Meddebattant Terje Tandsether har gjort meg merksam på ei vigsle på Fåberg i Gudbrandsdalen som eg er SVÆRT takksam for som eg er SVÆRT interessert i å følgja opp:   Petter Rumohr Pederson, fødd på Lomheim i Hafslo og døypt der 13.11.1785, fekk i 1820 presteattest frå Hafslo og gifte seg på Fåberg 29.1.1821 med Kari Christensdotter, fødd på Ravnum på Fåberg 3.12.1796.   Her er vigsli deira: https://media.digitalarkivet.no/view/9279/188@   Og her er Kari med foreldri Christen Siverson og Marit Halvorsdotter på Ravnum i 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058257000690   Men, so skjer det merkelege; eg er ikkje i stand til å finna fleire opplysningar om denne huslyden:   ** Ikkje finn eg vigsli til foreldri hennar, Christen og Marit, korkje på Fåberg eller andre stadar i området, og   ** Ikkje finn eg born fødde av Petter og Kari frå 1821 og utover, men eg ser at fødselslistene for Fåberg er svært «amputerte» for denne perioden med berre førenamn til foreldri!   Er eg vorten fullstendig blind, eller er Petter og Kari flytte frå Fåberg utan å setja spor etter seg? - NB: sjå innoegg #8 og #10 nedanfor - budde i Bergen 1824, men kva so??   Finst det kan henda ei bygdebok for Fåberg som under garden Ravnum kan gje oss tips om kvar dete parfolket gjorde av seg?   Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!