Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kari «Carrie» (Johnson) Urness (1872-1929) og første ekteskapet hennar med Mr. Witt i Ramsey/Dakota Co., MN? - ei kjempeutfordring i Amerika?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få syna dykk ei ny kjempeutfordring frå Amerika som eg har jobba med i mange år, men aldri greidd å finna ut av:

 

Det er so mange dugelege forskarar i Brukarforum, og eg trur at ein eller annan kanskje an greia denne - ikkje minst gjennom avisoppslag?

 

Kari «Carrie» (Johnson) Urness, fødd i Buffalo Co., WI 11.8.1872 som dotter av Johannes Johannesson Urness frå Hafslo (1850-1914) og Olina Pedersdotter (Bringe) frå Luster (1852-1924).  Etter fleire år i Buffalo Co., WI flytte huslyden i 1878 til Polk Co., MN der Kari «Carrie» voks opp!

 

Carrie døydde i St. Paul, MN 1.8.1929, og dødsattesten seier at ho hadde butt i St. Paul, MN i 30 år!  Eg har likevel ikkje greidd å finna ho korkje i FT1900 eller i FT1905.  Derimot finn eg ho i FT1910 som enkje og eigar av ein hønsefarm i Inver Grove township, Dakota Co., MN, like sør for St. Paul, MN:

 

URNESS, Carrie  38  MN  MN  MN  widowed  one child born/one living

URNESS, Andrew  19  MN  MN  MN  son  single

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVC-HSF?i=3&cc=1727033

 

Tenaren hennar var Jack Keenan som ho gifte seg med (under namnet Carrie Urness) i St. Paul, MN 21.11.1911, men det er ei anna soge...  Dei vart skilde, og sidan gifte på ny i St. Paul, MN 5.5.1926!

 

Denne Andrew, som i 1910 påstås vera son hennar, var i røyndi BROR hennar, Andrew Martin Urness, fødd i Polk Co., MN 3.2.1891, so kvifor han står nemnd som son, forstår eg ikkje.

 

Ein person i Amerika som har forska på denne ætti, påstår at Carrie var gift med ein mann med namnet WITT, men anten døydde han, eller dei vart skilde.  Ingen veit sikkert!

 

** Kanskje finn me løysingi om me kan finna Carrie FT1900 og/eller FT1905?

 

** Ho var eigar av hønsefarmen sin, so eigedomeregisteret i Dakota Co., MN kan vera ein annan stad å leita etter svar...?

 

** Eller kan det tenkjast at det finst avisoppslag om Carrie og mann hennar/eventuelt eit skilsmål?

 

Det hadde vore KJEMPEFLOTT om nokon greier finna opplysningar om Carrie og livet hennar før 1910, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «urøyrt» sidan eg la det fram for snart to veker sidan.  Det er sikkert ikkje av dei enklaste å finna ei løysing på, men eg lever framleis i voni og takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Jeg vet ikke om dette er rett person, og det gir ikke noen informasjon om det du etterspør, men hvis det er henne så var hun iallefall ikke gift pr. sept. 1904

The Saint Paul Globe, 11. September 1904, page 17

 

The Saint Paul Globe, 11. September 1904, page 17.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Finance and Commerce of the twin cities, 12. December 1912, page 4

 

Finance and Commerce of the twin cities, 12. December 1912, page 4.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye interessante innlegg!

 

Den uidentifiserte «kroppen» som vart henta opp frå elvi i september 1904, var IKKJE Christ J. Urness.  Det var her tale om Christian J. Urness, fødd i Buffalo Co., WI 2.10.1879 som son av Johannes Halvorson Urness frå Hafslo (1842-1934).  Denne Christian levde som «laborer og painter» i Buffalo Co., WI og døydde ugift ved eit trafikkuhell i Trempealeau Co., WI 12.9.1921.  Kven som drukna i elvi i 1904, veit eg ikkje.

 

Uansett, denne Christian Urness var tremenning til den i dette emnet etterlyste Kari «Carrie» Urness, so dette med «cousin» stemmer, og me kan slå fast at «vår» Kari framleis var ugift i september 1904!

 

Kan det tenkjast at dette ekteskapet hennar med den ukjende «Mr. Witt» berre var eit «bekjentskap», og at det aldri vart noko av eit ekteskap?  Det er jo påfallande at ho aldri opptrer med noko anna namn enn Urness før ho gifte seg med Jack Keenan, og eit skilsmål burde jo ha vore publisert!?  Me finn jo heller ikkje spor etter noki vigsle for Kari «Carrie» Urness før 1911!  Og ikkje fekk ho born heller...

