Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Brørne Mons (1687) og Anders (1689) Rasmussøner frå Jostedalen til Rugsund i Eid (Vågsøy) i Nordfjord - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke ei spennande melding frå Kenneth Bratland ved Statsarkivet i Bergen som gjeld to brør frå Jostedalen:

 

** Mons Rasmusson «Justedal», fødd i Jostedalen kring 1687, var i ei militærrulle for Davik skipreide frå 1704 oppgjeven vera 17 år og i teneste hjå Thomas Paulson på Vemmelsvik i Vågsøy - er ogso nemnd der i 1701: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701nba&gardpostnr=6860&merk=6860#ovre

Egil Øvrebø nemner denne Mons Rasmusson med namnet Giere i boki si «I Kongens Tjeneste» på side 261 som innrullert i 1704, men utan ein einaste merknad!  Giere kan vera stadnamnet Gjerde i Jostedalen like nedanfor garden Haugen!

 

** Anders Rasmusson «Justedal», fødd i Jostedalen kring 1689, var i same militærrulla frå 1704 oppgjeven vera 15 år og i teneste hjå Mons Rasmusson på Verpe i Vågsøy - er ogso nemnd der i 1701: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701nba&gardpostnr=6866&merk=6866#ovre

Eg finn ingen eintydig referanse for Anders hjå Egil Øvrebø

 

Desse gardane låg den gongen i Rugsund sokn i Eid, men høyrer i dag til Vågsøy!

 

Eg er usikker på kvar i Jostedalen desse brørne var fødde, men det finst i grunnen berre eitt «godt» alternativ:  På garden Haugen i Krundalen hadde me ein gardbrukar Rasmus Jensson, som truleg døydde kring 1690.  Han var visstnok gift to gongar.  Frå første ekteskapet hadde han ein son Jens (1674-1733), som vart buande på Vamberg i Jostedalen.  Men kanskje var andre kona hans frå Nordfjord?  Ho kan som enkje vera flytt attende til heimbygdi si og teke med seg dei to gutane!?

 

Men er det mogeleg å finna fleire opplysningar om desse brørne i Vågsøy (eller Eid)?  Kanskje dukkar ein eller båe opp i eit skifte frå Nordfjord??

 

Eg vonar på lokal ekspertise og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Eg har diverre ikkje noko konkret å melde om desse to brørne frå Jostedalen, men vil bare gjere merksam på at frå 1740 vart Davik utskilt frå Eid som eige prestegjeld og frå då låg gardane Verpet og Vemmålsvik i Davik prestegjeld, Rugsund sokn noko dei som evt leitar må ha dette i mente.  ;)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Harald for eit interessant innlegg!

 

Eventuelle opplysningar om ekteskap m.m. for dei to brørne må altso søkjast i Eid fram til 1740...

 

Dette har eg freista, men finn berre eit par Anders Rasmusson i Hornindalen gifte sist på 1730-talet, so dei er det nok neppe...

 

Men, so lenge det er liv, er det von, og eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Her er vel skiftet etter Thomas Paulsen Vemmelsvik i 1712:

 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 5a (1711-1713), Skifteprotokollside, Side 15b-16a
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081127700242.jpg
 

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 5a (1711-1713), Skifteprotokollside, Side 16b-17a
Permanent bildelenke: URN:NBN:no-a1450-sk20081127700243.jpg
 

Her er det nevnt ei Marite Rasmusdatter og en Mons Rasmussen, men sistnevnte er kanskje Mons Verpe??

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og interessant innlegg!

 

Eg har studert skiftet etter Thomas Paulson Vemmelsvik og ser at ervingane hans var enkja Anna Olsdotter og eit søskenbarn Nils Blaalien.  Og mellom kreditorane er nemnde, mellom anna:

 

** Marite Rasmusdotter for tenarløn

 

** Mons Rasmusson for tenarløn.

 

Eg kan i farten ikkje sjå nokon Mons Verpe, men uansett var nok ikkje Marite eller Mons i nær slekt med avlidne, for då hadde dei vel vore nemnde som ervingar?  Eller kanskje var dei i slekt med Anna?  Diverre ser eg ikkje noko skifte etter ho...

 

Eg har ei kjensle av at det kanskje kan finnast fleire detaljar om desse brørne i Nordfjord, om ein grev litt meir, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×