Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Rue Eliasson Hjortdahl (1776-1857) - landhandlar og gjestgjevar i Sjøhola i Førde frå 1805, men kvar budde han fram til 1820? - i Førde eller på Urnes i Hafslo?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Rue Eliasson Hjortdahl, fødd i Førde kring 1776 som son av den føregåande landhandlaren og gjestgjevaren i Sjøhola i Førde, Elias Ingebrigtson Hjortdahl og kona Maren Johansdotter Rue, skal i 1805 ha teke over som landhandlar og gjestgjevar i Sjøhola etter far sin, men han gifte seg i Hafslo 14.6.1804 med Synneva Hansdotter, enkja etter «storbonden» Samuel Mandrup Jensson Bugge på Urnes i Hafslo (1746-1803).  Kari varv husmannsdotter frå Lunden under Rønnei i Luster der ho var fødd kring 1771.  Ho døydde i Sjøhola i Førde 27.2.1857.  Hans og Synneva fekk to born i lag:

 

* Elisabeth Margrethe Hansdotter Hjortdahl, døypt i Førde 9.1.1805, døydde ugift i Bergen 3.2.1878.

 

* Samuel Mandrup Hansson Hjortdahl, døypt i Hafslo 7.7.1806, døydde som gardbrukar på Høien i Strøm, Vestfold 29.12.1865.

 

Jon Laberg skriv om Hans Hjortdahl i den gamle bygdeboki for Hafslo at han var gjeldbunden, men det kan høyrest ut som om han budde på Urnes fram til stesonen Jens Samuel Bugge (som i 1806 hadde arva garden etter far sin!) tok over styringi i 1820, men kan dette stemma?

 

Dersom Hans Hjortdahl frå 1805 var landhandlar og gjestgjevar i Sjøhola i Førde, kan han vel ikkje SAMSTUNDES ha drive storgard på Urnes i Hafslo?

 

** Kva seier bygdeboki for Førde om dette?

 

Eg TRUR at garden på Urnes må ha vore drive av paktarar i denne perioden, men treng å finna prov for dette...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Førde bygdebok. 2 2 : Gardssoge og soga om folket, side 212 Bruk 6,7 Ramstad

 

Førde bygdebok. 2 2 Gardssoge og soga om folket, side 212.jpeg

 

Førde bygdebok. 2 2 : Gardssoge og soga om folket, side 268 Sjøhola

Førde bygdebok. 2 2 Gardssoge og soga om folket. side 268.jpeg

 

http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013082008139

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
52 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Kva seier bygdeboki for Førde om dette?

 

Legger inn en gammel tråd, hvor det samme kommer frem mht. Hans Rue Hjortdal og Sjøhola (ref. BB Førde)

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for kjempefine og spennande innlegg!

 

Debatten frå 2010 hadde meir fokus på opphavet til Elias Hjortdahl enn lagnaden til Hans og Synneva, og der ser eg no detaljar som eg burde ha merkt meg den gongen!  Vel, betre seint enn aldri...

 

Eg har for mange år sidan utarbeidd ein database over konfirmantar i Hafslo, og ved nærare ettersyn finn eg der:

 

* Jens Samuel Bugge, 16 år, vart konfirmert i Hafslo i 1817 (son av Synneva og første mannen Samuel Mandrup Bugge)

* Hans Bugge, 15 år, vart òg konfirmert  Hafslo i 1817 (likeins son av Synneva og første mannen Samuel Mandrup Bugge)

* Elisabeth Hjortdahl, 16 år, vart konfirmert i Hafslo i 1821

* Samuel Mandrup Hjortdahl, 16 år, vart konfirmert i Hafslo i 1822

 

Etter dette KAN det faktisk sjå ut som om dei to Hjortdahlsborni voks opp på Urnes, men dette stemmer likevel dårleg med at Hans Rue Hjortdahl skal ha vore gjestgjevar frå 1812 og handelsmann frå 1813 i Sjøhola i Førde!

 

Samstundes har me ein paktar på Urnes frå 1811 til 1815 som heitte Ole Aamundson, og eg kan ikkje sjå at han kan ha butt på noko anna bruk enn dette som Samuel Bugge hadde hatt!  Kanskje var det slik det gjekk føre seg:

 

** Hans Rue Hjortdahl var først ei kort tid brukar på Ramstad i Førde.

 

** So flytte huslyden i 1806 til Urnes og dreiv garden her fram til 1811.

 

** So bar det attende til Sjøhola i Førde.

 

** So kan Synneva i lag med borni vera flytte inn att til Urnes i 1815, og ho styrte garden med dei halvvaksne sønene sine til sønene i 1820 delte garden mellom seg.  Og ho var på Urnes i alle fall til 1822 då yngste son hennar vart konfirmert...

 

Nokon son Johan fødd 1807 ser eg ikkje noko til korkje i Hafslo eller i Førde, og han vart i alle fall ikkje konfirmert i Hafslo!

 

Ikkje so heilt enkelt dette, men eg ser i farti ikkje noki anna «logisk» forklaring...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg har ikke så mye å bidra med, men Hans Hjortdahl er registrert to steder i sølvskatten 1816:

 

https://digitalarkivet.no/view/97/pt00000000281117

https://digitalarkivet.no/view/97/pt00000000308663

 

På 9.7.2017 den 18.11, Lars E. Øyane skrev:

Nokon son Johan fødd 1807 ser eg ikkje noko til korkje i Hafslo eller i Førde, og han vart i alle fall ikkje konfirmert i Hafslo!

 

Kan dette være Johan Hiortdahl, født 1807, sønn av Kristine Hiortdahl og korporal Sørensen: 

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000000284143

Sogn og Fjordane fylke, Førde, Vevring, Holsen, Naustdal, Haukedalen i Førde, Ministerialbok nr. A 5 (1803-1821), Fødte og døpte 1808, Side 13 - høyre side: 

https://media.digitalarkivet.no/view/11406/13

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget om denne huslyden!

 

Det er nok slik at Hans Hjortdahl er flytt litt «fram og attende» mellom Urnes og Førde før han endeleg slo seg ned i Førde, og det er nok vanskeleg å komma so mykje nærare ei sanning i dette spørsmålet...

 

Elles kan det sjå ut som om den Johan Hiortdahl som var fødd i 1807 som son av Kristine Hiortdahl og korporal Sørensen, godt kan vera han som i bygdeboki er nemnd som son av Hans og Synneva.  Er det eit resultat av «datatilpassing» av ættesogestoff, d.v.s. at datamaskinen får «styra» innhaldet i ættesoga?

 

Uansett, Hans og Synneva hadde nok ingen son med dette namnet, so denne utfordringi er på det næraste løyst...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjíng av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.