Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Maren Nilsdotter - fødd i Hafslo 1844 - i 1910 Maren Jakobsen - enkje og vaskearbeidar i Tromsø - kvar vart det av ho til sist?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i årevis vore på leiting etter lagnaden til denne jenta frå Hafslo i Sogn, som i 1859 flytte med foreldri sine til Målselv der ho budde til ho som enkje i 1899 flytte til Tromsøysundet for å bu hjå einaste attlevande son sin.  I 1910 finn me so att som vaskearbeidar i Tromsø, men det siste staden eg har finne ho nemnd:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036945003803

 

Her følgjer manuskriptet mitt for Maren:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Maren Nilsdotter (Urnes), f. i Hafslo 9.12.1844,

Maren Nilsdotter flytte til Målselv med foreldri i 1859 og gifte seg i Målselv 29.12.1879 med enkjemannen Jørgen Jacobson, opphavleg frå Storlien på Dovre.  Han var son av gardbrukar Jacob Ingebrigtson på Storlien, opphavleg frå Barlund i Fron, og kona Brit Johnsdotter frå Betaveløkken under Haugen på Dovre og var f. på Dovre 30.3.1826.  Han gifte seg første gongen i Målselv 20.11.1853 med Karen Jacobsdotter frå Sandbakken i Målselv, Lenvik.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Larsson på Sandbakken, opphavleg frå Hugdal, og kona Olava Willumsdotter frå Fosshaug og f. i Målselv, Lenvik 17.1.1828.  Jørgen og Karen var gardbrukarar på Holmen i Målselv, men Karen d. på Olsborg i Målselv 26.12.1863.  Som enkjemann budde Jørgen ei tid på Karlstad i Målselv der han livnærte seg som vedhoggar og tømmermann, men han og Maren slo seg ned som husmannsfolk på ein plass under Målsnes i Målselv der Jørgen d. 24.2.1899.  Maren flytte same året til son sin på Mellemjorden nordre i Tromsøysund der

 

 

¤¤¤¤¤ (budde der 1900 – 1910 enkje reingjeringsassistent i Tromsø Maren Jakobsen - sidan??)

 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – ikkje finni Tromsø ut 1935!)

 

 

Jørgen Jacobson fekk i alt sju born; av dei var desse to frå andre ekteskapet med Maren, som dessutan hadde ein son frå før:

a. Ole Meyer Eriksen, son av Maren og gardbrukar Erik Erikson på Målsnes i Målselv (1842-    ), var f. i Målselv 5.9.1871 og d. i Tromsø 2.12.1932.  Ole gifte seg i Tromsøysund 8.10.1897 med Thora Serine Marie Berntsdotter Jacobsen frå Steinlien i Tromsøysund, f. i Tromsøysund 18.5.1878.  Ho d. i Tromsø 11.12.1952.  Ole var ei tid fiskar, og han og Thora var gardbrukarar på Mellemjorden nordre i Tromsøysund, men flytte sidan til Tromsø der Ole fekk arbeid som torgoppsynsmann.  Dei fekk fem born i lag.

b. Karen Jensine Jørgensen, f. i Målselv 10.5.1877, d. i Målselv 19.3.1883.

c. Ingvard Marinus Jørgensen, f. i Målselv 9.9.1879, d. i Målselv 17.3.1883.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har blatt igjennom kyrkjebøkene for Tromsø (avlidne) til og med 1935 og har ikkje finne dødsfallet hennar der, MEN med mine dårlege auge KAN eg ha oversett ho...  Eller kan ho ha gift seg att etter 1910?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for perfekte opplysningar!

 

Ogso takk for den tilsende basereferansen for gravlagde i Tromsø.  Den vil eg nok få nytte av ogso når det gjeld andre manglande dødsfall i området!

 

Problemet er løyst, og eg er berre kjempenøgd!  Nok ein kjempetakk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.