Gå til innhold
Arkivverket

Samuel Mandrup Hjortdahl (1806-1865) - frå Førde til Strømm i Vestfold - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Prøver et langskudd igjen....

 

Christopher? - https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N3GQ-8LN

Washington Death Certificates
Name    C. Hiortdahl
Event Date    07 Oct 1918
Event Place    Tacoma, Pierce, Washington
Gender    Male
Age (Formatted)    70 years
Birth Year (Estimated)    1848

 

The Washington, Select Death Certificates, 1907-1960
Name:    C . Hiortdahl
Gender:    Male
Age:    70
Estimated birth year:    abt 1848
Death Date:    7 Oct 1918
Death Place:    Tacoma, Pierce, Washington
FHL Film Number:    1992537
Reference ID:    992

 

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=107556671

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har verkeleg sansen for desse «langskòti» dine, Egil!  Hjarteleg takk for nye imponerande innlegg frå deg og frå Elin!

 

Då kan me altso slå fast at Julie og Christopher verkeleg reiste til New York i 1885, men om dei har sett spor etter seg der, det er jo eit heilt anna spørsmål...

 

For det må jo vera «vår» Christopher Hiortdahl som dukkar opp som C. Hiortdahl i Tacoma, WA.  Hjå ancestry.com finn eg mellom anna dette i ein «naturalization journal» frå 1895:

 

https://www.ancestry.com/interactive/1629/31198_129764-00251?pid=7092316&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx3576%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DChr*%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DHiortda*%26gsln_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D7092316%26recoff%3D5%206%26dbid%3D1629%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx3576&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og diverse «patent records» syner at han åtte land i Mason Co., WA.  Her finn me han då òg som ugift fruit farmer Christopher Hundahl i 1910, fødd 1850 og utvandra 1885:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYL-PFG?cc=1727033

 

Han bør òg ha vore i Washington i 1900, men det næraste eg kjem der er denne Christopher Rustad, fødd i februar 1847 og utvandra 1886, ugift snikkar, men busett i Mason Co., WA:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D1MV-TK?i=4&cc=1325221

 

Dette børjar sjå verkeleg spennande ut, og du, Egil, må gjerne halda fram med «langskòti» dine...  Kanskje dukkar etter kvart Jacob (1852) og Johan Emil (1856) òg opp frå gøymsli?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå dugnadsinnsats med denne huslyden.  Dette er forsking på høgste nivå!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

? Immigrasjon avviker mye, f. år avvik 1 år, f. mnd korrekt.

The 1900 United States Federal Census
Name:    John Hiordahl
Age:    45
Birth Date:    Jul 1854
Birthplace:    Norway
Home in 1900:    Vaughn, Iron, Wisconsin
Sheet Number:    20A
Number of Dwelling in Order of Visitation:    289
Family Number:    296
Race:    White
Gender:    Male
Immigration Year:    1870
Relation to Head of House:    Head
Marital Status:    Single
Father's Birthplace:    Norway
Mother's Birthplace:    Norway
Years in US:    30
Naturalization:    Na
Occupation:    Cook
Can Read:    Yes
Can Write:    Yes
Can Speak English:    Yes
House Owned or Rented:    O
Home Free or Mortgaged:    F
Farm or House:    H
Neighbors:    View others on page
Household Members:    
John Hiordahl    45

 

Lenke FS - https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMV9-LYW

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for endå eit imponerande innlegg!

 

Eg er ikkje i tvil om at du har finne Johan Emil i FT1900 som ugift kokk i Vaughn township, Iron Co., WI.  Han var ugift, men han står som huseigar, og då bør det i prinsipet vera fleire opplysningar å finna om mannen!  Eg finn han likevel ikkje korkje i FT1905 eller i FT1910!  Kanskje selde han huset sitt og flytte bort...

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt med dei siste oppdagingane og rettingane, og dette erstattar no manuskriptet frå innlegg #23 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Samuel Mandrup Hansson Hjortdahl, døypt i Hafslo 7.7.1806, vart konfirmert i Hafslo i 1822.

