Gå til innhold
Arkivverket

Kvar er Rønnaug Hansdtr gravlagd?


Lesja kyrkjekontor
 Del

Recommended Posts

Rønnaug Hansdtr var født i Dovre i 1882, og døpt i Dovre kyrkje https://media.digitalarkivet.no/view/5707/24?indexing  

Ho vart seinare konfirmert https://media.digitalarkivet.no/view/3597/89?indexing og gift https://media.digitalarkivet.no/view/3598/180?indexing i same kyrkje.

Ho fekk tre born, Hans Oliver (døpt i Dovre i 1911), Odvar (døpt i Dovre i 1913) og Arnhild Margrete (døpt i Lesja i 1916)

Mannen til Rønnaug var anleggsarbeidar på Raumabanen, og familien budde ein vinter i Knipstugu på Lesjaverk. I Bygdebok for Lesja, bind 1, er familien er registrert under anleggsfolk i Lesjaverk sentrum (Rønnaug står her omtala som Olsdtr., men far hennar heitte Hans Mortensen Morken) http://www.nb.no/nbsok/nb/8e238b3c93fae7ff68ee91598c918b4d#573 

Iflg. opplysningar i bygdeboka, døde Rønnaug i 1918, og det stemmer med familien sin informasjon om at ho døydde "under spanskesjuka" i 1918. Familien har opplysningar om at ho og familien budde på Stueflotten på den tida. På Stueflotten budde det mange anleggsfolk i samband med bygging av Raumabana. Mange av anleggsfolka vart sjuke, og det blir fortalt at spisesalen vart omgjort til sjukestove.

 

Kyrkjekontoret har hatt besøk av barnebarna til Rønnaug, og dei ynskjer å finne ut kvar ho vart gravlagd. Vi finn ikkje namnet hennar i vår gravferdsprotokoll, kyrkjebok eller klokkarbok.

Familien fortel at dei har høyrt historie om at onkelen til Rønnaug reiste til Stueflotten for å ta Rønnaug med attende til Dovre for gravlegging, men pga smittefare vart han nekta dette.

I kyrkjebok og gravferdsprotokoll finn vi ikkje unormalt mange døde dette året, og ingen av dei som er registrert er "utanbygds". Dette til tross for at det er fortalt at spanskesjuka for hardt fram her på Lesja.

Det er nærliggjande å tru at evt døde anleggsfolk vart frakta attende til heimbygda si, men Dovre finn heller ikkje Rønnaug Hansdtr. i sine bøker.

 

Er det nokon som har tips om kvar vi kan leite vidare for å finne ut meir om Rønnaug?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.