Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Larsson på Kjær i Tysfjord - fødd i Hamarøy 1855 - kva lagnad fekk han? - døydde han i Tysfjord før 1945?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1910 for garden Kjær vestre i Tysfjord (gnr. 61, bnr. 3-5) syner denne huslyden:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036928002945

 

Ifølgje kyrkjeboki for Hamarøy var husbonden Lars Larsson Kjær fødd der 6.9.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/2623/64

 

Eg har fått opplyst at kona hans, Josephine Karoline Røst Villadsdotter, fødd i Lødingen 25.6.1861, skal vera avlidi som ENKJE på Kjær ytre i Tysfjord 26.3.1945, men til tross for blaing i kyrkjebøkene for Tysfjord, kan eg ikkje finna noko dødsfall for Lars til og med 1936!  Eg kan sjølvsagt ha oversett han, eller han døydde mellom 1936 og 1945?  Eg meiner eg for ei tid sidan hadde kontakt med sokneprestkontoret i Tysfjord, men dei fann han heller ikkje...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til å finna dødsfallet til Lars!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget frå førre veke!

 

Eg kan i dag ikkje hugsa kvar eg fekk den opplysningi om dødsfallet til Josefine Karoline Røst Villadsdotter, men eg veit eg var i kontakt med det lokale kyrkjekontoret, og dei greidde ikkje å finna noko dødsfall for Lars Larsson Kjær!

 

Eg er klar over at dette spørsmålet inngår som ein del av det andre større emnet om huslyden til Anders Kristensen, men ville henta ut denne detaljen for betre å fokusera....

 

Men det ser diverre ut til at dødsfallet til Lars Larsson Kjær er og vert ei stor utfordring...  Men om han ikkje døydde i Tysfjord, kvar kan han då vera avliden?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi som framleis står uløyst.

 

Det vert nok ikkje so lett å finna svaret, men det er lov å vona, og det gjer eg!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om dødsfallet til Lars Larsson Kjær!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bente L. Skjager

Hei!

 

Tok en titt i panteregisteret på eiendommen Kjær Vestre, i og med at det noen ganger er notert dødsdato i forbindelse med at kåret da opphører.

 

Dessverre står det kun at det er utstedt dødsattest for både Lars og Josefine den 29.10.1954:

SAT, Steigen og Ofoten sorenskriveri, 2/2A/L0021: Panteregister nr. 21, s. 167 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20080131670168

 

Mvh Bente

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bente for siste innlegget og freistnaden på å finna dødsfallet til Lars Larsson Kjær.

 

Kan Lars vera avliden ein annan stad enn i Tysfjord?  Eller har presten gløymt å føra inn dødsfallet i kyrkjeboki?

 

Eg vonar framleis at dødsfallet hans kan finnast og takkar på ny for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane
Posted (edited)

Eg vil i kveld gjerne på ny henta fram dette emnet som gjeld dødsfallet til Lars Larsson på Kjær i Tysfjord.

 

Me veit sikkert at Lars var i live i 1910, og panteregisteret (sjå innlegg #5) syner at Lars òg var i live i 1921.  I kveld har eg på ny saumfare klokkarbøkene frå Tysfjord 1921-1939, men utan resultat!!

 

Kanskje kan ei dødsannonse finnast?

 

Eg ville vorte svært so glad om nokon kunne greia finna dette dødsfallet og takkar endå ein gong for framifrå hjelp!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bjarne Rosenstrøm

På nb.no finder jeg disse 2 avisnotisene fra 2014 som åbenbart har med de personene du leter efter å gjøre:

 

https://www.nb.no/search?q="lars kjær"&mediatype=aviser&sort=dateasc&fromDate=20140101&toDate=20141231&counties=Nordland

 

Side 25
Kjær (Kjerr). Hans foreldre var Lars Larsen og hustru Josefine Karoline Villatsen. Min farfars sønn het Lars Kjær, og er min far. Jeg vil i nær fremtid besøke min farfars hjemsted, og er derfor interessert

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Jeg mistenker at dette er samme familie og at både Josefine og Lars var i live i slutten av 1941

kjerr.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjarne og Sven for nye interessante innlegg!

 

Dette er jo ein ganske so klar indikasjon på at Lars Larsson Kjær (eller Kjerr eller Larsen) må vera avliden mellom desember 1941 og oktober 1945!  So me kan vel seia at «snori tek til å snøra seg saman»...!

 

Eg meiner det var soknepresten i Tysfjord som fann dødsdatoen hennar Josefine i si tid, men han greidde ikkje finna dødsfallet hans Lars.  Kanskje er han innskriven som berre Lars Larsen og soleis oversett av presten?

 

Kanskje eg lyt freista på ny, no når me har so kort tidsrom å sjå på...?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne utfordringi!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.