Gå til innhold
Arkivverket

Anna Olsdotter Otternes - Offerdal - fødd i Aurland 1843 - enkje i 1917 - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anna Olsdotter var fødd på Otternes i Aurland 14.3.1843 som dotter av gardbrukar Ole Guttormson og kona Ingeborg Nilsdotter på Otternes:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8376/8

 

Ho gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 1.5.1890 med Erik Johannesson Offerdahl, fødd i Årdal 7.12.1862

 

https://media.digitalarkivet.no/view/7131/54

 

Erik var skreddar, medan Anna var sjukepleiar.  Dei busette seg på Vangen i Aurland

 

FT1910: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1421&kenr=004&bnr=0039&lnr=00

 

der Erik døydde 26.4.1917.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1975/172

 

Anna levde med andre ord att som enkje i 1917, men kvar kan ho sidan ha vorte av?

 

Spørsmålet vart i si tid sendt til Statsarkivet i Bergen, men utan resultat:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/200542-dødsfalldødsmelding-aurland-etter-1935/#comment-1694299

 

Heller ikkje lokalhistorikarar i Aurland har greidd å løysa denne utfordringi, so no er siste voni mi at nokon i Brukarforum kan hjelpa meg med lagnaden til Anna?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Ann-Mary Engum skrev:

Til Egil

Kan det være denne du har funnet?

 

Det er nok godt mulig, synes bare det var pussig at hun ikke var å finne i KB.

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil, Ann-Mary og Sven for interessante kommentarar!

 

Ein skulle neste tru at kyrkjebøkene for Aurland er mangelfulle.  Eg har alt i eit anna tilfelle opplevd at eit dødsfall, som MÅ ha finne stad i 1890-åri, ikkje finst innført nokon stad!  Og her har me eit nytt døme med denne «andre» Anna Olsdotter på Vangen!

 

Kanskje ogso Anna Olsdotter Otternes - Offerdal døydde i Aurland utan å vera innført?

 

Men me kan ikkje gå ut ifrå at det er slik, so ein eller annan stad MÅ ho jo vera...

 

Kan Anna vera flytt til Bergen eller til Christiania/Oslo?  Eg har ikkje bygdeboki for Aurland for handi, men meiner å hugsa at ho hadde søsken som flytte frå bygdi...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om dette dødsfallet og krossar fingrer og tær for at ein eller annan lukkast i å finna eit svar...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anna hadde flere søsken. Kari, Torbjørn og Perine utvandret, Torstein døde 23 år gammel, Guttorm og Ingeborg ble boende på Otternes (i følge Aurland bygdebok fra 1964). Jeg har tenkt at Anna kanskje ble boende sammen med en av sine søsken etter at mannen døde, ettersom hun ikke hadde barn selv. Fant henne ikke i utvandrerlistene heller.

 

Den siste kirkeboka for Vangen sogn som er skannet går fram til 1909. Etter den tid er det ei klokkerbok som går fram til 1939. Kan det tenkes at klokkerboka er ufullstendig og at det fins flere dødsfall i kirkeboka?

 

I tillegg til de søsken som er nevnt over hadde Anna også en bror Nils Olsen (1841-1931) som ble bruker på Henjum i Leikanger. Jeg hadde tenkt å sjekke kirkeboka for Leikanger for å se om Anna kanskje var død på Henjum, men kirkeboka er skannet bare til 1888 og klokkerboka til 1916. Anna levde fortsatt i 1917, så hvis hun døde i Leikanger vil vi ikke finne henne der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget om Anna Otternes/Offerdal!

 

Om kyrkjebøkene inneheld dødsfall som manglar i klokkarbøkene, er ikkje godt på seia, men tanken om at Anna kan vera avlidi på Henjum på Leikanger, er so absolutt realistisk, so eg har i kveld lagt inn eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen om saki:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/213144-dødsfall-leikanger-etter-1916-anna-olsdotter-offerdalotternesvangen/

 

So fær me sjå kva dei seier...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som gjeld lagnaden til Anna!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Diverre kunne Statsarkivet i Bergen ikkje finna noko dødsfall for Anna Olsdotter Otternes/Offerdal i Leikanger, so denne utfordringi står framleis uløyst!

 

Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til denne enkja frå Aurland?  Ein eller annan stad må ho jo ha vorti av...?  Kanskje Sogndal?  Kanskje Bergen?  Kanskje Christiania/Oslo?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.