Gå til innhold
Arkivverket

Torkild Christenson Kolmandskog (1798-1883) - haugianar frå Luster til Grytten og Bud i Romsdalen - fekk han fleire born enn dei fir me veit om? - kva med huslyden og dødsfallet til sonen Hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det er ikkje so mange detaljane eg manglar om denne haugianarhuslyden frå Kolstad i Luster, som etter kvart hamna på Kolmandskog i Bud, men eg har alltid spekulert på om Torkild kan ha hatt fleire born enn dei fire som me veit om?

 

Ogso manglar eg detaljar om sonen Hans...

 

Finst det kanskje ei bygdebok som kan hjelpa oss vidare?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Torkild Christenson, døypt 15.7.1798, var ei tid i 1820-åri gardbrukar på Dalsøyri, men flytte so attende til Kolstad.  Han gifte seg første gongen 11.1.1842 med Christi Christensdotter frå Alme, døypt 4.8.1806.

Torkild og Christi flytte alt hausten 1842 til garden Gyldenskog i Hen sokn, Grytten i Romsdalen der Christi d. som gardbrukarkone alt 27.11.1847.  Torkild gifte seg so att i Grytten 13.4.1849 med Marit Hansdotter, opphavleg frå Rislykkja i Lesja, men då busett på Stavem i Grytten.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Knutson på Rislykkja nordre i Lesja, opphavleg frå Lysbakken, og kona Kari Knutsdotter frå Rise og f. i Lesja 14.10.1816, men flytte til Grytten i 1837.  I 1849 flytte Torkild og Marit til Kolmandskogen i Bud der dei sidan vart buande som gardbrukarar til sonen Hans overtok etter dei.  Torkild d. som kårmann på Kolmandskog 22.9.1883, medan Marit d. som kårenkje same staden 20.11.1907.  Me kjenner til fire born etter Torkild, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 

##### (kan han ha hatt fleire born??)

 

a. Christen Torkildson, f. i Grytten 28.2.1843, var fiskar og miste livet på havet saman med fleire andre 2.3.1885.  Han var ugift og budde heime på Kolmandskogen i Bud.

b. Anna Torkildsdotter, f. i Grytten 12.4.1845, d. som budeie på Kolmandskogen i Bud 30.4.1919, ugift.

c. Christopher Torkildson, f. i Grytten 24.11.1847, d. som arbeidar på Kolmandskogen i Bud 15.7.1913, likeins ugift.

d. Hans Torkildson, f. i Bud 29.12.1849, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1924!)

 

     Hans gifte seg i Bud 16.6.1873 med Maren Marcusdotter frå Male i Bud, f. i Bud 16.11.1846.  Ho d. som kone på Kolmandskogen 27.5.1924.  Hans og Maren tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Kolmandskogen i Bud og budde der levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på søner og døtrer?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans og Maren i folketellingen 1900:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037403002381

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1549&kenr=004&bnr=0067&lnr=00

  • Tellingsår: 1900
  • Kommune: Bud
  • Kommunenummer: 1549
  • Navn på bosted: Kolmanskog

Antall personer registrert på bostedet: 9. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Hans Kolmanskog hf g Gaardbruger S 1849 Bud Rom  
  Maren Kolmanskog hm g Gaardbrugerkone 1846 Bud Rom  
  Markus Kolmanskog s ug Søn, jordbrugsarbeider og fisker 1876 Bud Rom  
  Serianna Kolmanskog d ug Datter, kreaturstel og husstel 1878 Bud Rom  
  Olaf Håseth tj ug Tjenestegut, jordbrugsarbeide 1885 Bud Rom  
  Marianna Håseth tj ug Gjæterjente 1890 Bud Rom  
  Kristoffer Håseth tj ug Tjenestgut, jordbrugsarbeide 1847 Grytten Rom  
  Marit Kolmanskog hm e Føderaadsenke 1816 Læsje Krs  
  Ane Kolmanskog d ug Datter, husligt arbeide 1845 Grytten  
 
 
 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har kanskje denne, men her har du de innflyttet til Bud i 1850: https://media.digitalarkivet.no/kb20050707011071

 

Hadde forresten Torkel en bror ved navn Hans? I 1846 er Hans Christensen Kolstad registrert innflyttet til Bud. Han kom fra Grytten, men var født i Luster. Se nummer 11: https://media.digitalarkivet.no/kb20050707011068

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ruben Eugèn for spennande og interessante innlegg!