Samuel Hjortdahl flytte òg kring 1823 med mor si til Sjøhola, Skei ytre i Førde og gifte seg i Førde 6.1.1843 med Julie Sophie Jacobea Christophersdotter Borch frå Drammen.  Ho var dotter av kjøpmann Christopher Christopherson Borch i Drammen, opphavleg frå Christiania, og kona Petronelle Margrethe Jacobsdotter Møller, òg frå Christiania, og f. på Bragernes i Drammen 24.12.1818.  Samuel tok over som landhandlar og gastgjevar etter far sin i Sjøhola, Skei ytre i Førde, men han og Julie flytte kring 1857 til Høien i Strøm i Vestfold der dei sidan var gardbrukarar.  Samuel Hjortdahl d. som gardbrukar på Høien 29.12.1865, og kring 1872 flytte Julie attende til Bragernes.  Sist på 1870-talet

 

¤¤¤¤¤ (kva år? – mellom 1876 og 1881)

 

flytte so Julie til Bootle, Lancashire, England og i 1885 vidare til Amerika der ho busette seg med dei to yngste sønene sine i San Francisco, Cal.  Ho d. i San Francisco, Cal. 18.3.1899.  Samuel og Julie fekk åtte born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (Samuel hadde ei uekte dotter Samueline Mariane, f. i Beregen 27.4.1841, mor enkja Anna Lange, men dotteri d. på Haugland i Fana 27.2.1859 - «sindsvagt fattiglem fra Bergen»)

 

a. Cecilia Margrethe Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 28.7.1843, gifte seg i Strøm i Vestfold 12.11.1863 med Carl Hagbarth Constants Haagenson Nilsen frå Skien, f. i Larvik 1.9.1833.  Carl var skipsførar og han og Cecilia budde i Svelvik i Strøm, Vestfold og sidan i Christiania, men flytte

 

     ¤¤¤¤¤ (mellom 1874 og 1878?)

 

     til Bootle, Lancashire, England og ein gong på 1880-talet vidare til Liverpool, Lancashire.  Me finn dei att der under namni Carl og Cecilia Nilson der Carl livnærte seg som kaiarbeidar og sidan kaiformann («stevedore and master stevedore»).  Han d. i Salford, Lancashire

 

     ¤¤¤¤¤ (3. kvartal)

 

     1896.  Som enkje budde Cecilia Nilson ei tid i Manchester, Lancashire, men ho d. i Chorlton, Lancashire

 

     ¤¤¤¤¤ (1. kvartal)

 

     1924.  Dei fekk åtte born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne? – inkl:

            * Haaken Nilson, f. Strøm 5.5.1864 – n. 1865

            * Kort Adler Nilson, f. Strøm 7.12.1865 – n. 1865

            * Jacob Borch Nilson, f. Strøm 6.4.1868 – n. 1875 Bragernes – n. 1891/1901 – married Cheshire Mar. 18, 1895 to Edith Mary Dellen Jones

            * Julie Constance Nilson, f. Strøm 9.9.1870 – n. 1881/1891 Constance

            * Sahra Nilson, f. Gamle Aker 16.5.1872 – d. Gamle Aker 12.9.1872

            * Thomas J. Nilson, f. Noreg 1874 – n. 1881

            * Hagbart Nilson, f. Lancashire 1878 – n. 1881/1891

            * Sophia Borch Nilson, f.Lancashire 1882 – n. 1891/1901 – married Liverpool, Lancashire May 20, 1907 to Arthur Schofield)

 

b. Johan Christopher Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 10.2.1845, d. på Skei i Førde 13.7.1847.

c. Julie Sophie Jacobea Borch Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 7.4.1847, d. som enkje og pensjonist i Kristiansund 2.12.1922.  Julie gifte seg i Ålesund 27.11.1867 med Gjert Buck Olson Ohlsen frå Molde, f. i Molde 4.4.1840.  Han d. som hamnefogd i Kristiansund 21.12.1898.  Gjert var i mange år skipsførar og siglde i fjerne strøk, men gjekk sidan i land i Kristiansund og livnærte seg der som hamnefogd, losoldermann og innrulleringsbetjent.  Han og Julie budde i Kristiansund levetidi ut og fekk seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne? – inkl.:

            * Julius Ohlsen, f. Middelhavet 1868 – n. 1875/1885

            * Anton Ohlsen, f. Chinasjøen 1870 – n. 1875/1885

            * Gjert Ohlsen, f. Kristiansund 1874 – n. 1875/1885

            * Dagmar Ohlsen, f. Kristiansund 1877 – n. 1885/1900

            * Jacob Chr. Borch, f. Kristiansund 30.6.1880 – n. 1885/1900/1910 (gift)

            * Harriet Ohlsen, f. Kristiansund 1884 – n. 1885/1900)

 

d. Christopher Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 26.2.1850,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Strøm 1866 – mønstra på som sjømann mai 1871 – var i Amerika våren 1877 – mønstra av i Liverpool august 1877 – 1881: foreign shipping agent i Bootle, Lancashire, England – i 1885 til Amerika – før 1895 i WA – 1910 single fruit farmer in Detroit precinct, Mason Co., WA – d. som C. Hiortdahl i Tacoma, WA 7.10.1918)

 

e. Jacob Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Drammen 4.11.1852,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Strøm 1868 – n. 1875 som Jacob Christoffer Hjortdahl f. Førde 1852 – mønstra på som sjømann juni 1874, mønstra av i Drammen november 1877 – seinare lagnad?)

