Gå til innhold
Arkivverket

Arent (Henrikson?) Storch - fødd 1720 - prokurator og gjestgjevar i Marifjøra i Hafslo 1764-1775 - kvar vart det av han? - kva med stedotteri Anna Margrethe Thomasdotter Rein, fødd 1752?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dersom denne Johannes Steensen skulle drive med handel og gjestgiveri, måtte han ikke da løse borgerbrev/handelsbrev? Og ville ikke et slikt dokument kunne fortelle hvor han kom fra?

Det mest nærliggende i så måte måtte vel være at dette var løst i Trondheim. Imidlertid er den eneste databasen jeg finner i Gamle Digitalarkivet borgere i Trondheims by 1818.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for nye spennande innlegg!

 

Det høyrest svært so sannsynleg ut at du har finne den «rette» Johannes Stenson, men tankane dine kring borgarboki for Trondheim har ført til at eg nettopp har lagt inn følgjande spørsmål til Arkivverket:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/226364-borgarbøker-for-trondheim-finst-dei-online/

 

So får me sjå kva dei seier...

 

Men eg har andre gode nyheter i dag!  Reaksjonane hjå DIS-Danmark let ikkje venta på seg, og me har no ein konkret dødsdato for Arent Storch: 23.3.1776 i København!  Her er innlegget frå Judith Olsen:

 

~~~~~~~~~~

 

~~~~~~~~~~

 

No børjar denne biografien verkeleg å ta form, men eg vil ikkje endå seia at Johannes Stenson er i «boks», so følgjande «hovudutfordringar» står for meg i dag som framleis òpne:

 

** Kven var første kona til Rasmus Olson på Bruland i Utvik?

 

** Yrket til Mads Tybring Quale på Smørhamn i Bremanger?

 

** Opplysningar om den eldste sonen til Ole Rasmusson og Mariane, Rasmus Olson Bruland?

 

** Opphavet til Johannes Stenson/Stenerson på Kongensvoll på Ørlandet?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skal se om det er noe mer å hente ut fra bygdeboka for Bremanger vedr. yrket til Mads Tybring Quale.

 

Ellers registrerer jeg at fullsøster til Johannes fra Nedre Vaagen i Strandvik, Sissele Steensdtr. f. 1770 død ugift på Nedre Vaagen 18.03.1842.

Kanskje det kan finnes en dødsmelding eller en form for skifte etter henne? Jeg finner henne imidlertid ikke i skifteregisteret for Sunnhordland, men jeg ikke det er komplett.

 

Dersom Borgerbrev i Trondheim ikke fører frem, kan du jo kanskje høre med Statsarkivet om det er registrert noe på Sisselle Steensdtr.

 

Bygdeboka sier at Mads var Kjøpmann og Losoldermann i tillegg til at han drev gården Hauge bruk nr. 10 fra 1810-1843.

Det eneste som ståri Smørhamn er om Mads d.e f. 1735-1763 gift m/Marie Kristine Bruus. Men de drev på Holmen og Grolsberget og ikke i Smørhavn. Der var det Balchen, Paul Quale, Balchen, Ross og Lexau som styrte i tur og orden.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for siste meldingi. 

 

Etter kva du seier om Mads Tybring Quale og Marie Christine Bruus, budde altso ogso dei på Holmen (Grotleberget) i Bremanger, og då lyt me vel gå ut ifrå at ogso dei dreiv landhandel og gjestgjevari!?  Dette var då før Ole Rasmusson Bruland kom dit, so då Mads Tybring Quale (Jr) i 1789 gifte seg med enkja etter Ole, flytte han i grunnen berre heim att til fødestaden sin!?!

 

Elles er det i dag komme eit interessant innspel i emnet om bygdebokoppslaget frå Ørlandet der Johannes Steenson kjem fram i eit militærmanntal:

 

SAT, Sjøinnrulleringen - Trondhjemske distrikt, 01/L0313, 1804 […]    

https://www.digitalarkivet.no/ru20100921630186

 

Her kjem det fram at Johannes var fødd i «Bergens distrikt» i 1775.  Dersom dette stemmer, dukkar det opp ein ny «kandidat»:

 

* Jan, døypt på Tysnes 2.3.1777 av foreldri Steen Johannesson Øvrevaage og Britha Johannesdotter:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11620/147

 

Men dåpen er innført i kyrkjeboki for Os, og dette må jo vera dei same foreldri som Johannes sine frå 1772!?

 

Ser me so på skiftet etter Britha Johannesdotter Nedrevaage frå 1789 (som ikkje er det enklaste å lesa):

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24037/268?indexing=

 

vil me sjå at ho let etter seg to søner og tre døtrer, der sønene var Johannes på 15 år og Steen på 10 veker.

