Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Andrew Urdahl (1828-1910) - frå Luster til Amerika i 1853 - diverse detaljar (ekteskap og dødsfall) om huslyden hans i Amerika?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har ei ny «Amerika-utfordring» å by på, som eg vonar nokon kan hjelpa meg med?

 

Eg arbeidde første gongen med denne huslyden for over 30 år sidan og har nylig oppdatert manuskriptet med ein del detaljar eg har finne i ymse basar, men står framleis fast, særleg på andre vigsli til Andrew Urdahl i Wisconsin kring 1860 og vigslene til dei to sønene i South Dakota sist på 1890-talet.  Kanskje namni er misstava i kjeldene?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Andreas Olson Urdahl, f. i Luster 25.9.1828, gifte seg første gongen 10.7.1851 med Johanna Pedersdotter frå Sørheim, døypt i Luster 18.4.1813.

Andrew og Johanna Urdahl utvandra til Amerika i 1853 og busette seg på ein farm i Cross Plains township, Dane Co., Wis.  Men Johanna d. i barselseng i Dane Co., Wis. alt

 

##### (exact date of Johanna’s death?)

 

.7.1856, og Andrew gifte seg

 

##### (exact date and place of Andrew’s 2nd marriage to Mary Erickson?)

 

1860 att med Maria Eriksdotter frå Sandvikøyri 10 under Sandviki, i Amerika kjend som Mary Erickson.  Ho var f. i Luster 23.6.1823 og utvandra òg til Amerika i 1853.  Andrew og Mary vart buande på farmen i Cross Plains township, Dane Co., Wis. der Mary d. 17.4.1888.  Andrew Urdahl d. i Riley, Wis. 1.1.1910.  Han fekk i alt seks born, tre frå kvart ekteskap:

a. Ole A. Urdahl, f. i Luster 2.11.1851, utvandra til Amerika i lag med foreldri i 1853 og d. i Mt. Horeb, Wis. 3.7.1915.  Ole Urdahl studerte til prest («student of Ministry»), men vart skadd av røntgenstrålar og budde sidan for det meste i lag med faren og stemori på farmen i Cross Plains township, Dane Co., Wis.  Han var ugift.

b. Anna Margrethe Urdahl, f. i Dane Co., Wis. 19.11.1853, d. i Canton, S.D. 27.9.1943.  Anna gifte seg i Dane Co., Wis. 28.12.1880 med Peder Johannesson frå Ottasløkken, Kvikne i Nord-Fron, i Amerika kjend som Peter Lukken.  Han var son av gardbrukar Johannes Bersvendson på Ottasløkken, opphavleg frå Skjeftskogen under Melby og kona Berit Pedersdotter frå Ottasløkken og f. i Nord-Fron 13.11.1849.  Peter utvandra til Amerika i 1870 og d. i Canton, S.D. 22.6.1945.  Anna og Peter Lukken farma i Lincoln township, Lincoln Co., S.D. og fekk åtte born i lag.

c. Johan Urdahl, f. i Dane Co., Wis. 3.7.1856, d. i Dane Co., Wis.

 

     ##### (exact date of this 1st Johan’s death? – shortly after birth!)

 

d. Johan Nordahl, kjend som John Urdahl, f. i Dane Co., Wis. 11.7.1860, d. i Lincoln Co., S.D. 25.2.1920.  John gifte seg

 

     ##### (place of John’s marriage to Bertha Thorson? – probably Canton, Lincoln Co., SD?)

 

     21.2.1899 med Britha, kjend som Bertha A. Thorson, f. i Dane Co., Wis. 3.11.1878.  Ho d. i Sioux Falls, S.D. 21.5.1957.  John og Bertha Urdahl farma i Linn township, Lincoln Co., S.D. og fekk fire born i lag.

e. Erik, kjend som Alex Urdahl, f. i Dane Co., Wis. 19.10.1863, d. i Jarbidge, Nev. 20.3.1952.  Alex gifte seg

 

     ##### (place of Alex’ marriage to Mary Mitchell? – where in SD? – Worthing, Lincoln Co.?)

 

     .4.1897 med Mary Ann Mitchell, f. i Fond du lac Co., Wis. 1.12.1864.  Ho d. i Sioux City, Ia. 2.10.1908.  Alex Urdahl var i mange år gull- og mineralgravar («gold and mineral prospector») nær Boise, Ada Co., Idaho og frå 1910 i Jarbidge, Elko Co., Nev.  Alex og Mary fekk to born i lag.

f. Christine Urdahl, f. i Dane Co., Wis. 21.3.1865, d. i Los Angeles, Cal. 24.5.1943.  Christine Urdahl reiste i ung alder til Chicago, Cook Co., Ill. der ho arbeidde som hushaldar («housekeeper») til ho som pensjonist flytte til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Ho var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.