Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Olson Dahl i Bergen - fødd i «Leirdal» - var han fødd i Leirdalen i Luster 1744 eller i Lærdal i 1753?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ein gong på 1990-talet hadde eg kontakt med ein person; eg meiner han budde i Danmark, som ætta frå ein Ole Olson Dahl i Bergen, som me den gongen TRUDDE kunne vera denne mannen:

 

Ole Olson, fødd på garden Leirdal i Luster som yngste son av Ole Otteson (1697-1744) og kona Britha Olsdotter (1706-1750?), vart døypt i Luster 6.9.1744, men vart foreldrelaus i ung alder og voks opp som «legdelem» i Luster!  Denne Ole trudde me flytte til Bergen og tok namnet Dahl.  Eg er nesten sikker på det var denne personen, som i 1801 budde i 15. rode nr. 103: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011301&gardpostnr=1381&personpostnr=9865&merk=9865#ovre

 

Ole DAHL, 53 år  bordarbeidsmann  gift 1ste gong

Lucia Christophersdotter, 41 år  hans kone  gift 1ste gong

Christopher Dahl, 12 år, son

Marthe Olina Dahl, 1 år, dotter

 

Undersøkjingskommisjonen frå 1804/1805 nemner Ole Dahl, bordarbeidsmann, 55 år, med fødestad «Leirdal» http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=3383&merk=3383#ovre

 

Ole Olson Dahl gifte seg i Domkyrkja i Bergen 22.5.1785 med Lucia Christophersdotter, og eg har registrert desse borni:

 

* Caroline, fødd Bergen 7.11.1785, døypt DK 13.11.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/128

 

* Christopher, fødd Bergen 1789, døypt DK 20.2.1789: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/156

 

* Ole Johan, fødd Bergen 21.5.1791, døypt DK 27.5.1791: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/27

 

* Marte, fødd Bergen 6.12.1794, døypt DK 14.12.1794: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/66

 

* Marte, fødd Bergen 4.6.1797, døypt DK 11.6.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/92

 

* Marthe Oline, fødd Bergen 15.12.1800, døypt DK 21.12.1800: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/135

 

* Dorothea, fødd Bergen 1.5.1806, døypt DK 11.5.1806: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/194

 

No ser eg at mellom fadrane er nemnde ei Cathrine Dahl og ein Knut Olson Dahl.  Ole Olson frå Leirdal i Luster hadde ingen bror Knut, men dersom Knut Olson Dahl verkeleg var ein bror av Ole Olson Dahl, som ein vel må gå ut ifrå som sannsynleg(?), finn me to brør i Lærdal som høver bra, søner av Ole Olson og Kari Johannesdotter:

 

** Ole Olson, fødd 27.10.1753, døypt i Tønjum sokn 1.11.1753: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/112

 

** Knut Olson, fødd 25.12.1755, døypt i Borgund sokn 6.1.1756: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/125

 

So då er spørsmålet:

 

*** Er Ole Olson Dahl i Bergen frå Lærdal og fødd 1753, eller er han frå Luster og fødd 1744?  Om ein kunne greidd å identifisera brørne Ole og Knut frå Lærdal, har me kanskje lykkjelen til svaret?

 

Eg trakkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

1801 tellingen plasserer Ole Dahl i Bergen midt mellom de to kandidatene. 53 år skulle tilsi at han var født rundt 1748. Så spørs det da om Ole Olsson og Kari Johannesdtr. også hadde en datter Cathrine?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Ved død i 1812 står Ole oppført som 65 år, altså født 1747/48.

 Født i Lejrdal.

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=17&filnamn=bedo1668&gardpostnr=62903&merk=62903

 

Vielse i Bergen:

Ole Olsen Dahl Lucie Christophersdatter ungk. daglønner pige i froepr. Mai 22 1785 DK

 

Er dette en bror av Ole ?

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000195448

 

Sønnen Christopher Dahl f. 1789 og  gift med Elen Marie Meyer, døde så vidt jeg husker i Melbourne Australia

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Ivar for interessante innlegg!

 

Noki Cathrine har eg ikkje finne i nokon av desse huslydene.  Ole Olson frå Leirdal i Luster hadde defiunitivt ikkje noki søster Cathrine, men heller ikkje finn eg ei i Lærdal....

 

Elles har Ivar ei spennande utsegn: «Sønnen Christopher Dahl f. 1789 og  gift med Elen Marie Meyer, døde så vidt jeg husker i Melbourne Australia»

 

Kva er kjelda di for denne utsegni?  Har huslyden vore debattert ein annan stad?  Kanskje det var ein etterkomar etter Christopher eg hadde kontakt med på 1990-talet?

