Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Arthur Daniel Larsen (1884-1908) La Crosse, WI - kven var kona hans, som eg trur heitte Martha Honegger? - amerikansk utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ei ny utfordring i Wisconsin som eg har «kjempa» lenge med, men som eg no står «bom fast» på.  Kanskje andre auge ser noko eg ikkje har oppdaga?

 

Arthur Daniel Larsen var fødd i La Crosse, WI 7.5.1884 som son av Peder Larsen frå Hafslo og Anna Christine Kolberg frå Levanger.  Han døydde i La Crosse, WI 14.8.1908, berre 24 år gamal!

 

Dødsattesten hans (som eg diverre ikkje har kopi av) syner at han var målar, og han var «married», men om førenamnet hennar stod, kan eg ikkje hugsa...  Ein kort obituary seier berre at «då han vart sjuk (truleg tæring-tuberkulose), flytte han til San rancisco, CA», men kan kom altso snøgt attende til La Crosse, WI og døydde der.  Kone eller born er ikkje nemnde!

 

Den EINASTE gode «kandidaten» som eg so langt har finne for vigsli til Arthur, er denne frå Winona, MN (rett over Mississippi-elvi frå La Crosse, WI) 3.12.1906 med ei Martha Honnegger.  Dei einaste eg ikkje liker med denne vigsli, er at dei båe var «of Brown Co., SD»:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9CG-S6W?i=750&cc=1803974

 

MEN, eg ser av FT1900 to stk. Martha Honegger/Homegger i South Dakota:

 

* Denne gift med Jacob i Chamberlain, Brule Co., SD, fødd i WI Jan. 1872 av tyske foreldre:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DY3S-4SF?i=6&cc=1325221

 

* Denne gift med John i Sioux Falls, Minnehaha Co., SD, fødd i WI Jan. 1873 av tyske foreldre:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WM9-2L7?i=18&cc=1325221

 

Båe mennene var «saloon keepers» og ser svært so liken but..., truleg er det same Martha båe stadar...?

 

Jacob og Martha var 1895 i LuVerne, Rock Co., MN:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DZ43-NWZ?i=10&cc=1503031

 

So finn eg i FT1910 for Milwaukee, WI denne barnlause enkja Martha Larson på 36 år, fødd i WI av tyske foreldre:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBG-XY5?i=32&cc=1727033

 

Fleire av brørne til Arthur frå La Crosse, WI budde i Milwaukee, WI på den tidi, so kanskje difor...?

 

Har eg finne «rett» vigsle og «rett» Martha?  Men i so fall:

 

** Kven var ho og kvar vart ho av etter 1910?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

AHA, FT1910 for Aberdeen, Brown Co., SD syner ein «saloon proprietor» Jacob Honegger i andre ekteskap.  Kanskje vart han og Martha skilde, medan dei budde i Aberdeen, Brown Co., SD?  Då ville jo dette med «of Brown Co., SD» høva «perfekt»!

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GTXN-9DGC?i=5&cc=1727033

 

Han er framleis i Aberdeen, Brown Co., SD som John J. Honegger i 1920, fødestad Baden:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNV-7JR?i=13&cc=1488411

 

Her i FT1930 same stad:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZJ-LSK?i=4&cc=1810731

 

Og her i FT1940, so Minnie Honegger som enkje:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-5WQC?i=2&cc=2000219

 

Her er vigsli i Hughes Co., SD 9.10.1907 for Jacob J. Honegger «of Brown Co., SD» og Minnie Sorby «of Montevideo, MN» (sorry, finn ikkje denne hjå FamilySearch):

 

https://www.ancestry.com/interactive/8561/SDVR_MCI_1-0217?pid=643490&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx3244%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DJacob%20John%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DHonegger%26gsln_x%3DNP_NN%26msgdy%3D1900%26msgdy_x%3D1%26msgdp%3D10%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26h%3D643490%26recoff%3D7%209%26dbid%3D8561%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx3244&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Gravi til John Jacob Honegger 1868-1932 (dødsdato 20.11.1932 frå South Dakota Death Index):

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Honegger&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=44&GScntry=4&GSob=n&GRid=107562751&df=all&

 

Gravi til Minnie Honegger 1887-1978:

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Honegger&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=44&GScntry=4&GSob=n&GRid=157333689&df=all&

 

Det ser då meir og meir ut som om eg har «rett» huslyd, eller??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om opphavet og lagnaden til Martha Honegger Larsen...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg motteke nye opplysningar frå Amerika i denne saki:

 

John Jacob Heinegger og Martha Wegner gifte seg i Chicago, IL 21.7.1903:

 

Name Jacob J. Heinegger
Age 36
Birth Year (Estimated) 1867
Birth Date 1867
Spouse's Name Martha Wegner
Spouse's Age 30
Spouse's Birth Year (Estimated) 1873
Spouse's Birth Date 1873
License Type Marriage
Event Date 21 Jul 1903
Event Place Chicago, Cook, Illinois

