Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Larsson på Kjær i Tysfjord - fødd i Hamarøy 1855 - kva lagnad fekk han? - døydde han i Tysfjord før 1945?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1910 for garden Kjær vestre i Tysfjord (gnr. 61, bnr. 3-5) syner denne huslyden:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036928002945

 

Ifølgje kyrkjeboki for Hamarøy var husbonden Lars Larsson Kjær fødd der 6.9.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/2623/64

 

Eg har fått opplyst at kona hans, Josephine Karoline Røst Villadsdotter, fødd i Lødingen 25.6.1861, skal vera avlidi som ENKJE på Kjær ytre i Tysfjord 26.3.1945, men til tross for blaing i kyrkjebøkene for Tysfjord, kan eg ikkje finna noko dødsfall for Lars til og med 1936!  Eg kan sjølvsagt ha oversett han, eller han døydde mellom 1936 og 1945?  Eg meiner eg for ei tid sidan hadde kontakt med sokneprestkontoret i Tysfjord, men dei fann han heller ikkje...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til å finna dødsfallet til Lars!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget frå førre veke!

 

Eg kan i dag ikkje hugsa kvar eg fekk den opplysningi om dødsfallet til Josefine Karoline Røst Villadsdotter, men eg veit eg var i kontakt med det lokale kyrkjekontoret, og dei greidde ikkje å finna noko dødsfall for Lars Larsson Kjær!

 

Eg er klar over at dette spørsmålet inngår som ein del av det andre større emnet om huslyden til Anders Kristensen, men ville henta ut denne detaljen for betre å fokusera....

 

Men det ser diverre ut til at dødsfallet til Lars Larsson Kjær er og vert ei stor utfordring...  Men om han ikkje døydde i Tysfjord, kvar kan han då vera avliden?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi som framleis står uløyst.

 

Det vert nok ikkje so lett å finna svaret, men det er lov å vona, og det gjer eg!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om dødsfallet til Lars Larsson Kjær!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager

Hei!

 

Tok en titt i panteregisteret på eiendommen Kjær Vestre, i og med at det noen ganger er notert dødsdato i forbindelse med at kåret da opphører.

 

Dessverre står det kun at det er utstedt dødsattest for både Lars og Josefine den 29.10.1954:

SAT, Steigen og Ofoten sorenskriveri, 2/2A/L0021: Panteregister nr. 21, s. 167 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20080131670168

 

Mvh Bente

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bente for siste innlegget og freistnaden på å finna dødsfallet til Lars Larsson Kjær.

 

Kan Lars vera avliden ein annan stad enn i Tysfjord?  Eller har presten gløymt å føra inn dødsfallet i kyrkjeboki?

 

Eg vonar framleis at dødsfallet hans kan finnast og takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×