Gå til innhold
Arkivverket

Erik Olson og Guri Larsdotter - brukarar på Midtun i Årdal frå 1787 - kven var dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Erik Olson Midtun i Årdal, som døydde i Årdal 23.6.1792, 43 år gamal,

 

* Gravferdi: https://media.digitalarkivet.no/view/11595/127

 

gifte seg i Årdal 3.11.1770

 

* Vigsli 3.11.1770: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/222

 

* Trulovingi 23.9.1770: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/208

 

med Guri Larsdotter, som døydde i Årdal 4.2.1827, 84 år gamal. 

 

* Gravferdi: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/161

 

* Her er ho i FT1801, 57 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058396001787

 

Dei kom som brukarar til Midtun i Årdal i 1787, og Jon Laberg skriv i den gamle bygdeboki mellom anna følgjande om dei:

 

«Kven var so denne Eirik Olson?  Truleg var han son til Ole Eirikson som ei tid budde i Midtun, men heilt sikkert er det ikkje.  Kona hans heitte Gurid Larsdotter, og um hennar opphav veit me enno mindre.  Me kunde gissa på at ho var ei syster hans Nils Holsæter, men meir enn gissing vert det ikkje.»

 

Erik og Guri fekk fire born i lag:

 

* Ole Erikson, fødd (gard ikkje nemnd) i Årdal 4.2.1771 - dåp 24.2.1771: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/179

 

* Metta Eriksdotter, fødd (gard ikkje nemnd) i Årdal 11.10.1773 - dåp 24.10.1773: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/187

 

* Ole Erikson, fødd på Midtun i Årdal 17.2.1777 - dåp 2.3.1777: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/93

 

* Lars Erikson, fødd på Midtun i Årdal 8.3.1785 - dåp 10.4.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/11595/14

 

Guri Larsdotter vart konfirmert i Årdal i 1763, medan me har Erik Olson konfirmert i Årdal både i 1763 og i 1764.

 

Den nye bygdeboki for Årdal skriv ikkje noko om opphavi deira, men seier Erik var fødd i 1749, medan Guri var fødd kring 1743.

 

Kyrkjeboki for Lærdal syner 2 stk. Erik Olson fødde i Årdal mellom 1740 og 1750:

 

** Erik Olson, son av Ole Midtun, døypt 12.9.1745 - mor Gjertrud Eriksdotter

 

** Erik Olson, son av Ole Seim, døypt 18.11.1745 - mor Gjørond Eriksdotter

 

Kyrkjeboki for Lærdal syner 1 stk. Guri Larsdotter fødd i Årdal mellom 1740 og 1750:

 

** Guri Larsdotter, dotter av Lars Knutson husmann, døypt 1.11.1744 - mor Gjertrud Olsdotter

 

Denne siste Lars Knutson var fødd kring 1709 og gifte seg i Årdal 12.12.1734 med Gjertrud Olsdotter frå Høæreid.  Dei vart plassfolk på Geithus under Ve og var ogso foreldri til Nils Larsson Holsæter (1748-1827) som var faddar for to av borni på Midtun!  Det er soleis ikkje urimeleg å tru at Guri Larsdotter var frå Geithus.

 

Men kva med Erik Olson?  To fødde og to konfirmerte.  Og me har òg to vigde:  I tillegg til Erik Olson over har me:

 

* Erik Olson og Anna Olsdotter, vigde i Årdal 28.10.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/225

 

men ved trulovingi 11.7.1779 er ho kalla Kari Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/212

 

Erik Olson og Kari Olsdotter fekk ei dotter Gjørond fødd på Hæreid i Årdal 27.7.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/82

 

Då må Erik Olson gift med Kari vera Erik fødd på Seim, men:

 

** Er Erik Olson på Midtun han som var fødd på Midtun i 1745??  I so fall er foreldri Ole Johannesson og Gjertrud Eriksdotter, vigde i Årdal 28.10.1731, MEN eg liker ikkje at eldste dotteri til Erik og Guri heitte Metta!!  Kven er ho i so fall oppkalla etter??  Kan Erik vera kommi utante og ha ei mor med namn Metta??

 

NB: redigert: Eg ser at Ole Johannesson og Gjertrud Eriksdotter står nemnde som gardfolk på Midtun i 1763, MEN dei er ikkje nemnde korkje i den gamle eller i den nye bygdeboki!!  Er Erik Olson likevel son deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om opphavi til Erik og Guri, og særleg då til Erik!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld inn dette fra nettsidene til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:

 

