Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Garden Glomnes i Stryn - kven budde der på 1760-talet? - bygdebokoppslag Jac. Aaland?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg freister å identifisera ei Synneva Clausdotter som var busett på Glomnes i Stryn då ho 31.5.1767 gifte seg med gardbrukar Ellend Olson frå Frøyse, rett over fjellet i Sunnylven på Sunnmøre.  Då ho døydde på Frøyse i 1774, vert alderen hennar oppgjeven til 36 år.

 

Kanskje hadde ho foreldre, søsken eller andre skyldfolk som budde på Glomnes på den tidi?  Diverre ser ekstraskattmanntalet frå 1762 ut til å mangla for Stryn, so då er det vel ikkje so mykje anna enn bygdeboki til Aaland me kan konsultera?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Glomnes - brukarliste:

Nr, 1, Åmundbr.

 

E. Ragnhild, br. 1602-14.

 

Anders Andersson Y.-E., br. 1615. Åtte 14 1. odg. og 18 mk. ptg. i br. 1624, K.: Adelus, n. i 1646. Strid mellom Anders og presten Absalon om odr. til Sigdestad i 1660.

 

S. Sjurd, br. 1653. Sjursflata og Sjursteinen er vel minne om S. Enkja br. 1673.

 

Peder, br. 1674. K.: (e. etter Sjurd).

 

Anders Sjurdson, br, 1688. må vere død ett. eit par års tid.

 

Sv. Amund Klausson Berge, d. 89 år g. 1731, sk. 1691 med Anders Pych i Bergen for 85 rdl.; sk. 1716 p. 9 mk., som låg i Knut sitt br. K.: ?.. Sjursd. Glomnes. Anders Pych hadde arva godset etter faren.

 

S. Klaus, d. 71 år g. 1769, br. 1731 halve garden, sk. 1753. K.: Synnøve Lassed. Hj., d. 70 år g. 1775. Dottera Synnøve gift til Frøysa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå bygdeboka (kan inneholde ocr-tolkingsfeil):

