Gå til innhold
Arkivverket

George Charles Henry Williams - fødd i Canada 1872/1873 - gift St. Paul., MN kring 1927(?) med enkja Martha Urness Johnson (1878-1937) - kven var denne «mystiske» Mr. Williams? - kjempeutfordring USA?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi har eg slite med i mange år, og eg står heilt «bom fast»!  Kanskje nye auge kan sjå på saki og oppdaga noko som eg har oversett?

 

Martha Urness, fødd i Douglas Co., MN 23.1.1878, dotter av emigrant Ole Johannesson Urnes frå Hafslo i Sogn (1840-1899), gifte seg første gongen i Douglas Co., MN 15.9-1901 med søskenbarnet John A. Johnson, fødd i Douglas Co., MN 17.10.1871, son av Christi Johannesdotter Urnes frå Hafslo (1848-1909).

 

Dette parfolket busette seg i St. Paul, Ramsey Co., MN der John døydde 24.2.1919, og i 1920 finn me Martha som enkje i St. Paul, MN:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRX7-YTX?i=11&cc=1488411

 

Martha gifte seg att ein gong på 1920-talet, truleg i St. Paul, MN (vigsli har eg aldri greidd å finna...), med denne «mystiske» karen, som opptrer med alle desse namni:

 

George Charles Henry Williams, fødd i Canada kring 1872/1873.

 

Her er Martha med denne nye ektemannen i St. Paul, MN 1930, her kalla Charles H. Williams (son hennar med namn Dean har feilaktig ættenamnet Williams...):

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHZ-4YR?i=42&cc=1810731

 

Det er oppgjeve at han flytte inn til USA i 1911 og at han gifte seg første gongen i ein alder av 45 år.  Dette siste trur eg er feil, for i 1920 var, som me har sett, Martha framleis åleine som enkje.

 

Eg har «analysert» fleire city directories frå St. Paul, MN og finn Mr. Williams som fireman, electrician og construction worker med ulike namn ulike år.  Ein gong står det George C. H. Williams, eller står det George C. Williams, Charles H. Williams eller sogar Charles Henry Williams!

 

Martha døydde i St. Paul, MN 31.5.1937, og på dødsattesten er mannen kalla Charles Henry Williams (sjå under)

 

Kan nokon hjelpa meg identifisera denne George Charles Henry Williams?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Williams death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hei, 

Attesten er signert av datteren, d Jul 1975,  som var gift med James Cotts

 

Name: Amy Olivia Evangeline Johnson
Event Type: Baptism
Birth Date: 4 Oct 1902
Baptism Date: 23 Nov 1902
Baptism Place: Elbow Lake, Minnesota, USA
Father: John A Johnson
Mother: Martha Johnson
Church Name: St Petri Lutheran

Church Location:

 

 

 

Evansville, Minnesota

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=103236697

 

 

 

Home in 1930:St Paul, Ramsey, Minnesota

James Cotts 40

Amy Cotts 27

James Cotts 8

 

Home in 1940:La Crosse, La Crosse, Wisconsin

 

NameAge

James Cotts 50

Amy O E Cotts37

James M Cotts 18

 

Name:James Marshall Cotts

Birth Date:12 Jan 1922

Birth Place:Ramsey, Minnesota, USA

Father's Surname:Cotts

Mother's Maiden Name:Johnson

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=11657632&ref=acom

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Stine for interessant innlegg om Amy Johnson Cotts.

 

På 1980-talet hadde eg kontakt med ein slektning av denne huslyden.  Eg kan ikkje hugsa kven det var, men vedkommande fortalte meg at Charles Henry Williams var kjend under namnet George Williams!  Berre so synd at eg den gongen ikkje hadde høve til å gå saki nærare etter «i saumane»...  No er nok dei borte som hadde visst...

 

Eg har nettopp gjort ein ny gjennomgong av St. Paul, MN city directories på ancestry.com og har finne følgjande:

 

Me veit frå FT1920 at Martha Johnson då som enkje budde på 207 Granite i St. Paul, MN, og her ser me «utviklingi» hennar:

 

1920: Martha Johnson (wid. John), 207 Granite

1921: Martha Johnson (wid. John A.), 224 Granite

1922: Martha Johnson (wid. John A.), 218 Granite

1924: Mrs. Martha Johnson, domestic, 746 Wells

 

Denne siste er spesielt interessant, for her kan me samanlikna med George/Charles Williams:

 

1924: Charles H. Williams, fireman, 746 Wells

1925: Charles H. Williams, fireman, 746 Wells

1926: George C. H. Williams, electrician, 746 Wells

1927: George C. Williams, electrician, 746 Wells

1928: George H. (Martha) Williams, laborer, 746 Wells

1930: George N(!). (Martha) Williams, electrician, 746 Wells

1931: Charles H. (Martha) Williams, laborer, 746 Wells

1932: Charles H. (Martha) Williams, fireman, 746 Wells

1933: George H. (Martha) Williams, electrician, 746 Wells

1934: Charles H. (Martha) Williams, electrician, 746 Wells

 

Det er tydeleg at Martha i 1923 eller 1924 flytte inn som hushaldar hjå George/Charles Williams på 746 Wells, men samstundes synest det klart at George/Charles må vera flytt til St. Paul, MN på same tid, for han er ikkje å sjå i åri 1920-1923, d.v.s. det er fleire med namn Charles og George, men dei budde andre stadar og hadde andre yrke!  Det er heller ingen George/Charles Williams å sjå i Minnesota i 1920 som høver i alder og fødestad...

 

City directories 1924-1927 syner ikkje namn på konene, men George/Charles og Martha ser ut til å ha gift seg i 1924 eller 1925...

 

Det er utruleg kor mykje det er mogeleg å lesa ut av city directories...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne Mr. Williams, og lever i voni...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

So har eg motteke ein kopi av følgjande vigselsattest frå St. Paul, MN:

 

Charles Henry Williams of Ramsey Co., MN

Martha Johnson of Ramsey Co., MN

married by the Judge of Municipal Court of Ramsey Co., MN on Jan. 26, 1924

in presence of Florence Johnson and J. C. Thorson

 

So, diverre, ikkje noko meir å henta der.

 

Den store utfordringi står soleis framleis uløyst:

 

** Kven var George Charles Henry Williams og kvar vart det av han etter at Martha døydde i 1937?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips til løysing av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.