Namn arvtakar: Erich, Olsen 
Gard: Midthun, nr.:5
Husmannsplass:  
Yrke: Dannemand
Skipreide: Årdal
Protokoll/side: 10-201b
Datering: 1786-1794
Dato: 0.0. 
Eiga: 300 Dalar, 5 ort, 12 skilling
Gjeld: 181 Dalar, 0 ort, 15 skilling
Netto: 119 Dalar, 4 ort, 13 skilling
Merknad:  
Personar i skiftet :
(1) Guri Larsdatter Enken
(2) Ole Erichsen 16 Aar Søn
(3) Lars Erichsen 7 Aar Søn
(4) Niels / Anders Nielsen/Andersen Kreditor
(5) Kreditor
(6) Enken Gravferdskostnad
(7) Kreditor
(8) Kreditor
(9) Hans Jørgensen Dahlager Formynder for Lars
(10) Niels Larsen Holzetter Laugverge for Enken
(11) Niels Larsen Holzetter Kreditor
(12) Christopher Johannesen Woldahlen Formynder for Martha
(13) Thomas Olsen Wee Formynder for Ole
(14) Jørgen Lensmand Hansen Præstegaarden Kreditor
(15) Martha Erichsdatter 19 Aar Datter
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for innleggjing av detaljane frå skiftet etter Erik Olson.  Eg ser at dotteri Metta har fått «feil» namn, men eles syemer det vel bra...

 

For å gripa litt meir fatt i siste delen om Ole Johannesson Midtun, so ser han ut til å vera avliden i Årdal 11.5.1782, 84 år gamal (utan gardsnamn), medan ei Gjertrud Eriksdotter døydde same staden 12.2.1798, 86 år gamal (likeins utan gardsnamn).  Men det finst ikkje noko skifte etter nokon av dei...

 

So vidt eg kan sjå, hadde dei i alle fall desse borni, men det kan ha vore fleire:

 

** Martha Olsdotter, døypt 5.10.1733,

 

** Johannes Olson, døypt 30.1.1735

 

** Guri Olsdotter, døypt 7.6.1739

 

** Martha Olsdotter, døypt 28.10.1742

 

** Erik Olson, døypt 12.9.1745

 

Framleis ingen Metta å sjå som kunne verta oppkalla...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For det første: Datteren som ble døpt 24.10.1773 het kanskje ikke Mette, men Marte. Det er i alle fall slik navnet er skrevet i skifteprotokollen i skiftet etter Erik. Hun kan evt. være oppkalt etter Eriks søster. Nok en av prestens mange slurvefeil i kirkeboka?

 

For det annet: Guri Larsdatter var utvilsomt datter av Lars Knutsen Geithus. Han var født i Årdal ca. 1709 og døde samme sted i 1777. Han arbeidet som gruvearbeider ved Årdal kopperverk både i den første driftsperioden fram til 1734 og rundt 1760. I 1757 sverget han troskaped til verket og i protokollen er det da skrevet at "Lars Knudsen Justedøll, føed paa Aardahls Verk, givt, har 3 sønner og 3 døttre, 48 aar gammel, antages som sprenger og arbeyder". Tilnavnet Justedøll kommer av at han var sønn av bergmannen Knut Larsen (ca.1682-1740) som var født i Jostedal og dermed ble kalt Knut Jostedal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Knut for interessante og utfordrande innlegg!

 

At Nils Larsson Holsetter var morbror til dei tre attlevande borni etter Erik og Guri, er det vel ingen tvil om.

 

Men når det gjeld Metta Eriksdotter kontra Martha Eriksdotter, er eg, som eg vil komma attende til nedanfor, overtydd om at Metta er rett!  Mellom anna er ho kalla Metta då ho i 1796 fekk bevilling for å gifte seg med søskenbarnet Ole Aamundson!  Oppkallingsproblematikken står soleis «ved lag»...

 

Lars Knutson «Justedøll» var, som du Knut seier, fødd i Årdal kring 1709.  Han var son av Knut Larsson, fødd på Espe i Jostedalen kring 1685.  Knut tente i 1701 på Geithus i Arnafjorden, men vart sidan busett i Årdal og arbeidde på verket til han i 1734 flytte til Bolstad i Luster.  Der vart han gravlagd 12.6.1740.

 

Men so vert eg i stuss; du Knut seier at Lars Knutson døydde i Årdal i 1777, men den Lars Knutson som døydde i Lærdal prestegjeld 18.3.1777, 68 år gamal, hadde «rett» alder, men bustaden er feil.  Og det var i alle fall TO ANDRE Lars Knutson i Lærdal på same tid!  Eller har du ei kjelde for at det er «vår» Lars som døydde i 1777?

 

Huslyden til Lars Knutson er elles svært interessant.  Han skal i 1757 ha hatt tre søner og tre døtrer.  Eg har registrert i alt ni born, men ein son og tre døtrer er ganske sikkert avlidne i ung alder.  Då manglar me ei dotter, som eg trur eg har oppdaga i konfirmantlistene for Årdal.  Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Knutson (Bolstad), f. i Årdal kring 1709,

Lars Knutson flytte aldri til Luster, men gifte seg i Årdal 12.12.1734 med Gjertrud Olsdotter frå Hæreid i Årdal. Ho var dotter av gardbrukar Ole Pederson på Hæreid i Årdal og kona Synneva Johannesdotter frå Æri i Lærdal og f. i Årdal kring 1708.  Lars og Gjertrud var ei tid plassfolk under Øyri i Årdal, men flytte kring 1743 til plassen Geithus under Ve i Årdal.  Lars d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – ein Knut Larsson på 68 år døydde i Hauge sokn 18.3.1777, men er det han?)

