Gå til innhold
Arkivverket

Anders Bendikson (1730-1765) - frå Fossøyane i Jostedalen til Spjelkavikgjerdet i Borgund - gift med Anna Josephsdotter frå Egseth i Volda (1727-1765) - kvar vart det av borni deira? - sonen Elias gift i Solund?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Basisopplysningane om denne huslyden vart samla i samband med utgjevingi av band V i bygdebokserien for Luster i 1994, men heilt nøgd er eg ikkje.  Anders Bendikson flytte på 1750-talet frå Jostedalen til Spjelkavik i Borgund på Sunnmøre, og eg skulle svært gjerne ha visst litt meir om huslyden hans.

 

Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manukriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 nedanfor!

 

Eg reknar det som ei vanskeleg oppgåve å finna att Bertha Andersdotter, men det er lov å vona...

 

Derimot burde det vera mogeleg å komma på sporet etter Elias Andersson som i 1786 gifte seg i Solund med ei jente som tydeleg var derifrå, Gjertrud Pedersdotter Klubben (Dumba?): https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000616293

 

Det står ved vigsli at ho var «besvangra», men eg finn ikkje born etter dei!

 

Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elias gifte seg i Gulen 27.8.1786 med Gjertrud Pedersdotter frå

     ##### (kalla Klubben i 1786

 

Sogn og Fjordane fylke, Gulen (Eivindvik), Husøy, Brekke, Lavik, Bø i Gulen (Eivindvik), Ministerialbok nr. A 14 (1779-1788), Trolovede 1786-1787, Side 14-15
https://media.digitalarkivet.no/view/11445/8

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Skiftet etter mori til Anna Josephsdotter synest fortelja oss at Anna var eitt år eldre enn me har gått ut ifrå, men so nøye kan me vel ikkje vita det, so lenge som kyrkjeboki manglar...

 

Elles er det som før sagt eit godt spørsmål kvar barnet til Elias og Gjertrud kan vera døypt!  Elles kanskje barnet var dødfødt eller døydde like etter fødsli og soleis ikkje er innført i dåpslistene?  Strengt teke kan me vel heller ikkje vera 100% sikre på at Elias var barnefaren...  Han KAN jo teoretisk ha gift seg med ei som var «besvangra» frå før?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

https://media.digitalarkivet.no/view/11444/124?indexing=

En  Gjertrud Pedersdtr. Klubben begravet 10.10.1786. Alder er oppgitt til 36 1/12 år.

 

Kan Elias ha flyttet tilbake til Borgund? Finner en Elias Andersen f. 1759 i 1801, gift med Ingeborg Jensdtr. i 1798 https://media.digitalarkivet.no/view/15997/58

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058419000151

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit spennande innlegg!

 

Eg trur du kan ha rett når det gjeld Gjertrud Pedersdotter Klubben, som døydde i 1786.  Då er det rimeleg å tru at ho døydde i barselseng og at ogso barnet døydde...

 

Men når det gjeld Elias Andersson på Solevåg i Borgund i 1801, so er eg ikkje so sikker.  Me har nemlig ein Elias Andersson som er fødd nettopp på Solevåg i 1759 som son av ein Anders Erikson, so det er vel eit spørsmål om ikkje det er han som har teke over heimebruket?

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003232287

 

Men dersom det var kona til «vår» Elias som døydde berre to månadar etter vigsli i 1786, har me ein annan god «kandidat» i denne Elias Andersson Nøtøen som gifte seg i Gulen 21.1.1789 med Anna Madsdotter Rørdalen...?

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000616525

 

Men kanskje stemmer ikkje dette heller, for her er Elias og Anna i FT1801, og han seiest vera gift første gong, og alderen stemmer heller ikkje heilt...:

 

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002749

 

Kanskje nokon med ekspertise på Solund kan løysa denne utfordringi?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Elias Andersen og Anne Madsdatter er nevnt i Solund gards- og ættesoge til 1980, på plasset Sanden under Kolgrov. (bd I side 230).

Ifølge denne var Elias født i Borgund, Sunnmøre.

