Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Guttormson - fødd i Jostedalen 1731 - busett 1771 «paa Nordmøer ved Trundheim» - lagnaden hans og til søsteri Anna Guttormsdotter, som 1758 vart dømd for å ha født i dulgsmål? - ei kjempeutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det vart 18.3.1771 halde skifte i Hafslo etter Find Olson Leirholen: https://media.digitalarkivet.no/view/24140/137?indexing=

 

Ervingane hans var to halvsøsken:

 

** Rasmus Guttormson, busett «paa Nordmøer ved Trundhiem»

 

** Anna Guttormdotter, 30 år, bustad ikkje nemnd

 

Foreldri til desse søskeni var leiglending Guttorm Johannesson (1689-1741) og kona Rannei Findsdotter (1699-1760), og dei budde på garden Nigard i Jostedalen, som sist på 1730-talet vart «slukt» av Jostedalsbréen då den utvida seg i den «vesle istidi».  Det vart soleis i 1735 vitna på tinget at både Guttorm og far hans hadde vore so forarma på grunn av herjingane til bréen at dei hadde lyte betla for å overleva!

 

Dei fekk i alt tre born i lag (Finn var ein son som Rannei hadde før ho vart gift med Guttorm):

 

** Anna Guttormsdotter, fødd kring 1728, vart i 1758 tiltalt for å ha fødd i «dulgsmål» og vart dømt til «at miste Halsen», men ho vart benåda og levde framleis i 1771 - uvisst kvar, men kan henda på Tukthuset i Bergern?

 

** Rasmus Guttormson, fødd kring 1731, veit me ikkje noko om utover at han i 1771 skulle bu «paa Nordmøer ved Trunhiem»!

 

** Bottolf Guttormson (1735-1740).

 

Eg arbeidde mykje med denne utfordringi tidleg på 1990-talet, men fann aldri ut av lagnadane til Anna og Rasmus!  Kanskje tid no er kommi til å finna ut kvar det vart av dei?

 

Det kan vel ikkje vera denne Rasmus Guttormson Lausund som 20.10.1765 gifte seg i Haram med Anna Olsdotter Kjærstad? https://media.digitalarkivet.no/view/16019/13

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Jau, eg såg òg at Arent Storch var formyndar for Rasmus og Anna i 1771.  Arent var gjestgjevar i Marifjøra og soleis «husbonde» til Find Olson, som det var skifte etter.  Arent Storch forsvinn frå bygdi kring 1775, men kan han føra oss nærare Rasmus og Anna?

 

Elles er det dukka opp ein annan «kandidat» til Rasmus Guttormson, nemleg denne:

 

** Rasmus Guttormson Statsnæs, gift som enkjemann i Borgund 17.6.1789 med enkja Else Knudsdotter Havnsund: https://media.digitalarkivet.no/view/15997/89

 

Denne Rasmus vart gravlagd frå Slotsnæs (feilskrive for Statsnes?) 30.10.1798 og var då 73 1/2 år gamal, eit par år eldre enn «vår» Rasmus, men avviket er OK for den tidi...:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=gr15311698&gardpostnr=6974&personpostnr=6974&merk=6974#ovre

 

Det er nok enkja hans som dukkar opp på Statsnes i Borgund i 1801 som Else Knutsdotter, 67 år, barnebarnet Rasmus Johannesson er 2 år og sikkert oppkalla etter Rasmus Guttormson(?):

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=gr15311698&gardpostnr=6974&personpostnr=6974&merk=6974#ovre

 

Kva seier bygdebøkene for Borgund om Rasmus Guttormson på Statsnes?  Han kan jo teoretisk ha butt på Nordmøre før han kom til Borgund??