 

medan Gjertrud Olsdotter d. i Årdal 18.9.1779.  Dei fekk visstnok ni born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om eg har fått med meg alle? – 1757 hadde dei tre søner og tre døtrer!)

 

a. Ole Larsson, døypt i Årdal 20.3.1735,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. 1755 – lagnaden hans?)

 

b. Britha Larsdotter, døypt i Årdal 21.10.1736, d. på Midtun i Årdal 6.2.1821.  Ho gifte seg i Årdal 26.10.1760 med Aamund Hermanson frå Årdalstangen i Årdal, døypt i Årdal 21.10.1725.  Han d. på Midtun i Årdal 11.8.1811.  Han hadde vore gift ein gong før, i Årdal 22.10.1753, med ei Martha Sjursdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1728?)

 

     Ho d. i Årdal 10.7.1756.  Aamund vart gardbrukar på Midtun i Årdal, og med Britha fekk han sju born, mellom anna desse to:

‑ Hermund Aamundson (1761‑1840), vart gift med gardbrukardotteri Johanna Christensdotter frå Midtun i Årdal, men som opphavleg var komi frå plassen Einehaugen under Sørheim i Luster (1761‑    ) (s.d.).

‑ Gjertrud Aamundsdotter (1783‑1870), vart gift med gardbrukar og enkjemann Arne Pederson på Urnes i Hafslo (1779‑1840).

c. Synneva Larsdotter, døypt i Årdal 14.12.1738,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. kort etter fødsli!?)

 

d. Knut Larsson, døypt i Årdal 6.12.1739,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – d. før 1742!?)

 

e. Knut Larsson, døypt i Årdal 21.1.1742, d. i Årdal 1.4.1791.  Knut gifte seg i Årdal 27.11.1777 med Guri Pedersdotter, ei dotter av gardbrukardotteri Britha Ellefsdotter frå Holmestad i Luster (1720-1802), f. i Årdal 15.3.1753.  Guri d. som husmannskone under Ve 2.5.1837.  Knut og Guri vart plassfolk etter foreldri hans på Geithus under Ve i Årdal og fekk fem born i lag.

f. Guri Larsdotter, døypt i Årdal 1.11.1744, d. som kårkone på Midtun i Årdal 4.2.1827.  Guri gifte seg i Årdal 3.11.1770 med Erik Olson frå Midtun, døypt i Årdal 12.9.1745. 

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om opphavet hans stemmer? – var ifølgje gravferdsprotokollen fødd kring 1749!)

 

     Han d. som gardbrukar på Midtun 23.6.1792.  Erik og Guri var gardbrukarar på Midtun i Årdal og fekk fire born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Metta Eriksdotter (1773-

 

   ¤¤¤¤¤ (dødsåret?)

 

   ), vart gift med paktar Ole Aamundson på Skjær i Lærdal (1771-1817), som ei tid var husmann på

 

   ¤¤¤¤¤ (ein plass)

 

   under Urnes i Hafslo (s.d.).

g. Kirsti Larsdotter, døypt i Årdal 30.4.1747, tvilling,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. heilt ung?)

 

h. Synneva Larsdotter, døypt i Årdal 30.4.1747, likeins tvilling,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. heilt ung?)

 

i. Nils Larsson, døypt i Årdal 2.7.1748, d. som kårmann på Holseter i Årdal 13.2.1827.  Nils gifte seg i Årdal 4.7.1784 med Anna Ludvigsdotter, opphavleg frå Holseter i Årdal, men ei stedotter av gardbrukar Johannes Sølfestson på Berge i Fortun (1744-1825).  Anna var f. i Årdal 9.7.1762 og d. på Holseter i Årdal 16.2.1820.  Nils og Anna tok over heimebruket hennar på Holseter i Årdal og fekk sju born i lag.

 

?j. Anna Larsdotter, f. i Årdal kring 1751,

 

     ¤¤¤¤¤ (ei Anna Larsdotter konfirmert i Årdal 1771 – truleg dotter av Lars og Gjertrud!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So attende til Metta Eriksdotter Midtun.  Ho er kalla Metta både ved vigsli og ekteskapsbevillingi i 1796

 

https://www.digitalarkivet.no/search/40/100490?fornavn=Met*&etternavn=&gard=&stilling_stand=&kjonn=&prgjeld=&dato=179*

 

og ogso ved alle barnedåpane, so ingen tvil om namnet!  MEN, eg har ikkje greidd å finna dødsfallet hennar, og heller ikkje finn eg lagnaden til sonen Erik Olson, fødd i 1801 og framleis i live i 1818!  Denne huslyden vert omskriven i bygdebløkene for Luster, sidan Metta og mannen Ole Aamundson ei tid budde som plassfolk under Urnes i Hafslo, og her følgjer manuskriptet mitt for huslyden deira:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Aamundson Skjær, opphavleg frå Midtun i Årdal, men ein dotterson av husmann Lars Knutson på Geithus under Ve i Årdal (1709-

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsåret hans? – 1777?)