 

Ingebrigt Olson Dahl, som døydde i Bergen 21.12.1810, var ei stor overrasking for meg.  Han har eg nemlig identifisert som fødd i Årdal og døypt der 10.11.1729.  Huslyden hans er drøfta i eit anna tema:

 

og eg vil leggja inn opplysningi om dødsfallet med diverse tilleggsfunn som ei oppdatering i nemnde tema!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bidrag til å kaste ljos over desse huslydane i Bergen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Hei Lars

 

Jeg var på utkikk etter en Christopher Olsen f. ca 1790 da jeg kom over Elen Marie Meyer og Christopher Dahl. Det viste seg å være feile folk, så jeg har kun noter denne linken.

http://hanseater.no/tng/familygroup.php?familyID=F4627&tree=hansa

 

At din Christopher døde i Melbourn tror jeg at jeg fant på Geni, så mulig det ikke er rett. Skal se om jeg finner det igjen i morgen.

 

Mvh

Ivar

 

PS

Jeg har ett innlegg ute her nå om en Vilhelm Sollmann som kom fra Bayern til Hamar rundt 1850. Har du noen gode tips om hvor jeg kan søke etter aner fra Bayern ?

 

Mvh

Ivar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nye innlegg om Dahl-ætti i Australia!

 

Diverre ser det ikkje ut til at vedkomande som har lagt ut desse opplysningane på nettet, har gått noko lenger med å sjå på opphavet til denne Dahl-ætti, so då er me i grunnen like langt.  MEN, jo meir eg tenkjer gjennom saki, jo meir overtydd vert eg om at det er Ole Olson frå Tønjum i Lærdal som «gøymer» seg attom Ole Dahl i Bergen.  Hadde berre kyrkjeboki for Lærdal vore betre ført med omsyn til stadnamn, so kunne me finne att desse folki i bygdeboki...

 

Vel, etter ein del blaing i Lærdalsbøkene trur eg at eg kan vera på spor etter opphavet til denne huslyden!

 

Ole Olson og Kari Johannesdotter synes vera vigde kring 1750, på den tidi som kyrkjebøkene har ein lakune, men før dei vart gifte, fekk dei ei dotter:

 

* Cecilia, døypt i Borgund 18.12.1746: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/108

Mellom fadrane hennar finn me Halvor Husum og Martha Husum.  Denne Halvor var òg faddar for Knut i 1756 (sjå innlegg #1), og han finn me i bygdeboki som Halvor Olson, gardbrukar på Husum.  Han hadde ei stemor som heitte Martha Agrimsdotter, og denne Martha hadde i ekteskapet sitt med far hans Halvor mellom anna ein son: Ole Olson, fødd 1720, som framleis var ugift i 1744!!  Denne Ole Olson er etter mitt syn ein klar «kandidat» for Ole Olson gift med Kari Johannesdotter og soleis far til Ole Olson Dahl i Bergen!

 

I tillegg til Cecilia, Ole og Knut, hadde Ole Olson og Kari Johannesdotter òg ein son:

 

* Johannes, fødd i Borgund 3.9.1758: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/145

Denne Johannes Olson finn me att som husmann på Steingjerdet under Husum, og etter omtalen av huslyden hans i bygdeboki skriv bygdebokforfattar Alfred Espe følgjande: «Johannes var son til ein for oss ukjend Ola Olsson og kona Kari Johannesd.  Johannes hadde ein eldre bror, Knut Olsson (1756-    ), som me heller ikkje kan plassera.»

 

Kvar Ole Olson og Kari Johannesdotter kan ha butt, veit me ikkje, men eg trur ganske bestemt det må ha vore i dette nabolaget!  Kanskje var dei plassfolk på Steingjerdet under Husum FØR Johannes kom dit?

 

Om nokon har andre syn på denne problemstillingi, høyrer eg gjerne om det, og eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne debatten frå juni i fjor.

