Gå til innhold
Arkivverket

Elisabeth «Lise» Sunde - fødd kring 1765 - gift i Bergen 1793 - døydde mellom 1801 og 1805 - kven var ho? - dødsfallet hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi tek utgongspunkt i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/210583-ole-hansson-natvik-fødd-i-årdal-1766-konfirmert-i-årdal-1784-forsvinn-so-frå-bygdi-kan-henda-til-gulen-eller-til-bergen-lagnaden-hans/#comment-1771183

 

Elisabeth Sunde gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 20.11.1793 med Ole Hansson Dahl: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=11343&merk=11343#ovre

 

Dei busette seg i 22. rode nr. 85 der FT1801 syner namnet hennar som Lise Sunde, 36 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390016610

 

Mannen Ole er samstundes oppgjeven vera 35 år gamal, som stemmer «på ein prikk»!

 

Eg kan ikkje sjå at dei fekk born i lag.

 

Ole Hansson Dahl gifte seg som enkjemann att i Domkyrkja i Bergen 8.12.1805 med Agathe Eriksdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5696&merk=5696#ovre

 

Elisabeth «Lise» Sunde var med andre ord fødd kring 1765 og døydde mellom 1801 og 1805.

 

Dei store spørsmåli her er soleis:

 

** Dato og stad for fødsli/dåpen til Elisabeth «Lise» Sunde?

 

** Kven var foreldri hennar?

 

** Dato og stad for dødsfallet/gravferdi til Elisabeth «Lise» Sunde?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om ein søker i Digitalarkivets «avansert personsøk» etter *lis* Sunde for perioden 1760-1807, får ein eitt interessant «treff»:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000011381777

 

Elise Ulricha Sunde var fadder på eit barn av sokneprest Philip Fleischer i Sund i 1786 og er i «rett alder» til sidan å vera gift med Ole Hansson Dahl i Bergen, men kven var ho?

 

Elles gjev Sunde-namnet meg «assosiasjonar» til Sogndal der ei Elsebe Sunde i 1776 gifte seg med målarmeistar Gabriel Ross

 

Name Gabriel Ross
Spouse's Name Elsebe Sunde
Event Date 08 Jul 1776
Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway

 

Dei budde i 1801 på Hovslund i Sogndal: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394001280

 

Elsebe var dotter av landhandlar og gjestgjevar Andreas Pederson Sunde i Sogndal (1704-1784) som igjen var son av Peder Nilsson Sunde og Maren Christensdotter Gedde, som òg budde i Sogndal.  Hadde kan henda Peder og Maren ein annan son som vart far til Elisabeth «Lise» ?«Elise Ulricha» Sunde?

 

Men me har ogso denne dåpen i Nykyrkja i Bergen 4.10.1769 av Malene Elisabeth, dotter av Benjamin Sunde og Karen von Santen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=9960&personpostnr=80191&merk=80191#ovre

 

Faren var bakarsvein Lars Benjamin Sunde, og vigsli hans stod i Nykyrkja 20.8.1769:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=14983&merk=14983#ovre

 

So vidt eg forstår, er Lars Benjamin ein bror av Elsebe gift Ross og soleis òg ein son av landhandlar Andreas Pederson Sunde i Sogndal!

 

Malene Elisabeth er fire år for ung i høve FT1801, men KAN ho likevel vera jenta me leiter etter?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for løysing av denne utfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi frå sist månad, som framleis står uløyst!

 

Kan henda er det ein eller annan som dreg kjensel på denne jenta og kan fortelja meg meir om opphavet - og lagnaden - hennar?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg ser at Lars Østensen har lagt ut eit nytt emne i dag om huslyden til Peder Sunde i Sogndal:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/216397-peder-sunde-sogndal-død-bergen-1764-gift-2-ganger-med-6-barn-i-hvert-av-ekteskapene/

 

Eg trur det er ein samanhang mellom Peder Sunde og den her etterlyste Elisabeth «Lise» Sunde i Bergen og vonar at lanskje ein eller annan kan hjelpa meg vidare...?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trolig har en av døttrene forvillet seg nordover:

 

Skifte etter Else Christina Sunde, Rødøy i Tjeldsund
Film eller link: HF1967
Formue: 574-1-6. Gjeld: 520-2-10. Boets innhold: Sølv: D.K.E.H.S - D.P.S 1787.
Arvinger:
Ektefelle: Dines Knudsen. Internt skiftenr: 14696. Skiftet åpnet: 10/6-1789. Side: 557. Løpenr: .
Dines Knudsen, Rødøy i Tjeldsund. Ektemann av avdøde. Gift. Enkemann. Ektefelle: Else Kristina Sunde. Hennes 2. ektemann.
Jochum Hansen Harder, i Ofoten. Ektemann av avdøde. Død. Gift. Ektefelle: Else Kristina Sunde. Hennes 1. ektemann.
Malena Sunde Jochumsdatter, Rødøy i Tjeldsund, 22 år Datter av avdøde.
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

image.png.52acbae4407c21daa011b6faa89fc359.png

 

