Gå til innhold
Arkivverket

Lars Olson Uren - fødd i Jostedalen 1783 - barnefar i Jostedalen 1802 - forsvann til sjøs - ikkje høyrd ifrå etter kring 1816 - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som har stått òpi i minst 30 år, og som no er vorti aktualisert gjennom interesse mellom etterkomarar:

 

Lars Olson vart døypt i Jostedalen 2.11.1783 som son av Ole Knutson (1746-1835) og Siri Larsdotter (1759-1851), frå 1788 gardbrukarar i Uri i Luster.

 

Sigrid Larsdotter vart døypt i Jostedalen 14.2.1802, og foreldri hennar var Lars Olson frå Uri (ved dåpen kalla Lars Ugle frå Luster) og Anna Rasmusdotter frå Våttanes i Skjåk: https://media.digitalarkivet.no/view/11519/83

 

Etterkomarar er overtydde om at denne barnefaren var Lars Olson frå Uri, til tross for den «kryptiske» nemningi ved dåpen.  Då dotteri i 1843 gifte seg som enkje i Skjåk, er far hennar nemnd Lars Olson: https://media.digitalarkivet.no/view/8916/17

 

Men utfordringi her er Lars Olson og lagnaden hans!  Då det i 1836 vart halde skifte etter Ole Knutson, kjem det fram at Lars Olson var sjømann, men dei hadde ikkje høyrt gjete han «på 20 år», og dei trudde han var avliden!

 

Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til denne Lars Olson?  Eg står «bom fast» i denne saki og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet, som har lege i «dvale» sidan det vart lagt ut for ei dryg veke sidan.

 

Eg veit det er ei kjempeutfordring å finna lagnaden til Lars Olson, men som evig optimist ønskjer eg ikkje å gje opp voni om at einkvan kanskje råkar borti mannen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram at dette emnet frå 2017.

 

Eg står framleis heilt utan spor etter denne sjømannen og vonar at kanskje nokon kan finna eit avisoppslag eller liknande som gjeld Lars Olson?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.