Gå til innhold
Arkivverket

Maren Tolfsdotter frå Bratsberg i Gjerpen (1836-1909) - kven var foreldri hennar? - bustad og opphav? - utvandringsår? - svigerson frå Jevnaker - detaljar om opphavet hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få leggja fram ei utfordring som har å gjera med Maren Johnsdotter frå Stulen i Gjerpen, som ein gong på 1850-talet utvandra til Amerika og der gifte seg med ein sogning, Petter Petterson Havreberg.

 

NB: Korrigert til Maren Tolfsdotter frå Bratsberg i Gjerpen

 

Eg har òg vanskar med nokre plassnamn på Jevnaker der eine svigersonen hennar hadde opphavet sitt ifrå...

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye utfyllande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor!

 

Kanskje er det nokon som sit med detaljkunnskap om Gjerpen og likeins om Jevnaker, som kan hjelpa meg vidare?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svigersønnen var vel Anders Eriksen f. 09.10. dpt. 11.11.1849 Løkeneie.Familien utvandret 1869 til Monroe.

Erik Olsen 52, Margrethe Andersdastter 49 og barna: Johan 9, Else 13, Anders 19 og Tolline 21.

Fakts:

Erik Olsen Rudseie eller Hejereie 24 Far: Ole Poulsen         g. 26.08.1844 Jevnaker med

Masrgrethe Andersdatter 24  Vesterneie   Far: Anders Pedersen.

Barn:

Ole 01.09.  086.10.1844 Hejereie

Tolline 06.10. 01.11.1846 Hejereie

Anders 09.10 11.11.1849 Løkeneie

Else 14.01. 19.02.1854 Gromstadeie

Johan 19.02.1857 Grumstadeie  (Grumstadstuen)

 

Endret av Hans H. Myhre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven, Grethe og Hans for interessante og nyttige innlegg!

 

Når det gjeld svigersonen frå Jevnaker, ser eg at sjølve plassnamni framleis manglar, men kanskje er desse vanskelege å få tak i?  Eg veit ikkje om det finst ei bygdebok for Jevnaker som kan ha desse opplysningane?

 

Elles er opplysningane frå Gjerpen so å seia komplette.  Det einaste eg no manglar derifrå, er utvandringsåret til Maren Johnsdotter.  Men sidan dette ikkje er teke med i den interaktive bygdeboki, er det vel ting som kan tyda på at utvandringi hennar ikkje er innført i kyrkjeboki?  Eg ser at fleire av søskeni utvandra i 1856, so kanskje det var året då Maren òg fór?  Er det mogeleg å finna passasjerlister, til dømes hjå Norway Heritage, som kan stadfesta dette?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye banebrytande funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 nedanfor!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand so langt med denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikke noen bygdebok for Jevnaker, men det var i Lunner kommunde dette men Jevnaker Kirkebok. Det er ikke noen flere opplysninger om plassnavnene enn de du har fått direkte fra meg.. så dette er komplette.  Men det er jo mulig å gå ganske mye lenger bakover. Hans

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det einaste eg no manglar derifrå, er utvandringsåret til Maren Johnsdotter.  Men sidan dette ikkje er teke med i den interaktive bygdeboki, er det vel ting som kan tyda på at utvandringi hennar ikkje er innført i kyrkjeboki?  Eg ser at fleire av søskeni utvandra i 1856, so kanskje det var året då Maren òg fór?  Er det mogeleg å finna passasjerlister, til dømes hjå Norway Heritage, som kan stadfesta dette?