 

Om dei hadde vore skilde i mellomtidi eller korleis det var, veit eg ikkje, men dette MÅ jo vera «våre» folk.  Originaldokumentet seier at John var frå Sioux Falls, SD, medan Martha var frå Milwaukee, WI, og då ser det ut til at ho må vera identisk med Martha i huslyden til Siegfrid Wagoner i Milwaukee, WI 1880:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-9CGP?i=13&cc=1417683

 

Ulike family trees på ancestry.com syner at huslyden skreiv seg for WEGNER.  Diverre har eg ikkje finne noko tre som seier noko om lagnaden til Martha, men:

 

* Faren Siegfried Wegner døydde i Pewaokee, Waukesha Co., WI 13.9.1929

 

* Broren Robert Wegner døydde i Los Angeles, CA 25.9.1953

 

Kanskje greier ein eller annan å finna OBITUARIES for i alle fall ein av desse, so er kanskje Martha nemnd som dotter eller søster?

 

Eg har ei kjensle av at me nærmar oss «mål», og eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegg!

 

Eg er forundra over namneformi Wagner på gravstøtta.  Ved nærare ettersyn ser eg han der er gravlagd i lag med andre kona Louise som han gifte seg med i Milwaukee, WI 2.3.1896.  Kanskje dei endra namnet frå Wegner til Wagner?

 

Om ein ser på vigselsregisteret for Milwaukee, WI, finn me vigslene til so å seia alle borni til Siegfried og første kona Johanna der under namnet Wegner (Mathilda 1882, Anna i 1887, Celia i 1895 og Robert i 1900)...

 

Her er gravi til mori til desse søskeni, Johanna Wegner:

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=140598399&ref=acom

 

Eg er spent på kva eventuelle obituaries kan fortelja oss...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» i snart fire veker...

 

Eg er framleis på leiting etter dødsfallet til Martha Wegner Honegger Larson, som truleg døydde med eit anna etternamn etter at ho sat som enkje i Milwaukee, WI i 1910 og rimeligvis gifte seg att...

 

For å komma på spor etter ho, vil truleg obituaries etter desse slektningane hennar vera til stor hjelp (jmf. innlegg #3):

 

* Faren Siegfried Wegner døydde i Pewaukee, Waukesha Co., WI 13.9.1929

 

* Broren Robert Wegner døydde i Los Angeles, CA 25.9.1953

 

Er det nokon som greier å finna desse?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag fått ei melding som går ut på at avisarkivet i Milwaukee, WI mellombels er utan søketilgong:

 

https://tinyurl.com/zprllo3

 

Der ville truleg obituarien til Siegfried Wegner (Wagner) vore å finna, men kanskje nokon veit råd?

 

Eg takkar på ny for all bistand i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» i over eitt år og som det hadde vore so kjekt å få klart opp i før neste (siste) bandet av bygdebokserien vår no skal utgjevast.

 

Det er framleis ei stor gåte kvar det vart av Martha Larsen etter 1910.  Eg vil gissa på at ho vart attgift og at ho då er nemnd i obituaries etter far sin eller bror sin, som referert over;

 

* Faren Siegfried Wegner døydde i Pewaukee, Waukesha Co., WI 13.9.1929

 

* Broren Robert Wegner døydde i Los Angeles, CA 25.9.1953

 

Men i ettermiddag har eg òg leitt litt meir etter andre søsken, og eg har nokre spennande opplysningar å by på:

 

* Søsteri Mathilde Wegner som 3.9.1882 gift seg med John F. Johns, døydde alt i 1888, medan mannen John F. Johns, fødd 1862, døydde i 1924 - dei er gravlagde i Milwaukee, WI, men her hjelper det jo lite med ein obituary!

 

* Søsteri Anna Wegner gifte seg i Milwaukee WI 23.10.1889 med Ferdinand Reise, fødd i Tyskland kring 1860.  Dei busette seg i Milwaukee, WI der me finn Anna Reise som enkje i FT1940:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9M1-66L4

 

* Søsteri Celia Wegner gifte seg i Milwaukee, WI 28.5.1895 med Jacob Frederick Hecker, fødd i Tyskland 1.11.1873.  Dei budde òg i Milwaukee, WI der me finn dei i FT1940:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-6Q71

 

Og her er Mrs. Celia W. Hecker i Milwaukee, WI city directory for 1949, so då levde ho framleis:

https://www.ancestry.com/interactive/2469/14590598?pid=1127596528&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D1127596528%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx14761%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx14761&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Gudskjelov er namn som Anna Reise og Celia Hecker ganske so «uvanlege», so kanskje det er mogeleg å søka etter obituaries?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å skaffa oversyn ver denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for eit interessant innlegg!