 

Eigedomshandelen frå 1912 har eg vanskar med å tolka.  Kanskje var det foreldri hennar som først kjøote den nemnde hønsefarmen i Dakota Co., MN og at Kari «Carrie» tok over etter dei?  Dette høyrest merkeleg ut, men ein veit jo aldri.  Hadde me berre greidd å tolka adressa i handelen frå 1912...?  Eg vil senda eit spørsmål om dette til Amerika.  Kanskje kan nokon der klara opp i dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Problemstillingi kring eigedomshandelen frå 1912 har no vore drøfta på NORWAY-lista i Amerika, og eit par av innleggi som kom fram der, var desse:

 

Greg Hanson: «This looks like a transfer of property from John and Olena Urness to their daughter for $1.  Chute Brothers Division is part St. Paul Minnesota.

You can contact Ramsey County, give them the names of the parties involved, the date, etc., and they can provide you information on where the property is exactly.  Some counties will provide copies of deeds for free, but others will charge a fee.  Since St. Paul is a large city in MN, it is likely that they will charge a fee, whereas rural counties will usually provide the info for free.»

 

Bev Anderson: «If you had a copy of the deed, it would probably read something like "For one dollar and other considerations we do hereby give, devise and bequeath to our beloved daughter, Carrie J. Urness..." and give a physical description of the property they are giving to their daughter. The fact that it is a warranty deed (instead of a quitclaim deed) probably means there are no liens against the property, that the sellers (parents, in this case) have a free and clear title and can sell it or give it away, as they wish.  In this case, they are "giving" the property to their daughter for "one dollar and other considerations" instead of selling it to her for a large sum of money.

https://en.wikipedia.org/wiki/Warranty_deed

https://en.wikipedia.org/wiki/Quitclaim_deed

The parents, in this case, owned certain lots in the Cities (?maybe in St. Paul since Carrie later lived there, maybe even on one of the lots her parents gave her in the deed?), and they are, in essence, giving their daughter their property before they die which will make sure she has a place to live after the parents die, or if she sells or rents any of the lots (or buildings on said lots), she has an income from property they are leaving her. It may also mean she won't have the hassle of going through probate after her parents die.

When I was young I worked for a probate attorney and typed up a lot of Quitclaim deeds that read something like what I quoted in the first paragraph, but they also had a life tenancy clause wherein the parent(s) (or person selling or giving away the property) retained ownership and control of the property while they were alive, but upon their deaths the property reverted to their child(ren), or whoever the land was deeded to.  Besides the deed(s) [plural if more than one piece of property was involved], there was usually a will from one or both parents (or relatives; might be a grandparent giving the property to a grandchild or and aunt or uncle giving the property to a niece or nephew or sibling or friend) indicating what they wanted done with their property after death.

If you had a plat map of the city blocks where this property was/is (and the year before or after it was sold) you could see the location of these properties.

Without seeing a copy of the deed, it seems like a straightforward transfer of property from the parents to their daughter (unencumbered by liens against the properties since it is a warranty deed instead of a quitclaim deed).»

 

Annette Bowen: «I would read it as lots 4, 5 & 6 in Chute Brothers' Division Number 8, Lots 16, 17 & 18 in block 4 of Syndicate Number 1.  Chute Brothers and Syndicate were likely the names of the companies that owned the land, subdivided it into lots, and sold it the first time.»

 

Det som synest heilt klart, er at dette er ein husparsell i St. Paul, Ramsey Co., MN som ikkje har noko å gjera med hønsefarmen som Carrie åtte i Dakota Co., MN i 1910.  Det kan sjå ut som om foreldri John og Olena flytte til St. Paul, MN kring 1911.

 

Soleis sit me framleis att med spørsmålet om Kari «Carrie» Urness Keenan verkeleg var gift ein gong før 1910, men denne utfordringi kan det tenkjast me aldri får svar på..., eller...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

I dag har eg endeleg greidd å få tak i Eunice Sondrol, brordotteri til Carrie Keenan, som i si tid skaffa meg basisopplysningane om Carrie og søskeni hennar.  Ho har heller aldri greidd å finna noko prov på at Carrie var gift før ho gifte seg med Jack Keenan, so eg trur me trygt kan gå ut ifrå at Carrie aldri var gift med nokon annan enn Jack Keenan, og at ho heller ikkje hadde born.

 

Men uansett er det eit stort mysterium kvar Carrie var i FT1900 og FT1905!  Er ho oppført i St. Paul, MN med ei eller anna «forvanska» form av namnet Urness?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×