 

No blanda dei ofte namni Johannes og Jan på den tidi, og det er tydeleg at berre ein av dei levde i 1789!  Alderen til Johannes frå 1789 fell imellom dåpsdatoane til Johannes og Jan!  Kanskje me kan finna Johannes konfirmert??  Eg har nettopp blatt igjennom konfirmantlistene for Os, men finn INGEN av dei to konfirmerte der!!  Kanskje har eg oversett dei?

 

Nei, so enkelt skal dette tydeleg ikkje vera!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå vil jeg ikke nødvendigvis henge meg helt opp i alderen i listene ang sjømilitæret.  Hvem oppgir denne opplysningen og hva hører han som skriver det ned, kan være en utfordring i seg selv. 

Jeg tror vi kan gå ut fra at det er rette foreldre som er funnet. Og alder som oppgis i et skifte behøver heller ikke være korrekt. Et avvik på et par år er helt normalt. Det har bl.a med når på året vedkomende var født og når på året skiftet ble holdt. Det alene kan fort gi et avvik på bortimot to år. Johannes ble jo døpt i nov 1772 og da er det fort å si 1773

Det er heller ikke uvanlig at man døper sønner for både Jan og Johannes.

I dette tilfellet het faren Steen Jansson, altså het farfar Jan. Og mora het Brithe Johannesdtr., altså het morfar Johannes.

Jeg ville på denne bakgrunn si at det er Johannes fra 1772 du finner på Kongensvoll.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune for siste innlegget!

 

Liksom deg, er eg etter kvart overtydd om at Johannes Stenson frå Våge i Strandvik må vera handelsmannen på Kongensvoll på Ørlandet, og etter denne konklusjonen ser manuskriptet mitt for denne huslyden no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Thomas Witmanson Rein, frå Bergen, men son av handelsmann Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein i Bergen, opphavleg frå Valaker i Hafslo, vart døypt i Bergen 30.7.1719 og d. i Marifjøra kring 1755.  Han flytte i ung alder til Hafslo og gifte seg her 3.3.1750 med Gjertrud Mikkelsdotter Asch frå Ask i Askvoll.  Ho var dotter av gardbrukar Mikkel Knutson på Ask, opphavleg frå Ålen ytre, og kona Synneva Hansdotter frå Størdal og vart døypt i Askvoll 31.3.1716.  Ho vart gravlagd frå Marifjøra 14.6.1772.  Thomas fekk 23.5.1749 skøyte på gjestgjevariet ved Marifjøra med alle husi med grunn hjå Peder Thomasson, og 30.5.1750 fekk han likeins kongeleg løyve til å driva øltapperi i Marifjøra.  Etter Thomas var avliden, fekk Gjertrud 20.7.1764 kongeleg løyve til å driva øltapperiet for Marifjøra og Jostedalen skipreider og Gaupne anneks vidare.  Gjertrud fekk 25.10.1764 likeins løyve til å driva kremmarhandel for same område.  Thomas og Gjertrud fekk tre born i lag:

 1. Reinhold Witman Thomasson Rein (1750-1760).

 2. Anna Margrethe, kjend som Margrethe Thomasdotter Rein, døypt 13.2.1752, vart konfirmert i Hafslo i 1767.

Margrethe Rein gifte seg første gongen kring 1782, truleg i Bremanger, med enkjemannen Ole Rasmusson, opphavleg frå Bruland i Utvik, kjend som Ole Bruland.  Han var son av gardbrukar og sersjant Rasmus Olson på Bruland og første kona

 

##### (namnet hennar med opphav?)

 

og f. i Utvik kring 1738.  Han gifte seg første gongen

 

##### (dato og stad for første vigsli hans? – kring 1770? – ikkje finne Bremanger!)

 

med Mariane Jansdotter Monclair frå Bergen.  Ho var dotter av kjøpmann og urmakar Jan Nicolai Monclair i Bergen, opphavleg frå St. Martin

 