 

f. Johan Emil Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 27.7.1855,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Strøm 1870 - Johan E. S. Hjortdahl utvandra 1880 (25) til Pestigo, WI frå Eiker! – apparently John Hiordahl in 1900 – single cook in Vaughn township, Iron Co., WI – owned his house free of mortgage! – later destiny?)

 

g. Nicolai Meydell Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Nickolai Jortall, f. i Strøm 3.8.1859, utvandra til Amerika i 1876

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka utvandringsåret? – konf. Bragernes 1875 – 1881 bus. Bootle, Lancashire, England «marriner» – sidan til Amerika!)

 

     og busette seg etter kvart i San Francisco, Cal. der han livnærte seg som bokhaldar, sjømann og kaiarbeidar («bookkeeper, seaman and drayman»).  Han var dessutan svært aktiv i fagrørsla og organisasjonsarbeid for sjømenn («sailor’s union man»).  Han d. ugift i San Francisco, Cal. 25.5.1949.

h. Christian Sophus Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Christian S. Jortall, f. i Strøm 19.7.1862, utvandra til Amerika i 1878

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka utvandringsåret? – framleis heime i 1875! – 1881 bus. Bootle, Lancashire, England «assistant to the Swedish consulate» – sidan til Amerika!)

 

     og busette seg etter kvart òg i San Francisco, Cal. der han likeins livnærte seg som sjømann («seaman»).  Han d. ugift i San Francisco, Cal. 20.8.1913.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden.  Eg er meir enn imponert, no som Johan Emil òg er «på veg», og kanskje kjem etter kvart ogso Jacob til rette...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg la ut eit spørsmål om denne Johan Hjortdahl på den norsk-amerikanske rootsweb-lista, og der kom det kontant eit forslag på denne jarnbanearbeidaren John Havdahl(?) som i 1920 budde i Carlton Co., MN: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXS-CLM?i=2&cc=1488411

 

Alder og utvandringsår passar svært so bra, men kan Hiordahl frå 1900 verta til Havdahl?

 

Denne John var gift med ei Mary, og kort etter 1920 dukkar dei opp i Minneapolis, MN city directories.  Og her er dødsfallet til kona Mary i 1934:

 

Name Mary Havdahl
Gender Female
Death Date 14 Jul 1934
Death Place Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Age 68
Birth Date 1866
Marital Status Married
Spouse's Name John Havdahl
Father's Name Helgirnol

 

Dei bør jo òg vera i FT1930 for Minneapolis, MN, men førebels kan eg ikkje finna dei...

 

Kan dette verkeleg vera «vår» Johan Emil?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for å løysa resten av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

Mary Havdahl

mentioned in the record of John Erickson Havdahl
Name Mary Havdahl
gender Female
Husband John Erickson Havdahl
Other information in the record of John Erickson Havdahl
from Minnesota Deaths and Burials
Name John Erickson Havdahl
Gender Male
Death Date 19 Jan 1921
Death Place Silver Brook Twp., Carlton, Minnesota
Age 65
Birth Date 1856
Marital Status Married
Spouse's Name Mary Havdahl
Father's Name Eri... Havdahl
Mother's Name U

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD3C-MR9

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for ein kjapp kommentar til siste innlegget mitt.

 

Du fann dødsfallet til John E. Havdahl, og me ser tydeleg dette ikkje kan vera «vår» Johan.  Avviket i namn var dessutan alt for stort...

 

So då er det «back to square #1» når det gjeld Johan...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bidrag for å freista løysa denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jacob i annotasjonsrulle (# 19), Svelvik, Vestfold - Vestfold fylke, Annotasjonsrulle nr. 3 (1869-1882), Protokollside, Side 5, Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ru10051001205008

 

Informasjon ytterste hø kolonne u. anm. - om denne tilhører Jacob så er det da bevegelser fra 1889-91.

