Gå til innhold
Arkivverket

Peter Rumohr Pederson (Lomheim) - fødd i Hafslo 1785 - gift Fåberg 1821 med Kari Christensdotter Ravnum, f. 1796 - flytte 1821 til Bergen der dei budde i 1824 - men kvar vart det av dei??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Meddebattant Terje Tandsether har gjort meg merksam på ei vigsle på Fåberg i Gudbrandsdalen som eg er SVÆRT takksam for som eg er SVÆRT interessert i å følgja opp:

 

Petter Rumohr Pederson, fødd på Lomheim i Hafslo og døypt der 13.11.1785, fekk i 1820 presteattest frå Hafslo og gifte seg på Fåberg 29.1.1821 med Kari Christensdotter, fødd på Ravnum på Fåberg 3.12.1796.

 

Her er vigsli deira: https://media.digitalarkivet.no/view/9279/188@

 

Og her er Kari med foreldri Christen Siverson og Marit Halvorsdotter på Ravnum i 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058257000690

 

Men, so skjer det merkelege; eg er ikkje i stand til å finna fleire opplysningar om denne huslyden:

 

** Ikkje finn eg vigsli til foreldri hennar, Christen og Marit, korkje på Fåberg eller andre stadar i området, og

 

** Ikkje finn eg born fødde av Petter og Kari frå 1821 og utover, men eg ser at fødselslistene for Fåberg er svært «amputerte» for denne perioden med berre førenamn til foreldri!

 

Er eg vorten fullstendig blind, eller er Petter og Kari flytte frå Fåberg utan å setja spor etter seg? - NB: sjå innoegg #8 og #10 nedanfor - budde i Bergen 1824, men kva so??

 

Finst det kan henda ei bygdebok for Fåberg som under garden Ravnum kan gje oss tips om kvar dete parfolket gjorde av seg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Soldat Christen Syversen Bjerke og Marit Halvorsdatter giftet seg i Fåberg 17.10.1793 (Fåberg 1775-1818 s. 144). I klokkerboka er han kalt Christen Siversen Fouskerud af Ringsager. Vielsen: https://media.digitalarkivet.no/view/9276/75

 

Det er ikke døpt noen Marit Halvorsdatter i Fåberg mellom 1750-1783.

 

 

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at Petter Rumohr Petersen/Pettersen er et navn som går igjen i minst to generasjoner:

 

Fra FT1900:

 

 

Husstandsmedlemmer

 

P.nr. H.nr. Navn Alder/født Fødested Familiestilling Sivilstand Yrke Bostatus
001 01 Petter Rumohr Petersen 1848 Nes herred* Hf g Gaardbruger S, Sparebankdirektør b
002 01 Tora Emilie Olsen 1850 Nes herred* Husmor g Gaardmandkone Husstel b
003 01 Petter Rumohr Pettersen 1880 Nes herred* S ug Udeksamineret fra Sem Landbrugsskole. Gaardsdrift b
004 01 Segrid !! 1882 Nes herred* D ug Budeie b
005 01 Ingeborg !! 1885 Nes herred* D ug Husstel b
006 01 Torval Mekael !! 1887 Nes herred* S     b
007 01 Sunnev !! 1891 Nes herred* D     b
008 01 Olava !! 1895 Nes herred* D     b
009 02 Ole Eriksen 1823 Nes herred* Hf g Livøremand b
010 02 Ragna Guttormsdatter 1838 Nes herred* Hm g Livørekone b

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037112001437


Kan det være en link her til vår Petter og Kari?

