Gå til innhold
Arkivverket

Kvar gøymer dei gamle gode kjeldene seg i det nye arkivsystemet?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

De lyt òrsaka meg, men eg har store vanskar med å bruka det nye arkivsystemet.

 

Eg har etter eg kom att frå eit lengre opphald ved Middelhavet møast med å finna att fleira av dei gamle gode kjeldene.  Til dømes kunne ein gå inn på fylke og leita fram alt som fanst av kjelder for kvart einskild prestegjeld, so vidare til ulike typar kjelder innan prestegjeldet, greit sortert, men no finn eg ikkje ein gong att lista over kyrkjebøkene i Hafslo!

 

Og no nettopp freista eg finna att tilsvarande oversyn for Bergen, men med same nedslåande resultat.  Eg ville sjå på Undersøkelseskommisjonen frå 1804, so då tenkte eg:  Eg lyt skriva «Undersøkelseskommisjonen» under «Finn kilde», men det einaste eg då får opp er dette meiningslause resultatet: https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=Undersøkelseskommisjonen&from=&to=&format=all

 

HJELP!  Kvifor må nokon gjera alt so problematisk??  Det var so enkelt før!!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gamle DA

Undersøkelseskommisjonen 1804 - 1805 Bergen:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=berg1804&metanr=27

 

----

Nyttige lenker

(Her finner du bl. annet ,gamle DA)

 

Digitalarkivet - gamle nettsider (GDA)

https://www.digitalarkivet.no/content/links

 

----

 

Nye DA

Arkiv: Ukjent
Ikke skannet
 
----

Finn kilde

Du kan fylle ut ett eller flere søkekriterier

TrefflisteSøket ditt ga 1 treff
  • 1
 
Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

30 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

De lyt òrsaka meg, men eg har store vanskar med å bruka det nye arkivsystemet.

 

Eg har etter eg kom att frå eit lengre opphald ved Middelhavet møast med å finna att fleira av dei gamle gode kjeldene.  Til dømes kunne ein gå inn på fylke og leita fram alt som fanst av kjelder for kvart einskild prestegjeld, so vidare til ulike typar kjelder innan prestegjeldet, greit sortert, men no finn eg ikkje ein gong att lista over kyrkjebøkene i Hafslo!

 

Og no nettopp freista eg finna att tilsvarande oversyn for Bergen, men med same nedslåande resultat.  Eg ville sjå på Undersøkelseskommisjonen frå 1804, so då tenkte eg:  Eg lyt skriva «Undersøkelseskommisjonen» under «Finn kilde», men det einaste eg då får opp er dette meiningslause resultatet: https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=Undersøkelseskommisjonen&from=&to=&format=all

 

HJELP!  Kvifor må nokon gjera alt so problematisk??  Det var so enkelt før!!

 

Utseendet på nettsidene ble endret i juni, men søketeknikken i Finn kilde er uendret i disse tilfellene.

  • For å finne alle kirkebøker som omfatter Hafslo, kan du velge kildekategori = kirkebøker og geografi (kommune) = Hafslo.
  • Hvis du ikke bruker trunkeringstegn i fritekstsøket, blir det søkt etter nøyaktig det ordet du har oppgitt. Kildene du var ute etter, er i Digitalarkivet betegnet "Undersøkelseskommisjonens rulle ...", altså genitiv. Det er altså lurt å bruke trunkeringstegn. (PS: Treffet fra 2. verdenskrig gir mening, fordi den aktuelle rapporten ble levert til en undersøkelseskommisjon, hvilket er registrert i metadataene.)
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary, Kristian og Torbjørn for avklarande og nyttige meldingar!

 

Særleg set eg pris på den gamle søkebasen som Ann-Mary syner fram, og linken til Torbjørn ser òg ut til å vera fin; den var ny for meg...

 

Det er berre so synd at ikkje dei nye databasane vert medtekne i det gamle søkesystemet; då hadde alt vore so mykje enklare...

 

Ein kommentar til Kristian:  Når eg nyttar framgangsmåten din for å finna kyrkjebøkene for Hafslo, ser eg at dei er «hulter til bulter», og må leita gjennom ei lang liste for å finna fram til den eller dei kyrkjebøkene eg treng.  Korleis tek dette seg ut mon tro om ein kjem borti prestegjeld i til dømes Bergen med kanskje 100 forskjellige kyrkje- og klokkarbøker for eitt prestegjeld?