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om lagnadane til Anna og Rasmus!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil gjerne få nemna at eg la inn eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen om Anna Guttormsdotter, som ifølgje domen frå 1759 skulle sitja livsvarig på Tukthuset i Bergen, men so langt har dette ikkje gjeve noko resultat:

 

 

Men eg lever i voni om at både Anna og Rasmus ein dag vil komma til rette, og eg takkar på ny for alle gode tips!  Kanskje bygdebøkene for Borgund har noko å by på når det gjeld Rasmus på Statsnes?  Eller bygdeboki for Haram med omsyn til Rasmus frå Lausund?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er den opplysningi dukka opp i emnet hjå Statsarkivet at Anna Guttormsdotter i 1765 vart lauslati frå Tukthuset i Bergen grunna veik helse, men ein føresetnad for lauslatingi hennar var at ho skulle flytta heim att til slekti si i indre Sogn!

 

Kan henda var ho i indre Sogn då skiftet etter halvbroren vart halde i 1771, men ho er ikkje registrert i fattigprotokollane for Hafslo (som eg har databaseregistrert).  Diverre har eg ikkje protokollane for Jostedalen, og dei hadde sikkert vore spennande å sjå på, men uansett, dødsfallet hennar er ikkje registrert i Jostedalen.

 

Kan det tenkjast at ho har teke vegen til bror sin på Nordmøre, eller kvar no enn han kan ha butt?

 

Det skal tydeleg ikkje vera noki enkel sak å løysa denne utfordringi, men eg vonar framleis på «ljos i tunnellen» og takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet med von om at bygdeboki for Borgund kan ha opplysningar om Rasmus Guttormson på Statsnes?  Kanskje er han den Rasmus som i 1771 vart sagd å bu på «Nordmøer ved Trunhiem»?  Og kanskje hamna den ulukkelege søsteri hans ogso der oppe?

 

Eg ville verta overlukkeleg over alle oppdagingar som kan identifisera lagnadane til desse søskeni, og lever vidare som optimist...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan ikkje sjå at Borgundsoga nemner Rasmus Guttormson på garden Stadsnes MEN: På side 414 i band 3 kan ein lese følgjande (eg har merka det eg ikkje gadd skrive av med [...]):

 

Gunnagaren, bruksnr 8

1. Jacob Olsen (ca 1755-1814) fekk feste på denne plassen i 1799, vi veit ikkje kven føremannen hans var. [...]

2. Gunder Rasmusson Høydalsvik (ca 1755-1860), br 1815-45 [...] Då han bygsla, vart plassen kalla Sogneplassen.

 

Borgundsoga band 3 hos Nasjonalbiblioteket: http://www.nb.no/nbsok/nb/ff134a2c9670bf6b5cbe848b7a7f9404#415

Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thore for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Som busett i utlandet har eg diverre ikkje tilgjenge til bygdebøkene på Nasjonalbiblioteket, men eg går ut ifrå det er under Stadsnes denne «Gunnagaren, bnr. 8» ligg?  Er det denne Jacob Olson (#17) du sikter til?

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058419001337

 

Eg vil tru det var naboen Johannes Olson (#19) som tok over plassen etter Rasmus Guttormson, men kanskje dei delte plassen mellom seg?  Er Johannes Olson òg nemnd i bygdeboki?

 

Dette med «Sogneplassen» er jo sjølvsagt SVÆRT INTERESSANT!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja lagnaden til huslyden hans Rasmus Guttormson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kjenner ikkje garden eller bebuarane, gjorde berre eit kjapt oppslag i Borgundsoga som tilfeldigvis stod i bokhylla ein halvmeter unna :-)

Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høydalsvik er kanskje Volda og det var vel Sunnmøre den gang også

 

Gunnagaren.jpg

 

Søk på Høydalsvik i same boka: - Molværsmyr

Høydalsvik.jpg

Endret av Åsbjørg Susort
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thore og Åsbjørg for nye interessante innlegg!

