Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Elisabeth «Lise» Sunde - fødd kring 1765 - gift i Bergen 1793 - døydde mellom 1801 og 1805 - kven var ho? - dødsfallet hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane   
Lars E. Øyane

Denne utfordringi tek utgongspunkt i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/210583-ole-hansson-natvik-fødd-i-årdal-1766-konfirmert-i-årdal-1784-forsvinn-so-frå-bygdi-kan-henda-til-gulen-eller-til-bergen-lagnaden-hans/#comment-1771183

 

Elisabeth Sunde gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 20.11.1793 med Ole Hansson Dahl: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11343&merk=11343#ovre

 

Dei busette seg i 22. rode nr. 85 der FT1801 syner namnet hennar som Lise Sunde, 36 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390016610

 

Mannen Ole er samstundes oppgjeven vera 35 år gamal, som stemmer «på ein prikk»!

 

Eg kan ikkje sjå at dei fekk born i lag.

 

Ole Hansson Dahl gifte seg som enkjemann att i Domkyrkja i Bergen 8.12.1805 med Agathe Eriksdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5696&merk=5696#ovre

 

Elisabeth «Lise» Sunde var med andre ord fødd kring 1765 og døydde mellom 1801 og 1805.

 

Dei store spørsmåli her er soleis:

 

** Dato og stad for fødsli/dåpen til Elisabeth «Lise» Sunde?

 

** Kven var foreldri hennar?

 

** Dato og stad for dødsfallet/gravferdi til Elisabeth «Lise» Sunde?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane   
Lars E. Øyane

Om ein søker i Digitalarkivets «avansert personsøk» etter *lis* Sunde for perioden 1760-1807, får ein eitt interessant «treff»:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000011381777

 

Elise Ulricha Sunde var fadder på eit barn av sokneprest Philip Fleischer i Sund i 1786 og er i «rett alder» til sidan å vera gift med Ole Hansson Dahl i Bergen, men kven var ho?

 

Elles gjev Sunde-namnet meg «assosiasjonar» til Sogndal der ei Elsebe Sunde i 1776 gifte seg med målarmeistar Gabriel Ross

 

Name Gabriel Ross
Spouse's Name Elsebe Sunde
Event Date 08 Jul 1776
Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway

 

Dei budde i 1801 på Hovslund i Sogndal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394001280

 

Elsebe var dotter av landhandlar og gjestgjevar Andreas Pederson Sunde i Sogndal (1704-1784) som igjen var son av Peder Nilsson Sunde og Maren Christensdotter Gedde, som òg budde i Sogndal.  Hadde kan henda Peder og Maren ein annan son som vart far til Elisabeth «Lise» ?«Elise Ulricha» Sunde?

 

Men me har ogso denne dåpen i Nykyrkja i Bergen 4.10.1769 av Malene Elisabeth, dotter av Benjamin Sunde og Karen von Santen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=9960&personpostnr=80191&merk=80191#ovre

 

Faren var bakarsvein Lars Benjamin Sunde, og vigsli hans stod i Nykyrkja 20.8.1769:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=14983&merk=14983#ovre

 

So vidt eg forstår, er Lars Benjamin ein bror av Elsebe gift Ross og soleis òg ein son av landhandlar Andreas Pederson Sunde i Sogndal!

 

Malene Elisabeth er fire år for ung i høve FT1801, men KAN ho likevel vera jenta me leiter etter?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for løysing av denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×