 

     ), opphavleg gardbrukarson frå Bolstad i Luster, vart døypt i Årdal f. 26.5.1771.  Han gifte seg i Årdal 3.4.1796 med søskenbarnet Metta Eriksdotter, likeins frå Midtun i Årdal og ei dotterdotter av husmann Lars Knutson på Geithus under Ve i Årdal (1709-

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsåret hans? – 1777?)

 

     ), opphavleg gardbrukarson frå Bolstad i Luster.  Ho var f. i Årdal 11.10.1773.

Ole og Metta busette seg først på ein plass under Midtun i Årdal

 

¤¤¤¤¤ (på kva for ein plass budde dei?)

 

der dei heldt hus fram til 1811.

Men våren 1811 flytte Ole og Metta til Urnes i Hafslo, og her var dei plassfolk, uvisst på kva plass, fram til kring 1814.

Ole og Metta flytte kring 1814 vidare til Lærdal der me finn dei att som paktarar på Skjær.  Ole d. på Skjær alt 14.6.1817, medan Metta

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ole og Metta fekk desse borni:

a. Britha Olsdotter, f. i Årdal kring 1797, d. på sjukehuset i Lærdal 5.5.1817, ugift.

b. Gjertrud Olsdotter, f. i Årdal 13.6.1799, d. i Årdal 14.4.1800.

c. Erik Olson, f. i Årdal 12.4.1801,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – n. 1818!)

 

d. Ole Olson, f. i Årdal 29.3.1804, d. som strandsitjar på Lærdalsøyri i Lærdal 8.6.1866.  Han gifte seg første gongen i Lærdal 16.7.1841 med Anna Gullaksdotter frå Lærdalsøyri, f. i Lærdal 27.12.1805, men d. som husmannskone på Lærdalsøyri 1.11.1846.  Ole gifte seg so att i Lærdal 4.5.1848 med Elen Serene Knutsdotter, opphavleg frå Bergen, men dels oppvaksi på Lærdalsøyri.  Ho var f. i Bergen 19.12.1827 og d. som legdelem på Lærdalsøyri 8.10.1901.  Ho vart som enkje attgift med husmann Anders Pederson i Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal (1832-1899), ein son av husmannsdotteri Anna Olsdotter frå Haugane under Sviggum i Hafslo (1792-1879) (s.d.).  Ole Olson var strandsitjar og matros i Fortun på Lærdalsøyri og fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet og fem frå det andre.

e. Gjertrud Olsdotter, f. i Årdal 10.10.1806, d. på Midtun i Årdal 23.2.1811.

f. Aamund Olson, f. i Årdal 25.12.1808, d. i Årdal 7.1.1809.

g. Aamund Olson, f. i Årdal 6.1.1810, d. i Årdal 19.2.1810.

h. Aamund Olson, døypt i Hafslo 24.2.1811, vart gravlagd frå Urnes i Hafslo 17.10.1813.

i. Aamund Olson, døypt i Hafslo 14.11.1813, d. som enkjemann på Øye i Lærdal 7.1.1898.  Han gifte seg i Lærdal 7.7.1847 med Synneva Ingebrigtsdotter frå Lærdalsøyri, f. i Lærdal 16.1.1822.  Ho d. som husmannskone på Lærdalsøyri 15.9.1879.  Aamund og Synneva vart plassfolk i Øyane under Øye i Lærdal.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg fleire fosterborn.

j. Gjert Olson, f. på Skjær i Lærdal 16.12.1815, d. på Skjær 19.3.1816.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å skaffa oversyn over denne ætti i og frå Årdal og vonar at det let seg gjera finna fleire detaljar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Erik Olsen født i Årdal 12.4.1801: I skiftet etter den barnløse farsøstera Barbro Aamundsdatter Osene under Øyri i Årdal 8.10.1831 https://media.digitalarkivet.no/view/24151/95 kalles han Erik Olsen Forthun. Erik giftet seg i Lærdal 19.11.1837 med Ragnilda Hågensdatter Lærdalsøren fra Gjerdet https://media.digitalarkivet.no/view/11600/9 som var født 6.3.1793: https://media.digitalarkivet.no/view/11595/50

Endret av Terje Tandsether
Tilleggsopplysninger
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husmannskone Mette Eriksdatter Forthun døde 28.5.1845, 73 år (nr. 76) https://media.digitalarkivet.no/view/11601/42

 

Inderst Erik Olsen Forthun døde 1.7.1859, 58 år (nr. 32) https://media.digitalarkivet.no/view/8408/8

 

Legdslem og enke Ragnhild Hågensdatter Lærdalsøren døde 28.12.1879, oppgitt f. Tønjum 6.3.1793 (nr. 1) https://media.digitalarkivet.no/view/2066/126

 

Et søk på Familysearch viste ingen barn av Erik Olsen og Ragnhild Hågensdatter, men så var hun jo 44 år da hun giftet seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare en kort kommentar her og nå: Opplysningen om at Lars Knutsen "Justedøll" på Geithus døde i 1777 fikk jeg for lenge siden av en etterkommer av denne Lars, men altså uten å sjekke kildene selv. Dette var nok i en tid da sjekking av kildene kunne være ulike mer arbeidskrevende enn i dag. Nå ser jeg at den Lars Knutsen som ble begravet i 1777, ikke er vår mann. Det ble nemlig holdt skifte etter ham på Lærdalsøyri 18. april 1777, og informasjonen om arvingene viser at dette er en annen Lars Knutsen.