9. Glomnes.

Garden ligg på eit nes der Glomsdøla renn ned i Strynevatnet. Ovanfor garden er ein stor foss. Truleg har gardsnamnet opphavet sitt frå fossenamnet Glaumr : bryk, gløm, «larm». (Namnet Glaumr er vel nær i slekt med bygdeordet gløm, fosseglora : fossedur.) Namnet er i Bj. K. skrive i dat. «i Glaumnesi», i 16. århundre på ymse måtar: Glwmnes, Glomness, Gloffznes, i 17. århundre Glombnes, Glomnes. Bygdefolket seier helst Glårnnes, somme også Glovnes. Garden er sikkert ein av dei eldste i Oppstryn. I ei skrede ute på Kvernhusteigane er funne ei øks, og innanfor husa fann dei ein gong ei bronsespenne 1 aln djupt. Glomnes er nemnd i ymse mellomalderskjelder. Av Bj. K. ser ein at Nesin prb. då åtte ein halv laup i Glaumnesi. Om Ivar på Glaumnesi, bror åt sira Torstein Musikus, nemnd i same kjelda, sjå under Flo. Garden er åg nemnd i dipl., dagsett 5.4. 1444. Der gjer dei 4 lagrettemenn i Nordfjord, Sigurd Pederson, Ivar Serkson, Jon Bårdson og Oluf Steinson, kunnigt at dei og fleire vitne har høyrt på at Salomon [filson har selt Glournes i «Strope» skipr., som var arvejorda hans etter faren og to systrer, til Klemmet Ivarson (Hjelle?) og arvingar for 15 kyrlag. Dei same provar åg at Ingeborg Olufsdotter (Salm. si syster?) selde 21,  kyrlag i same gard for 2 kyrlag. (Sjå Norsk dombok for 1590 s. 153.) Om godset vart det sidan mykje strid. Sjå nedanfor. I 1520 legg Niels p. Glwmnes 1 1. s. 1 mk. i tiendepengar, og i 1520 legg han 4 mk. i «brevbrud». I 1563 legg Siurd på Gloffznes 1 dl. i skatt. I 1567 svarar Glommnes 1 bsk. i leiding; landskylda var då om lag 1 laup sm. Landskylda var i 1626 2 laup. Garden hadde då «temmelig god» avling, men brukarane hadde «ringe formue». I 1667 vart avteke 18 mk. på sksk., og i 1745 vart avteke 11/4 pd., og med det vart ho ståande. Ilruna åtte 9 mk., sidan 14 mk., som presten Abs. J. Beyer kjøpte; resten var bondegods. Krunegodset vart løyst i 1680åra av brukaren. Det låg i br. nr. 2. Bondegodset låg i 16. århundre saman med Ytre-Eide-godset, og i mellomalderen hadde det vel høyrt til Augustinusgodset. (Sjå under Vinreid-ætta i Gloppe-bandet.) Garden som opphavleg var eitt bruk, vart ikring 1600 delt i to jamstore bruk, og det er han enno. Bruka vart utskift i 1915. Det er gamle ætter som bur på garden. Om dei ætter frå. den mektige Y.-Eide-ætta, kan det vere tvilsmål om. «Glomnes-Pykane» går det enno ymse segner om. Dei gav Oppstryn-kyrkja det skipet som før hekk der. Anders Pych budde i Bergen og åtte br. nr. 1 i Glomnes i 1660-åra; han selde bruket 1691 til brukaren. År 1745 vart det, etter pålegg av stiftsbefalingsmannen, halde avtaksskjøn på garden, som brukarane hadde søkt om. Skjønet fann at garden i lange tider, men særleg i 1743, hadde lide uboteleg skade på åker, eng, fehamn, skog og slætter utangjerds av vassflode, elvabr6t, fjellskred og steinlaup. Skaden kunne ikkje stå til nokon forbetring eller opprydding att. Skylda vart nedsett med 1% pd. sm., om lag 1/2, og leiding, korn- og butiende vart nedsett etter same måte. I 1797 var det semje mellom Glomnes og Sigdestad om stølshamna. I 1852 var det semje om f. beitet i Glomsdalen mellom alle gardane som har seter der. I 1872 og 73 vart beitet der utskift. Glomsdalen er ein framifrå god hamnedal. Glomnes, Sigdestad og Bolstad har seter der på Nøs. Fire av Kjelle-brukarane og Brekke har seter på. Midtstol, og Nesi på Stål. På Nøs skulle i gammal tid bu folk. «Torstein Nøs» skulle vere gravlagd der oppe. Grava hans ser ein framanfor Glomnes-kleivane. Ein mann, Ingebrigt, skulle også bu her.

Odelsstrid om Glomnes 1650.

I 1650 var det stemnestove på Glomnes, der Lasse Lauritsson Hjelle med Ove Bielke si stemning hadde innkalla Hans Ytre-Eide, Jon Andersson Hellsett, Sunnm., og Anders og Sofie Glomnes, som han saksøkte for odelsgods i Glomnes; han meinte å vere næraste odelsmann til godset. Lasse la fram mange gamle pergamentbrev, men då dei lydde om Hjelle, vart dei diverre ikkje skrivne inn i tingboka (og er sidan bortkomne). Han la vidare fram eit provsbrev, dags. 9.11. 1591, der fem lagrettemenn provar at dei på kyrkjegarden i Oppstryn av Eivind Siffuerson på Fure på Peder Tyttingeuog og Anders Hollevigh (frå ytre Nordfjord) sine vegne vart tilspurd om Glomnes. Hertil svara dei at det seiest at garden skal vere «udkommet» frå Tytingevåg og kona til Anders si slekt, som ættar frå Klemmet Ivarson Hjelle. Klemet sin verbror Oluf Salmundson pantsette Glomnes for 15 kuverd til Klemmet for tenesteløn. Lasse Hjelle prova at Peder Tytingevåg var morfaren hans og åtte gods i Hjelle. Han kunne ikkje føre prov for at han ætta frå Oluf Salmundson sitt ættlegg, men han meinte at han ætta frå Klemmet Ivarson. Dei innstemnde la fram eit 12 manns provsbrev som Anders Andersson Ytre-Eide hadde teke på kyrkjegarden i Oppstryn etter preika 2.7. 1598, der han eska prov av dei 12 mann om øydeplassen Se7stad (Segestad), som hadde lege under Glomnes i 4-5 av hans forfedre si tid. Dei svara då at Selstad hadde følgt og vore brukt under Glomnes av Anders sine forfedre i «rolig hevd» frå arilds tid. Anders Glomnes la fram kjøpebrevet av 1444. Han la og fram for retten eit dokument som nemner ætta hans og dermed provar retten hans til garden.