 

Når eg ser på desse utdragi frå bygdeboki for Borgund, ser me at Steffen og Gunder Rasmussøner var brør og at dei kom frå Høydalsvik i Volda, der me òg finn dei døypte, Steffen 27.3.1768 og Gunder 28.7.1776.  Men me har vel ingen opplysningar som tyder på at dei skulle ha noko samband med Rasmus Guttormson?  Eg oppfattar det heller slik at plassen vart kalla «Sogneplassen» etter ein TIDLEGARE brukar, som jo Rasmus Guttormson var!  Og når me veit at Rasmus Guttormson på Stadsnes døydde hausten 1798, ville det jo høva SVÆRT godt at Jacob Olson fekk same plassen som Rasmus hadde hatt, sjølv om eg heller ville hatt Rasmus på den plassen som Johannes Olson og kona Martha Olsdotter (døypt i Borgund 29.1.1770 som dotter av Ole Didrikson Havnsund og Elsa Knutsdotter) hadde i 1801:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058419001343

 

Står det noko om Johannes Olson og Martha Olsdotter under Stadsnes i Borgunds bygdebok?  Kven hadde plassen deira før dei?

 

Dette børjar jo sjå skikkeleg spennande ut!  Hadde me berre kunna finna eit skifte etter Rasmus Guttormson på Stadsnes, ville det kanskje vore «rosinen i pølsa»...  Kanskje var det likevel han som i 1765 gifte seg i Haram og som er flytt derifrå til Borgund?  Han må ha kjent borni til Claus Otteson som flytte frå Jostedalen til Haram om lag på same tid, der ogso ein av sønene hamna i Borgund!!?  (jmf. innlegg #26 i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/173605-claus-otteson-1710-lærar-og-stemnevitne-i-jostedalen-kvar-vart-det-av-huslyden-hans/#comment-1482563

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å løysa denne kjempeutfordringi frå 1700-talet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for siste innlegget om husyden til Johannes Olson under Stadsnes.

 

OK, Johannes og Martha budde altso ikkje på nøyaktig same staden som Rasmus Guttormdson og andre kona Else, men dette må jo ha vore naboplassar, og eg meiner like fullt at uttrykket «Sogneplassen» godt kan attspigla opphavet til Rasmus Guttormson, som høgst sannsynleg har butt der før Jacob Olson kom dit i 1799!

 

So «argumentrekkja» mi står uendra frå innlegg #11, og eg vonar at ein eller annan spesialist på Haram og Borgund har høve til å sjå på denne saki (og på emnet om Claus Otteson sine born!)?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å kartleggja desse huslydane frå 1700-talet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil tru det var naboen Johannes Olson (#19) som tok over plassen etter Rasmus Guttormson, men kanskje dei delte plassen mellom seg?  Er Johannes Olson òg nemnd i bygdeboki?

 

Dette med «Sogneplassen» er jo sjølvsagt SVÆRT INTERESSANT!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja lagnaden til huslyden hans Rasmus Guttormson!

 

Her er litt av det jeg har registrert om Rasmus Guttormsen og Johannes Olsen:

Johannes Olsen Rusten, og han kom frå garden Quaalen, i Nord Fron, like ved Vinstra. Foreldra var husmann Ole Olsen og Marthe Rusten.
Johannes slo seg ned på Lykken i Nørvasundet, og var truleg handelsbetjent for Nils Wind som dreiv handel i i Nørvasund og på Taskeberget. Han buddde på Lykken i 1795.

Johannes gifta seg med Marthe Olsdtr. Hamnsund, datter til Else Steinset og Didrik Hamnsund. Else gifta seg opp att med Rasmus Guttormsen, som muligens var eier av brnr. 5 på Stadsnes..

Johannes fekk feste på bruket Gunnargarden, eller  "Jetmundgarden" b.nr. 5 på Stadsnes i 1796 trulig etter "svigerfaren" Rasmus Guttormsen eller Else. Han brukte til 1801, då han bytta "Jetmundgarden" med Ole Thoresen  mot br.nr. 1 "Kolvik" på Lille Nørve. Han var arrestbestyrer på fengselet der og kom i sentrum under det store bodeopprøret i 1816. Opprøret var på grunn av den nye brennevinsskatten som ble pålagt bøndene.
Her sat fanger som mestertyven Ole Høyland, Gjest Baardsen og myntfalskneren Tengstad i fengselet i Kolvika.

