Gå til innhold
Arkivverket

S&F: Ivar Johannesen og Marthe Olsdtr frå Lærdal til Solund – Deira opphav ?


Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Viser til debatt i det gamle diskusjonsforumet;

 

Eg søker framleis opphavet etc. til desse to.

 

Dei fekk følgande barn etter det eg kan sjå (men det er plass til fleire :-));

Johannes, 1807

Anders, 1808

Ola, 1811

Nille, 1814

David, 1817

Axel, 1819

Helene, 1821

Søren, 1824

Andreas, 1825

Kornelius, 1829

 

Kona (Rakel) til David hadde farfar frå Luster, men det er kanskje ikkje noko som tyder på sammenheng mellom desse familiane?

 

Håper nokon veit noko meir....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Hei Gisle,

 

Eg har sett litt på desse «alternative» søstrene som i 1801 er nemnde som døtrer av husmann Ole Knutson og kona Cecilia Olsdotter på ein plass under MO i Tønjum sokn i Lærdal og finn dei omskrivne i bygdeboki for Lærdal, band II side 302:

 

Ole Knutson Saltkjelen, fødd kring 1748, gift 1775 med Cecilia Olsdotter, fødd kring 1747, ingen av dei er døypte i Lærdal ifølgje forfataren, men sju born er fødde her:

 

* Knut Olson, fødd 1775, gift 1799 med Magnhild Larsdotter Giil (1761-1829) - flytte 1805 til Dumba i Solund!!

 

* Karen Olsdotter, fødd 1778, tente 1801 på Grøto i Lærdal, lagnad ukjend(?)

 

* Nils Olson, fødd 1781, døydde 1801

 

* Haagen Olson, fødd 1784, budde på Saltkjelen og døydde 1849, ugift

 

* Martha Olsdotter d.e., fødd 1787, døydde 1873, ugift

 

* Martha Olsdotter, d.y., fødd 1789, lagnad ukjend

 

* Unni Olsdotter, fødd 1790, døydde på Saltkjelen 1879, gift med Gullak Olson

 

Og her har du i alle fall samband med Solund gjennom Knut Olson på Dumba!  Kanskje dukkar ogso Karen opp hjå deg?

 

Eg trur forresten Cecilia Olsdotter vart døypt i Lærdal 18.12.1746 som søster av den Ole Olson Dahl som flytte til Bergen og som er drøfta i dette emnet (sjå særleg innlegg #7): https://forum.arkivverket.no/topic/211738-ole-olson-dahl-i-bergen-fødd-i-«leirdal»-var-han-fødd-i-leirdalen-i-luster-1744-eller-i-lærdal-i-1753/?tab=comments#comment-1782646

 

 

Når det gjeld Iver Johannesson, ser eg ikkje nokon opplagde «kandidatar» i farten, men har du sjekka ut denne frå Øyre i Norum sokn?

 

Name Iver Johansen
Gender Male
Christening Date 23 Jan 1770
Christening Place , NORUM, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
Father's Name Johannes Ohre
Mother's Name Elli Pedersdr

 

Alderen høver i alle fall bra...

 

Vonar dette kan vera til litt nytte...  I alle fall burde det by på vidare ujtfordringar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Knut Olsson finnes nevnt under gården Dumba (s. 382 i BB Solund II), det same gjer ein Ole Nilsson (Ljøsne) (s. 376). Så det er iallefall Lærdal-slekt knytta dit.

 

Eg er vel nesten overbevist om at eine dottera til Ole Knutsson må vere identisk med ho som havna i Solund.

Ang Ivar så er kandidaten frå Norum verdt å sjå meir på.

 

Eg er ikkje så god på reglene som gjaldt for oppkalling av foreldre etc., men ser at barneflokken til Ivar og Marthe kanskje ikkje er heilt etter boka? Nokon som har vurderinger omkring dette?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld namneoppkalling i Gulen og Solund, har eg fleire gongar observert at dei ikkje alltid følgde «boki», og særleg gjeld det når me kjem ut mot 1800 og etter den tid.  Kvifor, veit eg ikkje...

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johannes Larsen Øhre og Eli Pedersdtr hadde då truleg desse barna (ref. søk på Familysearch):

Lars, f. ca. 1745 (har ikkje funne nokon dåpsdato for han)

Peder, dp. 11 February 1748

Niels, dp. 22 October 1749

Kari, dp. 17 August 1750

Gunnele, dp. 13 March 1752

Niels, dp. 29 November 1755

Marthe, dp. 25 June 1760

Anders, dp. 30 April 1761

Johannes, dp. 25 April 1765

Marithe, dp. 15 May 1767

Iver, dp. 23 January 1770 (er dette då han som havna i Solund?)
 

Skifte etter Johannes Larsen; https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000128365

 

Skifte etter Eli Pedersdtr; https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000130701 (ho levde ved FT1801; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394002311)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.