Ættetalet var såleis:

1. Klemmet Ivarson, som hadde godset si levetid (1444).

2. Sonen Salmund Klemmetson (ikring 1470).

3. Peder Salmundson (ikring 1500).

4. Ingeborg Pedersd. (ikring 1530).

5. Anne Eiriksd. (ikring 1560).

6. Anders Andersson Ytre-Eide (ikr. 1600).

7. Anders Andersson Glomnes (ikring 1650).

Og så han sjølv.

Anders har i langsameleg tid ått og nytt godset, som var 5 pd. 15 mk., og faren hans, Anders Ytre-Eide, og farfaren likeins. Etter dette avstod Lasse Hjelle all vidare påtale og lova i framtida aldri meir å kjære på godset. Same tid vart det dømt i striden mellom Hans Andersson Y.Eide, broren Anders Glomnes og systera Sofie Glomnes på eine og broren Jon Andersson Hellset, Sunnm., på andre sida, om noko arvegods av deira samarv, som Jon hadde pantsett. Men på arvebytet etter mor deira kom det ikkje fram at godset var pantsett, og det vart då skift som heftetritt. Lasse Hjelle la no fram pantebrevet på godset, 1/, laup i Glomnes, pantsett for 29 rdl., to kyr, tre geiter med kjed, dags. 20.3. 1610, til Klaus Siffuerson Glomnes. Jon stod på at pantsetjinga var gjort med mora og hans sysken sitt medvit og vilje, men dette nekta motparten. Jon stod vidare på at han med dei lånte pengane løyste 1/2 laup i Selstad, som faren deira hadde pantsett, men det hadde han ikkje prov for. Lasse J. Hjelle prova no at han hadde løyst den halve laupen som striden galdt frå Klaus sine arvingar. Godset vart på arvebytet etter mor deira utlagt i arveparten som kom på systera deira, Sofie Andersd. Glomnes, gift andre gong med Knut Olson Glomnes, som var verje for stykborna sine, Klaus sine born. Lasse stod no på anten å få godset eller sine utlagde pengar, og Sofie (no enkje) skulle nyte godset etter arvebytebrevet. (Sjå om det under Ytre-Eide).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tor for to lange og interessante innlegg!

 

Då er opphavet til Synneva Clausdotter på Frøysa i Synnulven endeleg «definert», og me kan slå fast at ho diverre ikkje er identisk med den Synneva Clausdotter frå Jostedalen, fødd i 1747, som i 1750-åri flytte til Stryn og som sidan «forsvinn»...  Eg ser at kyrkjebøkene for Innvik (med Stryn) ikkje børjar før i 1750, og det er då òg ei òrsak til at me ikkje finn nokon dåp for Synneva Glomnes i Innvik!

 

Eg takkar igjen so mykje for framifrå bistand med denne utfordringi, og ser etter dette på spørsmålet om Glomnes som løyst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.