...  Kan denne huslyden vera nemnd i «Raumadalsfolket»?

 

** Lagnaden til Gunerius Andersson Bye i Nordland?

 

** Lagnaden til Gjertrud Bye i Amerika - truleg avlidi i Colorado mellom 1900 og 1910?

 

** Lagnaden til Christen Hansson, fødd 1780, broren til Christopher?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Randi Elisabeth Haugros

Gunnerius Andersen Bye i ft 1891 på Røros:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053088003893

 

Gunnerius Andersen Bye døde på Røros i 1899 som gift mann, født på Pineberg i Lade sogn , Strinden:

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, 681/L0936: Ministerialbok nr. 681A14, 1899-1908, s. 183
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060522030163
 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Olav Bonesmo

Jacob Iversen kommer fra Slettali. I første ekteskap gift med Marit Olsdatter NN. Ikke funnet trolovelse.

Faddere ved Marit Jacobsdatters dåp: Ole Brude, ungkar Lars Sletta, (en av mine aner) ungar Iver ibid,Guri Røstøl.

I annet ekteskap er Jacob gift med Jertru Gudmundsdatter Brøste. Det er dermed små sjanser får å kunne spore Marit Olsdatters herkomst gjennom fadderne.

Ft. 1801 viser for gården Kleven.

Jacob Iversen, 42 år, husmann 2dre gifte.

Jertru Jonsdatter, 49 år, hustru. Feil farsnavn.

Marit Jacobsdatter, 13 år, deres barn.

Margret Jacobsdatter, 11 år, deres barn.

Iver Jacobsen, 72 år, mannens far, kår.

Iver Jacobsen Slettali, 1730-1808, g.m. Marit Henriksdatter Brude.

Ut fra dette er det trolig at Storgjeldnavnet er knyttet opp mot navnet på Jacob Iversens husmannsplass under Kleven.

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #38:

 

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Olav for interessante og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Eg har då oppdatert manuskriptet mitt, og einaste «hòlet» som no står att hjå meg, i tillegg til lagnaden hans Christen Hansson, er følgjande:

 

* Dato og stad for dødsfallet til Gertrude Bye i Colorado - mellom 1900 og 1910?

 

Her er siste versjon av manuskriptet mitt for huslyden til Christopher:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Hansson Myklebostad, opphavleg frå Haugen, vart døypt 5.4.1778 og hadde våren 1807 teke over heimebruket på Haugen etter ein eldre bror.  Men 22.10.1807 gjorde han makebyte med Torkild Nilsson og flytte til Bergheim.  Alt 10.3.1808 makeskifte han garden att til Torger Halvorson på Nes mot ein parsell av garden Midsund på Otterøya i Aukra.  Men Torger flytte ikkje til Bergheim, og kven som styrte garden resten av det året, er førebels uvisst.

Christopher Hansson var haugianar, og i 1809 flytte han i lag med fleire andre haugianarar til Romsdalen.  Han gifte seg i Grytten 24.6.1810 med Marit Jacobsdotter frå Kleivi i Grytten.  Ho var dotter av husmann Jacob Iverson på Storgjelden under Kleivi og første kona Margretha Olsdotter og vart døypt i Grytten 17.2.1788.  Christopher selde Midsund i Aukra og kjøpte i staden i 1809 eit bruk på Myklebostad i Nesset i Romsdalen der han og Marit vart buande levetidi ut.  Marit d. som gardbru­karkone på Myklebostad 11.6.1840, medan Christopher d. som kårmann same staden 14.7.1863.  Dei fekk ni born i lag:

a. Henrik Christopherson, kjend som Henrik Dahl, døypt i Nesset 10.11.1811, sette livet til ved drukning i Eresfjorden 7.1.1852.  Han gifte seg i Nesset 2.11.1837 med Sigrid Olsdotter frå Sandnes i Nesset.  Ho vart døypt i Nesset 6.10.1816 og d. som legdelem på Lien i Nesset 2.4.1910.  Som enkje gifte Sigrid seg att i Nesset 25.1.1856 med John Jørgenson Elgenæs frå Molde, f. i Molde 23.12.1824.  Han d. som tidlegare vaktmeistar(!) på Myklebostad 20.6.1898.  Henrik Dahl tok over som gardbrukar på Myklebostad etter foreldri sine og var dessutan lensmann i Nesset.  John Elgenæs vart likeins gardbrukar på Myklebostad då han gifte seg med enkja, og han dreiv dessutan landhandel same staden.  Sigrid fekk i alt sju born; av dei var seks frå første ekteskapet med Henrik Dahl.

b. Jacob Christopherson, døypt i Nesset 26.12.1814, d. på Vågbø i Tingvoll 21.12.1896.  Jacob gifte seg i Nesset 2.11.1837 med Marit Olsdotter frå Sandnes i Nesset, ei søster av kona til broren Henrik.  Marit vart døypt i Nesset 19.4.1813 og d. på Vågbø i Tingvoll 10.5.1906.  Jacob og Marit var frå 1838 gardbrukarar på Stigen, Vågbø i Tingvoll på Nordmøre der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk ni born i lag.