 

Forøvrig henvist til HR 2344 som omtalt i post # 20.

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit nytt innlegg om Jacob Hjortdahl.

 

Eg har studert denne annotasjonsrulla der namnet hans førekjem, men eg er ikkje 100% overtydd om at innførslene heilt til høgre gjeld verkeleg gjeld «vår» Jacob.  Dei tre namni som står under #19, synest erstatta kvarandre i tid, og sidan det ikkje var meir plass nedover, ser det ut for meg som om det er Oluf Andreassen som er meint!?  Eller kva meiner du, Egil?  Det ville jo òg vera svært so underleg at Jacob skulle dukka opp att i Drammen/Svelvik etter so mange års «fravær» og lenge etter at resten av huslyden var borte derifrå!

 

Elles har eg motteke ein kopi av dødsattesten til denne C. Hiortdahl frå Tacoma, WA.  Ingen tvil om at dette er Christopher.  Interessant er det forresten å sjå at det som medvirkande dødsòrsak er skrive «hard work»...  Eg vil leggja ut eit spørsmål på den norsk-amerikanske rootsweblista om Christopher.  Der er det fleire som bur i dette området, og kanskje kan ein eller annan finna eit skifte etter Christopher eller sogar ein obituary?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Hiortdahl death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg har studert denne annotasjonsrulla der namnet hans førekjem, men eg er ikkje 100% overtydd om at innførslene heilt til høgre gjeld verkeleg gjeld «vår» Jacob.  Dei tre namni som står under #19, synest erstatta kvarandre i tid, og sidan det ikkje var meir plass nedover, ser det ut for meg som om det er Oluf Andreassen som er meint!?  Eller kva meiner du, Egil? 

 

Usikker, men du kan nok ha rett i at det gjelder Oluf A....

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å sitera ein skodespelar som var ganske so kjend den gongen eg var ungdom - «Du store alpakka!» - dette er jo heilt fantastisk, Lars J.!  Hjarteleg takk til deg og ogso til Egil for dei siste kommentarane om denne huslyden!

 

Då børjar dette manuskriptet verkeleg å ta skikkeleg «form», og det er med store glede at eg her legg ut ein oppdatert versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Samuel Mandrup Hansson Hjortdahl, døypt i Hafslo 7.7.1806, vart konfirmert i Hafslo i 1822.

Samuel Hjortdahl flytte òg kring 1823 med mor si til Sjøhola, Skei ytre i Førde og gifte seg i Førde 6.1.1843 med Julie Sophie Jacobea Christophersdotter Borch frå Drammen.  Ho var dotter av kjøpmann Christopher Christopherson Borch i Drammen, opphavleg frå Christiania, og kona Petronelle Margrethe Jacobsdotter Møller, òg frå Christiania, og f. på Bragernes i Drammen 24.12.1818.  Samuel tok over som landhandlar og gastgjevar etter far sin i Sjøhola, Skei ytre i Førde, men han og Julie flytte kring 1857 til Høien i Strøm i Vestfold der dei sidan var gardbrukarar.  Samuel Hjortdahl d. som gardbrukar på Høien 29.12.1865, og kring 1872 flytte Julie attende til Bragernes.  Sist på 1870-talet

 

¤¤¤¤¤ (kva år? – mellom 1876 og 1881)

 

flytte so Julie til Bootle, Lancashire, England og i 1885 vidare til Amerika der ho busette seg med dei to yngste sønene sine i San Francisco, Cal.  Ho d. i San Francisco, Cal. 18.3.1899.  Samuel og Julie fekk åtte born i lag:

 

¤¤¤¤¤ (Samuel hadde ei uekte dotter Samueline Mariane, f. i Beregen 27.4.1841, mor enkja Anna Lange, men dotteri d. på Haugland i Fana 27.2.1859 - «sindsvagt fattiglem fra Bergen»)

 

a. Cecilia Margrethe Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 28.7.1843, gifte seg i Strøm i Vestfold 12.11.1863 med Carl Hagbarth Constants Haagenson Nilsen frå Skien, f. i Larvik 1.9.1833.  Carl var skipsførar og han og Cecilia budde i Svelvik i Strøm, Vestfold og sidan i Christiania, men flytte

 

     ¤¤¤¤¤ (mellom 1874 og 1878?)