 

Ellers la jeg også merke til at fordi Lars skulle ha tre døtre i 1757, så "mangler" én datter. Jeg tenkte kanskje forklaringen kunne være at en av tvillingene likevel overlevde de første barneårene, men det kan like gjerne være en datter der dåpen mangler i kirkeboka. Men hvordan finner vi belegg for det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Knut for spennande innlegg!

 

Eg har sjølv vore på leiting etter Erik Olson i Lærdal, men fann han ikkje, so dette er berre heilt fantastisk!  Denne delen av problemet er løyst, og her følgjer ein oppdatert versjon av huslyden til Ole Aamundson og Metta Eriksdotter:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter interessante opplysningar frå Terje er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 nedanfor!

 

Det står att to hovudutfordringar i denne huslyden:

 

** Dødsfallet til Lars Knutson (Geithus)?

 

** Kva for ein plass under Midtun hadde denne huslyden fram til 1811?

 

Det som er heilt sikkert, er at dødsfallet til Lars Knutson IKKJE er registrert i Årdal.  Samstundes veit me at sonen Ole Larsson forsvinn frå bygdi, og dersom Anna Larsdotter var dotteri som «mangla», ser ogso ho ut til å ha vorte borte frå Årdal!  Det var mykje flytting frå Årdal til Bergen frå 1760-talet og utover, og spørsmålet er om kanskje Lars og dei to borni flytte dit?

 

Eg ser ein Lars Knutson som døydde «ved Halvkanden» i Bergen og vart gravlagd der 11.7.1776, 67 år gamal:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=15201&merk=15201#ovre

 

men det vert jo berre gissing om det kan vera han?  Hadde me berre finne att dei to borni...?

 

Eg finn ingen «høvande» Anna Larsdotter i Bergen med dotter Gjertrud, men det er fleire Ole Larsson som har døtrer Gjertrud (eg tenkjer på oppkalling...):

 

* Gertrud Anna, fødd i Skuteviken, KK 1.10.1758 med mor Gjertrud Nilsdotter (vigde i Krosskyrkja 1.1.1756): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=11588&personpostnr=33085&merk=33085#ovre

 

* Giertrud Sirene, døypt i DK 11.2.1767 med mor Ingeborg Elisabeth Olsdotter (truleg vigde i Bergen 22.6.1766): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=25380&personpostnr=74386&merk=74386#ovre

 

* Giertrud Birthine, døypt i DK 26.6.1768 med mor Ingeborg Olsdotter (same som føregåande?): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=25609&personpostnr=75073&merk=75073#ovre

 

* Giertrud Johanna, fødd i Skuteviken, KK 15.6.1779 med mor Guri Monsdotter (?vigde Avaldsnes 17.8.1771?): http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=14064&personpostnr=40498&merk=40498#ovre

 

Ved nærare ettersyn ser eg at far til barn #1 ved ein annan barnedåp er kalla Hjertaas, so då er han han henda frå Gulen...

 

Elles ser det for meg ut som om borni #2 og #3 må vera søsken, og far deira er vel då den beste «kandidaten» vår!?

 

Her er barnedåpane med fadrar både til dei to Gjertrud'ane og til tre andre born:

 

* Giertrud Sirene 1767: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=7373&personpostnr=60239&merk=60239#ovre

 

* Giertrud Birthine 1768: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=7602&personpostnr=62071&merk=62071#ovre

 

* Simon 1775: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=8567&personpostnr=69788&merk=69788#ovre

 

* Anders 1777: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=8779&personpostnr=71485&merk=71485#ovre

 

* Ole 1779: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=8999&personpostnr=73247&merk=73247#ovre

 

Som me ser har ingen av borni fadrar med namn Larsson eller Larsdotter, som tyder på at Ole ikkje hadde søsken i Bergen.  Martha Monsdotter, fadder til eldste barnet, KAN vera ei dotter av Mons Endreson Ottum frå Luster/Årdal.  Elle dreg eg ikkje kjensel på dei andre faddernamni...

 

Endå eit barn:

 

* Simon 1781: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=27298&personpostnr=80141&merk=80141#ovre

 

Faren var arbeidsmann, sidan høkar og til sist øltappar!

 

Mori Ingeborg Elisabeth Olsdotter er kan henda denne jenta døypt «uekte» i Domkyrkja 25.8.1736 (einaste «kandidat» eg finn i vide krinsar!) med mor Rakel: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=9425&personpostnr=76689&merk=76689#ovre

 

Og sjå kven eg finn gravlagd i Bergen 15.12.1801: Ole Larsson GIETHUS, fattiglem på 80 år: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=60386&merk=60386#ovre

 

Skal me tora gissa på at eg har finne lagnaden til Ole Larsson frå Geithus under Ve??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Lars Knutson på Geithus:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette manuskriptet er etter nye spennande opplysningar erstatta av eit nytt i innlegg #11 nedanfor!)

