Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Guttormson - fødd i Jostedalen 1761 - konfirmert 1778 - forsvinn sporlaust frå Sogn etter den tid - kvar i all verdi kan han ha vorte av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Guttorm Jetmundson Breum (1724-1809), gift tre gonger og far til elleve born, var i mange år gardbrukar å Bruheim («Breum») i Jostedalen.  Dei av borni hans som voks opp, budde alle i næraste nabolaget, anten i Jostedalen eller i Luster, men ein son frå andre ekteskapet med Martha Knutsdotter (1735-1764) vert borte for oss:

 

Rasmus Guttormson, fødd i Jostedalen kring 1761, vart konfirmert i Jostedalen i 1778, og so er han borte vekk!

 

FT1801 syner i grunnen berre EIN «god» kandidat:

 

** Rasmus Guttormson, 38 år, gardbrukar på Felle i Breim, Gloppen, tydeleg gift med ei enkje Martha Eriksdotter: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058409002548

 

MEN, eg ser at ein Rasmus Guttormson var fødd på Myklebust i Eid og døypt der 3.9.1762.  Kanskje er han ein betre «kandidat» for Rasmus Guttormson i Gloppen?

 

Derimot veit me at det var noko flytting frå Jostedalen til Sunnmøre på 1700-talet, og eg finn denne:

 

** Rasmus Guttormson Statsnæs(?), enkjemann, gifte seg i Borgund 17.6.1789 med enkja Else Knudsdotter Havnsund: https://media.digitalarkivet.no/view/15997/89

 

Eg ser ikkje noko til dette parfolket i 1801.

 

Men ein tredje kandidat har me i denne:

 

** Rasmus Guttormson Aarseth, gardbrukar, som med kona Bridt Pedersdotter får ein son Berent, døypt i Ulstein 21.4.1796: https://media.digitalarkivet.no/view/15951/9

 

Denne Rasmus var avliden før 1801, for då finn me sonen (med feil alder) og mori (då kalla Larsdotter) i nytt ekteskap med gardbrukar Hans Sjurson på Årseth i Ulstein: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058413001590

 

Ein av dei to «kandidatane» på Synnmøre KAN sjølvsagt vera Rasmus Guttormson frå Sædt i Haram, døypt 7.1.1753: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058413001590

 

Kanskje er «kandidaten» på Årseth i Ulstein den mest «lovande» av desse, når det gjeld Rasmus Guttormson frå Jostedalen, men kva seier lokalkjende folk og ei eventuell bygdebok?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skifte etter Rasmus Guttormsen fra gården Felde:

 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 22b (1817-1822), Skifteprotokollside, Side 698b-699a
Permanent bilde-ID: sk20081201680706
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081201680706
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081201680706.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande og interessante innlegg!

 

Eg fann ikkje vigsli til Rasmus i Gloppen då eg søkte hjå FamilySearch, men det ser ut til at han var frå Myklebust i Eid, so då kan me vel avskriva han som «kandidat» til «min» Rasmus Guttormson...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kaste ljos over denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, du kan avskrive Rasmus Guttormsen Felde. Han var som de skriv, fødd på Myklebust i Eid, og der er han nemnd i skiftet etter faren i 1789. Eg har elles ingen andre passande kandidatar til deg heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Kanskje er «kandidaten» på Årseth i Ulstein den mest «lovande» av desse, når det gjeld Rasmus Guttormson frå Jostedalen, men kva seier lokalkjende folk og ei eventuell bygdebok?

 

Gards- og ættesoge 

Vartdalssoga

Rasmus.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aase og Grethe for nye avklarande meldingar.

 

Den eine Rasmus var altso frå Myklebust i Eid, medan hin tydeleg var frå Myklebust i Ulstein...

 

Då sit me att med Rasmus Guttormson på Slotsnes i Borgund, men no fann eg dødsfallet hans i Borgund:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=gr15311698&gardpostnr=6974&personpostnr=6974&merk=6974#ovre

 

og diverre er alderen hans altfor høg til at han kan vera ein «kandidat» til denne Rasmus Guttormson...  Derimot er han ein god «kandidat» til «hin» Rasmus Guttormson som vert etterlyst i dette emnet:

 

 

so eg legg han inn der i staden...

 

Då sit me att heilt utan gode «kandidatar» til Rasmus Guttormson fødd i 1761, og «gode råd er dyre»....

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan føra til ei oppsporing av Rasmus!  Kan han ha vore soldat og «bortkomen» austafjells?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.