 

     til Bootle, Lancashire, England og ein gong på 1880-talet vidare til Liverpool, Lancashire.  Me finn dei att der under namni Carl og Cecilia Nilson der Carl livnærte seg som kaiarbeidar og sidan kaiformann («stevedore and master stevedore»).  Han d. i Salford, Lancashire

 

     ¤¤¤¤¤ (3. kvartal)

 

     1896.  Som enkje budde Cecilia Nilson ei tid i Manchester, Lancashire, men ho d. i Chorlton, Lancashire

 

     ¤¤¤¤¤ (1. kvartal)

 

     1924.  Dei fekk åtte born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne? – inkl:

            * Haaken Nilson, f. Strøm 5.5.1864 – n. 1865

            * Kort Adler Nilson, f. Strøm 7.12.1865 – n. 1865

            * Jacob Borch Nilson, f. Strøm 6.4.1868 – n. 1875 Bragernes – n. 1891/1901 – married Cheshire Mar. 18, 1895 to Edith Mary Dellen Jones

            * Julie Constance Nilson, f. Strøm 9.9.1870 – n. 1881/1891 Constance

            * Sahra Nilson, f. Gamle Aker 16.5.1872 – d. Gamle Aker 12.9.1872

            * Thomas J. Nilson, f. Noreg 1874 – n. 1881

            * Hagbart Nilson, f. Lancashire 1878 – n. 1881/1891

            * Sophia Borch Nilson, f.Lancashire 1882 – n. 1891/1901 – married Liverpool, Lancashire May 20, 1907 to Arthur Schofield)

 

b. Johan Christopher Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 10.2.1845, d. på Skei i Førde 13.7.1847.

c. Julie Sophie Jacobea Borch Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 7.4.1847, d. som enkje og pensjonist i Kristiansund 2.12.1922.  Julie gifte seg i Ålesund 27.11.1867 med Gjert Buck Olson Ohlsen frå Molde, f. i Molde 4.4.1840.  Han d. som hamnefogd i Kristiansund 21.12.1898.  Gjert var i mange år skipsførar og siglde i fjerne strøk, men gjekk sidan i land i Kristiansund og livnærte seg der som hamnefogd, losoldermann og innrulleringsbetjent.  Han og Julie budde i Kristiansund levetidi ut og fekk seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne? – inkl.:

            * Julius Ohlsen, f. Middelhavet 1868 – n. 1875/1885

            * Anton Ohlsen, f. Chinasjøen 1870 – n. 1875/1885

            * Gjert Ohlsen, f. Kristiansund 1874 – n. 1875/1885

            * Dagmar Ohlsen, f. Kristiansund 1877 – n. 1885/1900

            * Jacob Chr. Borch, f. Kristiansund 30.6.1880 – n. 1885/1900/1910 (gift)

            * Harriet Ohlsen, f. Kristiansund 1884 – n. 1885/1900)

 

d. Christopher Borch Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Christopher Hiortdahl, f. i Førde 26.2.1850, mønstra på som sjømann i Drammen i mai 1871 og var mellom anna våren 1877 i Amerika, men avmønstra i Liverpool, Lancashire, England i august 1877.  Han var shippingagent («foreign shipping agent») og budde mellom anna i Bootle, Lancashire, England til han i 1885 utvandra til Amerika i lag med mor si, først til New York og sidan vidare til Mason Co., Wash. der me finn han att som fruktfarmar («fruit farmer») i Detroit precinct.  Han var òg tømmerarbeidar («lumber handler») og levde siste åri i Tacoma, Pierce Co., Wash. der han d. ugift 7.10.1918.

e. Jacob Borch Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Jacob B. Hiortdahl, f. i Drammen 4.11.1852, mønstra på som sjømann i Drammen i juni 1874, men mønstra av same staden i desember 1877.  Snart etter flytte han til England, truleg med mor si til Bootlr, Lancashire, men han d. i Whitechapel, London

 

     ¤¤¤¤¤ (4. kvartal)

 

     1880, truleg ugift.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om ugift?)

 

f. Johan Emil Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 27.7.1855,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Strøm 1870 - Johan E. S. Hjortdahl utvandra 1880 (25) til Peshtigo, Marinette Co., WI frå Eiker! – apparently John Hiordahl in 1900 – single cook in Vaughn township, Iron Co., WI – owned his house free of mortgage! – later destiny?)

 

g. Nicolai Meydell Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Nickolai Jortall, f. i Strøm 3.8.1859, utvandra til Amerika i 1876

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka utvandringsåret? – konf. Bragernes 1875 – 1881 bus. Bootle, Lancashire, England «marriner» – sidan til Amerika!)