 

Her er skifte etter han i 1817

https://media.digitalarkivet.no/view/24177/133?indexing=

https://media.digitalarkivet.no/view/24177/137?indexing=

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt spennande innlegg!

 

Dette var jo kjempegodt nytt, og me får soleis ei stadfesting av at Elias Andersson frå Spjelkavikgjerdet vart buande i Solund som attgift!

 

Men kanskje endå meir spennande her er søsterdotteri Anna Ottesdotter.  Bygdeboki seier Anna var 24 år i 1817, noko eg ikkje greier lesa meg til, men bygdeboki for plassen Sanden under Kolgrov, som du. Lars. syner til ovanfor, seier at ei Britha Andersdotter døydde på Sanden i 1793:

 

https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769609

 

Ho er kalla «kone», men nokon alder er ikkje oppgjevi, og eg finn ho heller ikkje i klokkarboki for same periode!  Eg finn ho ikkje nemnd som mor til noki Anna i Gulen på den tidi og heller ikkje som gift med ein Otto!!  Merkeleg!  Einaste Britha/Bertha Andersdotter eg finn gift i Gulen på denne tidi er ei Britha Andersdotter Nordre Høvig som i 1786 gifte seg med Bendik Jensson Haukhella:

 

https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000000616315

 

Men dei budde i 1801 på Nordre Høvig, so ho kan det ikkje vera!

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391000769

 

Dette er ein svært so «merkeleg» huslyd, særleg problemstillingi kring Bertha/Britha Andersdotter og dotter hennar, men kanskje ein eller annan kan «sjå» ei forklaring?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars Johannessen skrev:

Elias Andersen og Anne Madsdatter er nevnt i Solund gards- og ættesoge til 1980, på plasset Sanden under Kolgrov. (bd I side 230).

Ifølge denne var Elias født i Borgund, Sunnmøre.

 

Her er skifte etter han i 1817

https://media.digitalarkivet.no/view/24177/133?indexing=

https://media.digitalarkivet.no/view/24177/137?indexing=

 

 

 

 

Elias Andersen .jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg lyt seia eg òg stussa litt å alderen til Elias Andersson, men bygdebokskrivaren for Solund seier heilt klart han var frå Borgund, og når han til og med nytta gardsnamnet Spjelkavikgjerdet då han gifte seg første gongen, KAN det ikkje vera nokon annan.  Dessutan hadde han denne søsterdotteri, og einaste attlevande søsteri etter 1780 var Bertha!

 

Anna Ottesdotter er tydeleg kalla opp etter mormori på Spjelkavikgjerdet, Anna Josephsdotter, men det er svært so merkeleg at denne dotteri ikkje finst døypt nokon stad, særleg dersom det var Bertha (Britha) som døydde på Sanden i 1793!  Ho er heller ikkje nemnd i FT1801.  Og eg kan ikkje sjå noki alder på Anna i skiftet etter Elias frå 1817!  Eg har ikkje sjekka konfirmantlistene for Gulen, men det er vel kanskje siste staden som er aktuell?  Eller finst det òg eit manntal frå 1815?

 

Elles vonar eg det kan vera nokon med lokal ekspertise som kan identifisera dei to konene til Elias Andersson, Gjertrud Pedersdotter og Anna Madsdotter?

 

Her følgjer eit manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter opplysnngar frå bygdeboki for Volda er manuskriptet oppdatert i innlegg #13 nedanfor!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bidrag til komplettering av denne huslyden!

 

PS: Eg skreiv dette innlegget for ein time sidan, men det kom ikkje inn i systemet, uvisst av kva grunn...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hei Lars E. Øyane!

Har fylt inn nedanfor; nokre opplysingar frå "Busetnadsoga for Volda" bind 5 - side 83

 

Her følgjer eit manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #1 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Bendikson, f. i Jostedalen kring 1730,

 

Anders Bendikson flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre og gifte seg der 3.7.1758 med Anna Josephsdotter frå Egseth i Volda.  Ho var dotter av gardbrukar Joseph Andersson på Egseth, opphavleg frå

 

VS meiner at Josef var ifrå Engeset, men busetnadsogs i Volda kan ikkje finne han korkje der eller på Engeset i Ørsta!