c. Kari Christophersdotter, døypt i Nesset 27.4.1817, d. på Myklebostad 2.3.1892.  Kari gifte seg første gongen i Nesset 18.7.1839 med Erik Larsson som òg var frå Myklebostad i Nesset.  Han vart døypt i Nesset 20.1.1793 og d. på Myklebostad 17.8.1873.  Erik og Kari var gardbrukarar på Myklebostad nedre i Nesset, men som enkje gifte Kari seg att i Aukra 20.1.1880 med enkjemannen Anders Nilsson, opphavleg frå Haukebøen i Aukra, men f. på Flå i Øksendal og døypt i Sundal 24.3.1816.  Han d. som gardbrukar på Haukebøen i Aukra 2.12.1883.  Anders var gardbrukarar på Haukebøen i Aukra, og Kari budde der i lag med han, men som enkje flytte ho attende til Myklebostad i Nesset.  Ho fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

d. Hans Christopherson, f. i Nesset 24.1.1820, d. som arbeidar og tidlegare lærar på Hopstad på Hitra 24.5.1887.  Hans var lærar og flytte i ung alder til Hitra der han mellom anna budde på Håvik og sidan som gardbrukar på Skumfossøyri.  Han var ugift.

 

     ##### (Hans fekk ein son Ole, døypt i Nesset 1.4.1842 – mor: Gjertrud Steffensdotter!)

 

e. Margretha Christophersdotter, f. i Nesset 23.3.1822, d. på Orset i Tingvoll 21.1.1914.  Margretha flytte i 1850 til Tingvoll der ho 12.4.1851 gifte seg med Peder Amundson, f. på Orset i Tingvoll 24.1.1818.  Han d. på Orset 4.2.1894.  Peder og Margretha var gardbrukarar på Orset i Øre, Tingvoll og fekk sju born i lag.

f. Gjertrud Christophersdotter, f. i Nesset 20.3.1825, flytte i 1844 til garden Torvik i Tingvoll og flytte derifrå i 1847 til Edøy prestegjeld.  Ho gifte seg i Kristiansund ?.8.1858 med Gunerius Andersson Bye frå Strinda, f. på Pineberg i Strinda 6.2.1825.  Han d. på Røros 6.6.1899.  Gunerius var garvarsvein, og han og Gjertrud var gardbrukarar på Ledalsåsen i Aure, men Gunerius reiste ifrå kona og borni sine sist på 1860-talet og budde sidan mellom anna i Nordland, men hamna til sist på Røros.  Gjertrud flytte til Trondheim og var ei tid hushaldar på Midtsand i Malvik, Strinda, men utvandra til Amerika i 1879.  Reisemålet hennar var då Colorado Springs, Pueblo Co., Colo. der ho budde hjå dotteri Gurine og truleg d. under namnet Gertrude Bye

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – mellom 1900 og 1910! - 1880 census shows Gertrude Bye, 54, born Norway, divorced servant, residing at Hernando, DeSoto Co., MS – son Chas Bye, 14, born Norway! – 1885 in Chaffee Co., CO with daughter Gurine – 1900 with daughter Gurine Banning in Carbondale, Garfield Co., CO – 1910 Gurine without mother in Colorado Springs, CO – borni var:

            * Andreas Guneriusson, f. Kristiansund 10.10.1858, flytte 1873 med mori til Trondheim – n. 1875 som bakarlærling i Trondheim – utv. 1879 med mori som bakarsvein til Colorado Springs, CO

            * Christian Guneriusson, f. Aure 24.3.1861, flytte 1870 til Nesset – utv. 1880 som skomakar til Cannon City, CO

            * Gurine Guneriusdotter, f. Aure 4.8.1864, flytte 1873 med mori til Trondheim – utv. 1880 som pige til Cannon City, CO – married Banning, died Los Angeles, CA Mar. 9, 1947)

 

     Gunerius og Gertrude fekk tre born i lag.

g. Ole Christopherson, f. i Nesset 10.11.1827, d. i Nesset 21.11.1827.

h. Anders Christopherson, kjend som Anders Dahl, f. i Nesset 7.10.1828, d. i Kristiansund 2.6.1867.  Han gifte seg i Domkyrkja i Christiania 2.3.1855 med Beret Anna Lossius Eriksdotter Sylte, f. i Molde 7.8.1826.  Ho d. i Trondheim 4.12.1904.  Anders Dahl var møbelsnikkar, og han og Beret budde på Kirklandet i Kristiansund.  Som enkje flytte Beret sidan til eine dotteri si i Trondheim.  Anders og Beret fekk to døtrer i lag.

 

     ##### (Anders hadde òg ei dotter Marit f. i Nesset 25.5.1846 med Christi Aslaksdotter Myklebostad)

 

i. Marit Christophersdotter, f. i Nesset 22.7.1832, d. i Nesset 10.10.1832.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
Posted (edited)
På 31.5.2017 den 21.53, Lars E. Øyane skrev:

og kona Margretha Olsdotter frå

##### (opphavet hennar? – kalla Alfsdotter ved vigsli 1784)

 

Det ser ut som Margrete døde i 1788:

Gards- og ættesoge for Nesset. 9

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2011030308036

 

Margrete Olsdatter.jpg

Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
Posted (edited)

Dom Rogate 1788 i Grytten - det skal være 5. søndag etter påske = 27.04.1788 (noen får rette meg, hvis jeg tar helt feil):

Dødsfall 1788.jpg

 

 

Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #41:

 

Hjarteleg takk for Grethe for siste innleggi.

 

Det ser ut for meg som du har teke utgongspunkt i den gamle manuskriptversjonen frå innlegg #35, for Olav har jo gjort bra rede for opphavet til denne slekti frå Kleivi i Grytten (sjå innlegg #37), men opplysningane dine stadfester jo kva Olav fortel!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.