Skifte etter gubben til Maria Margrete Sunde:

 

Namn arvtakar: Tosten, Kattevold
Gard: Sogndalsfiæren, nr.:1
Husmannsplass:  
Yrke:  
Skipreide: Sogndal
Protokoll/side: 9-51b
Datering: 1781-1786
Dato: 7.11.1783
Eiga: 600 Dalar, 1 ort, 9 skilling
Gjeld: 809 Dalar, 1 ort, 7 skilling
Netto: 0 Dalar, 0 ort, 0 skilling
Merknad: Falitt
Personar i skiftet :
(1) Boets gjeld Kreditor
(2) Margrethe Kattevold Enken
(3) Niels Sunde Kattevold Myndig Søn
(4) Peter Sunde Kattevold 11 Aar Søn
(5) Andreas Sunde Formynder for Peter
(6) Maren Mallene Kattevold Datter
(7) Ove Kattevold Waldres Gift med Maren Malle
(8) Ragnilde Sophie Kattevold Enken Datter
(9) Lars Hundørs Død Gift med Ragnilde So
(10) Gabriel Foss Laugverge for Enken
(11) Jonas Eide Formynder for Trond
(12) Johannes Ugle Laugverge for Ragnil
(13) Trond Tostensen Katevold 13 Aar Søn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1747-1768, s. 161
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650556
Elsebeth Sunde konfirmert 1760

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1747-1768, s. 162
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650557
Nevnt blant kommunikanter samme år.

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1747-1768, s. 195
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650593
Kommunikant.

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1747-1768, s. 201
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650600
Maren Mallene Sunde nevnes blant kommunikanter.

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1747-1768, s. 203
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650602
Sr. Anders Sunde og kjæreste
Elsebeth Sunde

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1747-1768, s. 209
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650608
Maren Malene Sunde her opptrer også Madame Elisabeth Sunde

SAB, Sogndal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1747-1768, s. 212
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070515650611
Maren Malene Sunde

RA, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, R52/L3418: Ekstraskatten Sogn, 1762-1769, s. 23
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rk10051111030026
Lensmann og gjestgiver Tosten Kattevold med hustru

RA, Rentekammeret inntil 1814, Reviderte regnskaper, Fogderegnskap, R52/L3418: Ekstraskatten Sogn, 1762-1769, s. 27
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rk10051111030030
Sr Anders Sunde og hustru på Hovslund 2 barn over 12 år: Elsebeth og Maren Malene Sunde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Namn arvtakar: Andreas, Sunde
Gard: Hofslund, nr.:
Husmannsplass:  
Yrke:  
Skipreide: Sogndal
Protokoll/side: 10-1
Datering: 1786-1794
Dato: 6.5.1785
Eiga:  
Gjeld: 772 Dalar, 0 ort, 12 skilling
Netto:  
Merknad: Finn ikkje formuen
Personar i skiftet :
(1) Eliasbeth Sunde Enken
(2) Margrethe Kattevold Datter
(3) Elsebe Sunde Datter
(4) Gabriel Ross Gift med Elsebe
(5) Boets gjeld Kreditor
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars Ø. for fleire spennande og utfordrande innlegg!

 

Særleg likte eg innlegg #7 om Else Christine Andreasdotter Sunde som var gift og budde i Nordland!  Eg ser at vigsli hennar med Jochum Hansson fann stad i Ofoten 7.12.1766:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000927556

 

Eg er derimot ikkje i stand til å finna dåpen til dotteri Malene Sunde Jochumsdotter som i 1789 vert oppgjevi vera 22 år gamal!  Alderen til denne dotteri høver svært godt med «vår» Elisabeth «Lise» Sunde, og det er vel ikkje urimeleg å tenkja seg at den nemnde Malene Sunde Jochumsdotter KAN vera flytt til Bergen etter at mori døydde?  Kan det fulle namnet hennar kanskje ha vore Elisabeth Malene Sunde??

 

Når det gjeld Elise Ulriche Sunde, som eg nemnde først i innlegg #2, so ser eg at ho heitte Else Ulriche Sunde, og ho er nemnd mange gongar som faddar i Sund frå 1770 og utover til 1780-åri, so ho er definitivt IKKJE jenta me leiter etter...  Kanskje var ho den enkja Else Sunde som i 1791 gifte seg med enkjemannen, justisråd Dam Lau i Bergen:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000994403

 

Eg tykkjer jenta frå Ofoten/Rødøy etter kvart står fram som ein svært aktuell «kandidat» til «vår» Elisabeth «Lise», men er det mogeleg å prova dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne jenta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg tykkjer jenta frå Ofoten/Rødøy etter kvart står fram som ein svært aktuell «kandidat» til «vår» Elisabeth «Lise», men er det mogeleg å prova dette?