- - - - -

 

I FT1900 for Øyer har vi en Peder Pedersen Ravnum, født i Fåberg i 1821. Er dette en sønn av vår Petter og Kari?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037085001705

Husstandsmedlemmer

 

P.nr. H.nr. Navn Alder/født Fødested Familiestilling Sivilstand Yrke Bostatus
001 01 Ole Peter Pedersen Ravnum 1858 Øyer hf g Gaardbruger S og %telefon% bestyrer ved rigstelefon b
002 01 Kari Olsdatter Ravnum 1851 Ringebu Krs hm g Gaardmandskone, kreaturstel b
003 01 Anne Olsdatter Monsløkken 1884 Øyer tj ug Tjenestepige og telefonistinde b
004 02 Torger Jensen Linløkken 1872 Øyer hf g Forarbeider Kjørel, Smørspand for egen regning af træ b
005 02 Johanne Olsdatter Linløkken 1871 Øyer hm g Syforretning dameskræddersøm b
006 02 Klara Torgersdatter Linløkken 23.06.1900 Øyer d ug Datter b
007 02 Anna Olsdatter Rogndalsven 1880 Øyer fl ug Sypige i andres tjeneste b
008 03 Peder Pedersen Ravnum 1821 Faaberg Krs hf g Afskediget sergeant med pension, føderaadsmand

b

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Frank Marton Pedersen skrev:

 


I FT1900 for Øyer har vi en Peder Pedersen Ravnum, født i Fåberg i 1821. Er dette en sønn av vår Petter og Kari?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037085001705

Husstandsmedlemmer

 

P.nr. H.nr. Navn Alder/født Fødested Familiestilling Sivilstand Yrke Bostatus
001 01 Ole Peter Pedersen Ravnum 1858 Øyer hf g Gaardbruger S og %telefon% bestyrer ved rigstelefon b
002 01 Kari Olsdatter Ravnum 1851 Ringebu Krs hm g Gaardmandskone, kreaturstel b
003 01 Anne Olsdatter Monsløkken 1884 Øyer tj ug Tjenestepige og telefonistinde b
004 02 Torger Jensen Linløkken 1872 Øyer hf g Forarbeider Kjørel, Smørspand for egen regning af træ b
005 02 Johanne Olsdatter Linløkken 1871 Øyer hm g Syforretning dameskræddersøm b
006 02 Klara Torgersdatter Linløkken 23.06.1900 Øyer d ug Datter b
007 02 Anna Olsdatter Rogndalsven 1880 Øyer fl ug Sypige i andres tjeneste b
008 03 Peder Pedersen Ravnum 1821 Faaberg Krs hf g Afskediget sergeant med pension, føderaadsmand

b

 

I følge Tor Onshus er Peder Pedersen Ravnum f. 1821 sønn av Peder Jonsen Ravnum og Kari Jacobsdatter Vottestad.

http://onshus.no/getperson.php?personID=I89184&tree=Ringebuslekter

 

Endret av Ole Jon Moastuen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Men, so skjer det merkelege; eg er ikkje i stand til å finna fleire opplysningar om denne huslyden:

 

** Ikkje finn eg vigsli til foreldri hennar, Christen og Marit, korkje på Fåberg eller andre stadar i omnrådet, og

 

 

Også fra Tor Onshus: Kari Christendatters foreldre, Christensen Syvertsen Øyjordet f. 1769 i Vingrom og Marit Halvorsdatter Havn f. 1769 i Sel, giftet seg i Fåberg den 17 okt 1793

http://onshus.no/getperson.php?personID=I241275&tree=Ringebuslekter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje, Frank Marton og Ola Jon for interessante og utfordrande innlegg!

 

Eg la merke til at Marit Halvorsdotter Ravnum etterlet seg ei dotter Karen, men at ho var gift med Ole Christenson.  Det må soleis ha vore to søstrer med same namn, for her er vigsli til «hi» Karen 5.11.1829; ho var då 21 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/9279/206

 

So var det denne Petter Rumohr Petersen, som skal vera fødd i Nes i 1848.  Her er han i FT1865 med mori og ein stefar i Nes, Buskerud: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038086003697

 

Her er fødsli hans i Nes 24.9.1848: https://media.digitalarkivet.no/view/1110/191

 

Far hans var altso Peter Iverson Berge som 2.6.1834 gifte seg i Lærdal med Sigrid Nilsdotter Hegg: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/151

 

Desse folki var i slekt med Petter Rumohr Pederson (Lomheim), men altso av ei anna grein...

 

Det som då står fast, er at Kari Christensdotter døydde utan å etterlata seg born, men kva med Petter?  Vart han tidleg enkjemann og attgift?