Jeg har lite opplysninger om Rasmus Guttormsen, så det hadde vært spennende å høre hva du har her!

Mvh

Asbjørn Vågnes

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Asbjørn for eit spennande og interessant innlegg!

 

Det er tydeleg at Rasmus Guttormson er ein «framand fogel» på Sunnmøre, og eg vert berre meir og meir overtydd om at det må vera guten frå Nigard i Jostedalen som er hamna på Stadsnes i Borgund og døydde der i 1798.

 

Eg trur òg det var han som i 1765 gifte seg første gongen i Haram med Anna Olsdotter.  Om dei flytte til Nordmøre, er eg ikkje so sikker på, men i alle fall hamna Rasmus som enkjemann i Borgund der han i 1789 gifte seg att med Else Knutsdotter.

 

Elles har eg ingen andre opplysningar om Rasmus enn dei som kjem fram i tidlegare innlegg i dette emnet, særleg i innlegg #1 og #3.  Det ser ikkje ut som han hadde eigne born, men kanskje kan nærare gransking av kjelder i Haram fortelja oss noko anna, og kanskje særleg om første kona Anna Olsdotter?

 

Eg takkar igjen for alle innspel om Rasmus Guttormson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er litt usikker på alderen til Anna Guttormsdtr. Du skriv at ho skulle vere fødd ca. 1728, men ho var nemnt som 30 år i skiftet frå 1771 som du syner til, som skulle tilseie at ho var fødd ca. 1741. I alle høve, her er skiftet etter Rasmus Guttormsen på Stadsnes frå 1799: https://media.digitalarkivet.no/sk20090126711080

Skiftet seier at han ikkje let etter seg livsarvingar. Om han hadde sysken i live var ikkje kjent, men ei søster hadde vore på besøk 20 år tidlegare, men ho skulle ha vore "meget ældre" enn den avdøde Rasmus Guttormsen. Den avdøde sin fødestad var det heller ingen som visste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge for eit svært spennande og interessant innlegg!

 

Etter sjølv å ha studert innleiingi av skiftet etter Rasmus Guttormson, meiner eg skiftet må tolkast som eit endeleg prov på at dette verkeleg var Rasmus Guttormson frå Nigard i Jostedalen.  Bustaden hans på Stadsnes vart referert til som «Sogneplassen», og ingen visste kvar han var fødd.  Dessutan har me dette med søsteri som vitja han der «for tjue år sidan».  Ho var nok eldre enn Rasmus, men so mange åri kan det ikkje ha vore.

 

Skiftet frå Hafslo frå 1771 vart halde etter av halvbroren til Rasmus og Anna då var avliden, og det var ingen nære slektningar til stades ved skiftet hans!  Opplysningane som vart gjevne, kunne soleis òg vera ganske so unøyaktige.  Ikkje berre alderen til Anna på 30 år var heilt klart for låg, for ho vart jo alt i 1758 domfelt for fødsel i dulgsmål.  Kan henda er ogso bustaden til Rasmus feil oppgjeve.  Han kan jo like gjerne ha butt på Sunnmøre som på Nordmøre...

 

Men kor lenge hadde Rasmus butt på Stadsnes då han døydde?  Om søsteri hadde vitja han der «for tjue år sidan», lyt me tru at Rasmus alt på 1770-talet var komen til staden, og me lyt vel tru at plassen ikkje hadde vorte kalla «Sogneplassen» om Rasmus ikkje hadde vore der ei viss tid?  Finst det kan henda spor etter første kona hans?  Var det han som i 1765 gifte seg med Anna Olsdotter Kjærstad i Haram?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja lagnaden til Rasmus Guttormson!  Slike resultat er det berre mogeleg å oppnå med samarbeid over fylkesgrensene!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.