 

##### (på kva gard fødd og oppvaksen?)

 

 

 

og kona Dortha Colbensdotter frå

Gamle-Larsgarden på Øvre Ekset i Volda. (1-5) 

 

 

##### (på kva gard fødd og oppvaksi?)

G.nr. 13.2 i Volda kommune.

Dorte  f. ca 1696, d. før 09.11.1749 (skifte 1750)

Dorte tok over bruket etter foreldra;

Inger Hansdtr. f. ca 1673, d. før 01.01 1749

ant frå G.br. nr 15.1 Øygarden (Strand) Volda

g. m Kolbein Jonsson, f. ca 1656 - d? Sersjant.

VS meiner at Koblein var ifrå Rotevatn i Volda

 

 

og f. i Volda kring 1727.  Anders og Anna slo seg ned som husmannsfolk på Spjelkavikgjerdet under Spjelkavik i Borgund, og derifrå vart Anna gravlagd 4.6.1765.  Anders vart gravlagd same staden 9.7.1765.  Dei fekk tre born i lag:

Anne død før 11.02.1810

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sol for eit spennande og oppklarande innlegg!

 

Eit lite tilleggsspørsmål:

 

Du seier heilt til slutt at «Anna død før 11.02.1810».  Er dette ei opplysning frå eit skifte?  Er i so fall borni hennar omskrivne same stad?

 

Eg har oppdatert manuskriptet mitt og legg liksogodt dette ut på ny her, som erstatning fir manuskriptet i innlegg #11:

 

~~~~~~~~~~~~

 

. Anders Bendikson, f. i Jostedalen kring 1730,

Anders Bendikson flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre og gifte seg der 3.7.1758 med Anna Josephsdotter frå Ekset i Volda.  Ho var dotter av gardbrukar Joseph Andersson på Ekset, visstnok frå Engeset, og kona Dortha Colbensdotter frå Ekset og f. i Volda kring 1726.  Anders og Anna slo seg ned som husmannsfolk på Spjelkavikgjerdet under Spjelkavik i Borgund, og derifrå vart Anna gravlagd 4.6.1765.  Anders vart gravlagd same staden 9.7.1765.  Dei fekk tre born i lag:

a. Dortha Andersdotter, døypt i Borgund 17.12.1758,

 

     ##### (levde i 1765, men er ikkje nemnd i skiftet etter farfar i 1780! – lagnaden hennar?)

 

b. Elias Andersson, døypt i Borgund 16.11.1760, miste livet på sjøen ved Rørdal i Solund 4.3.1817.  Elias gifte seg første gongen i Solund, Gulen 27.8.1786 med Gjertrud Pedersdotter frå

 

     ##### (kalla Klubben i 1786 – opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1750?)

 

     men ho vart gravlagd frå Klubben i Solund alt 10.10.1786, og Elias gifte seg 21.1.1789 att i Gulen med Anna Madsdotter frå

 

     ##### (kalla Rørdal i 1789 – opphavet hennar?)

 

     Ho var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1752? – men 61 år gammal i 1819! – kan henda døypt Pollevik 24.6.1757?)

 

     og d. som kårenkje på Sanden 11.2.1844.  Som enkje gifte ho seg 24.6.1819 att i Gulen med Bertel Olson frå Galten i Gulen, døypt i Gulen 24.3.1796.  Han miste livet på sjøen utanfor Sanden 27.1.1833.  Elias og Anna busette seg som husmannsfolk på Sanden under Kolgrov i Solund, og dene plassden styrte Bertel vikdare etter at han gifte seg med Anna.  Elias fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, og Anna hadde heller ingen born i andre ekteskapet sitt, men dei skal dels ha fostra opp dotteri etter Bertha Andersdotter (sjå nedanfor).

c. Bertha Andersdotter, døypt i Borgund 22.4.1763,

 

     ##### (lagnaden hennar? – truleg gravlagd frå Sanden under Kolgrov i Gulen 18.7.1793 – let etter seg ei dotter Anna Ottesdotter som skal ha vore fødd kring 1793, men eg finn ikkje noki dekning for dette!)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Quote

c. Bertha Andersdotter, døypt i Borgund 22.4.1763,

     ##### (lagnaden hennar? – truleg gravlagd frå Sanden under Kolgrov i Gulen 18.7.1793 – let etter seg ei dotter Anna Ottesdotter som skal ha vore fødd kring 1793, men eg finn ikkje noki dekning for dette!)

 

Gjertrud Pedersdotter Klubben hadde ein yngre bror Otte dp 9.6.1765 som då godt kan vere far til Anna Ottesdtr.

 

Eg har notert at foreldra til Gjertrud og Otte (og fleire søsken av dei) skal vere fra hhv Byrknes og Koksøy i Gulen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Quote

b. Elias Andersson, døypt i Borgund 16.11.1760, miste livet på sjøen ved Rørdal i Solund 4.3.1817.  Elias gifte seg første gongen i Solund, Gulen 27.8.1786 med Gjertrud Pedersdotter frå

     ##### (kalla Klubben i 1786 – opphavet hennar?)

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1750?)

 

Klubben er under Nautøy. Har notert at Gjertrud vart dp. 4.3.1750 i Gulen (sjekk dette) av foreldre Peder/Per Olsson Byrknes dp. 17.11.1720 og Guri Andersdtr Koksøy, dp. 17.4.1720. Gifte seg 16.4.1743 i Gulen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Quote

Elias gifte seg 21.1.1789 att i Gulen med Anna Madsdotter frå

     ##### (kalla Rørdal i 1789 – opphavet hennar?)

     Ho var f.

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1752? – men 61 år gammal i 1819! – kan henda døypt Pollevik 24.6.1757?)

 

Eg trur du har rett i det Lars - at ho var frå Pollevik u. Pollen. Då er ho dotter til Mass/Mads Lassesson f. ca 1725, d. 1787 og Sigrid/Siri Torsteinsdtr Leknessund, f. ca. 1726, d. 1796. Gifte 16.6.1754 i Gulen.

 

Eg har notert at Anna var g i 1784 m Torstein Jensson (Husøy). Han d. 1788 (sjekk dette).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for fleire spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg fann dåpen i Gulen 4.3.1750 for Per Husøens dotter Gjertrud: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/9

 

So det er vel ho du meiner var første kona til Elias.  Derimot er eg ikkje so overtydd om at broren (eller halvbroren?) Otto Pederson, fødd 1765, var han som gifte seg med Bertha/Britha Andersdotter.  Eller kanskje dei ikkje var gifte, og Anna vart fødd utanfor ekteskap?  Otto-namnet er lite nytta i Solund på den tidi, so teorien din kan godt ha noko for seg, men so var det å finna provet då...

 