 

     og busette seg etter kvart i San Francisco, Cal. der han livnærte seg som bokhaldar, sjømann og kaiarbeidar («bookkeeper, seaman and drayman»).  Han var dessutan svært aktiv i fagrørsla og organisasjonsarbeid for sjømenn («sailor’s union man»).  Han d. ugift i San Francisco, Cal. 25.5.1949.

h. Christian Sophus, kljend som Sophus Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Christian S. Jortall, f. i Strøm 19.7.1862, utvandra til Amerika i 1878

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka utvandringsåret? – framleis heime i 1875! – 1881 bus. Bootle, Lancashire, England «assistant to the Swedish consulate» – sidan til Amerika!)

 

     og busette seg etter kvart òg i San Francisco, Cal. der han likeins livnærte seg som sjømann («seaman»).  Han d. ugift i San Francisco, Cal. 20.8.1913.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

No sit me med i alle fall tre dødsdatoar frå England der me berre kjenner kvartalet vedkommande døydde i.  Er det nokon som veit korleis me kan få greie på dei nøyaktige datoane?  Det kostar vel ein formue å tinga dødsattestar frå England, og ikkje veit eg om me får dei heller utan å vera i slekt med avlidne...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden.  No er det berre Johan Emil som står att på «saknalista»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Som enkje budde Cecilia Nilson ei tid i Manchester, Lancashire, men ho d. i Chorlton, Lancashire     ¤¤¤¤¤ (1. kvartal)     1924.

 

 

1924_Mar_CMN.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Egil for dei siste innleggi!

 

Eg har no sjekka ut desse registeri frå England, og eg kjem i hug eg har sett dette før for ein del år sidan; dødsmånadane som vert oppgjevne, er alltid den siste månaden i det kvartalet der vedkommande døydde!  Sjekk til dømes med ættenamnet «Taylor» i Lancashire County for året 1896!  Ingen dødsfall er registrerte i andre månadar enn mars, juni, september og desember!

 

So eg har framleis vanskar med å forstå korleis me kan få tak i NØYAKTIG dato?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som eg før har nemnt, la eg i førre veke ut eit spørsmål på den norsk-amerikanske rootsweb-lista om Johan Emil Hjortdahl, og i dag har eg fått eit svært so spennande svar, som kan tyda på at mannen er komen til rette!

 

Eg attgjev frå meldingi eg fekk frå Sarah Little:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

«From what I found, I don't think Johan Emil Hjortdahl ever moved from his owned property.  He just became John Dahl and died in Iron County.  Looking at his next door neighbor and his address and occupations - cook and janitor - convinced me.  In 1910, however, a 22 year old son, Herman Dahl, was living with him.

 

1900 Census; Vaughn, Iron, Wisconsin; T623, ED 43, sheet 20A;  
John Hiordahl, 46, born July 1854, Norway; single, cook; owns property free of mortgage;
Next door neighbor: August Isaacson [age 52, born Sweden] and Mary Isaacson [age 45, born Norway]

 

1910 Census;  Carey, Iron, Wisconsin;  T624, Roll 1713; ED 31; Page: 10A;
John Dahl, 49, born Wisconsin, widowed; father born Norway; Cook in Boarding house;
Street:     Carey Road, owns property free of mortgage;
Number of Children Born: 2; Number of Children Living: 2
Harman Dahl, 22, son, born Wisconsin, electrician
Next door neighbor Gust Isaacson [age 62, born in Sweden] and Mary Isaacson, [age 55, born in Norway]

 

1920 Census; Hurley, Iron, Wisconsin, T625, Roll 1988; ED 98, sheet 30A, line 25;
John Dahl, 66, born Norway; single, janitor in public school; naturalized in 1915; owns property free of mortgage;
Next door neighbor Gust Isaacson [age 71, born in Sweden] and Marie Isaacson, [age 65, born in Norway]

 

1930 Census; Hurley, Iron, Wisconsin, T626, Roll 2578, ED 9, sheet 2B, line 61;
John Dahl, 68, Norway, single, school janitor, naturalized; immigrated 1880;  owns property; Cary Road;
Next door neighbor Marie Isaacson, widow, age 75, born Norway;

 

Death: July 25, 1934

 

Obituaries:
The remains of John Dahl, former janitor of the Cary School, will be taken to the Presbyterian Church in Hurley at 10:30 tomorrow morning where they may be viewed.  Services will be held at the church at 2 o’clock in the afternoon with the Rev. C. L. Harries officiating Burial will be in Hurley.

