Gå til innhold
Arkivverket

Syvert Larsson frå Risholt i Øyestad, fødd 1847, utvandra kring 1873? - kven var foreldri hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit litt med å få på plass dei siste detaljane om denne karen frå Øyestad i Aust-Agder:

 

Syvert Larsson, fødd i Øyestad 8.6.1847 som son av husmann Lars Pederson og Gunnhild Tallaksdotter Risholt: https://media.digitalarkivet.no/view/849/70

 

Eg ser at foreldri gifte seg i Øyestad 26.11.1840, brudgomen med namnet Risholt og bruri som Rise(?): https://media.digitalarkivet.no/view/848/317

 

FT1865 syner Gunnhild som enkje og plasskone i Risholthagen under Risholt: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0920&kenr=002&bnr=0056&lnr=000

 

Eg ser ikkje noko til Syvert Larsson i FT1865, endå om eg har fått oppgjeve frå Amerika at han utvandra i 1873 eller seinast i 1875.  Han gifte seg nemlig i Faribault Co., MN 29.3.1875 med Mari Larsdotter frå Luster, fødd 1837!

 

Kan nokon med lokal kunnskap eller tilgjenge til ei bygdebok hjelpa meg finna svar på følgjande:

 

** Frå kva gard/plass har Lars Pederson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass har Gunnhild Tallaksdotter opphavet sitt?

 

** Kva år utvandra Syvert Larsson til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utflyttingen til Sivert Larsen Rise, nummer 7

 

Aust-Agder fylke, Øyestad i Øyestad, Ministerialbok nr. A 15 (1857-1873), Inn- og utflyttede 1873, Side 412
Permanent bilde-ID: kb20060113030416
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060113030416
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060113030416.jpg

 

Søsteren Berthe Larsdatter Risholt, nummer 3

 

Aust-Agder fylke, Øyestad i Øyestad, Ministerialbok nr. A 15 (1857-1873), Inn- og utflyttede 1873, Side 411
Permanent bilde-ID: kb20060113030415
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060113030415
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060113030415.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Første ekteskapet til Lars Pedersen i 1837

 

Nummer 6

 

Aust-Agder fylke, Øyestad i Øyestad, Ministerialbok nr. A 13 (1827-1842), Viede 1837, Side 309
Permanent bilde-ID: kb20060113040307
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060113040307
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060113040307.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for fleire interessante og spennande innlegg!

 

Utvandringsåret er med dette komme «på plass» - 1873, men eg er framleis svært i stuss når det gjeld opphavi til foreldri?

 

** Lars Pederson er tydeleg ikkje barnefødd på denne plassen i Hagen under Risholt, sjølv om han ved første vigsli i 1837 er kalla Risholteiget...  Men bygdeboki har heller ikkje noko om kvar han kom ifrå!?  Eg ser berre at faren heitte «Peder Dale», medan faren i 1840 er kalla Peder Gundersen...  Lars skal vera fødd kring 1812, men eg finn ikkje nokon hjå FamilySearch som høver...

 

** Når det gjeld Gunnhild Tallaksdotter, ser eg at ho er fødd på Øvre Løvrach(?) i Åmli 23.7.1814: https://media.digitalarkivet.no/view/9924/87

men er det namnet på ein husmannsplass eller kva?

 

Kanskje nokon med lokal kunnskap på den kanten kan hjelpa oss vidare?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja opphavet til denne huslyden frå Aust-Agder!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Innlegg #7:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» sidan 2017.

 

Eg er diverre ikkje komen noko lenger med spørsmåli mine frå føregåande innlegg og reknar med me kanskje treng lokal ekspertise for å finna ut av desse «flokene»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.