Uansett, denne Anna Ottesdotter er for meg framleis eit stort «mysterium», og sogar alderen hennar frå 1817 på 24 år, som eg IKKJE greier å finna, er eit «springande» punkt.  Ho burde jo elles ha vore eit interessant gifte, for ho arva jo ikkje so reint lite etter morbror sin...  So kvar vart det av ho?

 

Med omsyn til Anna Madsdotter, er me altso samde om at ho må ha vore frå Pollevik under Pollen, men eg stussar på første mann hennar.  Vigsli deira er skrivi i Solund 27.6.1784.  Der heiter han Torsten JOENSEN, men ved dødsfallet står det Torsten OLSEN Rørdal, bortkomen på sjøen 15.4.1788, «over 30 år gamal»!  Eg ser dei er omskrivne under Rørdal som plassfolk, og dei fekk tvillingar Nils og Synneva døypte frå Rørdal i Solund 2.11.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/93

 

Faren er kalla Torsten JOENSEN ved barnedåpen til tvillingane, og mellom fadrane er ein Anders Joensen Trovaag - kan henda ein bror hans?  Eg ser Anders er nemnd på Trovåg med leveåri 1739-1803, men noko opphav er ikkje å sjå...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Bendikson, f. i Jostedalen kring 1730,

Anders Bendikson flytte i ung alder til Borgund på Sunnmøre og gifte seg der 3.7.1758 med Anna Josephsdotter frå Ekset i Volda.  Ho var dotter av gardbrukar Joseph Andersson på Ekset, visstnok frå Engeset, og kona Dortha Colbensdotter frå Ekset og f. i Volda kring 1726.  Anders og Anna slo seg ned som husmannsfolk på Spjelkavikgjerdet under Spjelkavik i Borgund, og derifrå vart Anna gravlagd 4.6.1765.  Anders vart gravlagd same staden 9.7.1765.  Dei fekk tre born i lag:

a. Dortha Andersdotter, døypt i Borgund 17.12.1758,

 

     ##### (levde i 1765, men er ikkje nemnd i skiftet etter farfar i 1780! – lagnaden hennar?)

 

b. Elias Andersson, døypt i Borgund 16.11.1760, miste livet på sjøen ved Rørdal i Solund 4.3.1817.  Elias gifte seg første gongen i Solund, Gulen 27.8.1786 med Gjertrud Pedersdotter frå Klubben under Nautøy i Solund, døypt i Gulen 4.3.1750.  Men ho vart gravlagd frå Klubben i Solund alt 10.10.1786, og Elias gifte seg 21.1.1789 att i Gulen med enkja Anna Madsdotter, opphavleg frå Pollevik under Pollen i Solund, døypt i Solund 24.6.1757.  Ho gifte seg første gongen i Solund, Gulen 27.6.1784 med Torsten Johnson frå

 

     ##### (Husøy? – døydde på sjøen som Torsten Olson Rørdal 15.4.1788 - «over 30 år»?)

 

     Anna d. som kårenkje på Sanden 11.2.1844.  Som enkje gifte ho seg 24.6.1819 tredje gongen i Gulen med Bertel Olson frå Galten i Gulen, døypt i Gulen 24.3.1796.  Han miste livet på sjøen utanfor Sanden 27.1.1833.  Elias og Anna busette seg som husmannsfolk på Sanden under Kolgrov i Solund, og denne plassen styrte Bertel vidare etter at han gifte seg med Anna.  Elias fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, medan Anna hadde to born (tvillingar) i første ekteskapet sitt.

c. Bertha Andersdotter, døypt i Borgund 22.4.1763,

 

     ##### (lagnaden hennar? – truleg gravlagd frå Sanden under Kolgrov i Gulen 18.7.1793 – let etter seg ei dotter Anna Ottesdotter som skal ha vore fødd kring 1793, men eg finn ikkje noki dekning for dette!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden og vonar at ogso utfordringi med denne søsterdotteri kan løysast?  Kanskje Anna Ottesdotter budde på ein heilt annan stad enn i Solund?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

Når det gjeld Anna Ottesdtr så har eg dessverre ikkje noko meir å komme med, må nesten sjå om ho dukkar opp :-)
 

Quote

Med omsyn til Anna Madsdotter, er me altso samde om at ho må ha vore frå Pollevik under Pollen, men eg stussar på første mann hennar.  Vigsli deira er skrivi i Solund 27.6.1784.  Der heiter han Torsten JOENSEN, men ved dødsfallet står det Torsten OLSEN Rørdal, bortkomen på sjøen 15.4.1788, «over 30 år gamal»!  Eg ser dei er omskrivne under Rørdal som plassfolk, og dei fekk tvillingar Nils og Synneva døypte frå Rørdal i Solund 2.11.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/93

 

Faren er kalla Torsten JOENSEN ved barnedåpen til tvillingane, og mellom fadrane er ein Anders Joensen Trovaag - kan henda ein bror hans?  Eg ser Anders er nemnd på Trovåg med leveåri 1739-1803, men noko opphav er ikkje å sjå...

 

Eg har sett det samme ang Torsten. Du nevner at han kan ha hatt ein bror Anders Joensen Trovaag.

 

Det eg har notert om han Anders er at han vart dp. 3.10.1737 som son av Jon Ivarsson og Anne Brynhild(Brynjel,Bryning)sdtr under Ytterøen/Yttrøy. Denne Bryning som havna i Ytterøen skulle visst vere frå Feios...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.