 

July 26, 1934
Ironwood Daily Globe – Ironwood, Michigan

Last rites for John Dahl of Cary location were conducted this afternoon at the Presbyterian Church in Hurley, the Rev. C. L. Harries officiating. Burial was made in the Hurley Cemetery. The pallbearers were James Eddy, Sam Swanson, Neil Hurley, Enos Calligaro,  Moreno Del Tori and William Walter.

 

July 27, 1934
Ironwood Daily Globe – Ironwood, Michigan

 

May 20, 1929 – John Dahl served as a pallbearer at the funeral of Gust Isaacson.»

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Etter mitt syn er dette eit svært so overtydande innlegg.  Eg har ikkje sett dødsattesten til John frå 1934, men vil freista få sjekka denne...

 

Eitt «problem» ser eg likevel her:  Me veit ikkje noko om at John var gift, men i 1910 står han som enkjemann med to born, båe i live.  Oppført i lag med han er Herman Dahl på 22 år, elektrikar, fødd i Wisconsin med mor fødd i Pennsylvania!  Kan det tenkjast at John likevel var gift, men vart skild etter kort tid?  Kanskje nokon kan sjå ein samanhang her?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne so «mangfoldige» huslyden som no etter kvart ser ganske so «komplett» ut!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #44:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege i «turrdokk» i nesten tre år.  Det er ikkje so altfor mange detaljane som manglar no, men det hadde vore kjempekjekt og fått svar på i alle fall nokon av dei detaljspørsmåli som framleis er òpne:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Samuel Mandrup Hansson Hjortdahl, døypt i Hafslo 7.7.1806, vart konfirmert i Hafslo i 1822.

Samuel Hjortdahl flytte òg kring 1823 med mor si til Sjøhola, Skei ytre i Førde og gifte seg i Førde 6.1.1843 med Julie Sophie Jacobea Christophersdotter Borch frå Drammen.  Ho var dotter av kjøpmann Christopher Christopherson Borch i Drammen, opphavleg frå Christiania, og kona Petronelle Margrethe Jacobsdotter Møller, òg frå Christiania, og f. på Bragernes i Drammen 24.12.1818.  Samuel tok over som landhandlar og gastgjevar etter far sin i Sjøhola, Skei ytre i Førde, men han og Julie flytte kring 1857 til Høien i Strøm i Vestfold der dei sidan var gardbrukarar.  Samuel Hjortdahl d. som gardbrukar på Høien 29.12.1865, og kring 1872 flytte Julie attende til Bragernes.  Kring 1878 flytte so Julie til Bootle, Lancashire, England og i 1885 vidare til Amerika der ho busette seg med dei to yngste sønene sine i San Francisco, Cal.  Ho d. i San Francisco, Cal. 18.3.1899.  Samuel og Julie fekk åtte born i lag:

a. Cecilia Margrethe Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 28.7.1843, gifte seg i Strøm i Vestfold 12.11.1863 med Carl Hagbarth Constants Haagenson Nilsen frå Skien, f. i Larvik 1.9.1833.  Carl var skipsførar og han og Cecilia budde i Svelvik i Strøm, Vestfold og sidan i Christiania, men flytte kring 1875 til Bootle, Lancashire, England og ein gong på 1880-talet vidare til Liverpool, Lancashire.  Me finn dei att der under namni Carl og Cecilia Nilson der Carl livnærte seg som kaiarbeidar og sidan kaiformann («stevedore and master stevedore»).  Han d. i Salford, Lancashire

 

     ¤¤¤¤¤ (3. kvartal)

 

     1896.  Som enkje budde Cecilia Nilson ei tid i Manchester, Lancashire, men ho d. i Chorlton, Lancashire

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of her death? – March?)

 

     1924.  Dei fekk åtte born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne? – inkl:

            * Haaken Nilson, f. Strøm 5.5.1864 – n. 1865

            * Kort Adler Nilson, f. Strøm 7.12.1865 – n. 1865

            * Jacob Borch Nilson, f. Strøm 6.4.1868 – n. 1875 Bragernes – n. 1891/1901 – married Cheshire Mar. 18, 1895 to Edith Mary Dellen Jones

            * Julie Constance Nilson, f. Strøm 9.9.1870 – n. 1881/1891 Constance

            * Sahra Nilson, f. Gamle Aker 16.5.1872 – d. Gamle Aker 12.9.1872

            * Thomas J. Nilson, f. Noreg 1874 – n. 1881

            * Hagbart Nilson, f. Lancashire 1878 – n. 1881/1891

            * Sophia Borch Nilson, f.Lancashire 1882 – n. 1891/1901 – married Liverpool, Lancashire May 20, 1907 to Arthur Schofield)

