Gå til innhold
Arkivverket

Ole Torkildson Sandvig (1827-1871) - frå Luster til Ålesund - kven var kona sine foreldre - lagnaden til dotteri i Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i kveld ei ny utfordring som eg gjerne vil syna fram.

 

Ole Torkildson Sandvig frå Luster fann kona si i Skodje på Sunnmøre og busette seg i Ålesund.  Ei dotter deira «forsvinn» for meg i Amerika.  Eg har so langt ikkje greidd å finna ho att i Amerika, men det burde vera mogeleg på bakgrunn av dei opplysningane som ligg føre...?  Eller?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande innlegg av Lars W. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #4 nedanfor:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdebok for Skodje : gard og slekt. B. 1:

Gnr. 29 Flåte, bnr. 6 Johangaren:

 

597c473bd55ce_Skjermbilde2017-07-29kl_10_27_20.png.b7c085e81e41f13ff0d292c1f8b8604b.png597c473e0b63b_Skjermbilde2017-07-29kl_10_27_38.png.40dc82dfb27d529705378738374add43.png

 

Vielsen med Brite Pedersdatter i 1794 (høyre side, nesten øverst): https://media.digitalarkivet.no/view/15985/155?indexing=

 

Nils Jensen og Brite Pedersdatter i 1801: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058419003973

 

Vielsen med Anne Johannesdatter i 1822 (nr. 15): https://media.digitalarkivet.no/view/16009/121

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ørskog gjennom tidene. 3 : Ættesoga 

(Fødselsår og dødsår for Anne Johannesdatter stemmer ikke overens med bygdeboka for Skodje)

 

597c4a5a249db_Skjermbilde2017-07-29kl_10_41_05.png.1c91d3899354085e479f07151649887c.png

 

Det ser ut til at fødselsår 1790 er det riktige for Anne Johannesdatter. Dåp 14.3.1790 (høyre side, nesten nederst): https://media.digitalarkivet.no/view/15985/118

 

Nils Jensen død i 1843 (nr. 13): https://media.digitalarkivet.no/view/2256/94

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for interessante og nyttige innlegg.

 

Då er foreldri til Ingeborg Marie grundig identifiserte, og den delen av utfordringi er «på plass».  Samstundes må me vel kunna slå fast at Ole og Ingeborg Marie ikkje fekk fleire enn dei tre borni me kjenner til.

 

Då sit me att med ei kjempeutfordring:

 

* Kva lagnad fekk Karen Nicoline Bergitte Sandvig i Amerika?  Kanskje kan utvandringi hennar finnast?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Torkildson (Sandvig), f. i Luster 12.8.1827,

Ole Torkildsen Sandvig flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre der han 10.8.1865 gifte seg med Ingeborg Marie Nilsdotter frå Flåte i Skodje, Borgund.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Jensson på Skåte, opphavleg frå Søvikhaug, og andre kona Anna Johannesdotter frå Lie i Ørskog og f. i Skodje 28.4.1831.  Ole Sandvig var sjømann, og han og Ingeborg busette seg i Ålesund, men Ole vart sjuk på ein sjøreise til Finnmark og d. på sjukehuset i Gamvik 11.5.1871.  Ingeborg Sandvig d. som legdelem i Ålesund 16.3.1880.  Dei fekk tre born i lag:

a. Karen Nicoline Bergitte Olsdotter Sandvig, f. i Ørskog 1.4.1859,

 

     ##### (Karen Nicoline Bergitte Sandvig tente 1875 i Ålesund – biography for brother Olai says: «sister was working on the Martin Halverson farm in Goodhue Co., Minn. when Olai emigrated in 1886 – she died in California about 1923» - info? – was not not with the Halvorson family in 1885 or 1895!!)

 

b. Theodor Johan, kjend som Johan Olson Sandvig, f. i Ålesund 22.9.1865, d. i Ålesund 26.7.1874.

c. Ernst Olai, kjend som Olai Olson Sandvig, sidan som Olai Sandvick, f. i Ålesund 7.6.1868, gjekk i skomakarlære i Bergen, men utvandra i 1886 til Amerika.  Han busette seg i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn. der han livnærte seg som farmarbeidar («farm laborer»).  Han var ein tur på vitjing til Noreg i 1900, men fór same året attende til Amerika og busette seg i sjølve Wanamingo, Goodhue Co., Minn. der han heldt fram som farmarbeidar («farm laborer»).  Ei tid var han òg møllestyrar («feedmill operator»).  Olai Sandvick d. ugift i Red Wing, Minn. 18.10.1930.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege i «dvale» dei siste par vekene...

 

Kanskje vil det vera eit høveleg utgongspunkt å freista finna utvandringi til Karen Nicoline Bergitte, til dømes i ei passasjerliste?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og lever vidare i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.