Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Andersson Urnes - fødd i Hafslo 1864 - utvandra 1892 - rimelegvis til Richland Co., ND, men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Sjur Andersson Urnes, son av Anders Nilsson (1832-1887) og Ragnhild Andersdotter (1825-1917) husmannsfolk på Kvalej under Urnes i Hafslo, var fødd i Hafslo 16.6.1864: https://media.digitalarkivet.no/view/8393/104?indexing=

 

Han utvandra til Amerika i januar 1892: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=29488&merk=29488#ovre

 

Då Sjur utvandra, hadde han fem søsken som på den tidi budde i North Dakota, fire av dei i Richland Co., ND og den femte i Steele Co., ND, men eg kan ikkje sjå noko til Sjur nokon av desse stadane...

 

** Kanskje nokon kan hjelpa meg finna ei passasjerliste for å få ei stadfesting på at han verkeleg kom fram?

 

** Eller kanskje nokon greier finna att Sjur i Amerika?  Alle brørne hans skreiv seg for Anderson!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit spennande og svært utfordrande innlegg!

 

Opplysningane som du har finne, gjev oss verkeleg ein grunn til å lura på kvar Sjur er vorten av!  Eg ser han budde framleis i Hafslo i 1891 (ifølgje ein privat database losjerande på Bjørkeneset under Kroken i Hafslo, ugift arbeidsmann og jordarbeidar), men kva so?  Han synest ikkje vera i Noreg i 1900 eller i 1910!  Kan han vera avliden på veg til Amerika og gravlagd i Atlanterhavet?

 

Er det so at alle dei personane i passasjerlista som manglar «merknad», ikkje er å finna på ankomstlistene til USA?  I so fall er jo det ganske mange...

 

Eit sant «mysterium» dette. 

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å finna lagnaden til Sjur!  Eg vonar framleis at han vil dukka opp ein eller annan stad...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Egil, eg sat og ville sjå litt nærare på passasjerlistene i New York, og so fann eg denne Sjur Andersen som siglde frå København i april 1892 med Thingvalla...:

 

http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=Nzx2445&_phstart=successSource&usePUBJs=true&gss=angs-c&new=1&rank=1&gsfn=Sjur&gsfn_x=NP_NN_NIC&gsln=Anderson&gsln_x=NP_NN&msbdy=1864&msbdy_x=1&msbdp=2&msady=1892&msady_x=1&cpxt=1&cp=12&MSAV=1&MSV=0&uidh=008&pcat=IMG_PASSLISTS&h=4035679458&recoff=8 9&dbid=7488&indiv=1&ml_rpos=10

 

Men eg ser at reisemålet var ein eller annan by i Illinois, og kanskje var denne Sjur ein danske?  Elles ser at den neste passasjeren på lista, som reiste til same byen, Magda Tjærandsen, 20 år, hadde eit svært so «norskklingande» namn...

 

Kva meiner du, Egil?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å spora opp Sjur Andersson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

so fann eg denne Sjur Andersen som siglde frå København i april 1892 med Thingvalla..

 

Ja, jeg så også den, men fikk det ikke til å gå opp med avreisen, men når du ser på listen så er det mange norske. Kan han ha reist på et senere tidspunkt, evt. hatt et opphold i Danmark? Fra listen 29. januar så reiste også Rasmus Andersen med Thingvalla (Copenhagen and Norway) og ankom noe senere enn de andre som er nevnt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste kommentar!

 

Det er vel ikkje utenkjeleg at Sjur kan ha drøyd avreisa.  Kanskje var han i pengenaud og ville tena seg nokre «slantar» før han fór?

 

Men greier du (eller andre) å tyda namnet på den byen i Illinois som denne Sjur Andersen og dei to medpassasjerane hans hadde som reisemål?  Det ser for meg ut som «Posten, Ill.», men nokon slik by finn eg ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å finna att Sjur Andersson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det ser for meg ut som «Posten, Ill.», men nokon slik by finn eg ikkje...

 

Posen, Ill er et sted, men det er da en T inni der.... - kan andre bokstav være en A?

 

Legger ut bilde så kan andre hjelpe til også...

 

1892_Reisemål.jpeg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.