 

Eg har i dag studert samanhangane i denne huslyden noko meir, men kjem ikkje fram til andre konklusjonar enn dei eg hadde i fjor.  Og når det gjeld Knut Olson Dahl, som eit par gongar er nemnd faddar for born av Ole og Lucia, finn eg han:

 

FT Bergen 1801, enkjemann etter andre ekteskap, 52 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390012862

 

Første vigsli hans i Domkyrkja 1784: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000993792

 

Andre vigsli hans i Krosskyrkja 1790: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000431895

 

Ogso alderen til Knut er sett fleire år for høgt i 1801, men me veit jo frå før at me ikkje alltid kan stola 100% på aldrane som der vert oppgjevne...  Viktigare her er å merka seg at første kona hans hette CATHRINE, og der har me nok faddaren frå 1785!

 

Opphavet til denne Dahl-ætti synest for meg å vera løyst, men so var det spørsmål om Lucia Christophersdotter, kona til Ole Olson Dahl.  Kven kan ho ha vore?  Alderen hennar er oppgjevi til 41 år i 1801.

 

Då ho døydde i 1836, var ho 75 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040656

 

Tek me omsyn til at ho fekk born mellom 1785 og 1806, kan ho neppe vera fødd noko særleg før 1760, heller eitt år eller to etter...  Ingen Christopherssøner eller -døttrer er nemnde som fadrar til nokon av borni, so me får vel eit inntrykk av at ho har vore ganske so «åleine» i Bergen.

 

Eg ser i farten berre desse alternativi, alle ganske «fjerne» frå Bergen:

 

* Berit Lucia Christophersdotter, fødd i Rødøy 1761: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003495967

 

* Elen Lucia Christophersdotter, døypt i Borgund (Sunnmøre) 20.1.1760 av far Christopher Tisløv

 

* Lucia Christophersdotter, fødd i Tolga 1760: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005444355

 

Jenta frå Borgund på Sunnmøre er den «næraste», men jenta frå Tolga ser spesielt interessant ut, for ho har ei mor som heiter Marit!  Eldste dotteri til Ole Dahl og Lucia i Bergen, Caroline, vart nok oppkalla etter mor hans (Kari), men neste dotteri heitte Marte - kan henda oppkalling etter mor hennar!?

 

Kanskje bygdebøkene for Borgund og Tolga kan gje vidare opplysning?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Thomas Svendsen
Skrevet (endret)

Hei, jeg er etterkommer av Ole Olson Dahl og Lucia Christophersdotter, (via Christopher Dahl og Elen Marie Meyer som også er nevnt her).

 

Jeg har vært og lusket i denne tråden flere ganger og er helt med på logikken som er ført og at gåten trolig er løst. Selv om jeg synes fødselsåret er litt sketchy, spesielt med tanke på aldersforskjellen til konen fra før. Altså, jeg ville heller trodd han oppga en yngre eller riktig alder fremfor 5 år eldre, men nå aner jeg ikke hvordan tellingene ble utført.

 

Uansett, fikk i dag melding av en canadier som har dna-matchet med meg, der eneste skandinav i treet hans var Paul Dahl født 1754 i Sverige og utvandret til Tyskland.  Alle Dahl-ene i mitt tre strekker seg alle tilbake til Ole Olsen Dahl i Bergen.     

Uten at det endrer noe av det som er funnet, eller at Ole og Paul nødvendigvis hører sammen i det hele tatt, så fikk det meg til å lure på om det kunne vært mulig at Ole Dahl ble født i Lerdal, Sverige?

Hva tenkes om det?

Endret av Thomas Svendsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Thomas for nytt innlegg!

 

Eg hadde for nokre veker sidan ei direkte melding om opphavet til Ole Olson Dahl, og det var etter denne meldingi at eg gjekk inn og skreiv innlegg #8 ovanfor.  Eg veit etter mange års erfaring at alderen oppgjeven i FT1801 kan variera med fleire år i båe retningar, og etter mitt syn er fakta her heilt klare:

 

Knut Olson Dahl og Cathrine Dahl var fadrar for Caroline, eldste dotteri til Ole fødd i 1785, og eg meiner eg observerte at Knut Dahl òg kjem att sidan som faddar for eitt av dei yngre borni.  Knut og Cathrine kan ikkje vera nokon andre enn bror og svigerinne til Ole Olson Dahl.  Me ser òg at alderen til Knut Olson Dahl i 1801 ligg fleire år for høgt.

 

Hadde det vore ein tanke å freista DNA-samanlikning med etterkomarar etter Knut Olson Dahl eller eventuelt etter broren Johannes Olson Dahl, som vart buande i Lærdal?

 

Eg takkar nok ein gong for alle nye innspel om denne huslyden.  Kanskje nokon greier identifisera Lucia?  Dersom ho verkeleg var frå Tolga, so er me nær svenskegrensa...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.