 

Ein ny kjempetakk for framirå bistand til å kartleggja denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i ettermiddag motteke ei melding frå Kenneth Bratland, som har finne att Ole Larsson (Geithus) som busett på Rådmannsøy på Radøy frå 1768 til 1775.  Han fekk tre born der, som tettar «hòlet» i barneflokken til Ole og Ingeborg i Bergen, so ingen tvil om at det er «vår» mann...  Hjarteleg takk til deg, Kenneth, for merksamt blikk!

 

Samstundes har eg søkt litt meir etter opphavet til Ingeborg Elisabeth Olsdotter.  Utifrå oppkallingane er ikkje Rakel Trondsdotter noki «idéell» mor til Ingeborg Elisabeth.  Ho burde heller ha heitt Siri, men eg finn ikkje nokon annan enn denne...  Kanskje Ingebog Elisabeth var frå Radøy?

 

Den Rakel Trondsdotter som eg førebels har ståande som mor til Ingebrg Elisabeth, gifte seg sidan med ein Jolhannes Anfindson i Bergen og fekk fleiore born med han.  Ho hadde tydeleg ein bror Peder Trondson somm med ættenamnet «Hyld» gifte seg i Bergen i 1734.  Det har truleg òg vore ei søster Aaselde Trondsdotter.  Kan dei ha vore frå Hyld i Ulvik?

 

Framleis manglar me òg dødsfallet til Ingeborg Elisabeth Olsdotter...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Lars Knutson på Geithus i Årdal, som erstattar manuskriptet i innlegg #10 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Lars Knutson (Geithus), f. i Årdal kring 1709,

Lars Knutson flytte aldri til Luster, men gifte seg i Årdal 12.12.1734 med Gjertrud Olsdotter frå Hæreid i Årdal. Ho var dotter av gardbrukar Ole Pederson på Hæreid i Årdal og kona Synneva Johannesdotter frå Æri i Lærdal og f. i Årdal kring 1708.  Lars og Gjertrud var ei tid plassfolk under Øyri i Årdal, men flytte kring 1743 til plassen Geithus under Ve i Årdal.  Lars d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

medan Gjertrud Olsdotter d. i Årdal 18.9.1779.  Dei fekk visstnok ni born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (sjekka om eg har fått med meg alle? – 1757 hadde dei tre søner og tre døtrer!)

 

a. Ole Larsson, døypt i Årdal 20.3.1735, vart gravlagd som fattiglem i Bergen 15.12.1801.  Ole flytte i ung alder til Bergen der han 22.6.1766 gifte seg i Domkyrkja med Ingeborg Elisabeth Olsdotter frå Bergen.  Ho var visstnok dotter av ein Ole Larsson frå Stavanger og jenta Rakel Trondsdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (frå Hyld i Ulvik? – søsken Peder og Aaselde!)

 

     og vart i so fall døypt i Bergen 25.8.1736.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ole og Ingeborg var nokre år gardbrukarar på Rådmannsøy på Radøy (Lindås), men flytte i 1776 attende til Bergen der Ole livnærte seg som bøkkar og sidan som øltappar.  Han og Ingeborg fekk ni born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (borni:

            * Gjertrid Sirene, døypt i DK, Bergen 11.2.1767, gravlagd StJ, Bergen 28.2.1767

            * Gjertrud Berthine, døypt i DK, Bergen 26.6.1768

            * Ole, døypt Rådmannsøy, Lindås 9.12.1769, gravlagd StJ, Bergen 25.6.1778

            * Lars, døypt Rådmannsøy, Lindås 7.1.1772

            * Siri, døypt Rådmannsøy, Lindås 27.2.1774

            * Simon, døypt i DK, Bergen 23.7.1775, gravlagd StJ, Bergen 19.6.1779

            * Anders, f. i DK, Bergen 16.4.1777, gravlagd St.J, Bergen 26.3.1779

            * Ole, f. i DK, Bergen 9.1.1779

            * Simon, f. i DK, Bergen 14.1.1781

 

b. Britha Larsdotter, døypt i Årdal 21.10.1736, d. på Midtun i Årdal 6.2.1821.  Ho gifte seg i Årdal 26.10.1760 med Aamund Hermanson frå Årdalstangen i Årdal, døypt i Årdal 21.10.1725.  Han d. på Midtun i Årdal 11.8.1811.  Han hadde vore gift ein gong før, i Årdal 22.10.1753, med ei Martha Sjursdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1728?)

 

     Ho d. i Årdal 10.7.1756.  Aamund vart gardbrukar på Midtun i Årdal, og med Britha fekk han sju born, mellom anna desse tre:

‑ Hermund Aamundson (1761‑1840), vart gift med gardbrukardotteri Johanna Christensdotter frå Midtun i Årdal (1761-    ), opphavleg husmannsdotter frå Einehaugen under Sørheim i Luster (s.d.).

- Ole Aamundson (1771-1817), var ei tid paktar på Urnes i Hafslo (s.d.).