 

Kanskje eg lyt få laga ein eigen meny som eg forstår og kan leva med?

 

Ein ny takk for hjelpi med desse utfordringane mine!

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

33 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Ein kommentar til Kristian:  Når eg nyttar framgangsmåten din for å finna kyrkjebøkene for Hafslo, ser eg at dei er «hulter til bulter», og må leita gjennom ei lang liste for å finna fram til den eller dei kyrkjebøkene eg treng.  Korleis tek dette seg ut mon tro om ein kjem borti prestegjeld i til dømes Bergen med kanskje 100 forskjellige kyrkje- og klokkarbøker for eitt prestegjeld?

 

 

Det er eit godt spørsmål. Eg testar med Kyrkjebøker -> Velg Alle, Vestlandet -> Bergen -> Bergen og tidsperiode 1910-1920. Får då 140 treff:

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=1910&to=1920&format=all&sc[]=kb&m[]=1301

 

Testar vidare med å leggje til Sand* i fritekstfeltet og er då nede i 13 treff:

https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=sand*&from=1910&to=1920&format=all&sc[]=kb&m[]=1301

 

I løysinga for skanna kyrkjebøker er det enklare, for der fyller ein i mitt tilfelle berre inn Sandviken i feltet for prestegjeld, samt tidsperioden. Også det gjev 13 treff:

https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?clerical_parishes[]=1301M9&start_year=1910&end_year=1920&text=

 

PS. Ofte er det lurt å skrive inn soknet i staden for prestegjeldet, sidan ein då også får med kyrkjebøkene frå tider der prestegjeldinndelinga var annleis. F.eks. vil eit søk på Hyllestad sokn gje følgjande liste:

https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?parishes[]=1413S3&start_year=&end_year=&text=

medan Bø sokn gjev følgjande liste:

https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?parishes[]=1413S1&start_year=&end_year=&text=

(Begge sokna er i dag i Hyllestad kommune i Ytre Sogn).

 

Søkjer ein på berre Hyllestad prestegjeld går ein glipp av kyrkjebøkene frå før Hyllestad vart eige prestegjeld:

https://media.digitalarkivet.no/kb/browse?clerical_parishes[]=1413P&start_year=&end_year=&text=

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein kan elles nemne at ein i den gamle kyrkjebokløysinga måtte vite detaljar om kommunehistorikk (evt. bla i den gamle soknehistorikken) for å finne kyrkjebøkene for Øn, Hyllestad og Bø sokn frå før Hyllestad prestegjeld vart oppretta. I den nye løysinga slepp ein dette. Så sjølv om eg saknar mogelegheita for å få opp ei komplett liste over kyrkjebøkene frå f. eks. Sogn og Fjordane i staden for ei søkjeside med tomme boksar som skal fyllast ut, så har den nye løysinga også gitt mogelegheiter som ikkje fanst i den gamle:

http://web.archive.org/web/20160305140354/http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_fylke=14&idx_kilde=Alle&idx_periode=&idx_textsearch=&js=j

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Særleg set eg pris på den gamle søkebasen som Ann-Mary syner fram, og linken til Torbjørn ser òg ut til å vera fin; den var ny for meg...

 

https://media.digitalarkivet.no har vært eneste startside for skanna arkivmateriale siden våren 2016, men du har kanskje alltid gått via Finn kilde? I så fall anbefaler jeg varmt å se nærmere på søkemulighetene her.

 

Sorteringa i Finn kilde er ikke god nok når treffene blir mange. Da må man eventuelt avgrense søket ytterligere. Hvis man vet at det er skanna arkivmateriale man skal bruke (og ikke transkribert/søkbart), vil det være fornuftig å gå til startsida for skanna arkivmateriale, da søkene her er skreddersydde for skanna arkivmateriale, og trefflista er sortert på arkivreferanse.

 

At de nye databasene ikke er med i det gamle søkesystemet ("GDA"), skyldes at de nye databasene ikke er lagt inn i GDA. GDA er ikke oppdatert siden 2010, verken programvare eller innhold.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

GDA er  på veg ut, og skulle eigentleg ha vore stengt for fleire år sidan. Når alle dei gamle databasane er overført til "nye" Digitalarkivet vil GDA forsvinne for godt. Dette må ein berre leve med, sjølv om det er litt synd. Både fordi GDA i all si enkelheit er lett å finne fram i, gjev oversiktlege lister og fordi den gamle måten å søkje på kan vere eit supplement når ein ikkje greier å finne dei personane ein leitar etter i "nye" Digitalarkivet. Men dagens Digitalarkiv har store forbetringar samanlikna med det gamle, dette gjeld fyrst og fremst alle mogelegheitene til landsomfattande søk der ein tidlegare måtte søkje i enkeltdatabasar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn og Kristian for nye interessante kommentarar.