 

Neppe:

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 872/L1029: Ministerialbok nr. 872A04, 1765-1787, s. 74-75
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20071102650665

 

I følge en annen debatt:

" Malene ble gift med Christen Kildal Tollevsen på gården Tjårnes i Tysfjord."

Endret av Lars Østensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 13.8.2017 den 12.01, Lars E. Øyane skrev:

Elise Ulricha Sunde var fadder på eit barn av sokneprest Philip Fleischer i Sund i 1786 og er i «rett alder» til sidan å vera gift med Ole Hansson Dahl i Bergen, men kven var ho?

 

Lurer på om denne Elise er Else Ulrikke Christie f. 1743 på Tysnes, dør 1816 i Bergen, gift med Nathaniel Sunde   f. 04 Des 1711, Sogndal, Sogn og Fjordane ,   d. 20 Jan 1786, Sund, Hordaland.

Hun ble oppigjen gift med 1791 med Dam Jacobsen Lau

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001146784

 

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000635169

 

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars Ø. og Ivar for nye innlegg!

 

Då ser det ut til at Elise Ulricha Sunde i Sund er identifisert, som kona til Nathaniel Sunde...

 

Elles ser eg at Lars Ø. (jmf. innlegg #12) har oppdaga lagnaden til Malene, dotteri som Else Christine Sunde fekk i Nordland, so då er heller ikkje ho aktuell.

 

Den EINASTE «kandidaten» eg då sit att med, dersom Elisabeth «Lisa» Sunde høyrer til denne ætti, er denne frå innlegg #2:

 

~~~~~

 

«... me har ogso denne dåpen i Nykyrkja i Bergen 4.10.1769 av Malene Elisabeth, dotter av Benjamin Sunde og Karen von Santen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=9960&personpostnr=80191&merk=80191#ovre

 

Faren var bakarsvein Lars Benjamin Sunde, og vigsli hans stod i Nykyrkja 20.8.1769:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=14983&merk=14983#ovre

 

So vidt eg forstår, er Lars Benjamin ein bror av Elsebe gift Ross og soleis òg ein son av landhandlar Andreas Pederson Sunde i Sogndal!

 

Malene Elisabeth er fire år for ung i høve FT1801, men KAN ho likevel vera jenta me leiter etter?»

 

~~~~~

 

Men greier nokon å prova at det verkeleg ER ho?  Kan ho finnast konfirmert nokon stad?  Kvar vart det av mori Karen von Santen etter at Lars Benjamin døydde i 1770??  I det minste hadde ho Elisabeth-namnet...

 

Ikkje noki enkel sak dette, men eg lever i voni om at det framleis kan «vanka» eitt og anna «gullkorn» der ute og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eli for eit nytt spennande innlegg!

 

Karen von Santen gifte seg altso att, men kva heitte denne mannen?  Sloesing?  Eller kan henda Hoesing eller Roesing??  Han var korporal, og han og Karen von Santen fekk to born i Sogndal:

 

* Echa Margrethe, døypt 5.6.1774: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/72

 

* Lars Benjamin, døypt 10.1.1776: https://media.digitalarkivet.no/view/11655/89

 

Eg legg spørsmålet inn i «tydingsforum» - kanskje ein eller annan greier det?

 

Men viktigare er kanskje spørsmålet om kvar det vart av dei?  Eg freista komma inn  på Ovenstad, men finn han ikkje att i det nye Digitalarkivet...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppsporing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I fylgje denne nettsida døydde Karen Van Santen i  Schweighausen, Haut Rhin, i Frankrike i 1817.  Etternamnet til mannen vert skrive Schloesing

https://en.geneanet.org/fonds/individus/

I fylgje denne nettsida fekk Karen og Johan Petter / Jean Pierre fire born. Karen sine born frå første ekteskap er ikkje nemnde.

 

Med helsing

Eli Randmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eli for siste innlegget om lagnaden til Karen von Santen.

 

I mellomtidi la eg ut eit emne i «tydingsforum» om tolking av dette ættenamnet

 

https://forum.arkivverket.no/topic/216609-tyding-av-ættenamn-i-sogndal/

 

og der kom det fram liknande opplysningar om lagnaden til denne huslyden.  Særleg spennande er det jo at dei hamna i Schweighausen nær Haguenau der eg var på vitjing for berre tre veker sidan...

 

MEN, til tross for at lagnaden til Johan Petter og Karen er avslørt, slit me framleis med spørsmålet om lagnaden til dotteri Malene Elisabeth, som Karen fekk i 1769 i første ekteskapet sitt med Lars Benjamin Sunde!  Ho er tydeleg ikkje nemnd i franske kjelder, so kan ho ha vakse opp hjå skyldfolk i Noreg?  I so fall bør ho vel vera KONFIRMERT ein eller annan stad?  I Sogndal finn eg ho ikkje, men kanskje voks ho opp hjå skyldfolki sine i Sund?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.