Gå til innhold
Arkivverket

Kinn pr.gj. , 1500-talet, gardane Batalden og Torvanger


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Dreg fram ein gammal debatt og prøver å finne svar på noko eg har lurt lenge på Har prøvd å finne kvar halvsøstrene Ingeborg og Sesilie Nilsdtr. vaks opp, dvs. kvar foreldra budde. Den eine vart buande på Rygg, Gimmestad, Gloppen og den andre i Batalden i Kinn pr.gj. Eg lurer på om nokon kan hjelpe meg å finne dokumentasjon på eit par ting.

Temaet har indirekte vore omhandla før i forumet. Dette innlegget til Anders J. Moen 12. nov. 2006 oppsummerer mykje om dei to:

 

"Tilbake til (31). I tillegg til Asgaut Steinnes sin artikkel bør også Lars Søreide sin arikkel 'Brand-ætti i Gloppen - 1400-1600' leses av de som er interessert i dette temaet.Her er en scannet versjon av det Lars Søreide skriver om Ingeborg Nilsdtr. (Batalden):”Ingeborg Nilsdtr. var dotter åt Nils Torvanger. Mori veit ein ikkje namn på. Dei bur på Torvangerr ikr. 1550. Men det er likt til at dei hev kjøpt garden nyss fyrr, altan mange år etter at Ingeborg er komi til Rygg. Nils var gift 2 gonger. Andre kona heitte Maritte (Margrete) Olufsdtr. Og med henne hadde han dotteri Sicilie, som vart gift i Batalden. «I 1599 stemnde Sidsel på Batalden Sigvard Værøy i Askvoll for herredagen den 11/7 for jordi Torvanger i Brimong skpr. Ho meinte seg vera odelsarving til Torvanger då faren hadde fastsett at mor hennar skulde ha Torvanger si livetid. Men ho (mori) «forandret» seg og vart gift att med Endre Ellingson Værøy. Dei hadde ikkje born, og Endre budde der og si tid ut. Sigvard Værøy la då fram ein Orskurd 1564, som syner at Ingeborg Nilsdtr. busett på Rygg i Nf j. som sjølveigar sjølv var i retten og sa at hun hadde undt Margrete Olsdtr, som var hennar stykkmor, nemnde jo Torvanger i hennar levetid. Han la og fram brev um semje, dagsett 18/6 1590, millom Endre Ellingson Værøy og Ingeborg Nilsdtr. der ho på eigne og si halvsysters vegne fråsa seg rett til Torvanger. Saki utsett til Ingeborg Rygg kunde leggja fram sine brev. Sigvard la ogso fram avskriv av kjøpebrev av 1548, som melder at dei som selde garden, er dei rette odelsfolk, og dei bur i Sfj.» Det var altso fritt jordkjøp i 1548 og ikkje jordløysnad etter odel. Um Nils og huslyden hans hadde butt i Brimong ei tid fyrr kjøpebrevet var skrive veit ein ikkje, eller kvar dei kom ifrå. Kanskje var dei frå Innfjorden. Ein veit at det i denne tid og var mange slektssamband millom Indre Nordfjord og kysten. Då Ingeborg i 1564, gjorde semja med stykkmor si, Maritte Torvanger, var nok faren død, truleg i ein alder av minst 70 år. Dotterson hans, Oluf Jonson, sat alt då gardbrukar på Vereide, og Ingeborg Nilsdtr, sjølv måtte vera nær dei 50. Etter at mannen, Jon Erikson, var avliden (i 1570-åri) finn ein fleire gonger Ingeborg Nilsdtr, eller Ingeborg Rygg nemnd som partnar i odelssaker om Augustinusgods. I 1581 var ho partnar i Odelssak um Langeland i Sunnylven, som var Jon Erikson og mi'darvingars odel. Medpartnar var Anton Olson Tystad og Kristen Kristenson, Rygg (lensmann), den siste truleg på vegne av Ingeborg. Av ei semje, gjort på tinget på Rygg i Gloppen 11/7 1583 ser ein at Erlend Erikson hadde kjøpt sira Jens Pedersons jordegods frå 1459 i Vinzsrygg, Bogstad og Frøystad, ialt 54 månadsmatabol, av Peder Salmundson på Eide. No hadda Ingeborg Nilsdtr, og Ant. Tystad kjæra på og stemnt Erlend sine sønesøner, Rasmus Andersson i Aardalen, Knut på Hetle og Knut i Aardalen til tings, og kravde auka kjøpesumen med 5 tunnor smør eller 11 gamle dalar, då dei fann at godset ikkje var «retsindig betallit som det sig burde». Det gjekk Erlendsætlingane med på, og til nytt skøytingsaure svara dei 1-t. tjære og 2 pund nævr. Og for å få skøyta «beseglet» måtte dei leggja til 5 dl. I 1599 den 14/7 dom i herredagen i Bergen i striden millom Anders Andersson Y-Eide på eigne og medarvingane, Ingeborg Rygg og Nils Olson Vereide, sine vegne på eine sida, og futen h. v. L. Skjøtt på den andre sida, um øydegarden, Selstad som Anders og medeigarar stod på hadde lege under deira odelsgard Glomnes frå arilds tid, men som futen hadde teke under kruna og bygsla til ein framand. (Aaland s. 64). Når J. Aa. skriv: «Ingeborg Rygg var soleis parthavar i Augustinusgodset og høyrde til ei vidtgreina og vyrd ætt som var spreidd yver Nfj, og Sunnmøre», so er det noko missvisande. Ho var inngift i ætti, og soleis høyrde ho nok dette folket til, men ein veit inkje noko um at ha sjølv var av ætti. Det var vermori Ingeborg Pedersdotter på Vereide som var av Augustinusætt, mor åt Jon Erikson på Rygg, ikkje kona hans.”

 

Iflg. Lars Søreide skal far til desse halvsysterene ha budd på Torvanger rundt 1550 og hadde altså kjøpt garden for kort tid sidan. Eg har lest ein plass at Ingeborg var gift med "etternamn" Batalden (husker ikkje kor, men det kan vel vere årsaken til at Batalden er i parantes i linje to etter namnet til Ingeborg.). Kan familien ha budd i Batalden før Torvanger?

I "Soga om Flora" nemner Albert Joleik under garden Batalden Håvard og Nils i Batalden i 1520, to ganske velståande menn (begge eigde jord andre stader, men det er ikkje nemnt kvar).

I 1563 er det to andre menn som er nemnde; Knut og Olav. Slektskapet mellom desse fire kan ein jo berre spekulere i. Albert Joleik skreiv óg sogebok om Bremanger, men han nemner ingen Nils under Torvanger på 1500-talet.

 

Ein skal vel kanskje ikkje rekne alt det Joleik skreiv som fasit, men eg lurer på kvar Lars Søreide har fått opplysningane om Nils på Torvanger ikr. 1550 og Ingeborg NIls (Batalden) frå, Dette kan vel vere godt dokomentert utan at eg har fått det med meg!

 

Mvh Torbjørn Hillersøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.