Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Laura Amelia Urness (1897-1920) - gift 16.4.1916 med Frank Erwin Stewart (1895-1973) - busette Durand, WI - kvar fann denne vigsli stad? - amerikansk utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Laura Amelia Urness, dotter av Hans Hansson Urness frå Hafslo (1844-1925) og kona Karen Olsdotter Hovesveen frå Fåberg (1854-1916), busette i Durand, Pepin Co., WI, var fødd i Pepin Co., WI 25.8.1897 og døydde i Durand, WI 7.2.1920.

 

Laura skal ha gift seg 16.4.1916 med Frank Erwin Stewart, fødd i Pepin Co., WI 25.5.1895.  Dei budde i Durand, Pepin Co., WI, men Frank døydde i St. Paul, MN 11.6.1873 etter å ha vore attgift minst tre gongar!

 

Laura Stewart står i 1920 som gift, men busett med far og søsken: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRN6-LSP?i=30&cc=1488411

 

Frank Stewart står i 1920 som ugift med mor og søsken: https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRN6-L7R?i=34&cc=1488411

 

Laura og Frank hadde ein son i lag, som døydde kort etter fødsli!

 

Eg har søkt etter denne vigsli både i Pepin Co., WI og i det statlege vigselsregisteret for Wisconsin, men utan resultat.  Eg har òg søkt dei countiane i Minnesota som er tilgjengelege i det statlege vigselsregisteret (MOMS), men likeins utan resultat!

 

Kanskje kan ein «wedding announcement» finnast i ein lokal avis?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
På 18.8.2017 den 19.50, Lars E. Øyane skrev:

Frank Erwin Stewart, fødd i Pepin Co., WI 25.5.1895.  Dei budde i Durand, Pepin Co., WI, men Frank døydde i St. Paul, MN 11.6.1873 etter å ha vore attgift minst tre gongar!

 

Frank døde i 1973:

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=stewart&GSfn=frank&GSby=1895&GSbyrel=in&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=73375249&df=all&

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:X5QD-X57

 

 

Draft registration.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg!

 

Du har finne den «rette» Frank Stewart.  Eg har eit nokolunde bra oversyn over livet hans etter 1920, men det er detaljane kring den første vigsli hans med Laura Urness som er den «store bøygen»...  Og det ser ut til å vera svært vanskeleg å finna eit svar...  Kanskje var det berre eit «papirlaust» ekteskap?  Sonen som Laura fekk med Frank Stewart, heitte Robert Francis Stewart, men han døydde berre sju månadar gamal...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne vigsli til Frank Stewart og Laura Urness!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×