 

Finst det ei bygdebok for Fåberg?  Eg hadde for ein del år sidan kontakt med ein Fauskerud som var ganske so lokalkjend der borte, men veit ikkje om han har skrive noko?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar på at eitt og anna «gullkanta» innlegg vil dukka opp...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har nå vært i kontakt med Richard Fauskrud og han har svart som i innlegg 6, Kari Christensdatters foreldre var Christen Syversen Ravnum fra Lille Ravnum (Øyjordet), og Marit Halvorsdatter nedre Ravnum (men født Havnen i Sel 1769). Hva som skjedde med Kari nevnte han ikke noe om, men kanskje de fins i utflyttingslistene fra Fåberg?

 

Ser at de flyttet til Bergen i 1821! https://media.digitalarkivet.no/view/9279/44971/2

Endret av Terje Tandsether
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit nytt spennande, og «gullkanta», innlegg!

 

Eg var overraska over å sjå at dei flytte til Bergen, og eg har no sete og sjekka ut ymse Bergens-kjelder, men førebels er eg ikkje i stand til å finna dei att!

 

Petter Rumohr Pederson hadde ein bror som budde i Bergen på den tidi, men som sidan flytte til Ålesund:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Pederson (Lomheim), døypt i Hafslo 5.11.1788,

Jens P. Lommeim flytte til Bergen der han 5.9.1824 gifte seg med Sølvi Caroline, kjend som Caroline Aamundsdotter frå Aure i Sykkylven, Ørskog.  Ho var dotter av gardbrukar Aamund Hansson på Aure og kona Eli Jespersdotter frå Klokk i Ørskog og vart døypt i Ørskog 18.7.1790.  Jens arbeidde nokre år som sjauar i Bergen, men flytte kring 1829 til Sykkulven, Ørskog og kring 1831 til Ålesund der han var mursvein og sidan murmeister.  Caroline d. i Ålesund 2.6.1853, medan Jens Lommeim d. som legdelem på Vågnesholen i Ålesund 6.4.1857.  Dei fekk fire døtrer i lag:

a. Gjertrud Helene Jensdotter, f. i Bergen 30.9.1824, d. i Bergen 31.12.1906.  Ho gifte seg i Bergen 19.10.1851 med Knut Jørgen Svendsen, f. i Bergen 3.9.1826.  Han d. som handelsborgar i Bergen 18.10.1888.  Knut var reipslagar og sidan handelsborgar i Bergen der han og Gjertrud budde levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

b. Anna Petronelle, kjend som Anna Pernille Jensdotter, f. i Hafslo 21.6.1827, flytte med foreldri til Sunnmøre og d. i Ålesund 4.11.1909.  Anna gifte seg i Borgund 26.1.1859 med John Colbein, kjend som Colbein Lassesen frå Gyttereide i Innvik, Nordfjord.  Han var f. i Innvik 26.1.1835 og d. i Ålesund 8.11.1916.  Colbein Lassesen var bøkkermeister og bryggearbeidar i Ålesund der han og Anna vart buande levetidi ut.  Dei var barnlause.

c. Petrine Caroline Jensdotter, f. i Sykkylven, Ørskog 24.2.1830, d. i Ålesund 4.1.1908.  Petrine gifte seg i Sykkylven, Ørskog 20.5.1861 med Martin Paulsen frå Kjaglia i Bærum, f. i Bærum 6.3.1815.  Han d. som teglmeister på Finnesval i Skogn 1.5.1872.  Martin hadde vore gift før og budde då i Christiania, men kom kring 1854 til Aure i Sykkylven som teglverksstyrar og vart formelt skild frå første kona si i 1857.  Martin styrte teglverket til det vart mellombels nedlagt kring 1863.  Han og Petrine flytte då til Finnesval i Skogn der Martin heldt fram som teglbrennar og husmann med jord.  Som enkje flytte Petrine attende til Ålesund der ho sidan livnærte seg som syerske.  Dei fekk fire born i lag.

d. Jørgine Martha Birgitte Jensdotter, f. i Ålesund 1.11.1832, d. i Ålesund 3.3.1833.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

men då eg ville sjekka dåpen til eldste dotteri i Krosskyrkja i Bergen for mogelege fadrar, fekk eg melding om at systemet var nede...