 

Moren, Ingeborg Olsd. var fra S. Ås og ble enke i 1839, giftet seg påny i 1840 med Jens Olsen Ås. De flyttet etterhvert fra Stulen til S. Ås hvor Ingeborg døde i 1852. Sønnen, Ole Johnsen Ås emigrerte i 1862 og det er en Maren Johnsdatter Ås som står utflyttet 21.3.1865, 28 1/2 år, # 23 - Telemark fylke, Gjerpen i Gjerpen, Ministerialbok nr. 8B (1857-1871), Inn- og utflyttede 1865, Side 399, Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20051011011227
 

Ved konfirmasjon i 1853 står både farens navn samt stefar Jens Olsen Ås, # 20 - Telemark fylke, Gjerpen i Gjerpen, Ministerialbok nr. 7A (1834-1857), Konfirmerte 1853, Side 199, Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061128090214 

 

Kan ikke finne andre Maren Johnsdatter med samme alder som bodde på noen av Ås-gårdene. Har du sikker kilde på at det var Maren Johnsdatter (Stulen/Aas) som giftet seg med P P Havreberg ca 1857?

 

Passasjerliste - http://www.norwayheritage.com/udvandret.asp?type=passengerlist&ps=19089&jo=1142

Name:    Maren Johnsdatter     
Age:    28     
Sex:    f     
Remarks:    servant - Residence Gjerpen     
Passenger on:    Ship Laurdal 1865, from Porsgrunn Apr. 9 to Quebec May 22     
Source:    NAC C-4520 list 11 - Transcribed by Børge Solem - 2001

 

Ankomst

The Canadian Passenger Lists, 1865-1935
Name:    Maron Johnsdott
Gender:    Female
Age:    28
Birth Year: abt 1837
Date of Arrival:    May 1865
Vessel:    Laurdal

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Hans, Egil og Sven for nye og utfordrande innlegg!

 

Då er det so vidt eg forstår ikkje stort me kan gjera med svigersonen frå Jevnaker (Lunner) og opphavet hans.

 

Derimot må eg få gratulera Egil for eit fantastisk innlegg!  Det var etterkomarar etter Maren som for over 35 år sidan påstod at Maren var frå Stulen i Gjerpen, men når eg set meg ned for å studera amerikanske kjelder noko nærare, oppdagar eg at dette ikkje stemmer!

 

Peter Haverberg var prest, og prestebiografien hans omtalar Maren som Maren T. Stall.

 

FT1885 syner at det i huslyden til Peter og Maren òg budde ei Ingeborg som var 81 år gamal, og dette var sikkert nok òrsaki til at eg i utgongspunktet trudde at Maren hadde utvandra i lag med mor si!

 

Og so finn eg eit family tree som påstår at «vår» Maren var dotter av ein Tolv Nilsson og kona Ingeborg frå Skien!

 

Og her er ho, fødd i Solum 2.8.1836 som dotter av innerst Tolf Nilsson og Ingeborg Tjølstelsdotter på Sperbakken under Omdahl(?): https://media.digitalarkivet.no/view/1412/38

 

Før dei kom til Soluk hadde dei butt i Sauherad der fløeire born var fødde, men kort etter Maren var fødd i Solum flytte Tolf og Ingeborg til Gjerpen der fleire born er fødde, dei to siste eg kan sjå:

 

** Hans Andreas, fødd under Bratsberg 15.1.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/7796/86

 

** Inger Marie, fødd under Bratsberg 15.3.1848: https://media.digitalarkivet.no/view/1412/38

 

Tolf og Ingeborg skal forresten ha utvandra i lag til Amerika, og Tolf døydde i Capron, IL i 1860!

 

Eg finn ikkje vigsli til Tolf og Ingeborg, so kvar dei kom ifrå, veit eg ikkje, men kanskje den interaktive bygdeboki for Gjerpen kan hjelpa?

 

Her følgjer eit nytt oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #5 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Nok ein gong er kjempefine opplysningar dukka opp, og dette manuskriptet er no erstatta av eit nytt i innlegg #17 nedanfor!

 

Eg må berre på ny få takka for framifrå bistand med denne utfordringi so langt!  Det var ei «genial» oppdaging du Egil gjorde her som hjelpte til med å komma på «rett» veg!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 24

 

Telemark fylke, Gjerpen i Gjerpen, Ministerialbok nr. 7B (1834-1857), Inn- og utflyttede 1856, Side 483
Permanent bilde-ID: kb20061128090448
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061128090448
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061128090448.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegg!