 

Det er mykje ein lyt setja seg inn på dette området, og eg er ikkje so kjapp til å tileigna meg nye metodar.  I staden for «finn kilde» har eg alltid nytta den gamle baseinngongen og gått inn på fylke og deretter kommune/prestegjeld for å sjå kva som ligg inne av databaseregistrert materiale.  Eg nyttar kyrkjebøker frå heile landet når eg leiter etter opplysningar om personar som er inngifte Det har difor ofte ergra meg i ettertid å finna ut at einskilde kyrkjebøker alt har vore transkribert og ligg ein eller annan stad som søkbar database, gjerne etter at eg har sete i timer og leitt...  Eg tykkjer det hadde vore so greitt å fått den gamle databasen oppdatert på lik linje med alt dette nye...

 

MEN, er har fleire gongar hatt nytte av det detaljerte personsøket, særleg når eg er borti uvanlege namn, berre so synd at ein ikkje kan søka på namnekombinasjonar som til dømer «Ped* Bot*» og eit definert geografisk område...

 

Men, det er vel ikkje so lett å gjera alle til lags...

 

Eg takkar på ny for spennande innspel!  Ein lærer so lenge ein lever...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

46 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

MEN, er har fleire gongar hatt nytte av det detaljerte personsøket, særleg når eg er borti uvanlege namn, berre so synd at ein ikkje kan søka på namnekombinasjonar som til dømer «Ped* Bot*» og eit definert geografisk område...

 

Slik?

 

https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&m[]=1301&firstname=Ped*&lastname=Bot*&gender=&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste meldingi!

 

Jau, denne søkemetoden ser ut til å ta vare på dei fleste problemi eg hadde, og er klart ei betring av det gamle søkesystemet der det ikkje var mogeleg å avgrensa søket nærare.  Dette lyt eg studera litt nærare...

 

Men eit anna problem eg no kom bort i:

 

I eit anna tema seier Dag Thorsdalen at det i 1793 skal ha vore halde eit skifte etter Østen Torstenson på Høneren i Sør-Aurdal.  Eg la inn eit søk i «finn kilde» på Skifteregister Nord-Aurdal og Sør-Aurdal 1790-1796 (https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=1790&to=1796&format=all&st[]=SKRG&m[]=0542&m[]=0540), men får 0 treff!  Kva gjer eg feil denne gongen?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med å gjera seg «familiar» med desse nye søkemetodane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

I eit anna tema seier Dag Thorsdalen at det i 1793 skal ha vore halde eit skifte etter Østen Torstenson på Høneren i Sør-Aurdal.  Eg la inn eit søk i «finn kilde» på Skifteregister Nord-Aurdal og Sør-Aurdal 1790-1796 (https://www.digitalarkivet.no/search/sources?s=&from=1790&to=1796&format=all&st[]=SKRG&m[]=0542&m[]=0540), men får 0 treff!  Kva gjer eg feil denne gongen?

 

Du har valgt kildetype = Skifteregister.

 

Det går bedre hvis du velger kildetype = Skifteprotokoll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Krisdtian for kjapt svar!  Eg har no testa ut dette, men ser iikkje noko tilvising til registeret i protokollen.  Kanskje er òrsaki at det ikkje finst noko register og at ein lyt bla frå side til side?

 

Uansett, om det finst eit skifteregister i ein skifteprotokoll, bør jo dette vera å finna under «skifteregister» i «finn  kilde»??

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Krisdtian for kjapt svar!  Eg har no testa ut dette, men ser iikkje noko tilvising til registeret i protokollen.  Kanskje er òrsaki at det ikkje finst noko register og at ein lyt bla frå side til side?

 

Uansett, om det finst eit skifteregister i ein skifteprotokoll, bør jo dette vera å finna under «skifteregister» i «finn  kilde»??

 

Det ser ikke ut til at det er noe register i denne protokollen, og da må man finne fram uten.

 

Kildetypen "Skifteregister" omfatter søkbare registre, samt særskilte skanna registerprotokoller. Skifteprotokoller med noen registersider foran eller bak, faller under kildetypen "Skifteprotokoller".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.