 

b. Johan Christopher Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 10.2.1845, d. på Skei i Førde 13.7.1847.

c. Julie Sophie Jacobea Borch Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 7.4.1847, d. som enkje og pensjonist i Kristiansund 2.12.1922.  Julie gifte seg i Ålesund 27.11.1867 med Gjert Buck Olson Ohlsen frå Molde, f. i Molde 4.4.1840.  Han d. som hamnefogd i Kristiansund 21.12.1898.  Gjert var i mange år skipsførar og siglde i fjerne strøk, men gjekk sidan i land i Kristiansund og livnærte seg der som hamnefogd, losoldermann og innrulleringsbetjent.  Han og Julie budde i Kristiansund levetidi ut og fekk seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka at alle er medkomne? – inkl.:

            * Julius Ohlsen, f. Middelhavet 1868 – n. 1875/1885

            * Anton Ohlsen, f. Chinasjøen 1870 – n. 1875/1885

            * Gjert Ohlsen, f. Kristiansund 1874 – n. 1875/1885

            * Dagmar Ohlsen, f. Kristiansund 1877 – n. 1885/1900

            * Jacob Chr. Borch, f. Kristiansund 30.6.1880 – n. 1885/1900/1910 (gift)

            * Harriet Ohlsen, f. Kristiansund 1884 – n. 1885/1900)

 

d. Christopher Borch Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Christopher Hiortdahl, f. i Førde 26.2.1850, mønstra på som sjømann i Drammen i mai 1871 og var mellom anna våren 1877 i Amerika, men avmønstra i Liverpool, Lancashire, England i august 1877.  Han var shippingagent («foreign shipping agent») og budde mellom anna i Bootle, Lancashire, England til han i 1885 utvandra til Amerika i lag med mor si, først til New York og sidan vidare til Mason Co., Wash. der me finn han att som fruktfarmar («fruit farmer») i Detroit precinct.  Han var òg tømmerarbeidar («lumber handler») og levde siste åri i Tacoma, Pierce Co., Wash. der han d. ugift 7.10.1918.

e. Jacob Borch Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Jacob B. Hiortdahl, f. i Drammen 4.11.1852, mønstra på som sjømann i Drammen i juni 1874, men mønstra av same staden i desember 1877.  Snart etter flytte han til England, truleg med mor si til Bootle, Lancashire, men han d. i Whitechapel, London

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date of his death? – Dec.?)

 

     1880, truleg ugift.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka om ugift?)

 

f. Johan Emil Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som John Dahl, f. i Førde 27.7.1855, budde ei tid i Eiker, men utvandra i 1880 med reisemål Peshtigo, Marinette Co., Wis.  Han flytte snart etter til Hurley, Iron Co., Wis. der han livnærte seg som kokk og sidan skulevaktmeistar («cook and school custodian»).  Han vart buande i Hurley, Wis. levetidi ut og d. der 25.7.1934.

 

     ¤¤¤¤¤ (1910 said to be widowed with two children – both living – incl. son Herman, WI 22 electrician)

 

g. Nicolai Meydell Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Nickolai Jortall, f. i Strøm 3.8.1859, utvandra til Amerika i 1876

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka utvandringsåret? – konf. Bragernes 1875 – 1881 bus. Bootle, Lancashire, England «marriner» – sidan til Amerika!)

 

     og busette seg etter kvart i San Francisco, Cal. der han livnærte seg som bokhaldar, sjømann og kaiarbeidar («bookkeeper, seaman and drayman»).  Han var dessutan svært aktiv i fagrørsla og organisasjonsarbeid for sjømenn («sailor’s union man»).  Han d. ugift i San Francisco, Cal. 25.5.1949.

h. Christian Sophus, kjend som Sophus Samuelson Hjortdahl, sidan kjend som Christian S. Jortall, f. i Strøm 19.7.1862, utvandra til Amerika i 1878

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka utvandringsåret? – framleis heime i 1875! – 1881 bus. Bootle, Lancashire, England «assistant to the Swedish consulate» – sidan til Amerika!)

 

     og busette seg etter kvart òg i San Francisco, Cal. der han likeins livnærte seg som sjømann («seaman»).  Han d. ugift i San Francisco, Cal. 20.8.1913.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.