 

Det skal vel vera 1855 at denne huslyden utvandra...

 

Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #9 tilsvarande og takkar endå ein gong for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nummer 9?

 

Telemark fylke, Sauherad (Saude) i Sauherad, Klokkerbok nr. I 1 (1815-1827), Viede 1824, Side 216
Permanent bilde-ID: kb20061211010522
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061211010522
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061211010522.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Sven Hjortland skrev:

Vielse nummer 9?

 

Korrekt vielse !

 

Tolv Nilsson ble født i 1804 på Laskemoen u. Norendal (Nordadal) i Sauherad. Flyttet til Plassen, Nes - deretter Lia u. Haukvik (alle Sauherad) -så til Solum i 1836.

Starter med Lia u. Haukvik, side 123 (Bygdebok for Sauherad : gards- og ættesoge. 1 : Gardsnr. 1-17)

Bygdebok for Sauherad gards- og Ættesoge. 1 Gardsnr. 1-17, side 123_.jpeg

 

Deretter Laskemoen, side 280-82 (Bygdebok for Sauherad : gards- og ættesoge. 5 : Gardsnr. 88-101)

Bygdebok for Sauherad  gards- og Ættesoge. 5 Gardsnr. 88-101, side 280_.jpeg

Bygdebok for Sauherad gards- og Ættesoge. 5 Gardsnr. 88-101, side 281_.jpeg

Bygdebok for Sauherad gards- og Ættesoge. 5 Gardsnr. 88-101, side 282_.jpeg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser bygdeboka for Sauherad har feil vielsesår for Tolv og Ingeborg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Sven Hjortland skrev:

Ser bygdeboka for Sauherad har feil vielsesår.

 

BB 3 Sauherad har rett vielsesår (g 1824) for Tolv og Ingeborg!

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Egil for nye kjempefine innlegg!

 

Då er, so vidt eg kan forstå, opphavet til Maren Tolfsdotter «på plass», og eg har sett opp følgjande oppdaterte manuskript, til erstatning for manuskriptet i innlegg #9 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Petter Petterson (Havreberg), f. i Luster 19.2.1833,

Peter Haverberg utvandra til Amerika i 1853 og gifte seg

 

##### (exact date and place of Peter’s marriage? – Wisconsin in or about 1857!)

 

med Maren Tolfsdotter frå Bratsberg i Gjerpen, i Amerika kjend som Maren Stall.  Ho var dotter av husmann Tolf Nilsson på

 

##### (ein plass, men kva for ein plass?)

 

under Bratsberg, opphavleg frå Laskemoen under Nordadal i Sauherad, og kona Ingeborg Tjøstelsdotter frå Nes nordre i Sauherad, men f. i Solum 2.8.1836.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1855.  Peter og Maren Haverberg farma ei tid i Primrose township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1865 til ein farm i Belmont township, Jackson Co., Minn.  Frå 1883 og utover virka Peter dessutan som prest og misjonær («Preacher and Missionary») i Jackson Co., Minn. der han d. 24.10.1894.  Maren Haverberg budde nokre år som enkje i Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte kort etter hundreårsskiftet med dotteri Mary til Chicago, Cook Co., Ill. der ho d. 23.12.1909.  Peter og Maren fekk fire born i lag:

a. Margaret Marie Haverberg, f. i Dane Co., Wis. 13.4.1858, d. i Jackson, Minn. 21.8.1924.  Margaret gifte seg i Jackson Co., Minn. 23.11.1879 med Anders Erikson frå Grumstad i Lunner, Jevnaker, i Amerika kjend som Andrew E. Olson.  Han var son av husmann Erik Olson på Grumstadstuen under Grumstad, opphavleg frå Rudseiget, og kona Margretha Andersdotter frå Vesterneiget, men f. i Løkeneiget i Lunner, Jevnaker 9.10.1849.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1869 og d. i Jackson, Minn. 10.12.1922.  Andrew og Margaret farma ei tid i Belmont township, Jackson Co., Minn., men flytte sidan inn til Jackson, Jackson Co., Minn. der dei var kolonialhandlarar («grocery merchants»).  Dei fekk fem born i lag.

b. Ingeborg T.