 

Eg har studert innleggi og har notert meg dødsdatoen til Hans Torkildson 12.10.1941 frå GENI med forbehold.  Eg ser at panteregisteret opererer med 13.10., men òg ser eg at Maren påstås avlidi i 1934, medan eg har 27.5.1924.  Til alt overmål har GENI-sida dødsdatoen 7.5.1924...  Diverre er ikkje dødsfalli frå Hustad frå denne perioden utlagde i skanna versjon, so me lyt vel då kontakta soknepresten, eller Statsarkivet i Trondheim...

 

Eg har blatt meg igjennom kyrkjebøkene (døypte) for Bud fram til 1857, men finn ikkje fleire born etter Torkild og Marit.  Eg gjekk igjennom gravlagde fram til 1866, men fann heller ikkje nokon der som eventuelt var avlidne i ung alder, so me kan kanskje slutta at dei ikkje fekk fleire born etter 1849?

 

Når det gjeld barneflokken til Hans og Maren, ser eg eit par «gap», til dømes mellom Serianna og Torsten, og ogso før og etter Kristen...  Kanskje hadde dei nokon som døydde kort etter fødsli?

 

So var det spørsmål om Hans Christenson.  Jau, Torkild hadde ei bror med dette namnet.  Hans vart døypt i Luster 2.11.1813 og var yngst av åtte born.  Han flytte til Grytten i 1843 og i 1846 vidare til Bud for å tena å garden Hustad.  Man han d. ugift på Oksegrov i Fræna 24.8.1850.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torkild Christenson (Kolstad), døypt i Luster 15.7.1798, var ei tid i 1820-åri gardbrukar på Dalsøyri, men flytte so attende til Kolstad.  Han gifte seg første gongen 11.1.1842 med Christi Christensdotter frå Alme, døypt i Luster 4.8.1806.

Torkild og Christi flytte alt hausten 1842 til garden Gyldenskog i Hen sokn, Grytten i Romsdalen der Christi d. som gardbrukarkone alt 27.11.1847.  Torkild gifte seg so att i Grytten 13.4.1849 med Marit Hansdotter, opphavleg frå Rislykkja i Lesja, men då busett på Stavem i Grytten.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Knutson på Rislykkja nordre i Lesja, opphavleg frå Lysbakken, og kona Kari Knutsdotter frå Rise og f. i Lesja 14.10.1816, men flytte til Grytten i 1837.  I 1849 flytte Torkild og Marit til Kolmandskogen i Bud der dei sidan vart buande som gardbrukarar til sonen Hans overtok etter dei.  Torkild d. som kårmann på Kolmandskog 22.9.1883, medan Marit d. som kårenkje same staden 20.11.1907.  Torkild fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

a. Christen Torkildson, f. i Grytten 28.2.1843, var fiskar og miste livet på havet saman med fleire andre 2.3.1885.  Han var ugift og budde heime på Kolmandskogen i Bud.

b. Anna Torkildsdotter, f. i Grytten 12.4.1845, d. som budeie på Kolmandskogen i Bud 30.4.1919, ugift.

c. Christopher Torkildson, f. i Grytten 24.11.1847, d. som arbeidar på Kolmandskogen i Bud 15.7.1913, likeins ugift.

d. Hans Torkildson, f. i Bud 29.12.1849, d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – sjekka dødsdatoen?)

 

     12.10.1941.  Hans gifte seg i Bud 16.6.1873 med Maren Marcusdotter frå Male i Bud, f. i Bud 16.11.1846.  Ho d. som kone på Kolmandskogen 27.5.1924. 

 

     ##### (sjekka dødsdatoen? – 1934?)

 

     Hans og Maren tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Kolmandskogen i Bud og budde der levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på søner og døtrer?

            * Marie, f. Hustad, Bud 9.6.1874

            * Markus, f. Hustad, Bud 29.5.1876 – n. 1900

            * Serianna, f. Hustad, Bud 1878 – n. 1900

            * Torsten, f. Hustad, Bud 13.1.1882

            * Teoline, f. Hustad, Bud 1.9.1884

            * Kristen, f. Hustad, Bud 20.1.1888)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.