Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Claus på Bjørhovde i Eid, Nordfjord kring 1740 - er det nokon som kjenner til huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ifølgje FamilySearch fekk ein Claus på Bjørhovde i Eid minst to born kring 1740:

 

** Synneva Clausdotter, døypt i Eid 13.9.1738

 

** Claus Clausson, døypt i Eid 11.7.1742

 

Er det nokon som kjenner til denne huslyden?  Eg er særleg interessert i lagnaden til Synneva Clausdotter...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Sigdestad

Her laut eg stydja meg til salige Jacob Aaland, i 1953-utgåva av Eid Hornindal:

Bruksnr. 4

Klaus Olson Bjørhovde bygsla i 1735, d. 1742, gm. Inger Pedersd. (Røvde)

Nils Olson Gausemel bygsla 1744, gm. Inger, enkja etter Klaus.

(Så er det nye folk)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunnar for interessant svar!

 

Då høyrest det ut som om det ikkje er stort meir å seia om dotteri Synneva.  Det er minst tre jenter med dette namnet som levde på same tid i Nordfjord, men berre ei av desse finn me gift i Nordfjord, og ho var frå Glomnes i Stryn.  Personleg er eg på leiting etter ei som var fødd i Jostedalen i 1747, men som flytte til Nordfjord i 1756.  Ikkje so lett å finna att desse jentene, sjølv med eit so uvanleg namn...

 

En ny kjempetakk for hjelpi so langt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Bergesen

Hei, Jeg har heller ikke funnet noe om Synneve og Anne Clausdatter Biørhofde, men i et skifte på Biørhofde i 1745 etter Olle Olsen nevnes: Sal Claus Olsen Biørhofde s gjenlevende datter Synneve Clausdatter, etter dette finner jeg ingenting om henne. Der gikk en Børnekopper epedemi i Eid fra 1749 til 1750 som tok livet av veldig mange barn, hun kan jo ha dødd i denne uten å være innført i KB blant de døde, som veldig mange andre i Nordfjord. Rune

Endret av Rune Bergesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for siste innlegg.

 

Det er tydeleg at Synneva Clausdotter Bjørhovde vert borte i ung alder, men dette tyder ikkje so mykje for meg, so lenge som eg eigentleg søker etter den Synneva Clausdotter som var fødd i Jostedalen i 1747...  Berre det at ho òg synest verta borte for oss...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Du søker egentlig etter den Synneva Clausdatter som ble født i Jostedalen i 1747, men innledningsvis nevner du Synneva Clausdatter, døpt i Eid 1738. Hva er riktig her?

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHT6-JHJ

 

Sogn og Fjordane fylke, Jostedal i Jostedal, Ministerialbok nr. A 1 (1733-1751), Kronologisk liste 1747, Side 31
Permanent bilde-ID: kb20070509670028
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509670028
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-kb20070509670028.jpg
 

Foreldrene er Claus Ottesen og Unni. Jeg ser at Synneve hadde en yngre bror Torbjørn, døpt 17.12.1749:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NHTD-5TY

 

Sogn og Fjordane fylke, Jostedal i Jostedal, Ministerialbok nr. A 1 (1733-1751), Kronologisk liste 1750, Side 36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509670033.jpg
 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste meldingi!

 

Det er helt rett at eg leiter etter lagnaden til Synneva Clausdotter, fødd i Jostedalen i 1747.  Oppsporingi av denne Synneva fødd i Eid i 1738 var eit steg i retning av å finna «alternative kandidatar» til «Synneva», om me skulle komma over ei jente med «høveleg» namn og alder...

 

Eg vonar elles at du, Grethe, og andre, vil ta ein ny kikk på det gamle emnet om Claus Otteson (side #2).  Kanskje ser du noko som eg har oversett...?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å klara opp i denne utfordringi i Nordfjord/på Sunnmøre!  Det hadde vore gigantisk å finna ut av denne huslyden!  Eg ættar sjølv frå ei yngre søster av Unni Olsdotter...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

I forhold til Jostedalen vil eg heller tenkje Oppstryn. 

 

Redigert: Eg har ei Synnøve Klausdtr med ukjent bakgrunn på Skåre, men haken er at ho er død allereie i 1728. Leitar vidare.

 

Unni har eg ikkje på ein einaste person i basen min (som sjølvsagt ikkje inneheld alle nordfjordingar).

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aase for spennande innlegg!

 

Eg har òg observert at Unni er eit svært «uvanleg» namn i Nordfjord, men på bakgrunn av dei funni eg har gjort når det gjeld sønene Otto, Ole og Torbjørn, er det mykje som peikar mot Sunnmøre og kanskje særleg til Haram, utan at Unni-namnet synest vera nytta der heller...

 

Men barnefødslene av tvillingane til Otto syner jo at dei òg budde i Stryn før dei eventuelt fór vidare til Sunnmøre...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med å løysa «flokene» kring denne ætti frå Jostedalen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.