##### (kva for ein St. Martin er dette? - i Alsace??)

 

og kona Ane Jansdotter Hardt frå Bergen og vart døypt i Bergen 27.9.1739.  Ho vart gravlagd som gjestgjevarkone frå Grotleberget i Bremanger 8.9.1779.  Ole Bruland skal i unge år ha vore gardist i København, men flytte kring 1772 til Bremanger der han 4.8.1779 fekk bevilling til å driva landhandel på Holmen, òg kalla Grotleberget under garden Hauge.  Men der d. han alt hausten 1784, og Margrethe gifte seg 13.4.1789 att i Bremanger med Mads Tybring Madsson Quale frå Grotleberget i Bremanger.  Han var son av landhandlar og gjestgjevar Mads Tybring Paulson Quale på Grotleberget, opphavleg frå Molde, og kona Maria Christine Henriksdotter Bruus frå Bergen og vart døypt i Bremanger 8.8.1763.  Mads fekk 8.10.1789 bevilling på Grotleberget under Hauge, som Bruland hadde drive og var dessutan losoldermann same staden.  Mads d. som gjestgjevar på Hauge 15.6.1840, medan Margrethe d. same staden 7.6.1841.  Ho fekk i alt to born, som båe var frå første ekteskapet med Ole Bruland, men Ole Bruland hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt:

a. Rasmus Olson Bruland,

 

     ##### (tydeleg fødd kring 1771, men d. før 1780!)

 

b. Anna Nicoline Kirstine Olsdotter Bruland, døypt i Bremanger 20.5.1773, d. som kårenkje på Svarstad i Bremanger 25.12.1846.  Anna gifte seg i Bremanger 16.9.1798 med Jacob Fæster Helgeson frå Svarstad i Bremanger, døypt i Bremanger 17.12.1775.  Han d. som gardbrukar på Svarstad 26.1.1840.  Jacob og Anna tok over som gardbrukarar på Svarstad i Bremanger og fekk ei dotter i lag.

c. Johan Nicolai Monclair, kjend som Jan Olson Bruland, døypt i Bremanger 28.4.1776, d. som reipslagarmeistar i Sandviken, Bergen 5.3.1867.  Han gifte seg første gongen i Bremanger 9.8.1800 med Rachel Elisabeth Jansdotter frå Bergen, døypt i Bergen 1.11.1774.  Ho d. som reipslagarmeistarkone i Bergen 24.4.1816, og Jan gifte seg 4.11.1816 att i Krosskyrkja i Bergen med Engel Marie Jansdotter Beyer frå Bergen, f. i Bergen 3.1.1793.  Ho d. som reipslagarmeistarkone i Bergen 27.11.1822, og Jan gifter seg tredje gingen i Domkyrkja i Bergen 10.11.1825 med Ida Sophie Christiansdotter Jæger frå Bergen, f. i Bergen 5.1.1809.  Ho d. som «Madame» i Bergen 21.10.1852.  Jan Bruland vart reipslagarmeistar og budde i Sandviken i Bergen.  Han fekk i alt femten born, fire frå første ekteskapet, tre frå det andre og åtte frå det siste.

d. Mariane Olsdotter Bruland, f. i Bremanger kring 1783, d. på Kongensvoll på Ørlandet 1.4.1837.  Mariane gifte seg i Bremanger 31.12.1804 med Johannes Stenson frå Våge nedre i Strandvik, Fusa, døypt i Strandvik, Os  8.6.1772.  Han d. som handelsmann på Kongensvoll 1.2.1853.  Johannes var fiskar, og han og Mariane var dessutan gjestgjevarar på Kongensvoll på Ørlandet.  Dei fekk sju born i lag.

e. Ole Olson Bruland f. i Bremanger våren 1785, vart gravlagd frå Holmen i Bremanger 5.3.1797.

 3. Synneva Thomasdotter Rein (1753-1755).

 

 

Arent Storch Henriksen, kjend som Arent Storch, opphavleg frå Strand i Nesna, var son av gardbrukar og skipper Henrik Abrahamson på Strand og kona Malena Arentsdotter Storch og vart døypt i Nesna 10.3.1720.

Arent Storch skal ha vore “prokurator” eller advokat i yngre år,

 

##### (bustad før 1764?)

 

Først i 1760-åri dukka Arent Storch opp i Marifjøra, og han gifte seg i Hafslo 18.12.1764 med Gjertrud Mikkelsdotter, enkja etter den føregåande brukaren.  Arent tok over styringi av landhandleriet på same tidi, og etter at han i 1768 til 1769 hadde vore konstituert fut i Sogn, fekk han 20.10.1769 dessutan skøyte på Leirhola hjå Ole Arneson på Hunshammar.  Ikkje lenge etter vart det halde ny grenseforretning i Marifjøra, og det vart vedteke å flytta landhandelen noko lengre ut innanfor merket til Leirhola.  Truleg var det Arent Storch som sette opp det nye handelshuset som i dag er kjent som Tørvis hotell.  Men Arent vart enkjemann i 1772, og i 1775 selde han landhandelen med gjestgjevariet til eigaren av Leirhola.