 

     ##### (Belle’s middle name? – G?)

 

     kjend som Belle Haverberg, f. i Dane Co., Wis. 3.12.1860, d. i Denver, Colo. 2.10.1933.  Belle gifte seg i Chicago, Ill. 22.3.1894 med Joseph Cole Chadbourne, f. i Oxford Co., Me. 20.5.1859.  Han d. i Denver, Colo. 7.6.1949.  Joseph var privatvognførar («private coachman and chauf­feur»), og han og Belle budde i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte sist på 1920-talet til Denver, Colo.  Dei fekk ein son i lag.

c. Peter Tobias Havreberg, f. i Jackson Co., Minn. 15.4.1868, d. i St. Paul, Minn. 3.12.1955.  Peter gifte seg i Jackson Co., Minn. 2.2.1892 med Anna Marie, kjend som Mary O. Lee, dotter av husmannsdotteri Andrina Iversdotter frå Kveane under Yngsdalen i Hafslo (1846-1920).  Mary var f. i Jackson Co., Minn. 3.7.1871 og d. i St. Paul, Minn. 16.3.1955.  Peter Havreberg var byggmeister («building contractor»), men vart sidan arbeidar («laborer»).  Han og Mary budde i New Canada township, St. Paul, Ramsey Co., Minn. og fekk seks born i lag.

d. Mary

 

     ##### (middle name? – full first name Maria?)

 

     Havreberg, f. i Jackson Co., Minn. 24.7.1876, d. i Chicago, Ill. 5.10.1955.  Mary flytte som nemnt med mor si til Chicago, Cook Co., Ill. der ho arbeidde for eit bibelinstitutt («Bible Institute worker»), ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det einaste som då manglar «på norsk side», er namnet på husmannsplassen under Bratsberg i Gjerpen som Tolf og Ingeborg budde på før dei utvandra til Amerika i 1855.  Går ikkje dette fram av den interaktive bygdeboki for Gjerpen?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordrande huslyden!  Eg er skikkeleg nøgd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innfl.: April 1837 - http://www.gamlegjerpen.no/Kirkeb/Innflytting1815_1857.htm
Anmeldt: 10/10-1838.
Navn, alder:
Tolf Nielsen Laikemoen, 34 og
Kone Ingeborg Kiøstolfsd., 34 og
Kiøstolf Tolfsen, 12
Ingeborg Tolfsd., 7
Ole Tolfsen, 4 ½
Maren Tolfsd., 2.
Hensigt: ---
Fra: Alle Født i Seufde pr.gj. med undtag af yngste barn som er født i Solum sogn hvorfra familien nu er indflyttet, undtagen ældste søn Niels Tolfsen (14) som er der tilbage.
Til: Paa Giæstegiver Johnsens Jordvei u. Bratsberg.

 

# 47 osv. - Telemark fylke, Gjerpen i Gjerpen, Ministerialbok nr. 7B (1834-1857), Inn- og utflyttede 1838, Side 377, Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061128090348

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Eg vert framleis ikkje riktig «klok» på bustaden dei fekk under Bratsberg.  I 1865 finst det ein heil del leiglendingsbruk under hovudbruket, so kanskje det var eitt av dei Tolf og Ingeborg styrte før dei utvandra?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

36 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg vert framleis ikkje riktig «klok» på bustaden dei fekk under Bratsberg. 