‑ Gjertrud Aamundsdotter (1783‑1870), vart gift med gardbrukar og enkjemann Arne Pederson på Urnes i Hafslo (1779‑1840).

c. Synneva Larsdotter, døypt i Årdal 14.12.1738,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. kort etter fødsli!?)

 

d. Knut Larsson, døypt i Årdal 6.12.1739,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – d. før 1742!?)

 

e. Knut Larsson, døypt i Årdal 21.1.1742, d. i Årdal 1.4.1791.  Knut gifte seg i Årdal 27.11.1777 med Guri Pedersdotter, ei dotter av gardbrukardotteri Britha Ellefsdotter frå Holmestad i Luster (1720-1802), f. i Årdal 15.3.1753.  Guri d. som husmannskone under Ve 2.5.1837.  Knut og Guri vart plassfolk etter foreldri hans på Geithus under Ve i Årdal og fekk fem born i lag.

f. Guri Larsdotter, døypt i Årdal 1.11.1744, d. som kårkone på Midtun i Årdal 4.2.1827.  Guri gifte seg i Årdal 3.11.1770 med Erik Olson frå Midtun, døypt i Årdal 12.9.1745. 

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om denne fødsli stemmer? – var ifølgje gravferdsprotokollen fødd kring 1749!)

 

     Han d. som gardbrukar på Midtun 23.6.1792.  Erik og Guri var gardbrukarar på Midtun i Årdal og fekk fire born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Metta Eriksdotter (1773-1845), vart gift med paktar Ole Aamundson på Urnes i Hafslo (1771-1817) (s.d.).

g. Kirsti Larsdotter, døypt i Årdal 30.4.1747, tvilling,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. heilt ung?)

 

h. Synneva Larsdotter, døypt i Årdal 30.4.1747, likeins tvilling,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. heilt ung?)

 

i. Nils Larsson, døypt i Årdal 2.7.1748, d. som kårmann på Holseter i Årdal 13.2.1827.  Nils gifte seg i Årdal 4.7.1784 med Anna Ludvigsdotter, opphavleg frå Holseter i Årdal, men ei stedotter av gardbrukar Johannes Sølfestson på Berge i Fortun (1744-1825).  Anna var f. i Årdal 9.7.1762 og d. på Holseter i Årdal 16.2.1820.  Nils og Anna tok over heimebruket hennar på Holseter i Årdal og fekk sju born i lag.

?j. Anna Larsdotter, f. i Årdal kring 1751,

 

     ¤¤¤¤¤ (ei Anna Larsdotter konfirmert i Årdal 1771 – truleg dotter av Lars og Gjertrud!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!  Me nærmar oss «målet»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit nytt spennande innlegg, som sjølvsagt er av interesse!

 

Eg ser at bygdeboki for Lærdal har identifisert denne Metta Eriksdotter som å vera frå Brattegjerde og enkje etter ein Lars Olson Haugshagen som døydde i 1818, men Nils Jensson og «vår» Metta vart buande i Fortun på Lærdalsøyri der òg dei attlevande sønene hennar budde, og i 1865 er sogar Nils Jensson kårmann hjå stesonen Aamund Olson:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=007&bnr=0131&lnr=000

 

Eg finn elles at Nils Jensson var fødd i Lærdal 21.2.1792:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/45

 

og han døydde som fattiglem i Fortun 28.12.1875:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=gr14221856&gardpostnr=1210&personpostnr=1237&merk=1237#ovre

 

Dette var kjempebra, Terje, og her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet frå innlegg #10 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Aamundson Skjær, opphavleg frå Midtun i Årdal, men ein dotterson av husmann Lars Knutson på Geithus under Ve i Årdal (1709-

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsåret hans?)

 

 

     ), opphavleg gardbrukarson frå Bolstad i Luster, vart døypt i Årdal f. 26.5.1771.  Han gifte seg i Årdal 3.4.1796 med søskenbarnet Metta Eriksdotter, likeins frå Midtun i Årdal og ei dotterdotter av husmann Lars Knutson på Geithus under Ve i Årdal (1709-

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsåret hans?)

 

 

     ), opphavleg gardbrukarson frå Bolstad i Luster.  Ho var f. i Årdal 11.10.1773.

Ole og Metta busette seg først på ein plass under Midtun i Årdal

 

 

¤¤¤¤¤ (på kva for ein plass budde dei?)

 

 

der dei heldt hus fram til 1811.

Men våren 1811 flytte Ole og Metta til Urnes i Hafslo.  Dei ser ut til å ha teke over som paktarar på dette bruket på same tidi og budde truleg her fram til våren 1815.