 

Eg har konstatert at Milwaukee Sentinel ikkje finst for den perioden me treng, men Milwaukee Journal er disponibel.

 

MEN, eg fann avisene frå 14.9. og 15.9. og fann ogso obituaries i båe, men då eg børja på 16.9.1929 fekk eg etter nokre sider berre opp blanke sider...  Gjer eg noko gale?  I det vesle biletet oppe til høgre såg eg at sidene var der, men eg fekk ikkje forstørra dei til lesberr storleiken...

 

Dette ser skikkeleg spennande ut!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg gjekk inn en gong til i aftes på Milwaukee Journal for 16.9.1929 og greidde å bla meg gjennom heile avisa utan å få opp nokon kvit skjerm, men eg fann ingen obituaries!

 

I dag har eg på ny bladd igjennom alle utgåvene frå 14.9. til 18.9.1929 av Milwaukee Journal og fann i dag òg obituaries i utgåva frå 16.9., men diverre ingen Wegner obituary.  Og Jornal Sentinel er diverre kkje tilgjengeleg for den aktuelle perioden, so eg kom ut «tomhendt».  Men avisene hadde mange interessante artiklar utanom dette, so det var spennande lesing...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!  Eg vil senda ein forespørsel om å leita etter dødsfalli til Anna Reise og Celia Hecker i Milwaukee, WI, so kanskje me kan få tak i nøyaktige dødsdatoar...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg oppdaga nettopp at find-a-grave hadde ein annan dødsdato for Sigfried Wegner enn den eg før har fått oppgjeven, 20.4.1929!

 

Og i Milwaukee Journal frå 20.4.1929 finn eg denne obituarien:

 

WEGNER, Saturday, Apr. 20, at 12 30 a.m.,

Siegfried Wegner, beloved husband of

Louisa (nee Nass), father of Paul and

Robert Wegner, Mrs. Anna Reise, Mrs. Ida

Falkenstein, Mrs. Cecelia Hacker, step-

father of Andrew and Rose Brock and

George Eckhoff, aged 92 years.  Funeral

Tuesday Apr. 23, at 2 p.m., from the resi-

dence at Pewaukee to the Baptist church.

Interment at Forest Hill cemetery.

 

Endå ei dotter er nemnd her, Ida Wegner Falkenstein, som må vera ho som i 1880 er kalla for Ellen og som gifte seg i Milwaukee med ein adelsmann frå Schlesien:

 

Name Max Hermann Freiherr Von Trutzschler-Falkenstein
Event Type Marriage
Event Date 22 Sep 1891
Event Place Milwaukee, Wisconsin, United States
Event Place Milwaukee, Wisconsin
Gender Male
Race White
Birthplace Borkowitz, Oberschlesien, Germany
Mother's Name Adele Auguste Von Kochlmann
Spouse's Name Ida Wegener
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Birthplace Milwaukee, Wis.
Spouse's Father's Name Siegfried Wegener
Spouse's Mother's Name Johanna C. Fr. Koepp

 

Dessutan har eg i dag motteke frå Amerika obituaries for dei to døtrene Anna og Celia:

 

Milwaukee Sentinel, Milwaukee, WI @ genealogybank.com

1947 May 16, pg 28

REISE: Anna (nee Wegner), passed away May 15, aged 76 years, at her residence, 3818 N 41st st, beloved mother of Elsie, Seattle, WA; Selma Schewe, Adelaide Bane, Hilda Smith, Lillian Lingenfelzer, Robert, Elmer and Harold, fond sister of Paul of Arlington, WA; Robert of Van Nuys, CA, and Celia Hecker; further survived by 2 sisters-ih-law, 2 daughters-in-law, 3 sons-in-law, 12 grandchildren and 5 great-grandchilden. Services Saturday, May 17, 2 pm, at Immanuel Baptist church, 2500 W Medford. Interment Wanderers' Rest. Friends may call at the Raasch Funeral Home, 2157 N 12th st, Fri, after 5 pm, and at the church on Sat from 11 am until time of service.


Milwaukee Journal Sentinel, Milwaukee, WI @ genealogybank.com

1951 Dec 21, pg 39

HECKER: Celia, Dec 20, 1951, aged 77 years, beloved mother of Mrs Erwin C Deising, sister of Robert and Paul Wegner; also survived by 2 grandchildren and 2 great-grandchildren. Services at the Fass Funeral Home 3601 N Oakland av, Mon. at 22 am. Interment Valhalla. In state after 2 pm Sun.

 

Alt dette seier oss heilt klart og tydeleg at Martha Wegner som hadde vore gift med Arthur Daniel Larsen døydde før 1929, so då veit ikkje korleis me skal komma vidare...

 

Kanskje er det nokon som har gode tips å komma med?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.