 

Det gjør ikke jeg heller ;-) - så jeg tok en kjapp telefon til Gard Strøm og han lovte å ta en titt og kommentere her!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei folkens. Her har jeg ikke vært siden 1990-tallet, tror jeg. Har liksom ikke tid. Men er det behov for hjelp i Gjerpen, så er jeg ikke lenger unna enn: post@gamlegjerpen.no


Jeg fant jo innflyttinga til disse folka fra Laskemoen i Sauherad.
Kopi:
Innfl.: April 1837.
 Anmeldt: 10/10-1838.
 Navn, alder:
 Tolf Nielsen Laskemoen, 34 og
 Kone Ingeborg Kiøstolfsd., 34 og
 Kiøstolf Tolfsen, 12
 Ingeborg Tolfsd., 7
 Ole Tolfsen, 4 ½
 Maren Tolfsd., 2.
 Hensigt: ---
 Fra: Alle Født i Seufde pr.gj. med undtag af yngste barn som er født i Solum sogn hvorfra familien nu er indflyttet, undtagen ældste søn Niels Tolfsen (14) som er der tilbage.
 Til: Paa Giæstegiver Johnsens Jordvei under Bratsberg.

 

Bratsberg var et stort område, hvorav også Bratsbergkleiva med en mengde arbeiderboliger og noen gjestgivere.
"Kleiva" gikk til Skien prestegjeld etter en storbrand på Kleiva i 1854.

Denne "jordveien til Gjestgiver Johansen" har jeg ikke funnet.
De finnes i Folketellinga for Gjerpen 1845:

Huus uden Jord
 Tolv Nielsen, Daglønner, g., 43
 Ingeborg Tiostolfsd., g., 43
 Ingeborg Tolvsd., d., 15
 Ole Tolvsen, s., 12
 Maren Tolvsd., d., 9
 Halvor Tolvsen, s., 6
 Kirstine Tolvsd., d., 3
 Hans Tolvsen, s., 1

 

Da bodde de i et hus under løpenr. 199 under Bratsberg. De har altså fått flere barn født og døpt i Gjerpen. 
Her bør man bare slå seg til ro med at de bodde i et hus på Bratsbergkleiva i Gjerpen under folketellinga 1845.

Mitt beste tips videre er å lete i utflyttede i kirkeboka fra Skien prestegjeld for å se om og når de har utvandret derfra.
Det var det jeg hadde å komme med i denne omgangen.
Jeg jobber forøvrig iherdig med Gamle Holla (www.gamleholla.no) i disse dager. Gamle Valebø (www.gamlevalebo.no) har jeg tatt for meg tidligere.

Vennlig hilsen fra Gard

 

Endret av Gard Strøm
Skrivefeil.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Gard for nye interessante innlegg!

 

Med omsyn til utvandringi, so fann Sven denne, jmf. innlegg #10 ovanfor, men han «bomma» på årstalet.  Dei fór i 1855 og ikkje i 1856.  Kanskje var storbrannen i 1854 ei direkte òrsak til at dei utvandra?

 

Uansett, det høyrest ut som me kan skriva Bratsbergkleivi som bustad og dagarbeidar som yrke på Tolf..., og då kan eg syna fram eit revidert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #17 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Petter Petterson (Havreberg), f. i Luster 19.2.1833,

Peter Haverberg utvandra til Amerika i 1853 og gifte seg

 

##### (exact date and place of Peter’s marriage? – Wisconsin in or about 1857!)

 

med Maren Tolfsdotter frå Bratsberg i Gjerpen, i Amerika kjend som Maren Stall.  Ho var dotter av dagarbeidar Tolf Nilsson i Bratsbergkleivi under Bratsberg, opphavleg frå Laskemoen under Nordadal i Sauherad, og kona Ingeborg Tjøstelsdotter frå Nes nordre i Sauherad, men f. i Solum 2.8.1836.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1855.  Peter og Maren Haverberg farma ei tid i Primrose township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1865 til ein farm i Belmont township, Jackson Co., Minn.  Frå 1883 og utover virka Peter dessutan som prest og misjonær («Preacher and Missionary») i Jackson Co., Minn. der han d. 24.10.1894.  Maren Haverberg budde nokre år som enkje i Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte kort etter hundreårsskiftet med dotteri Mary til Chicago, Cook Co., Ill. der ho d. 23.12.1909.  Peter og Maren fekk fire born i lag:

a. Margaret Marie Haverberg, f. i Dane Co., Wis. 13.4.1858, d. i Jackson, Minn. 21.8.1924.  Margaret gifte seg i Jackson Co., Minn. 23.11.1879 med Anders Erikson frå Grumstad i Lunner, Jevnaker, i Amerika kjend som Andrew E. Olson.  Han var son av husmann Erik Olson på Grumstadstuen under Grumstad, opphavleg frå Rudseiget, og kona Margretha Andersdotter frå Vesterneiget, men f. i Løkeneiget i Lunner, Jevnaker 9.10.1849.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1869 og d. i Jackson, Minn. 10.12.1922.  Andrew og Margaret farma ei tid i Belmont township, Jackson Co., Minn., men flytte sidan inn til Jackson, Jackson Co., Minn. der dei var kolonialhandlarar («grocery merchants»).  Dei fekk fem born i lag.

b. Ingeborg T.

 

     ##### (Belle’s middle name? – G?)

 

     kjend som Belle Haverberg, f. i Dane Co., Wis. 3.12.1860, d. i Denver, Colo. 2.10.1933.  Belle gifte seg i Chicago, Ill. 22.3.1894 med Joseph Cole Chadbourne, f. i Oxford Co., Me. 20.5.1859.  Han d. i Denver, Colo. 7.6.1949.  Joseph var privatvognførar («private coachman and chauf­feur»), og han og Belle budde i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte sist på 1920-talet til Denver, Colo.  Dei fekk ein son i lag.

c. Peter Tobias Havreberg, f. i Jackson Co., Minn. 15.4.1868, d. i St. Paul, Minn. 3.12.1955.  Peter gifte seg i Jackson Co., Minn. 2.2.1892 med Anna Marie, kjend som Mary O. Lee, dotter av husmannsdotteri Andrina Iversdotter frå Kveane under Yngsdalen i Hafslo (1846-1920).  Mary var f. i Jackson Co., Minn. 3.7.1871 og d. i St. Paul, Minn. 16.3.1955.  Peter Havreberg var byggmeister («building contractor»), men vart sidan arbeidar («laborer»).  Han og Mary budde i New Canada township, St. Paul, Ramsey Co., Minn. og fekk seks born i lag.

d. Mary

 

     ##### (middle name? – full first name Maria?)

 

     Havreberg, f. i Jackson Co., Minn. 24.7.1876, d. i Chicago, Ill. 5.10.1955.  Mary flytte som nemnt med mor si til Chicago, Cook Co., Ill. der ho arbeidde for eit bibelinstitutt («Bible Institute worker»), ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Då er den «norske» sida av denne utfordringi løyst, og det einaste som no står att, vil vera å finna vigsli til Peter og Maren i Amerika samt dei fulle namni til døtrene Ingeborg og Maria...  Det vefrt ikkje noki lett sak...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

samt dei fulle namni til døtrene Ingeborg og Maria

 Hva er det som tilsier at Mary hadde mellomnavn og at hun het noe annet enn Mary?

 

The Minnesota, Births and Christenings Index, 1840-1980
Name:    Mary Havreberg
Gender:    Female
Race:    White
Birth Date:    24 Jul 1876
Birth Place:    Belmont, Jackson, Minnesota
Father:    Peter Havreberg
Mother:    Marn Havreberg
FHL Film Number:    1403139

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Eg kan ikkje seia 100% at Maria «Mary» hadde meir enn eitt førenamn, men alle dei tre eldre søskeni hadde to namn, og diverre skjer det rett som det er at fødselsregisteri hjå FamilySearch, eller forsovidt ogso på «County-level», manglar mellomnamn som berre finst i kyrkjebøkene!  Eg har sett mange døme på dette, og for å «halda døri òpi» for ei slik løysing, står spørsmålet òg i manuskriptet...

 

Eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats for å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.