Ole og Metta flytte våren 1815 til Lærdal der me finn dei att som paktarar på Skjær.  Ole d. på Skjær alt 14.6.1817, og Metta gifte seg att i Lærdal 17.2.1820 med Nils Jensson frå Fortun på Lærdalsøyri.  Han var son av husmann Jens Nilsson i Fortun og kona Ragnhild Knutsdotter, òg frå Fortun, og f. i Lærdal 21.2.1792.  Nils og Metta var plassfolk i Fortun på Lærdalsøyri der Metta d. som husmannskone 28.5.1845.  Nils Jensson gifte seg att, men flytte snart ifrå andre kona si og d. som legdelem i Fortun 28.12.1875.  Metta fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet med Ole Aamundson:

a. Britha Olsdotter, f. i Årdal kring 1797, d. på sjukehuset i Lærdal 5.5.1817, ugift.

b. Gjertrud Olsdotter, f. i Årdal 13.6.1799, d. i Årdal 14.4.1800.

c. Erik Olson, f. i Årdal 12.4.1801, d. som innerst i Fortun på Lærdalsøyri 1.7.1859.  Han gifte seg i Lærdal 19.11.1837 med Ragnhild Haagensdotter frå Gjerdet på Lærdalsøyri, f. i Lærdal 6.3.1793.  Ho d. som legdelem og enkje på Lærdalsøyri 28.12.1879.  Erik og Ragnhild budde som innerstfolk i Fortun på Lærdalsøyri i Lærdal, men var barnlause.

d. Ole Olson, f. i Årdal 29.3.1804, d. som strandsitjar på Lærdalsøyri i Lærdal 8.6.1866.  Han gifte seg første gongen i Lærdal 16.7.1841 med Anna Gullaksdotter frå Lærdalsøyri, f. i Lærdal 27.12.1805, men d. som husmannskone på Lærdalsøyri 1.11.1846.  Ole gifte seg so att i Lærdal 4.5.1848 med Elen Serene Knutsdotter, opphavleg frå Bergen, men dels oppvaksi på Lærdalsøyri.  Ho var f. i Bergen 19.12.1827 og d. som legdelem på Lærdalsøyri 8.10.1901.  Ho vart som enkje attgift med husmann Anders Pederson i Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal (1832-1899), ein son av husmannsdotteri Anna Olsdotter frå Haugane under Sviggum i Hafslo (1792-1879) (s.d.).  Ole Olson var strandsitjar og matros i Fortun på Lærdalsøyri og fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet og fem frå det andre.

e. Gjertrud Olsdotter, f. i Årdal 10.10.1806, d. på Midtun i Årdal 23.2.1811.

f. Aamund Olson, f. i Årdal 25.12.1808, d. i Årdal 7.1.1809.

g. Aamund Olson, f. i Årdal 6.1.1810, d. i Årdal 19.2.1810.

h. Aamund Olson, døypt i Hafslo 24.2.1811, vart gravlagd frå Urnes i Hafslo 17.10.1813.

i. Aamund Olson, døypt i Hafslo 14.11.1813, d. som enkjemann på Øye i Lærdal 7.1.1898.  Han gifte seg i Lærdal 7.7.1847 med Synneva Ingebrigtsdotter frå Lærdalsøyri, f. i Lærdal 16.1.1822.  Ho d. som husmannskone på Lærdalsøyri 15.9.1879.  Aamund og Synneva vart plassfolk i Øyane under Øye i Lærdal.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg fleire fosterborn.

j. Gjert Olson, f. på Skjær i Lærdal 16.12.1815, d. på Skjær 19.3.1816.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Men framleis står altso att dei to hovudutfordringane som er nemnde i innlegg #10:

 

** Dødsfallet til Lars Knutson (Geithus)?

 

** Kva for ein plass under Midtun hadde denne huslyden fram til 1811?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera dette manuskriptet!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Larsen Giethus var 80 år da han døde i 1801, stemmer ikke helt med at han var født i 1735. Men i folketellinga for Bergen 1801 finner jeg bare en Ole Larsen med omtrent samme alder som ved begravelsen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390017407 Denne Ole Larsen var gift,  uvisst hvor og når, med Anne Olsdatter (født ca. 1739 og begravet ved "St M" (?) i Bergen 3.10.1794 og kalles da Ole Larsen dikselmanns kone). Ole og Anne hadde følgende barn i Bergen:

 

Lars født 12.3. døpt 18.3.1770

Thomas født 12.11. døpt 15.11.1772

Jonas født 20.8.døpt 27.8.1775

Jonas født 4.8.døpt 8.8.1779

 

Men dette er antagelig en annen Ole Larsen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Når det gjeld Ole Larsson gift med Anna Olsdotter i Bergen, har eg òg studert den huslyden.  Dei hadde rett nok ingen kjende døtrer som kunne verta gjenstand for oppkalling, men eg trur det må vera dei som gifte seg i Hosanger 22.6.1766:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11496/91

 

Då ser me at Ole Larsson hadde namnet Grisevig, som eg vil tru er eit lokalt namn i Hosanger...

 

Alderen til Ole Larsson Geithus er heilt klart eit ankepunkt mot Ole Larsson frå Årdal, og me finn ikkje nokon som «høver» i FT1801 for Bergen, men me veit at aldersoppgåver frå den tidi, særleg når me talar om gamle «almisselem», kan ha store avvik frå realitetane, og i dette tilfellet har me so pass mange argument som talar i «vår» retning, namnet, oppkallingi av eldste døtrene og det faktum at OIe tydeleg ikkje hadde søsken i Bergen, at eg vågar meg å påstå at dette berre MÅ vera «vår» mann...

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med kompletteringi av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.