 

Uansett, lagnaden til Petter og Kari er ei skikkeleg stor utfordring.  MEN, ein eller annan stad må dei jo vera, og eg vonar at dei vil dukka opp,m ein eller annan stad...

 

Eit spørsmål som gjeld opphavi til Christen Siverson og Marit Halvorsdotter:

 

** Er det slik å forstå at Christen var oppvaksen på Ravnum lille, òg kjend som Øyjordet, medan Marit voks opp på Ravnum nedre?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kyrkjebøkene for Bergen er oppe og går igjen, og eg oppdagar at sjauar Peter Pedersen Lomem og kona Karen Christensdotter, busette i Sandvikens 1. rode nr. 21: ho er faddar for Gjertrud Helene då ho vart døypt i Krosskyrkja i Bergen 14.10.1824: https://media.digitalarkivet.no/view/8684/178

 

Då har me med andre ord følgt dei so langt, men kva skjedde sidan?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om lagnaden til Petter og Karen!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til innlegg 9: Fauskrud skriver om Christen at han var fra Øyjordet (Lille Ravnum) i Fåberg og sønn av Syver Pedersen Ravnum. Christen var født Øyjordet i 1769.

 

Marit var født på Havn i Sel 1769, foreldrene kom en gang før 1786 til Brunlaug i Fåberg men kjøpte i 1788 nedre Ravnum der de bosatte seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Gjertrud Helene Jensdotter, f. i Bergen 30.9.1824

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007317022

 

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 14 (1823-1835), Fødte og døpte 1824, Side 171
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630723.jpg 
 

Ooops, ser nå at du allerede har gjort oppdagelsen!

 

Faddere Gjertrud Helene.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et kjapt søk på Ancestry gir en del treff på Peder/Peter Lomem/Lomheim etc. Kan de ha utvandret til Amerika, mon tro?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje, Grethe og Frank Marton for nye spennande innlegg!

 

Etter siste utsegni frå Terje (og Richard Fauskrud) skulle opphavet her vera «i boks».

 

I mellomtidi har eg sjekka panteregisteret i Sandviken 1. rode nr. 21 (eg er litt «stolt» av at eg greidde det på eige hand...), men det ser ut til at Peter og Karen berre har butt der til leige i 1824, so då er me like langt der...: https://media.digitalarkivet.no/view/13183/49?indexing=

 

Det er fleire personar med namn Peder Pederson Lomheim, både i Noreg og i Amerika, som rett nok alle høyrer til same huslyden, men etter so mange år veit ikkje etterkomarane etter den einskilde kvar det vart av dei andre...  Til Frank Marton må eg seia, frå Tyskland har eg diverre ikkje tilgjenge til samlingi i Nasjonalbiblioteket, so eg veit ikkje kva opplysningar dei nemnde kjeldene derifrå «gøymer».  Ætti er kjend som ei «haugianarætt», og eg ser ikkje bort ifrå at Petter Rumohr Pederson kan ha vore ein av dei...

 

Uansett, referansen til Bergens Adressecontoirs Efterretninger 1832.12.05 frå innlegg #13 høyrest svært spennande ut.  Kan du eller ein eller annan kanskje kort fortelja meg kva den går ut på?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å finna ut av denne utfordringi!  Eg har ei kjensle av at løysingi ligg der ute..., ein eller annan stad...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton for kopiane frå Bergen frå 1832.

 

Ved nærare studium av desse listene ser eg at det vert opplista ein del bønder frå Hafslo som har litt skade i samband med ein brann i Bergen i 1830, og den Peder Pedersen Lomem som her er nemnd, må vera brorson av Petter Rumohr Pederson, som då hadde teke over garden på Lomheim i Hafslo!

 

So, dette var likevel eit «blindspor», men me lyt stundom freista alt!  Før eller sidan vil nok ogso «vår» mann dukka opp, og eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Petter Rumohr Pederson Lomem og kona hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.