Arent Storch flytte som enkjemann til Kjøbenhavn i Danmark der han d. 23.3.1776.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette sit me pr. i dag att med følgjande «utfordringar» når det gjeld denne huslyden:

 

** Identifikasjon av første kona til Rasmus Olson på Bruland i Utvik?

 

** Vigsli til Ole Rasmusson og Mariane Jansdotter Monclair kring 1770?

 

** Identifikasjon av fødestaden St. Martin til Jan Nicolai Monclair - var han kan henda frå Alsace?

 

** Detaljar om Rasmus Olson Bruland, truleg fødd kring 1771 og avliden før 1780?

 

** Bustadar mm for Arent Stoch før 1760?

 

Desse detaljane trur eg det vert svært so vanskeleg å finna svar på, men eg tykkjer likevel det er rett å la dei stå - ein veit jo aldri kva som dukka opp...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Usikker på om dette skifte har vært fremme før i denne debatten. Kopi av Yngve Nedrebø innlegg i en annen debatt

 

1. Rasmus Olsen Bruland, Stryn, side 17 b, protokoll 19a, 1790-92. Skiftet ble holdt 14. mai 1789 etter sersjant Rasmus Olsen og hans kone Ingeborg. På mannens side var hans barn fra tidligere ekteskap arvinger: 1) Sønnen Lars Rasmussen vart bortreist, uten kjent adresse. 2) Sønnen Ole Rasmussen Jolmen i Sunnfjord, død, og hadde etterlatt seg Johan Nicolay Olsen, 14, Ole Olsen, 4, Anne Christine Olsdatter, 16 og Mariane Olsdatter, 5, 3) Datteren Agnethe Rasmusdatter, g.m. Gabriel Rasmussen Møklebust i Breim.På konens side var arvingene 2 helbrødre, 3 helsøstre og en halvsøster.2. Ole Holmen Bruland?, Stryn, side 369, protokoll 20b, 1799-1803. Skiftet er datert 4. desember 1798 og er etter 'Ole Olsen Holmen fra Søndfjord'. Der nevnes moren Anne Margrethe gift Tybring Qvale, og halvbror Johan Nicolay Olsen Bruland, 22 år, helsøster Mariane Olsdatter, 14 år, og halvsøster Anne Christine Olsdatter, g.m. Jacob Svarvestad.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget.

 

Dette skiftet har vore framme i debatten før og gjev oss diverre ingen nye opplysningar.

 

Men det er flott at du er oppmerksom, Ivar.  Det er ingen enkel oppgåve å følgja med i alle debattane på same tid, log gjentakingar er noko me er nøydde til å leva med.  Men eg seier alltid: Det er betre med to framsyningar enn ingen i det heile!

 

Elles vonar eg framleis at eitt og anna svar på dei siste utfordringane frå innlegg #56 over vil dukka opp og ville vorte svært so «happy» om so skjedde...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

So har eg endeleg motteke eit svar frå Statsarkivet i Trondheim etter at eg skreiv og etterlyste borgarskapet for Johannes Steenson på Ørlandet, men svaret var skuffande...

 

~~~~~~~~~~~~

 

Studier/forskning, Borgarbøker for Trondheim kort etter 1800
Arkivverket viser til henvendelse i overnevnte sak.
Vi har undersøkt i Løkhaugs regiser, men har dessverre ikke funnet Johannes Steenson her. Løkhaugs register er et kartotek over personer som har hatt borgerskap i Trondheim 1665-1900. Dette registeret bygger på rådsueprotokollene som finnes i arkivet for Trondheim Magistrat.
Det finnes også register til borgerskapsbevillinger i arkivet for Trondheim Magistrat, men dette starter først i 1826. Vi har gjort oppslag i registeret, men finner heller ikke her Johannes Steenson innført.
Vi beklager lang saksbehandlingstid i denne saken

 

~~~~~~~~~~~~

 

Men me er vel so nokolunde sikre på at me har finne «rett mann», eller kva meiner du, Rune?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ikke alltid arkivene gir oss de svarene vi gjerne ville ha. Noen vil sikkert si at utrykk som; jeg er rimelig sikker på, eller det er slik det må være , ikke hører hjemme i slektsgranskning. Men min personlige mening er at vi fant rett mann.

Så får du bruke opplysningene slik du selv føler for.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Johannes Steensen fra Waagen i Os var Høkker i Bergen i 1800.  Høkker er vel en form for handelsmann og passer vel derfor godt med den oppstilte teorien i de forrige innleggene.

 

Mvh

Ivar

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune og Ivar for dei siste innleggi!

 

Etter ny vurdering av dei føreliggjande opplysningane er eg ikkje lenger i tvil om at me har «rett» mann!

 

Status for manuskriptet er soleis uendra sidan innlegg #56 over, og me sit att med dei same «hovudutfordringane» frå same innlegg!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.